Å vera medmenneske

24/07/2011

Frå preika i Oslo domkyrkje i dag (søndag 24. juli 2011):

«La ikke hjertet bli grepet av angst» peker på en retning videre, til fellesskap, til samhold, til godhet og barmhjertighet. Derfor vil vi ikke la angsten lamme oss. Derfor vil vi kjempe sammen for de verdiene som ble angrepet. Vi tror på menneskers evne og vilje til å være gode og kjempe for andres rett. For om angsten er aldri så sterk og sorgen gjør oss både nummen og rådvill, så er noe sterkere. Den evnen Gud har lagt ned i hvert menneske til å være medmenneske har vi sett disse dagene: I unge som har brukt sine krefter for å bringe sine skadde venner i trygghet, i ledere som midt i egen sorg har stått oppreist og svart på spørsmål der knapt finnes svar på. Vi har sett det i helsearbeidere, politi, andre fagfolk og mange frivillige som har stått på for å lindre, trøste og helbrede. Og ikke minst alle som har tatt vare på de som nå står tilbake som etterlatte.

For midt i det grufulle trer noe vakkert frem – menneskers gudgitte evne til å vise godhet og barmhjertighet. Det som gjør at vi i mennesker ser glimt av Gud. Aldri slutter vi å undre oss over at barmhjertigheten ikke lar seg beseire.

Det er derfor vi møter hverandre med ordet: La ikke hjertet bli grepet av angst, tro på Gud og tro på meg.

For troen på Gud fører ikke på en vei utenom, men gjennom det vonde. Den skjermer ikke for smerten og opplevelsen av den bunnløse sorgen, men troen tviholder på at vi aldri er alene. Og løftet kommer fra han som kjenner ensomheten og lidelsen. Selv om vi er på ulike steder og føler at ingen helt forstår hvordan smerten og uroen gnager, så er Gud aldri borte.

(Les meir)

Det var leiande biskop Helga Haugland Byfuglien som heldt preika. Ho tok utgangspunkt i Jesu ord i Johannesevangeliet kap 14:

Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!  I huset til Far min er det mange rom.

Advertisements

Vestmuren

19/07/2011

Jerusalems 10 på topp #3

Vestmuren kan kallast an icon of contemporary Jerusalem.

Det er Jerome Murphy-O’Connor som omtaler Vestmuren (eller «Klagemuren») slik i si oversikt over Jerusalems 10 på topp:

The Western Wall has become, along with the Dome of the Rock, an icon of contemporary Jerusalem. The bald wall face that mesmerizes tourists and pilgrims alike is in fact a small portion of the retaining wall built in the first century B.C. by King Herod to support the Temple Mount, a portion that for centuries had been the only one set aside for Jewish worship.

Biletet viser dimensjonane ved muren. Dei nederste delane (med størst steinar) er frå Jesu tid.

Staden er absolutt fascinerande for den som kjem dit som turist eller pilegrim. Og samtidig er det altså også ein stad som er i dagleg bruk, nærast som ein synagoge i friluft. For dei faste «brukarane» av staden er det bøn og lesing av heilage tekstar som står i sentrum.

Det første biletet viser eit utsnitt av den venstre og største delen av plassen framfor muren. Denne delen er bare open for gutar og menn. Jenter og kvinner kan koma inntil muren litt lenger til høgre. Det andre biletet viser gjerdet som skil mellom kjønna.

Vestmuren er ein stad der ein kjem tett innpå det jødiske Jerusalem. Samtidig er tempelplassen like over muren den mest symboltunge muslimske staden i byen. Forholdet mellom dei heilage stadane er med og gjer Jerusalem til ei vanskeleg og foreløpig uløyst gåte i ein framtidig fredsprosess i Midt-Austen.

Sjå også: Vestmuren / Klagemuren

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Det er forskaren og forfattaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista eg følgjer i serien. Vestmuren er rangert som nr 3.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Sjå meir stoff om Vestmuren her.


Funn av sabbats-grensestein

12/07/2011

Denne veka blei det gjort eit interessant funn i Galilea av ein stein med ein gamal inskripsjon av det hebraiske ordet SHABBAT.

Steinen skal vera ein grensestein som i romersk eller bysantinsk tid har markert kor langt ein kunne reisa på sabbaten. Det er visstnok første gong ein finn ein slik stein med hebraisk innskrift.

Tankegangen om at ein bare kunne reisa ein viss lengde på sabbaten, finn me nemnt i Apg 1,12:

Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna.

Det er Jerusalem Post som i dag fortel om funnet:

Shabbat boundary rock with Hebrew etching discovered
Inscription, discovered by chance by visitor in Lower Galilee, appears to date from the Roman or Byzantine period.
An ancient rock inscription of the word “Shabbat” was uncovered near Lake Kinneret this week – the first and only discovery of a stone Shabbat boundary in Hebrew.

The etching in the Lower Galilee community of Timrat appears to date from the Roman or Byzantine period.

News of the inscription, discovered by chance Sunday by a visitor strolling the community grounds, quickly reached Mordechai Aviam, head of the Institute for Galilean Archeology at Kinneret College.

“This is the first time we’ve found a Shabbat boundary inscription in Hebrew,” he said. “The letters are so clear that there is no doubt that the word is ‘Shabbat.’”

Aviam said Jews living in the area in the Roman or Byzantine era (1st-7th centuries CE) likely used the stone to denote bounds within which Jews could travel on Shabbat. The Lower Galilee of Late Antiquity and the Early Middle Ages had a Jewish majority – many of the Talmudic sages bore toponyms indicative of Galilee communities.

The engraving uncovered in Timrat is the first and only Shabbat boundary marker yet discovered in Hebrew – a similar inscription was found in the vicinity of the ancient Western Galilee village of Usha, but its text was written in Greek.

Aviam and his colleagues plan to enlist local help in scouring neighboring areas to locate additional inscriptions, and eventually to publish their findings in an academic journal.

“This represents a beautiful, fascinating link between our modern world and antiquity, both emotional and archeological,” Aviam said. “Certainly for those of us who are religiously observant, but also for the secular among us who enjoy a stroll on Shabbat to know that we’re walking in places where Jewish history lived two thousand years ago.”

Omtalen av kor steinen er funnen, er litt forvirrande. Funnet er lokalisert til Timrat i nedre Galilea. Timrat ligg ikkje spesielt nær Gennesaretsjøen (Lake Kinneret).


Beduinleiren Kfar Hanokdim

10/07/2011

Ferieturen vår inneheldt blant anna eit besøk i Kfar Hanokdim i Judaørkenen. Her fekk me oppleva den gjestfrie beduin-kulturen. Me fekk god mat, var med på kameltur i ørkenen og budde i spesialdesigna «beduinhytter».

Rundt leiren var det ørken så langt auga kunne sjå i alle retningar. Judaørkenen er ein fjellørken som ligg vest for Dødehavet. Kfar Hanokdim ligg ved vegen som går frå Arad i retning Masada.

Inne i leiren var det flott med palmar og blomstrande buskar og trær, mange store og små telt og hytter, – og mange kamelar, esel og hestar.

Her ligg eg og slappar av i hengekøya utanfor hytta vår. Hyttene me budde i, var bygd opp dels av faste veggar og dels av tjukke vevde teppe:

Kfar Hanokdim’s Designed Lodges (Sukkoths)
The village’s most recent additions are uniquely designed lodges (Sukkoths) made with thick woolen sides and doors with decked wooden floors, futon style beds, coffee facilicy and a comfortably seated patio. Situated on top of the Sukkah is a veranda from which you can feast your eyes of the desert view and enjoy the lucid air. The great advantage of the lodge is that it combines the desert sleeping arrangements with privacy. The Sukkah holds up to eight occupants.

Beduinane er eit arabisk folk som tradisjonelt levde som nomadar i ørkenen. I dag er nok dei fleste meir eller mindre bufaste, men mange lever framleis i ørkenen.

Kamelane er nokre spesielle dyr. Det er herleg å sitja på kamelryggen og kjenna den rolige bevegelsen, – i alle høve for ei stund! Me tok mange kamel-bilete. Dette var kanskje eit av dei meir spesielle. Her er kamelane ivrig opptatt av fôringa. (Foto: Inger)

Då me reiste frå Kfar Hanokdim, hadde me med oss mange gode opplevingar (og ein del myggstikk).

Sjå Kfar Hanokdim si nettside her.


Sommarferie i Israel

08/07/2011

Eg har akkurat kome tilbake frå ein flott sommarferie i Israel. Me var seks frå den næraste familien som var på ferie saman. Turen var på nesten to veker. Først var me nokre dagar i Jerusalem og deretter reiste me ein tur med leigebil rundt i landet. Sjølv om Israel er lite i areal, er det svært forskjellig natur i dei ulike delane av landet. Det er mykje flott å sjå og oppleva, både av natur og kultur. Me har hatt mykje tid til bading og avslapping, og eg har sjølvsagt besøkt mange stadar som det seinare kan vera aktuelt å skriva om her på bloggen.


%d bloggarar likar dette: