Revealing Jerusalem

Arkeologar arbeider for tida med omfattande utgravingar på den store plassen framfor Vestmuren / Klagemuren i Jerusalem. Det er ikkje daglegdags med større utgravingar midt i Gamlebyen, så her er det spennande kva som blir funne. Det er mange lag historie i den 3000 år gamle byen. Jerusalem Post har ein omtale av utgravingane.

Hald fram med å lese «Revealing Jerusalem»

Svartisen

Sommarminne frå Nordland V – sommaren 2007

6a00d8341cb87053ef00e54f32845b8834-640wi

Svartisen er imponerande! Det vil seia, eg såg jo eigenteg bare Engenbreen, ein brearm av sjølve Svartisen. Me tok skyssbåt over Holandsfjorden og sykla vidare på grusveg innover mot breen. På biletet ser du den nederste delen av Engenbreen. Dette er den lågast liggjande isbreen i fastlands-Europa, ca 20 moh.

Me brukte mest ein halv dag på den litle avstikkaren over fjorden. Tida går fort når me har med mat og drikke (les: kaffi), godt lesestoff, og dessutan oppheld oss i den naturen!

Her er forklaringa på det underlege namnet på breen:

Navnet «Svartisen» kommer fra «svartis», et gammelt ord som betegner den dype blåfargen i denne isen og kontrasten til den hvite sneen og nyere is på selve isplatået. Ismassene byr på et spekter av ulike fargenyanser fra blank krystallklar is, til turkis – hvit – lys og mørke blåfarger.

(les meir)

På brygga der båten la til inne ved breen, møtte me ei frimodig måke. Ho hadde lagt reiret sitt ytterst på bryggekanten, akkurat der båten la inntil sånn ca kvar time. På biletet ser du måken og reiret. Det som ikkje kjem fram på biletet, er at ho med høge skrik gav klar melding om at dette var hennar brygge!

fugl

Heile serien:

Pilegrimsvandring ved jærkysten 2007

I dag (Olsok 29.07.2007) skal eg leia ei pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren. Det er eit enkelt og lite krevjande opplegg. Eit par timars vandring langs strendene, med fleire små stopp. Når me stoppar opp, samlar me oss om eit salmevers, ein bibeltekst, tid for stillhet og ei bøn. Undervegs går gjerne folk i smågrupper … Hald fram med å lese «Pilegrimsvandring ved jærkysten 2007»

I dag (Olsok 29.07.2007) skal eg leia ei pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren. Det er eit enkelt og lite krevjande opplegg. Eit par timars vandring langs strendene, med fleire små stopp. Når me stoppar opp, samlar me oss om eit salmevers, ein bibeltekst, tid for stillhet og ei bøn. Undervegs går gjerne folk i smågrupper og slepp den gode praten laus. Eller ein kan velja å gå stille for seg sjølv.

Turen går frå Tusenårsstaden ved Obrestad hamn til Varhaug gamle kyrkjegard. Når me kjem fram, blir me med på Olsokgudstenesta ute på kyrkjegarden, som ligg heilt ute i havgapet.

Frammøte ved Tusenårsstaden søndag kl 16. Gudstenesta på Varhaug begynner kl 19. Turen går sjølvsagt uansett ver, så sant det møter fram folk som vil vera med. Kjem du?

Eg syns naturen er flott langs jærkysten. Her er det mykje hav og mykje himmel. Og det er flott å bruka naturen som samlingsstad i ein kristen samanheng.

Oppdatering søndag kveld: Joda, det blei pilegrimsvandring. Me var 20 personar som trassa vind og kraftige regnbyger, – og som fekk ein fin tur saman.

Tur i Skulpturlandskap Nordland

Sommarminne frå Nordland IV – sommaren 2007

varde

Ferien i Nordland var også ei kunstreise. Me var sjølvsagt innom fleire galleri og verkstadar, men først og fremst var det ei kunstreise fordi me oppsøkte flest mulig skulpturar som høyrer til i Skulpturlandskap Nordland. Dette var Ingers store prosjekt for turen. Og sanneleg: eg blei fascinert av dette, eg òg, sånn at eg på slutten av turen var like ivrig som henne i jakta på fleire skulpturar.

Eg gir ordet til Inger:

Skulpturlandskap Nordland er ei internasjonal kunstsamling som omfatter 33 kunstverk i like mange kommunar, med inviterte kunstnere frå 18 land. Fylket har ikkje eige kunstmuseum. Derfor blei det lansert den ideen om at fylket skulle få si eiga samling samtidskunst: ein skulptur i kvar kommune, med naturen som galleri. (Les meir, dette er henta frå Ingers sykkelblogg frå 2005.)

Me fann 19 skulpturar på turen i år. I tillegg var eg, nokså tilfeldig, innom ein i fjor. Eg har altså sett 20 av dei 33 skultpurane. Inger har sjølvsagt vore på fleire, for ho begynte si systematiske skulpturjakt på sykkelturen for to år sidan. Dei fleste ligg lett tilgjengeleg ved ein veg, om enn ikkje alltid ein hovudveg, mens andre ligg plasserte vekk frå vegen. Den minst tilgjengelege fann me på ei fugleøy utanfor Røst.

varde 2

Skulpturen på bileta heiter Varde. Den ligg ved Bjerangsfjorden i Meløy kommune. Skulpturen er laga av den danske kunstnaren Per Kirkeby. Som de ser, gjekk eg inn i skulpturen for å sjå ut. Maaretta Jaukkuri skriv:

Kunstneren refererer til verket som en paviljong, en bygning ment til å gi tid og ro for refleksjon. Konstruksjonen gir ikke beskyttelse, men skaper snarere et utkikkspunkt hvor vi kan se oss rundt og skue landskapet i dets stadig skiftende lys, rammet inn av vindusåpningene i paviljongen.

Eg er glad for at Inger fekk meg med på skulpturjakta. Det gav ferien ein ekstra dimensjon. Ho er fast bestemt på å koma seg til alle dei 33 skulpturane, anten eg er med eller ikkje. Og det håper eg verkeleg ho får til!

Heile serien:

Dønnes kyrkje

Sommarminne frå Nordland III – sommaren 2007

Dønnes

Eg var innom ein heil del kyrkjer på ferien i Nordland. Den kyrkja som gjorde sterkast inntrykk, var Dønnes kyrkje, ei flott mellomalderkyrkje nord på øya Dønna. Kyrkja blei bygd på 1200-talet på storgarden Dønnes. I tidlegare tider var dette ei privatkyrkje knytt til Dønnesgodset, men nå er det ei vanleg soknekyrkje. Me fann oppslag om at me kunne få omvisning i kyrkja ved å venda oss til folket på garden. Det gjorde me, og då traff me faktisk kjentfolk som var på besøk der, og i tillegg fekk me god omvisning i kyrkja ved kona på garden!

Dønnes kyrkje.jpg

Denne kyrkja har faktisk eige mausoleum for folket på Dønnesgodset! Ein kjem inn i det gjennom ei gamal kopardør i det indre koret. På biletet ser me mausoleet som eit tilbygg som står vinkelrett på sjølve kyrkja. Her inne står det 22 kister med blant anna seks generasjonar av Tønder- og Coldevinslekta som i si tid dreiv garden. Eg syns kistene hadde halde seg forbausande godt. Den eldste kista var amtmann Peder Tønder si kiste frå 1694; den var kledd med geiteskinn. Den yngste kista var frå 1869.

Men sjølv om mausoleet var spesielt, vil eg først og fremst seia at det var sjølve kyrkja som gjorde så sterkt inntrykk. Sjølv om den var påbygd fleire gonger, var det ein fin heilskap over bygget. Og det var tatt vare på relativt mykje gamal kyrkjekunst her, for eksempel ein 1200-tals trefigur av Jomfru Maria med Jesusbarnet og ein figur av St. Laurentius frå 1400-talet.

Turistavisa Opplevelser på Helgelandskysten 2007 fortel meg at Dønnes kyrkje blir kalla den vakraste kyrkja i Nord-Norge. Eg har dessverre ikkje samanlikningsgrunnlag nok til å kunna skriva under på dette, men det var i alle høve ei flott oppleving å besøkja kyrkja.

Etter besøket i kyrkja var me oppe på Dønnesfjellet (127 moh) og hadde fiskesuppe og fantastisk utsikt ut over havet, blant anna med øyane Lovund og Træna i det fjerne.

Utsikt frå Dønnes

Heile serien:

Vega

Sommarminne frå Nordland II – sommaren 2007

Eg var nysgjerrig på å finna ut meir om Vega. Denne øya er med på UNESCO si liste over kultur- og naturarv av eineståande verdi, saman med pyramidane i Egypt, Akropolis i Athen, Masada i Israel, den kinesiske mur og mange andre spesielle stadar i verda.

Før me begynte å planleggja ferien, hadde eg bare høyrt om øya, men visste ingenting om den. Då eg var på veg nordover, hadde eg fått med meg dette med verdsarv-lista i tillegg til at øya har ein skulptur i serien Skulpturlandskap Nordland. Skal eg vera ærleg, var det nok dette siste som gjorde at reiseleiaren Inger hadde tatt øya med i ferieplanen vår.

Me sykla over øya, studerte skulpturen (eigentleg tre skulpturar som står i eit forhold til kvarandre), såg på kyrkja, og drog så til É-huset på Nes på nordsida av øya. Dette er eit lite museum som blant anna dokumenterer den spesielle tradisjonen med å ha ærfugl som husdyr. Ja, du las rett! Dette var noko eg aldri hadde høyrt om før, og det er altså så spesielt at det har ført Vega inn på verdsarvlista.

Eigentleg er det Vegaøyan, eit stort øyrike (arkipelag) med 6.500 små og store øyar og skjær, som er listeført. Her er grunngjevinga frå UNESCO:

Vegaøyan har enestående universell verdi på grunn av
• en unik egg- og dunnæring som har eksistert i området i mer enn tusen år
• det menneskeskapte landskapet som er et testament til mennesker som utviklet en enestående og nøysom levevei i et ekstremt utsatt område rett sør for Polarsirkelen
• den lange og vedvarende interaksjonen mellom menneske og landskap som viser en usedvanlig kulturkontinuitet
• nøkkelrollen som kvinner spilte i edderdunnæringen og derved deres part i produksjonen av et høyverdiprodukt som ble en del av Hansa-handelen (les meir)

Det var forresten her i É-huset eg fann plakaten om Presten og kjærleiken.

Heile serien:

Oppdatering: I 2010 var eg tilbake på Vega og fekk oppleva meir av den spennande øya. Sjå notatet Ei helg på Vega.

Torghatten

Sommarminne frå Nordland I – sommaren 2007 Eg syns det var mektig å gå gjennom hòlet i Torghatten. Og det var spesielt å kunne gjera det seint på kvelden, ved midnatt. Dette var første kvelden vår i Nordland, og sjølv om staden ikkje ligg så langt nord at det er midnattssol, var det heilt lyst … Hald fram med å lese «Torghatten»

Sommarminne frå Nordland I – sommaren 2007

Torghatten

Eg syns det var mektig å gå gjennom hòlet i Torghatten. Og det var spesielt å kunne gjera det seint på kvelden, ved midnatt. Dette var første kvelden vår i Nordland, og sjølv om staden ikkje ligg så langt nord at det er midnattssol, var det heilt lyst då me gjekk opp ca kl 23.00.

Her står Inger i opninga ut mot havet, mens eg tar biletet inne frå hòlet. Som du ser er det store dimensjonar over hòlet gjennom fjellet. Det er 166 meter langt, gjennomsnittleg 18 meter breitt og høgda varierer mellom 28 og 75 meter.

Segna seier at det var Hestmannen sin pil som skapte hòlet. Nyare undersøkingar fortel oss at det er isen som som har vore på ferde. Uansett har hòlet alltid gjort inntrykk og det har blitt kommentert av mange skribentar, f eks Petter Dass, Fritjof Nansen, Karel Capek og Arne Garborg.

Heile serien:

Heime igjen

I kveld har eg kome heim frå tre flotte veker på ferie. Etter dagane på Helgelandskysten var Inger og eg nokre dagar i Lofoten. Framleis med sol både dag og natt. Det blei totalt 428 mil i bil, nokre mil på sykkel, ein dag på Hurtigruta, mange ferjeturar og ein flott dag på «Sea Bird … Hald fram med å lese «Heime igjen»

6a00d8341cb87053ef00e54f3057a18834-640wi

I kveld har eg kome heim frå tre flotte veker på ferie. Etter dagane på Helgelandskysten var Inger og eg nokre dagar i Lofoten. Framleis med sol både dag og natt.

Det blei totalt 428 mil i bil, nokre mil på sykkel, ein dag på Hurtigruta, mange ferjeturar og ein flott dag på «Sea Bird Safari» med båt til Skomvær fyr, langt ute i havet utanfor Røst. Kvar dag var fylt av kjekke opplevingar, både når me var undervegs og på våre utallige stopp her og der.

Etter 12 fantastiske dagar i Nordland reiste me lange dagsetappar sørover mot Bryne. Ferien var rett og slett slutt for denne gang.

Den flotte reklamen for Nynorsk vekeblad fann eg på eit museum på Vega. Det vil nok likevel ikkje bli noko stoff frå ferien min verken i Nynorsk vekeblad eller i andre blad. Men eg kjem truleg tilbake med meir stoff her på bloggen! Då riktignok med meir fokus på natur- og kulturopplevingar enn på kjærleiken.

Sommar på Helgelandskysten

Eg har denne veka hatt flotte og innhaldsrike dagar på Helgelandskysten. For meg er dette ein ny og ukjent del av landet. Men eg må jo innrømma at det er eg som ikkje er oppdatert, her har det trass alt budd folk i tusenvis av år. Til ei forandring har eg reiseleiar med meg på … Hald fram med å lese «Sommar på Helgelandskysten»

6a00d8341cb87053ef00e54f2f298d8834-640wi

Eg har denne veka hatt flotte og innhaldsrike dagar på Helgelandskysten. For meg er dette ein ny og ukjent del av landet. Men eg må jo innrømma at det er eg som ikkje er oppdatert, her har det trass alt budd folk i tusenvis av år.

Til ei forandring har eg reiseleiar med meg på denne ferien. Som nokre av lesarane av bloggen veit, sykla Inger Norge på langs for to år sidan. Det lesarane truleg ikkje veit, er at ho sidan har lagt skumle planar for koss ho skulle få meg med på ein ny tur, denne gong med fokus på Nordland. Dette var nemleg fylket som gjorde sterkast inntrykk på henne på sykkelturen. Denne sommaren er eg altså offer for planane hennar. Og eg angrar slett ikkje på at eg blei med på notene, for me har det herleg og eg har fått med meg utruleg mykje flott natur, verdifull kultur og eit fantastisk sommarver! Natur- og kulturopplevingane er stort sett nøye planlagt av reiseleiaren, veret er ein ekstra bonus for alle som ferierer i Nord-Norge for tida.

Biletet viser overnattingsplassen vår på Bjørnsøya på Dønna.

Eg nemner bare nokre foreløpige høgdepunkt her: Tur opp til holet i Torghatten ved midnatt, sykkeltur på Vega (eit øysamfunn som er med på UNESCOs World Heritage List), overnatting på ein gamal gard der den første biskopen i Nord-Norge budde, besøk på Alstadhaug, omvisning i Dønnes kyrkje og mausoleum, tur til Svartisen og sist, men ikkje minst: Jakt på skulpturar finurleg plassert ute i naturen (Skulpturlandskap Nordland). Kanskje det her på bloggen kjem meir stoff om noko av dette på eit seinare tidspunkt? Eg har i alle høve opplevd så mykje at det kan bli mange bloggartiklar, om eg skulle bli overmanna av skrivelyst og ledig tid.

Meir frå landsmøtet

Landsmøte i Den Norske Israelsmisjon 2007

Nå er landsmøtet slutt. Måndag reiser me frå Oppdal etter inspirerande dagar på Israelsmisjonen sitt landsmøte og sommarstemne.

Dagen i dag har vore viktig for oss. I føremiddag deltok me i gudstenesta i Oppdal kyrkje. Der blei tre nye medarbeidarar innvia til misjonærteneste. I tillegg blei tre nye voluntørar presentert på avslutningsmøtet i kveld. Eg gleder meg over at to ungdomar frå Bryne er med i denne samanhengen; Kristin Helgesen Nese og Odd Ivar Nese skal vera voluntørar i Immanuelskyrkja i Tel Aviv det neste året. Kjempebra!

I går var det val på landsstyre for den komande treårsperioden. Eg blei valt inn i styret saman med Torgeir Flateby (leiar), Paul Odland, Eva Walderhaug Sæther, Bertel Aasen og Gunvor Fyllingsnes. I tillegg er Odd Bjarne Skogestad representant for dei tilsette i organisasjonen. Eg ser på dette både som ei viktig teneste og som eit stort ansvar. Eg har vore vararepresentant den siste perioden, og veit derfor heldigvis litt om kva oppgåva går ut på. Først og fremst gleder eg meg til arbeidet i landsstyret. Eg reknar med at det skal bli givande og interessant!