Jesus Trail og Jerusalem, oktober 2019

19/12/2018
Jesus trail

Frå vandringa på Jesus trail. Foto: Arne Berge 2017

Tre dagars vandring til fots på Jesus Trail i Galilea, frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Fleire dagar med mange ulike opplevingar i Jerusalem. Besøk i Nasaret og Betlehem. Og enda mykje meir, f eks å koma til Qumran der Dødehavsrullane blei funne.

Og det at me får med oss Yom Kippur (den store forsoningsdagen, ein viktig jødisk heilagdag) mens me er i Jerusalem, er jo bare bonus!

Les om turen her: Jesus Trail og Jerusalem

Plussreiser arrangerer turen. Eg er reiseleiar saman med Inger, kona mi. Velkommen til å bli med oss på innhaldsrik haustferie i Israel og dei palestinske områda i oktober 2019.

Du kan også finna mykje stoff om Jesus Trail på nettsida deira: jesustrail.com

 

Advertisements

Kana i Galilea

09/01/2017

Bilde #5 frå vandringa på Jesus trail

Kfar Kana

Dette bildet er tatt på ettermiddagen den første dagen på Jesus trail. Me ser i retning byen Kfar Kana der me skal ha éi av overnattingane på den fire dagar lange fotturen i Galilea.

Kana er i dag ein arabisk by med muslimsk og kristen befolkning. Me skal bu hos det kristne ekteparet Sami og Suad som driv Cana Wedding Guest House.

I bibelsk samanheng er byen kjent frå teksten om at Jesu gjorde vatn til vin i bryllaupet i Kana (Joh 2,1-12). Dei kristne i byen er stolte av denne historia og den posisjonen byen har i Johannesevangeliet. Her blir det meir enn gjerne servert Cana Wedding Wine!

Kana er i følgje Johannesevangeliet også staden for Jesu andre teikn (Joh 4,46-54) og det er heimstaden til disippelen Natanael (Joh 21,2), som tradisjonen seier er den same som Bartolomeus. Det var derfor også ei Bartolomeus-kyrkje rett i nærleiken av gjestehuset.

Det bibelske Kana blir i følge gamal tradisjon lokalisert til Kfar Kana. Men eg vil óg nemna at det er dei som meiner at «Kana i Galilea» låg ein annan stad, der det i dag heiter Khirbet Kana. Dette er ein ubebygd stad med romerske og bysantinske ruinar, 9 km nordvest for Nasaret.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


Mariapilegrim i Kana

05/12/2013

Eg må passa meg for trafikken mens eg leitar etter bydelen der kyrkjene ligg. Kana er ein arabisk by. Dei fleste innbyggjarane er muslimar. Men her bur òg nokre tusen kristne arabarar som er svært stolte av bibelforteljinga om at Jesus gjorde vatn til vin i Kana.

Eg går og tenkjer på at denne bibelteksten er viktig for den katolske læra om Maria. For teksten viser kva som er Maria si hovudoppgåve; å peika på Jesus. Ho ber folket gjera som han seier. Det er kanskje ikkje så underleg at det her i den kristne bydelen er skulpturar og bilete av Maria overalt.

Kyrkjetenaren i den katolske kyrkja viser meir enn gjerne fram kyrkja si. Den står der underet skal ha skjedd. Eg får sjå steinkar og ei altartavle med bilete av Jesus som bryllaupsgjest.

Han fortel at det denne helga var ti bryllaup i kyrkja. Folk kjem langvegsfrå for å gifta seg her. Det er også mange ektepar som kjem hit for å fornya ekteskapsløfta sine. Kva er då meir naturleg for meg som pilegrim i Kana, enn å ta inn på Cana Wedding Guest House? Om kvelden sit eg mellom Mariabilete under eit sitrontre i hagen med eit glas Cana Wedding Wine.

Dette er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: NasaretBetlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.


Vatn og vin; bryllaupet i Kana

15/01/2011

Notat til søndagens tekst: Joh 2,1-11

Historia om at Jesus gjorde vatn til vin, er ei forteljing som skil seg ut i NT. Dette var i følgje Johannesevangeliet det første teiknet han gjorde og han «openberra sin herlegdom» gjennom dette. Forteljinga er preiketekst i kyrkjene denne helga.

Oppdatering 2012: Omsider har eg vore i Kana! Les her om besøket i Kana sommaren 2012 då eg gjekk The Jesus trail: Å koma til Kana.

Her på bloggen kan du finna tidlegare notat relatert til teksten:

  • Frå vatn til vin. Ei preike over teksten der eg brukar mykje stoff frå den danske diktarpresten Kaj Munk. Preika inneheld blant anna noko om kva det vil seia at underet er eit teikn.
  • Bryllaupet i Kana. Eit notat der eg blant anna skriv om uttrykket den tredje dag og stiller spørsmålet om kven som kan ha vore brud og brudgom.
  • Kana i Galilea. Eit notat der eg refererer til arkeologiske funn som viser at byen Kana har røter tilbake til kong Salomo si tid på 900-talet f. Kr.

Frå vatn til vin

21/01/2007

I gudstenesta i dag (Bryne kyrkje 21.01.2007) preika eg over søndagens tekst frå Johannesevangeliet, forteljinga om bryllupet i Kana der Jesus gjorde vatn til vin. Som ein del av førebuinga mi, fann eg for nokre dagar sidan fram ein del litteratur om denne bibelteksten. Eg las blant anna den danske diktarpresten Kaj Munk (1898-1944) sin versjon av historia og blei så fascinert at eg ville la kyrkjelyden få del i den. Eg lét derfor første halvdelen av preika i dag vera eit utdrag frå hans preike og gjekk deretter sjølv nærere inn på nokre ord og uttrykk i teksten for så å forkynna evangeliet ut frå dette.

Preiketeksten for i dag (2. søndag etter Kristi Openberringsdag) står skrive hos evangelisten Johannes:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.» No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.» Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han. (2,1-11)

Eg vil i dag dela med dykk eit utdrag frå preikesamlinga Med ordets sverd. Her finn me den danske diktarpresten Kaj Munk si 65 år gamle preike frå 1942 over denne teksten.

Kaj Munk skriv at Jesus har glimt i auga i forteljinga om bryllupet i Kana. Det kan nok absolutt vera sant, men eg vil seia at eg syns dette fine uttrykket for god humor òg er passande for preikeformen til diktarpresten sjølv! Han maler teksten med eit glimt i auga, så historia stig levande fram for oss.

Les resten av dette innlegget »


%d bloggarar likar dette: