Shavuot – den jødiske pinsen

Den jødiske pinsehøgtida (Shavuot) begynner i kveld ved solnedgang. Jødane feirar pinse til minne om lovgjevinga på Sinai. I gamal tid var det dessutan ein innhaustingsfest. I vår tid fungerer den som ein vårfest og synagogane blir pynta med blomster og grønt. Shavuot blir feira sju veker (50 dagar) etter påske, og er kalla vekefesten.Les meir «Shavuot – den jødiske pinsen»

Kristent ungdomsarbeid for 80 år sidan

Dette biletet fortel ei historie som eg syns fortener å koma fram. Me ser her «Gabriel Olsens bibelklasse» på Storhaug i Stavanger ca 1927. Gabriel Olsen, som sit midt i biletet på fremste rad, samla denne ungdomsgruppa i heimen sin kvar laurdag kveld! Faren min, Trygve Berge (1912-2001), gjekk i bibelklassen. Han står lengst tilLes meir «Kristent ungdomsarbeid for 80 år sidan»

Himmelfartskapellet på Oljeberget

I dag (17. mai 2007) er det Kristi Himmelfarsdag, ein heilagdag som for dei fleste her i Norge truleg har forsvunne i skuggen av feiringa av nasjonaldagen. I fjor skreiv eg på denne dagen om kva det betyr at Jesus «fór opp til himmlen» (her). I år vil eg skriva litt om Himmelfartskapellet på detLes meir «Himmelfartskapellet på Oljeberget»

Herodion הרודיון

Herodion er eit av dei største byggverka som er kjent frå antikken. Det har vore i fokus i mange medier denne veka (mai 2007) på grunn av Herodes den store si grav som nå er funnen på staden. Herodion er ei borg og eit slott som ligg ute i ørkenen 12 km sør for Jerusalem,Les meir «Herodion הרודיון»

Konfirmasjonssalme

Heidi Strand Harboe har skrive ein flott konfirmasjonssalme. Her på Bryne har me den med som solosong kvar gong me har konfirmasjonsgudsteneste. Kanskje er det snart så mange som kan den, at me kan bruka den som salme i gudstenesta? Melodien er skriven av Johanne Ur Sæbø. Eg tillet meg å sitera salmen din, Heidi,Les meir «Konfirmasjonssalme»