Ein himmelsk turban

Visste du at turban blir omtalt som eit himmelsk plagg i Bibelen? Eg hadde lese det før, men då eg i dag (27.02.2013) las komande søndags lesetekst frå GT, la eg likevel på nytt merke til dette som ein overraskande detalj. Det dreier seg om ein tekst frå profeten Sakarja. Han ser i eit syn atLes meir «Ein himmelsk turban»

Herodes-utstilling 2013

Israel Museum opnar i dag ei stor utstilling om Herodes den store. Utstillinga er open 13. februar – 5. oktober 2013. Eg har dessverre ikkje planlagt nokon besøk i Jerusalem i denne perioden, og satsar derfor på at utstillinga blir grundig dokumentert på nettet og i bokform. Bildet viser herodiansk mur i vestmuren på tempelplassen iLes meir «Herodes-utstilling 2013»

Snømann på Oljeberget

Bilde frå bibelske landskap, veke 7/2013 Oljeberget er ei høgde som ligg like aust for Jerusalem. Sist eg var der (12.01.2013), var det vinter i byen. Det hadde vore nokre dagar med uver og snø. Framleis stod snømannen og heldt stand på den katolske eigedomen Dominus flevit (Herren gret, jfr Luk 19,41-44). Eit uvanleg syn.

Cardo i Sepphoris

Bilde frå bibelske landskap, veke 6/2013 Sepphoris var hovudstad i Galilea då Jesus vaks opp i Nasaret, som ligg ca 5 km lenger sør. Bildet viser Cardo, den eine av dei to hovudgatene i byen som var bygd etter romersk byplanlegging. Legg merke til dei tydelege hjulspora i vegen! Utgravingane etter Sepphoris ligg i dag iLes meir «Cardo i Sepphoris»