Bibelhistorier: Tolvåringen

Jesus and the doctors of the Faith dsc01783

Bibelforteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet handlar om ein episode då Jesus hadde vakse frå å vera barn til å vera ungdom. Han er i djup samtale med dei lærde i tempelet i Jerusalem. Samtidig møter han dei fortvilte foreldra sine med eit undrande spørsmål!

Eg lurer på kva Jesus snakka med dei lærde om. Og eg lurer på kva han svara på spørsmåla deira. Eg skulle gitt mykje for å få lytta til denne samtalen!

Bildet er eit måleri frå 1600-talet: Jesus among the Doctors (as a child debating in the temple), Circle of José de Ribera [Public domain], via Wikimedia Commons.

Forteljingsteksten denne veka viser oss elles at Jesus må ha vakse opp i eit trygt miljø; foreldra drog heimover frå påskefesten utan å leggja merke til at tolvåringen ikkje var med i følgjet av venner og slektningar!

Eg har tidlegare skrive eit grundigare bloggnotat til denne teksten: Jesus (12) i Fars hus.

Her er forteljinga slik den står i Evangeliet etter Lukas (Luk 2,40-52)

Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han. Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
 Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

Bibelhistoria om Jesus som tolvåring i tempelet er forteljingstekst på 3. søndag i openberringstida, og preiketekst på Kristi Openberringsdag (I).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: