Paulus om glede

30/11/2008

logo_anno_paolinoPaulus oppfordrar i Filipparbrevet til ei djup glede som ikkje er avhengig av ytre ting, ei glede som har fundamentet sitt i Herren, dvs i Jesus. Dette handlar ikkje om overflatisk eller påklistra glede, men om noko som held uansett koss livet utviklar seg. For Paulus var ikkje dette lettvinte ord. Han sat faktisk i fengsel då han skreiv brevet til dei kristne i Filippi.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Novembersitatet er henta frå Filipparbrevet (Fil 4,4-7):

Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær! Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.

Paulus si oppfordring til å gleda seg i Herren er eit av dei bibelversa eg huskar at eg var opptatt av som tenåring. Eg har ei Bibelordbok som eg fekk i gåve av vennegjengen min til 17årsdagen, og i den har dei skrive inn ei helsing med Fil 4,4-7. Kanskje var det då eg «oppdaga» denne teksten?

Nå har eg funne fram ein liten kommentar til Filipparbrevet, skriven av professor Edvin Larsson, ein av lærarane mine då eg studerte teologi. Eg tar med det han skriv om dette avsnittet:

Paulus oppfordrer til glede, en glede som skal gi seg utslag i mildhet og i frihet fra bekymring. Vers 4 inneholder en dobbel oppfordring til glede (jfr 2,17-18; 3,1). Gleden har sitt fundament i Herren selv, og er altså utilgjengelig for livets bekymringer. Derfor kan Paulus tale om sin egen glede, selv om han er fange (1,4; 2,2; 2,17-18). Og av samme grunn kan han oppfordre filipperne til glede, skjønt deres situasjon snart kan bli martyriet. Denne glede må likevel ikke bli et mål i seg selv (v 5). I følge sin natur må den rette seg mot andre. Apostelen forutsetter at den vil manifestere seg som mildhet overfor «alle mennesker», ikke bare overfor kristne. Tilføyelsen «Herren er nær» viser at denne mildhet har eskjatologisk motivering. For Paulus og urkirken for øvrig er tanken på Herrens gjenkomst gjenstand for glede. Ved gjenkomsten skal forløsningen bli fullendt (jfr 3,20-21) Vitenen om Kristi dags nærhet blir derfor enda en grunn for gavmild mildhet mot alle mennesker. Gleden i Herren kan også ytre seg i ubetinget sorgløshet (v 6). Den fengslede apostel med sin usikre fremtid oppfordrer filipperne til å legge alle bekymringer ned for Gud i de daglige bønner. Og han forsikret at Guds fred, som er høyere enn all fornuft, skal omslutte og bevare de bedende. Uttrykket «Guds fred» er naturligvis ikke subjektivt – psykologisk å forstå. Den sikter fremfor alt til en objektiv tilstand, en harmonisk relasjon mellom Gud og mennesket (jfr Rom 5,1). Det dreier seg om en objektiv virkelighet som kan få en indre subjektiv fred som ledsagende fenomen. At dette siste aspektet også er der, går frem av at det heter at adressatenes hjerter og tanker skal bli bevart.

Tidlegare sitat:

Advertisements

Nytt kyrkjeår

30/11/2008

Har du tenkt over at me som lever i ein kultur prega av kristendomen, har to kalendrar som går parallellt?

I tillegg til kalenderåret, følgjer me også kyrkjeåret med sine høgtider og årstider. Det er i denne samanhengen ord som advent og jul høyrer heime. (Les meir)


Nyhetsbrev frå Caspari Center

29/11/2008

Caspari Center i Jerusalem utrustar neste generasjon av Jesus-truande jødar. Les senteret sitt siste nyhetsbrev (på norsk!) her.

Nyhetsbrevet har denne gongen hovudfokus på dei messianske jødane med etiopisk bakgrunn.


Under al-Aqsa

21/11/2008

img_3720Denne veka har det kome fram opplysningar som er svært interessante for historia til den viktige tempelplassen i Jerusalem.  Under ein universitets-konferanse kom det fram at det, for ca 70 år sidan, blei gjort funn frå kristen og frå jødisk tid under al-Aqsa-moskéen!  Det dreier seg om mosaikk frå bysantinsk tid og om eit jødisk rituelt bad (miqveh) frå «det andre tempelets tid».

Det er The Jerusalem Post som skriv om dette under overskrifta Was the Aksa Mosque built over the remains of a Byzantine church?

Biletet viser det sørvestre hjørnet av tempelplassen. Moskéen ligg under den svarte kuppelen. Nå er det muslimane som rår oppe på denne plassen, men både jødane, dei kristne og muslimane har sterke tradisjonar knytt til staden og forholdet mellom dei tre religionane blir her sett på ei ekstra krevjande prøve. Derfor blir dessverre opplysningar om slike arkeologiske funn fort politiserte og kontroversielle.

Avisartikkelen fortel at funna blei gjort under utgravingar ved den britiske arkeologen R. W. Hamilton i tida etter at moskéen var blitt skadd i jordskjelv i 1927 og 1937.

Eg trur det er rett å seia at avisartikkelen kjem med ny og interessant informasjon, også for den som kjenner Jerusalems historie godt. Det er ikkje så overraskande at det er restar etter jødisk fromhetsliv nede i bakken på denne staden. Men det har hittil vore ukjent at det skulle ha stått nokon kyrkje, evt eit kloster eller ein annan offentleg bygning her i bysantinsk tid, det vil seia den 300 år lange perioden frå ca 325 då Jerusalem var ein kristen by. Det har vore vanleg å tru at tempelplassen låg tom og ubrukt i denne perioden. Skriftleg materiale frå denne tida, f eks skildringane frå tilreisande pilegrimar, fortel ikkje om nokon kyrkje her og Madaba-kartet indikerer heller ikkje noko slikt.

Her er eit utdrag frå artikkelen:

The photo archives of a British archeologist who carried out the only archeological excavation ever undertaken at the Temple Mount’s Aksa Mosque show a Byzantine mosaic floor underneath the mosque that was likely the remains of a church or a monastery, an Israeli archeologist said on Sunday. (les meir)

Artikkelen blir kommentert av Dr Leen Ritmeyer på bloggen hans:

This is an important discovery and will change our views on the history of the Temple Mount. The mosaic floor may or may not have belonged to a church. More information is necessary before deductions can be made about the nature of the building, but the mosaic pattern possibly indicates a public building. (les meir)

Oppdatering 29.11.2008: Dr Leen Ritmeyer har funne fram til meir stoff om funnet av det som kanskje er eit jødisk rituelt bad, sjå her.


Herodes» sarkofag?

21/11/2008

Sjå biletet av det som kanskje kan vera Herodes» sarkofag. (via PaleoJudaica)

Oppdatering: Sjå heller Reuters sin artikkel om det som er funne på Herodion og som også inneheld det same biletet!


Herodes» grav på NGC

19/11/2008

National Geographic Channel annonserer nå ei spesialsending om funnet av Herodes den store si grav. NGC si nettside inneheld mykje stoff om Herodes og grava, blant anna foto, video, artiklar og spel.

Sendinga skal gå på lufta søndag 23. november.

Herodes den store si grav blei funnen på Herodion ved Betlehem i 2007. Sjå tidlegare stoff om funnet av grava her på bloggen.


Utsikt frå Akrokorint

16/11/2008

hellas-2008-450

Utsikta frå Akrokorint, 575 moh, i retning Korint og Korintbukta. Korint ligg som ein kvit by ved sjøen, litt til høgre i biletet. Gamle Korint, der me finn utgravingane frå den romerske byen som er omtalt i NT, ligg i bakkane mellom bukta og byfjellet, der eg står.

Les omtale av stadane her.


%d bloggarar likar dette: