I Jesu fotspor, tur mai/juni 2019

28/09/2018
Klippemoskeen. Foto Arne Berge 2009 (1)

Gamlebyen i Jerusalem. Foto: Arne Berge

Eg inviterer lesarar av bloggen på tur til Israel og dei palestinske områda i perioden 30. mai til 10. juni 2019, det vil seia 12 dagar inklusiv Kristi Himmelfartsdag og pinsehelga.

Det blir ein tur med vekt på Jesu liv, bibelske stadar, kulturhistorie, naturopplevingar og friluftsliv, – og møte med kristne på jødisk og palestinsk side. Me sluttar turen med ei rolig pinsehelg i Tel Aviv. Eg skal vera reiseleiar saman med Inger, kona mi.

Her er Plussreiser sin informasjon om turen med program og annan informasjon: I Jesu fotspor.

Til informasjon planlegg me også ein tur i oktober 2019, då med fire dagars pilegrimsvandring langs turløypa Jesus trail frå Nasaret til Gennesaretsjøen i Galilea.

Og her er nokre bilde frå tidlegare turar me har hatt:

IMG_4198 (1)

Utsikt over Gennesaretsjøen frå Arbelfjellet

Galilea 2012 554

Kapernaum, «Jesu eigen by». Foto: Arne Berge

IMG_2190

Tursti langs Gennesaretsjøen. Foto: Arne Berge

Ein Gedi. Steinbukk (1)

Steinbukk i Ein Gedi ved Dødehavet. Foto: Arne Berge

IMG_5986 Getsemane. Oliventre

Getsemane. Foto: Arne Berge

Vestmuren

Vestmuren, Jerusalem. Foto: Arne Berge

Advertisements

Øy i Gennesaretsjøen

15/09/2018

Det er nå så lite vatn i Gennesaretsjøen at ei øy har dukka opp i sørenden av sjøen. Les om dette og sjå bilde på bloggen til Luke Chandler:

Island appears in the Sea of Galilee

The land of Israel is undergoing one of its periodic droughts, to the point that an island has appeared in the receding Sea of Galilee.

Les meir

(via BiblePlaces Blog)


Undersjøisk kyrkjeruin i Nikea

09/09/2018

IMG_4557Her står eg ved Izniksjøen i Tyrkia på eit bilde frå 2005. Under vatnet her ligg staden der kyrkjemøtet i Nikea blei halde i 325. Nå les eg at det nyleg er oppdaga ein kyrkjeruin ute i vatnet, 2-3 meter under overflata og bare 50 meter frå land. Det er den russiske nettstaden rt.com som skriv om dette. Dersom det er korrekt, er det mest utruleg at kyrkjeruinen ikkje er funnen før!

Archeologists find one of Christianity’s most important sites & plan to open underwater museum

A chance discovery by a team of archeologists in Turkey may have revealed one of the most significant sites in the history of Christianity after years of fruitless searching. And they’re now planning an underwater museum.

Les meir

(via facebooksida til Holy Scriptures Forum – Forum for hellige skrifter)

Det var ei veldig spesiell oppleving å stå på stranda i Iznik den gongen. Gruppa frå Bryne kyrkjelyd hadde truvedkjenninga og kyrkjemøtet i 325 som tema for besøket i byen, sjølv om me veldig godt visste at den endelege utforminga av Nicenum først skjedde på konsilet i Konstantinopel drøyt 50 år seinare.

Den tyrkiske guiden som me hadde med oss, visste sjølvsagt ikkje noko om kyrkjeruinen. Det me høyrde om, var det gamle sentatspalasset som hadde lege her, og som nå låg under sjøen. Det blei sagt at murane me ser ut i vatnet, var restar etter dette palasset som var staden for kyrkjemøtet. Det treng sjølvsagt ikkje vera nokon motsetnad her. Saman med eit palass kan det godt ha vore ei kyrkje, og den har i så fall naturleg nok vore viktig når biskopar frå den verdsvide kyrkja samla seg til møte.

Les også denne artikkelen som eg skreiv etter turen:

Nikea

Biskopane som kom saman i Nikea på forsommaren 325, hadde nok mykje å snakka om! For ei kjensle av fridom dei må ha kjent på! For første gong kunne leiarane for dei kristne kyrkjelydane rundt i Romarriket samlast ope, og det til og med på invitasjon frå keisaren!

Kristendomen var på dette tidspunktet nyleg blitt lovleg religion i den austre delen av det romerske riket. Det var keisar Konstantin som hadde skapt dei grunnleggjande endringane og som nå kalla saman alle biskopane til konsil i Nikea. Forskarane fortel at det var om lag 250-300 biskopar som deltok på møtet. Dei fleste kom frå det austlege middelhavsområdet. Det var nok ei ganske spesiell forsamling. Mange av dei var prega, både med indre og ytre sår, etter tida med forfylging og undertrykking.

Denne artikkelen vil ta deg med til den tyrkiske byen Iznik …

Les meir

Her er nokre fleire bilde frå staden:

IMG_4555

Izniksjøen. Foto: Arne Berge 2005

IMG_4558

Ved Izniksjøen. Foto: Arne Berge 2005

IMG_4560

Izniksjøen. Foto: Arne Berge 2005

Relatert notat: Historisk kyrkje blir moské (2011) og «Eg skal i Oldkyrkja i kveld» (2007).

Oppdatering:

Her er meir stoff om funnet av kyrkjeruinen:


Sommer i Jesu fotspor

01/09/2018

«Eg har hørrt at det va ein lam mann som kunne gå igjen etter å ha snakka med Jesus her i byen i dag». En 13-åring fra Hinna leker seg som tenkt TV-reporter like etter at underet i Kapernaum hadde skjedd (Mark 2,1-12). Hun stiller spørsmål som «hva tenkte du?» til de ulike personene i fortellingen.

Denne sommeren har jeg vært reiseleder for en gruppe barn og unge fra Hinna på reise til Det hellige land. Vi besøkte mange av stedene som er knyttet til Jesu liv. Mange steder dramatiserte vi bibeltekster, slik som i Kapernaum. Det er spesielt å lese fra Bibelen på stedene fortellingene omtaler, og dermed få et geografisk perspektiv på de kjente historiene. Det gir et levende og annerledes møte med tekstene.

I Getsemane hadde vi først en kort gudstjeneste med tekst om Jesu bønnekamp. Så laget vi stillbilde med Jesus i bønn ett sted i hagen og en gjeng sovende disipler under et oliventre et annet sted i hagen. Både Jesus og disiplene var ungdommer fra Hinna. Etterpå gikk vi inn i den store, halvmørke kirken med mosaikkbilder over den samme historien. Her kunne vi knele ved den flate steinen som markerer stedet der Jesu bønnekamp fant sted ifølge tradisjonen.

Vi hadde også flotte natur- og kulturopplevelser, både ved Gennesaretsjøen, i ørkenen og i Jerusalem. Det israelske og palestinske samfunnet er mangfoldig og vi ble litt mer kjent med jødisk og arabisk kultur og historie. Jerusalem er en hellig by både for kristne, jøder og muslimer, – og en svært interessant by å besøke.

Møtet med mennesker er alltid viktig. De som lever i tro på Jesus, er de «levende steinene» i sitt nærmiljø i dag (1 Pet 2,4-5). Vi møtte mennesker som tror på Jesus, både på israelsk og palestinsk side. Vi møtte et par unge representanter for den messianske bevegelsen, det vil si jøder som tror at Jesus er Messias. De tilhører en liten minoritet i det jødiske samfunnet. For oss var det viktig å møte dem og oppleve deres engasjement for forsoningsarbeid. Vi hadde også et spennende møte med Det Palestinske Bibelselskapet i Betlehem på Vestbredden. Organisasjonen driver aktivt arbeid innen den kristne minoriteten og i den muslimske majoritetskulturen, for eksempel gjennom skolebesøk.

«Dette vil vi alltid huske!» var en av kommentarene etter turen.

Dette notatet blei skrive for Kirkehilsen 3/2018, som i desse dagane kjem i postkassene i bydelen. Kirkehilsen er menighetsbladet for Hinna og Gausel. I bladet er det også ei side med bildegalleri frå turen.

Oppdatering: Her kan du lesa menighetsbladet. Du finn bildegalleriet på side 8.


%d bloggarar likar dette: