Om å kryssa Jordanelva

nypl.digitalcollections.510d47d9-64d4-a3d9-e040-e00a18064a99.001.v

Mange som ser Jordanelva for første gong, blir skuffa. Det er jo så lite vatn i elva. I Bibelen står det fleire gonger om “å gå over Jordan”. Det skulle vel ikkje vera så vanskeleg, slik elva ser ut?

Dette notatet på BiblePlaces Blog set saka inn i eit større perspektiv: Seven Fascinating Facts about Crossing the Jordan River.

Eg har lenge visst at Jordanelva tidlegare var mykje større. Men ikkje at den i dag bare inneheld 2 % vatn i forhold til vassmengda for 60 år sidan! Eg har heller ikkje visst noko om gamle vadestadar i Jordanelva. Nå veit eg meir. Det var 41 vadestadar mellom Gennesaretsjøen og sideelva Jabbok, men bare fem vadestadar mellom Jabbok og Dødehavet. Flest vadestadar var det nær Beth Shean, men det var også nokre få vadestadar nær Jeriko, der elva var djupare og vanskelegare å kryssa.

Det gamle bildet av Jordanelva er frå 1894 då elva altså var mykje større enn den er i dag. Eg har funne bildet på The New York Public Library Digital Collections.

Bloggen refererer kortfatta til innhaldet i ein (foreløpig upublisert) artikkel av David Z. Moster.

Her er innleiinga til eit tidlegare notat her på bloggen:

Elva Jordan har stor symbolkraft. I historia om Israelsfolket si ferd frå slaveriet i Egypt er kryssinga av Jordan det siste hinderet undervegs til det lova landet. Dermed har elva blitt symbol på fridom. Men den er også eit symbol på døden, overgangen frå dette livet til det evige livet. (Les meir)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: