Tyros og Sidon

Geografisk notat til Matt 15,21-28

Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.

Slik begynner bibelteksten om den kanaaneiske kvinna, éin av tekstane på 2. søndag i fastetida. Teksten skildrar ei av Jesu reiser ut av Israelslandet.

Tyros og Sidon er to gamle byar, som nå ligg i Libanon. Dei to byane blir ofte nemnte saman i NT. Byane har sjølvsagt ikkje hovudfokus i teksten, men dei dannar den geografiske ramma for forteljinga om Jesu møte med «den kanaaneiske kvinna». Eg vil her gjera nokre notat om koss desse byane dukkar opp i ulike samanhengar i NT.

Kart: Wikimedia Commons

Markus skriv i evangeliet sitt at det kom folk frå «bygdene kring Tyros og Sidon» til Jesus ved Gennesaretsjøen, tidleg i verksemda hans, for «dei hadde høyrt om alt han gjorde»:

Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea og  Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde. (Mark 3,7-8)

Lukas skriv i evangeliet sitt at det var folk frå Tyros og Sidon i den store folkemengda som samla seg om Jesus då han heldt Slettepreika (som tilsvarar Bergpreika hos Matteus):

Så gjekk han nedover att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av disiplane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyros og Sidon. Dei var komne og ville høyra han og bli lækte for sjukdomane sine. (Luk 6,17-18a)

Apostelgjerningane fortel at det tidleg blei danna Jesustruande forsamlingar, som Paulus hadde kontakt med, i desse byane.

Då Paulus på slutten av den tredje misjonsreisa si var på veg frå Milet (avskjeden med dei eldste i Efesos) til Jerusalem, kom båten han reiste med i land i Tyros. Der oppsøkte han dei kristne, som her blir kalla «disiplane»,  og blei verande hos dei ei veke mens skipet lossa:

Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og segla beint til Kos, dagen etter til Rodos og derifrå til Patara. Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att. Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og segla mot Syria. I Tyros la vi til land, for skipet skulle lossa. Vi leita opp disiplane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem. Då dagane våre der var til ende, heldt vi fram på reisa. Alle følgde oss ut av byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad, før vi sa farvel til kvarandre. Vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att. (Apg 21,1-6)

Seinare, etter arrestasjon i Jerusalem og fangeopphald og forhøyr i Cæsarea, blei Paulus sendt til Roma. Han hadde, som romersk borgar, anka saka si til keisaren. Den lange og farefulle reisa med båt over Middelhavet blir relativt grundig skildra i Apostelgjerningane (kap 27). Dagen etter at dei har forlate Cæsarea, er dei innom hamna i Sidon. Der får Paulus lov til å besøkja dei kristne, som her blir kalla «venene»:

Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga. Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristarkos frå Tessalonika. Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg. Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot. Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia. Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det. (Apg 27,1-6)

Desse to siste bibeltekstane handlar om Paulus sine reiser på 50- og 60-talet. Dei kristne forsamlingane som han møter i Tyros og Sidon, hadde kanskje bakgrunn i forfølginga i Jerusalem like etter at Stefanus blei martyr på 30-talet, sjølv om byane ikkje låg i Judea eller Samaria:

Same dagen braut det ut ei hard forfølging mot forsamlinga i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde omkring i Judea og Samaria. (…) Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet. (Apg 8, 1 og 4)

Det blir også referert til desse som «blei spreidde» etter denne forfølginga i samband med omtalen av dei første kristne i Antiokia. Her blir Fønikia, dvs landområdet rundt Tyros og Sidon, spesielt nemnt:

Dei som no hadde vorte spreidde omkring på grunn av den forfølginga som tok til med Stefanus, kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar. (Apg 11,19)

Kanskje er det også ein samanheng mellom desse tidlege forsamlingane av jødar som trudde på Jesus, og evangelieforteljingane som tyder på at mange i «landet kring Tyros og Sidon» møtte Jesus og høyrde forkynninga hans?

Til slutt vil eg peika på at det dagens tekst eigentleg handlar om, er koss Jesus møtte ei kvinne som ikkje tilhøyrde det jødiske folket. Teksten er ikkje enkel å forstå. Jesus seier tydeleg at hans eige folk (jødane) står i fokus for verksemda hans. Men han hjelper likevel denne kvinna, på grunn av trua hennar. Sidan gjev Jesus disiplane misjonsoppdraget om å gjera alle folkeslag til disiplar.

Oppdateringar: Matt 21,15 ff nå er preiketekst på 2. søndag i fastetida, første tekstrekke. Oppdatert 2020 med kart og tilvising til Mark 3 og Apg 11. Sjå òg notatet Kanaan-hunden frå 2012.

2 tankar på “Tyros og Sidon”

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.