Synagogen i Magdala

Mykje av Jesu offentlege verksemd skjedde geografisk på eit relativt lite område på nordvest-sida av Gennesaretsjøen. Eg har reist mykje i dette området og syns det er flott å koma til dei ulike stadane som er knytt til Jesu liv. Nå har eg for første gong vore i Magdala Center, eit katolsk pilegrimssenter som er under oppbygging. Her er det gjort interessante arkeologiske utgravingar og (foreløpig) bygd eit flott kyrkjebygg.

Eg har kome heim frå ein ny studietur i Israel og dei palestinske områda (februar 2015). Førsteamanuensis Fartein Valen-Sendstad var med som fagleg ansvarleg. Det var svært interessant å reisa saman med han!

I forhold til interessa for Jesu liv, var besøket i Magdala spesielt viktig for meg. Før har eg bare køyrt forbi på veg 90 over Ginosarsletta, – og gått i naturen i nærleiken, på stigen ned frå Arbelfjellet og Duedalen mot Kapernaum.

Magdala var på Jesu tid ein viktig fiskarby ved Gennesaretsjøen. Byen blir rekna som heimstaden til Maria Magdalena. Det har vore kjent kor den låg; stadnamnet eksisterer her den dag i dag i forma Migdal. Men det er først frå 2009 det er gjort systematiske arkeologiske utgravingar på staden. Det som har vekt mest oppsikt, er funnet av ein synagoge frå det første hundreåret. Då er me altså tilbake til Jesu tid. Staden blei truleg øydelagt av romarane under det jødiske opprøret i år 66-67.

Synagogen i Magdala

Magdala 2015

Synagogen er i seg sjølv svært interessant; det er ikkje funne meir enn 8-9 synagogar frå det første hundreåret.

Men det som gjer dette synagogefunnet unikt, er ein stein som er dekorert med jødisk tempelsymbolikk. Steinen (i sentrum av bilda) blei funnen sentralt i hovudrommet i synagogen, og har kanskje vore ein slags lesepult for lesinga av dei heilage skriftene. På informasjonstavla på staden blir steinen kalla «the ornamented furnishing».

Eitt av symbola på steinen var den sjuarma lysestaken – menorahen – frå tempelet i Jerusalem. Steinen snur opp/ned på tidlegare tankar om det samfunnet som Jesus verka i. Sjølv om me kjenner uttrykket heidningars Galilea frå Matt 4,15, er det nå meir naturleg å tenkja at det har vore eit nært og forpliktande forhold mellom jødedomen i Galilea og den jødiske leiinga knytt til tempelet og Jerusalem.

Har Jesus undervist i denne synagogen? Har han stått ved denne steinen og lese frå Skriftene? Ja, eg tenkjer at det er gode grunnar til å tru det!

For her kjem me svært nær fortellingane i Det nye testamentet:

Sidan fór Jesus omkring i heile Galilea; han underviste i synagogane deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage hos folket. (Matt 4,23 og tilsvarande tekst i Matt 9,35).

Foreløpig er det ikkje publisert noko offisielt frå utgravingane. Informasjonen eg har, er frå den lokale guidinga og frå Fartein sine forelesingar på turen. Eg fekk også med meg eit par brosjyrar frå staden.

Oppdatering 18.02.2016:

Det er skrive to artiklar om Magdala-steinen i Norum Testamentum 2013 og 2015

Eg har tidlegare (desember 2010) skrive om staden i notatet Synagogefunnet i Magdala.

Her er eit par bilde frå informasjonstavla ved synagogen.

Teikning på informasjonstavle, Magdala 2015

Informasjonstekst, Magdala 2015

Jesus med bokrull i handa

Notat til søndagens tekst: Luk 4,16-22a

Søndagens tekst er den eldste kjende skildring av ei jødisk synagoge-gudsteneste. Jesus var tekstlesar og forkynnar.

Les om dette i det tidlegare notatet til teksten: Synagogen i Nasaret.

Oppdatering: Og her er preika over teksten 1. søndag i adventstida 2014.

Synagogen i Nasaret

Notat til søndagens tekst: Lukas 4,16-22a

Synagogen i landsbyen Nasaret i Galilea var staden der Jesus heldt programtalen sin. Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige las han frå profeten Jesaia, og la til: I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.

Jesus var godt kjent i landsbyen. Her hadde han vakse opp og truleg også hatt tilhald som ung vaksen mann. Nå hadde han vore borte frå Nasaret ei tid, og ryktet fortalde at han drog rundt i bygdene i Galilea og underviste i synagogane. Folk var nysgjerrige og undrande. Koss skulle dei forhalda seg til denne mannen som dei hadde kjent frå han var liten og som nå stod fram som ein utsending frå Gud? Forkynninga hans vekte motstridande reaksjonar. Det heile endte med at han blei jaga frå heimstaden sin. (Kom han forresten nokon gong tilbake?)

Nasaret på Jesu tid

Nasaret var ein liten landsby. Oppslagsdelen i NT05 seier at det truleg budde 120-150 menneske her. Fartein Valen-Sendstad reknar med at det budde omlag 200-400 menneske her, dvs nokre storfamiliar (Palestina på Jesu tid, s 202). Landsbyen låg 6-7 km frå den viktige byen Tsippori, der det er gjetta at Josef (og dermed kanskje også Jesus under oppveksten) arbeidde som bygningsarbeidar. Det er påvist at Nasaret hadde jødisk befolkning, ved at arkeologar har dokumentert spor etter fire viktige indikatorar på jødisk busetnad (reinsingsbad, steinkar, jødiske gravskikkar og mangel på spor etter gris).

Nazareth Village

Nasaret er i dag ein arabisk by. Midt i byen er det bygd opp ein rekonstruert landsby, Nazareth Village, som skal visa tilreisande koss staden kan ha sett ut på Jesu tid. Staden er bygd på YMCA sin eigedom, som må vera den einaste grøne lunga i byen. Dei evangeliske kristne som driv staden, meiner dei har bygd den opp på vitskapleg grunnlag. Synagogen dei har bygd, er forma med utgangspunkt i utgravingane av synagogane i Gamla og på Masada, som begge er frå denne tida.

Based on solid New Testament scholarship and the most up-to-date archaeology, Nazareth Village brings to life a farm and Galilean village, recreating Nazareth as it was 2,000 years ago. (Les meir)

Synagogar på Jesu tid

NT fortel om at Jesus forkynte i synagogen i Nasaret. Vidare finst det fleire tekstar som fortel om at han var aktiv i synagogen i Kapernaum. Forskarar er likevel ueinge om kva form og funksjon synagogane hadde på Jesu tid. Det er ikkje funne mange spor av synagogebygningar frå denne tida.  Det er likevel vanleg å seia at synagogen var ein viktig institusjon i jødisk kultur heilt tilbake til tida etter heimkomsten frå fangenskapen i Babylon 538 f.Kr.

(Nokre få synagogefunn blir datert til det første hundreåret, sjå f eks notatet om synagogen i Magdala.)

Oppslagsdelen i Studieutgåva av NT skriv bl a:

Det er usikkert når man begynte å sette opp egne synagogebygg; muligens var det på NTs tid. I det første årh. e. Kr. fantes det synagoger alle steder det bodde jøder, både i Palestina og i øvrige deler av Romerriket. Synagogene ble brukt til gudstjenester, skriftstudium og skole.

Fartein Valen-Sendstad byggjer si framstilling på arkeologar som meiner at det neppe var eigne synagogebygningar i landsbyane i Galilea på denne tida. Han skriv:

Begrepet synagoge betydde da heller ikke på Jesu tid en fast religiøs institusjon og en bestemt bygning med klassiske kjennetegn. Det skjedde først etter at tempelet falt i år 70 e. Kr. Termen synagoge refererte til offentlige sammenkomster. Folk kom regelmessig sammen på ulike plasser som større husrom, åpne områder, eller gårdsrom. Her ble det inngått ekteskap, utført omskjæringer og oversatt skrifter høyt fra hebraisk til arameisk, og eldre ble rådført og tradisjonene diskutert. (Palestina på Jesu tid, s 205)

Jesus og den jødiske gudstenesta

Teksten i Luk 4 gjev eit levande bilde av at Jesus var jøde og heilt naturleg deltok i jødisk gudstenesteliv:

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står: (…) Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. (Luk 4, 16-17 og 20)

Studieutgåva av NT forklarer:

Til gudstjenesten i synagogen hørte tekstlesning fra den hebraiske Bibelens to første deler, loven og profetene, etterfulgt av en fri oversettelse til folkespråket og en skriftutlegning tilsvarende vår tids preken. Disse oppgavene kunne i prinsippet overlates til hvilken som helst jødisk mann (jf Apg 13,15). Den som ble kalt fram, stod under skriftlesningen, mens skriftutlegningen ble gjort sittende (v 20-27). Luk 4,16-28 er den eldste kjente beretningen fra en synagogegudstjeneste.

Jesu forkynning

Kva var det Jesus forkynte, og kva var det folket i Nasaret reagerte så sterkt på? Lukas gjengjev dessverre ikkje heile talen hans. Men teksten gjev oss nokre interessante utsegn i versa 21 og 23-27. Dessutan er sjølvsagt Jesu høgtlesing frå profeten Jesaia svært viktig (v 18-19).

Det kan sjå ut som om forkynninga dreidde seg om to tema:

  • Jesus forkynner at han sjølv representerer oppfyllinga av frelsesløftene i GT (v 21). Sitatet frå Jes 61 er viktig. Det gir uttrykk for Jesu syn på seg sjølv og på tenesta som Messias, han som er salva. Det er også interessant at Jesus seier oppfyllinga skjedde der og då, mens han tala.
  • Jesus forkynner at Guds omsorg går ut over det utvalde jødiske folket og han antyder truleg ved dette at ikkje-jødar kan ta i mot bodskapen hans (v 23-27). Her brukar han to kjente gamaltestamentlege historier som eksempel; enkja i Sarepta (1. Kong 17,7 ff) og syraren Na’aman (2. Kong 5,1 ff).

Underleg nok verkar det som om det andre punktet var meir provoserande enn det første!

Biblical Studies Carnival 36

Biblical Studies Carnival 36 har blitt publisert hos Dr Jim West. Dette er ein gjennomgang av utvalde artiklar frå ulike bibliobloggar i november. Eg merka meg spesielt ein omfattande artikkel om Synagogen i Gamla hos Ben Witherington.

Sabbat i Jerusalem

Ulike former for gudstenestefeiring!

Det er laurdag kveld (09.05.2005), og eg sit på ein internettkafe i sentrum av Vest-Jerusalem for å få bloggen litt oppdatert. Sabbaten er over nå, og byen vaknar til liv etter eit døgn med lite trafikk og folk ute. Sabbaten varer frå solnedgang fredag kveld til solnedgang laurdag kveld.

Eg har opplevd mykje dette døgnet. Eg har vore på gudsteneste i to ulike messianske menighetar (jødar som trur på Jesus), eg har vore og sett på koss dei ultra-ortodoske jødane feirar sabbat midt på natta i bydelen deira, Mea Shearim. Og eg avslutta sabbaten med å gå på ei vanleg jødisk gudsteneste i ein synagoge.

Imorgon er det sundag, då skal eg til Betlehem og møta palestinske kristne både til gudsteneste og samtale, og eg skal gå i Fødselskyrkja og sjå staden der Jesus blei født. Eg gleder meg til dagen i morgon!

Det er 20 menighetar av jødar som trur på Messias her i Jerusalem. Nokre har gudsteneste fredag kveld, då sabbaten startar. Andre har gudsteneste laurdag føremiddag eller ettermiddag.

Fredag kveld var me på ei russisk-språkleg karismatisk gudsteneste som varte tre timar! Me hadde headset med simultan-omsetjing til engelsk, så sjølv om slett ikkje alt blei omsett fekk me med oss det viktigaste. Eg og Bulcsu, den eine av dei ungarske prestane eg er saman med, hadde helsingar til forsamlinga. Me kunne nynna med på lovsongen deira, dei russiske transparentene hadde eg ikkje så mykje nytte av. Men eit par av lovsongane kjente eg heimefrå og eg kunne vera med og syngja på norsk.

Laurdag morgon var me på gudsteneste i ein menighet der alt blei sagt både på engelsk og hebraisk. Eg må seia at denne gudstenesta gav meg mykje meir, både pga det språklege men ikkje minst fordi pastoren deira hadde ein utruleg interessant bibelundervisning. Han var ein flink kommunikator og ikkje minst gjekk han veldig djupt inn i den bibelteksten han preika over. Eg fekk etterpå høyra at dette var den messianske menigheten som var enklast å koma inn i for folk som var i Jerusalem for ein periode, f eks studentar. Det var ca 200 til stades på gudstenesta, og svært mange av dei var i alderen 20-40 år.

Seint fredag kveld gjekk me ut for å oppsøkja det ultraortodokse kvarteret Mea Shearim. Dei jødane som bur her, er dei som går i spesielle svarte klær og med skinnhattar. Me fann ein synagoge der det var ein såkalla hassidisk fest. Det var ingen tvil når me nærma oss huset, me høyrde den spesielle songen deira og det var masse svartkledde ungdomar som stod utanfor. Det var vel eit par hundre samla til denne spesielle formen for sabbatsfeiring, dei fleste under 25 år gamle, men heile spekteret fraa 15 – 70 åringar var representert. Dei var først i ein sal der dei eldste sat rundt bord i midten og dei andre stod rundt, delvis på eit tribunesystem som rundt ein idrettsarena. Det var taktfast song. Langs veggene stod det mat og drikke, og det var stadig trafikk ut og inn. Så var dette plutseleg slutt, og dei forflytta seg inn i sjølve synagogen for å dansa ringdansar. Dei danna store ringar mellom bord og stolar, og dansa ein veldig spesiell form for ringdans. Songen var utan ord, bare nynning, og med ein suggererande rytme. Det heile utvikla seg i nærast ekstatisk retning for ein del av deltakarane. Det heile var slutt kl 01, då gjekk ein del heim og resten fortsatte festen i synagogen. Me gjekk heimover, men tok ein runde så me fekk sett heile hovudgata gjennom Mea Shearim først. Det var masse folk ute og gjekk, alle kledd i dei spesielle kleda til dei ultraortodokse jødane – svarte frakker, svære svarte skinnhatter eller andre formar for hattar. Det var ein spesiell stemning.

I ettermiddag då eg var med på ein vanleg synagogegudsteneste, var det ei heilt annleis forsamling. Det var i ei vanleg synagoge, ikkje ein ultraortodoks. Folk kom fint kledd, men i vanlege klede. Det vil seia at alle har noko på hovudet, anten hatt eller kippa, den litle kalotten. Eg har kjøpt ein slik som gjer at eg kan gå inn i synagogar. Her er det for øvrig bare mennene som er med på gudstenesta. Kvinnene kan venta utanfor, vera heime eller vera på eit galleri i ein del synagogar (ikkje i den eg var i idag). Dei tok fram skriftrullen med GT, og rabbien kalla fram ein mann frå salen for å lesa, akkurat som då Jesus var i synagogen og fekk ordet for å lesa frå den heilage skrifta (Luk 4,16 ff):

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Dette budskapet er framleis svært aktuelt i dette landet!

Som de forstår, sabbaten her i Jerusalem har vore innhaldsrik. Eg har lært ein del om det jødiske samfunnet, og eg har møtt to menighetar av jødar som trur på Jesus. Det var vore ein flott sabbat!