Pilatus si borg

Jesus blei ført frå dei jødiske leiarane som var samla i Kaifas’ hus, til den romerske leiaren Pilatus, som var i Jerusalem pga jødane si påskehøgtid. Det var alltid mange tilreisande pilegrimar i Jerusalem i påsken, og romarane var redde for kva som kunne koma til å skje. Derfor var dei sterkt representerte i byen, både med den øvste leiinga si og med mange soldatar. Til vanleg var Pilatus busett i hovudstaden Caesarea, som låg ved kysten.

Dei romerske makthavarane hadde gjort det for vane å overta dei tidlegare herskarane sitt hovudkvarter. Slik hadde dei gjort overalt i Romarriket, og slik var det i Jerusalem òg. Me kan derfor rekna med at Jesus blei ført fram for Pilatus i ei borg eller eit palass som tidlegare hadde tilhøyrt kong Herodes. Men her har me eit problem: Me veit om tre ulike borgar og palass frå Herodes si tid. NT gir oss få haldepunkt når me vil finna fram til kor Pilatus var, bortset frå at det i den greske teksten skin gjennom at Jesus blei dømt på ein høgtliggjande stad i byen.

Dei tre aktuelle stadane er

  • Antoniaborga, like nord for Tempelplassen
  • Herodes sitt palass (også kalla Vestpalasset), der Citadellet står i dag
  • Det hasmoneiske kongepalasset, det gamle palasset der Herodes budde den første tida han var konge, før han fekk bygd Vestpalasset

Romarane kalla dette hovudkvarteret sitt for Pretoriet. I engelske bibelomsetjingar har ein tatt vare på dette ordet, mens vår norske bibel omset dette med borga.

Bli med på ei vandring for å leita etter desse tre moglege stadane for Pilatus si borg i Gamlebyen i Jerusalem!

Antoniaborga

Me går først til utgangspunktet for vegen som i dag blir kalla Via Dolorosa. Dette er ein veg der det er lagt til rette for andakt, samtidig som det er ein hektisk markedsgate der turistar og pilegrimar nærast blir overfalt med tilbod om “special price for you”. Undervegs er det 14 andaktsstasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Antoniaborga låg der denne vegen begynner. Her var dei romerske soldatane stasjonerte på Jesu tid. Kristen tradisjon har heilt tilbake til 1200-talet (korsfarartida) knytt Pilatus til denne staden, og lenge hadde denne tradisjonen støtte av den moderne arkeologiske forskinga. Ikkje minst var ein opptatt av den hellelagte plassen Lithostrotos, som er graven fram under Via Dolorosa. Ein tenkte at dette var den helleplassen som er nemnt i Johannesevangeliet:

Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut av borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. (Joh 19,13)

Seinare er det påvist at denne hellelagte plassen under dagens Via Dolorosa fekk sin form 100 år etter Jesu tid, då Hadrian bygde ein romersk by over ruinane av det gamle Jerusalem. Men sjølv om denne plassen ikkje er den Helleplassen som er nemnt i Johannesevangeliet, er det ein fascinerande stad som gir eit inntrykk av koss det kan ha vore der Jesus blei dømt. Desse gamle hellene er trass alt frå ca år 135 e.Kr.

Herodes sitt palass / Vestpalasset

Dei fleste historikarane og arkeologane vil i dag heller seia at Jesus blei dømt i det som den gong var eit praktfullt og relativt nytt slott, bygd av Herodes. Borga som ligg der i dag, Citadellet, er stort sett mykje nyare, men enkelte av murane og den nederste delen av det største tårnet (biletet) går tilbake til Herodes sitt byggverk. Det er naturleg at Pilatus budde her når han var i Jerusalem. Her kunne han ha eit liv i luksus, for Herodes hadde ikkje spart på noko når han bygde seg nytt palass. Og sidan me må gå ut frå at det var her Pilatus budde, trekk dei fleste den konklusjonen at det var her Jesus blei dømt. Likevel har fleire forskarar dei siste åra gått mot dette synspunktet, inspirert av ein arkeolog og munk som heiter Bargil Pixner (død 2002). Eg har lese Pixner sine artiklar om temaet, og fekk i 2001 høve til å treffa han fleire gonger. Hovudargumentet til Pixner er at den kristne tradisjonen aldri har knytt Jesus til denne staden. Eg trur han har rett i at me må leita heilt andre stadar for å finna staden der Jesus blei dømt.

Det hasmoneiske palasset

Me går derfor vidare gjennom Gamlebyen til Vestmuren  (“Klagemuren”), som er jødane sin heilage stad ved Tempelplassen. Derfrå går me opp trappene i det brattet henget tvers overfor muren. Då kjem me opp i det moderne jødiske kvarteret. På toppen av trappene ser me rett over på Tempelplassen, og under oss ligg den store plassen ved Vestmuren. Dalen me ser framfor oss, er det som er igjen av Tyropoiondalen, ein viktig del av Jerusalem på Jesu tid.

Då pilegrimane kom til Jerusalem i bysantinsk tid, den 300 år lange perioden Jerusalem var under kristent styre (ca 325 – 638), blei dei vist fram til ruinane etter Pilatus sitt hovudkvarter i denne dalen. På 400-talet blei Hagia Sofia, den heilage visdomen si kyrkje, bygd over desse ruinane. Her æra pilegrimane Jesus som stod fram som Guds visdom i møte med verda sin visdom. Hagia Sofia blei dessverre øydelagt då persarane tok Jerusalem i år 614.

Dei historikarane som legg vekt på denne tradisjonen, tenkjer seg at Hagia Sofia verkeleg blei bygd der Jesus blei dømt til døden. Teorien går då ut på at Pilatus førte rettssaka mot Jesus i eit gamalt kongepalass som låg her og som blir kalla det hasmoneiske palasset etter kongefamilien som bygde det. Her hadde Herodes budd den første perioden av regjeringstida si, før han bygde det nye slottet lenger vest. Kanskje brukte Pilatus dette gamle slottet som rettslokale, mens han budde i det nyare og meir lukseriøse slottet?

Når det gjeld plasseringa av det hasmoneiske palasset, får me hjelp av historikaren Josefus sine skrifter. Det han skriv om staden, tyder på at det låg her i dette bratte henget tvers overfor Vestmuren. På toppen av desse trappene ligg det, delvis skjult, ein kyrkjeruin frå korsfarartida (den tyske Mariakyrkja). Denne kyrkjeruinen kan tena som utgangspunkt for den som søkjer etter staden der Jesus blei dømt i følgje denne teorien.

Finst det nokon spor etter dette hasmoneiske kongepalasset ved Tyropoiondalen? Her er historikarane ueinige. Truleg må me plassera palasset ut frå Josefus sine opplysningar, heller enn ut frå arkeologiske utgravingar. Det finst rett nok dei som hevdar at me kan sjå restar etter palasset i dei utgravingane som blir kalla The Herodian Quarter, som ligg i dette området. Dette er utgravingar som viser restar etter store rikmannsbustadar frå Jesu tid. Dei ligg i eit museum under eit moderne nybygg i det jødiske kvarteret. Men det er langt frå bevist at dette er ein del av det hasmoneiske kongepalasset. Ein del forskarar vil heller seia at denne staden viser oss koss øvstepresten og hans familie budde.

I 2001 hadde eg studiepermisjon og arbeidde med eit studieprosjekt eg kalla Jesu lidingsveg. Innhald og lokalisering. Då arbeidde eg bl.a. med kva arkeologar og historikarar meiner om lokaliseringa av Pilatus si borg. Eg har trukke den konklusjonen at det er sannsynleg at den gamle tradisjonen som seier at Pilatus dømte Jesus ein stad i Tyropoiondalen, er påliteleg. Eg trur derfor at Pilatus har brukt det hasmoneiske palasset som sitt pretorium (rettslege hovudkvarter), og at det var der Jesus blei dømt til døden.

Oppdatering: Den som vil lesa ein meir omfattande artikkel med argumentasjon for dette, kan lesa det eg skreiv etter studiet i 2001: Øvstepresten sitt palass og Pilatus sitt pretorium. Om lokaliseringa av Jesu lidingsveg i Jerusalem. Artikkelen stod i Tidsskrift for teologi og kirke nr 4/2001.

4 svar til Pilatus si borg

  1. Arne, evangelien sier klart og tydelig at Jesus Kristus ble før til det Romerske Praetorium, til Pontius Pilatus og hans bataljon (over 400 soldater), som holdt til i Antoniaborgen som var i det nordvestlige hjørnet av tempelplassen. (Mark 15:16 Matt 27:27)

    Ellers underviste Jesus Kristus daglig i det sydøstlige hjørnet av tempelplassen. (Luk 21:37-38, 19:47-48, 22:53 hvor også disiplene daglig samlet seg og underviste etter hans død og oppstandelse (Apg 5:42, 2:46)

    Mao: Jesus Kristus og de kristne hører hjemme på tempelplassen !

  2. Arne Berge seier:

    Hei Andrew. Ja, Matt 27,27 og Mark 15,16 seier at Jesus blei ført til det romerske pretoriet. I Bibel 2011 har også ordet pretorium kome inn i den norske teksten. Men det er ikkje så klart som du gir uttrykk for, kor dette pretoriet låg.

    Det er ikkje tvil om at dei romerske soldatane var plassert i Antoniaborga, men det er ikkje sikkert at det var der Pilatus budde og oppheldt seg når han var i Jerusalem. Antoniaborga er eitt av tre alternativ. Notatet på bloggen drøftar desse tre alternativa for kor Jesus blei ført fram for Pilatus.

    Eg har nå, som du ser, også lagt ut lenke til den større artikkelen eg har skrive om dette i Tidsskrift for teologi og kirke 4/2001. Helsing Arne

    • Arne, i Mark 15:16 står det

      “the soldiers led away him within the palace that is the praetorium and they call together all the battalion”

      http://biblehub.com/interlinear/mark/15-16.htm

      Hvis hele bataljonen (over 400 soldater) ble kalt sammen, må de nødvendigvis ha vært i militær borgen Antonia

      Jerusalem “praetorium” var bygget som et “castellum” derfor kalles det “palace”

      Sett fra “Sion” er tempel plassen med Antoniaborgen i skråningen ned mot den dype Kedron dalen som skiller Jerusalem fra Oljeberget.

  3. Arne Berge seier:

    Hei Andrew. Eg forstår at du er overbevist om at Pilatus dømte Jesus i Antoniaborga. Det er heilt i orden. Det var interessant å lesa argumentasjonen din. Men du bør akseptera at det også finst andre teoriar, som andre som har studert Bibelen og historia, meiner er vel så sannsynlege. Elles var det ei fin skisse over Jerusalems topografi. Eg kjenner også denne topografien relativt godt, og hadde glede over å sjå den framstilt så tydeleg og fint. Helsing Arne

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: