Festdag for sommarkonfirmantane

På sundag er det konfirmasjon igjen i kyrkja her på Bryne. Nå når me har både vinter- og sommarkonfirmantar, blir det konf-gudstenester både vår og haust. Men det er bare flott! For ein finare festdag enn ein konfirmasjon, det skal ein leita lenge etter! Det er 40 konfirmantar i denne gruppa, og det blir to … Hald fram med å lese «Festdag for sommarkonfirmantane»

På sundag er det konfirmasjon igjen i kyrkja her på Bryne. Nå når me har både vinter- og sommarkonfirmantar, blir det konf-gudstenester både vår og haust. Men det er bare flott! For ein finare festdag enn ein konfirmasjon, det skal ein leita lenge etter! Det er 40 konfirmantar i denne gruppa, og det blir to konf-gudstenester (kl 10.30 og 12.30). Eg gleder meg, og det er det nok mange andre òg som gjer!

For nokre veker sidan kom me heim frå ein flott konfirmantleir på Åpta. Der hadde me kjekke dagar saman som eg ikkje ville vore forutan! Du kan lesa meir om leiren her.

"Eg syns det er flott å vera prest for konfirmantane i menigheten. Ja, eg er faktisk litt stolt av å vera presten deira, sjølv om eg sjølvsagt ikkje eig desse ungdomane og heller ikkje skal ta æra for kven dei er eller koss dei oppfører seg. Men gjennom eit år med ulike formar for samlingar og fellesskap blir me som har ansvar for konfirmantarbeidet, glade i ungdomane! Dei har mange spørsmål og det bur sjølvsagt både tvil og tru i dei. Men først og fremst opplever eg det flott at så mange ungdomar er opne og interesserte i kva den kristne trua er og betyr. Sjølvsagt veit eg at dei ulike ungdomane plasserer seg sjølv på ulikt vis i forhold til det å leva i tru. Derfor heiter det òg at formålet med konfirmantarbeidet i Den norske kyrkja er "å vekke og styrke troens liv som gis i dåpen for at de unge kan leve i menighetens fellesskap og vokse som Jesu Kristi disipler". Å vera konfirmant er å vera i ein prosess, og konfirmantopplegget som kyrkja har i dag, legg vekt både på opplæring og på oppleving."

Slik skreiv eg i mai i eit innlegg her på bloggen om koss eg som er prest tenkjer om konf-arbeidet.  Du kan lesa heile innlegget her. Eg har ikkje forandra synspunkt på dette på fire månadar, og står framleis for det eg skreiv i vår!

Eg tar med ei av bønene for konfirmasjonen, og lar det vera mi bøn for desse ungdomane nå i dagane fram mot konfirmasjonen:

"Kjære Gud, me takkar deg for konfirmantane. Du har skapt dei i ditt bilete og gjeve dei livet i gåve. Du gjorde dei til dine born i den heilage dåpen. Hjelp dei til å vera uthaldande i bøna og trufast bruka ditt ord og den heilage nattverden. Styrk dei i trua, vona og kjærleiken, så dei saman med alle som trur på deg, kan vedkjennast Jesu Kristi namn og i ord og gjerning takka og tena deg.

Ver nær hos konfirmantane, og la dei alltid ha ein trygg stad i di kyrkje. Vara dei mot alt vondt og gjev dei visdom og kraft når livet vert vanskeleg. Verna dei og hjelp dei i dag og alle dagar."

Google Earth

Har idag kome over eit stilig kartprogram med satelittkart over heile jorda. Du kan zoome inn og ut, og spesielt i store byar er det svært bra kvalitet. Der kan du faktisk gå inn og sjå enkeltbygningar. Du finn programmet her. Sett igang og prøv det ut! Eg lasta programmet ned etter å ha lese … Hald fram med å lese «Google Earth»

Har idag kome over eit stilig kartprogram med satelittkart over heile jorda. Du kan zoome inn og ut, og spesielt i store byar er det svært bra kvalitet. Der kan du faktisk gå inn og sjå enkeltbygningar. Du finn programmet her. Sett igang og prøv det ut!

Eg lasta programmet ned etter å ha lese om det i artikkelen Supertøff karttjeneste på Forbruker.no. Og ikkje lenge etter kom det faktisk også tips om programmet frå familiens utsendte medarbeidarar i Oslo (Trygve og Jørn).

Eg lot meg imponera då eg zooma meg inn på Istanbul og såg på området rundt Blue Mosque og Hagia Sofia. Stilig! Det går sikkert an å finna mange andre byar som er like godt dokumentert! Bileta frå Bryne var forresten ikkje av same kvalitet!

Om bloggarane som maktfaktor

Det er interessant å sjå blogging bli omtalt og vurdert, ja, til og med forska på. Sist ut nå er Nynorsk pressekontor som har skrive ein artikkel om Bloggarane –  ny maktfaktor i valkampen. Artikkelen viser òg til Wikipedia sin artikkel om kva ein blogg er. Denne artikkelen prøver seg forresten på ei norsk omsetjing … Hald fram med å lese «Om bloggarane som maktfaktor»

Det er interessant å sjå blogging bli omtalt og vurdert, ja, til og med forska på. Sist ut nå er Nynorsk pressekontor som har skrive ein artikkel om Bloggarane –  ny maktfaktor i valkampen.

Artikkelen viser òg til Wikipedia sin artikkel om kva ein blogg er. Denne artikkelen prøver seg forresten på ei norsk omsetjing av weblog/blogg: Kva skal me seia om uttrykket vevlogg/vlogg???

Broder Roger drept, august 2005

«Broder Roger, den 90-årige grunnleggeren av det kristne fellesskapet i Taizé, ble drept med kniv under kveldsgudstjenesten tirsdag. Rundt 2500 mennesker var samlet til sang og bønn i Taizé i Frankrike da en rumensk kvinne angrep broder Roger med kniv og stakk ham i halsen tre ganger.»

Slik står det å lesa i avisa i dag (19.08.2005). Det meiningslause drapet på den gamle kristne leiaren skjedde tysdag kveld. Det er forferdeleg at slikt kan skje, og mest heilt utruleg at det skulle skje ein slik stad. Fellesskapet han har leia, er prega av tillit til Gud og menneske. Forsoning er eit sentralt stikkord for arbeidet i Taizé.

Broder Roger har faktisk heilt opp til han blei drept, leia det omfattande fellesskapet i Taizé i Frankrike, trass sin høge alder. Dette har vore ein stad der unge menneske frå heile verda har kome og opplevd åndeleg fornying og inspirasjon. Og kristne i ulike kyrkjesamfunn og kristne fellesskap har blitt inspirert av bønelivet og songane frå Taizé. Songane deira er omsett til mange språk, bl a norsk.

Ein av songane deira, som eg tenkjer på i kveld, er dette korte verset:

Jesus, Guds Son, du ljos i mitt indre,

lat ikkje mørkret få tala til mi sjel.

Jesus, Guds Son, du ljos i mitt indre,

opna meg for din kjærleik og fred.

Tekst av Broder Roger (1992). Norsk salmebok 2013 nr 635

Tur til Breiavad og Stranddalen, august 2005

Dyroheio

Denne veka (august 2005) har Inger og eg vore på ein tredagars fjelltur. Det var herleg å koma til fjells igjen, sjølv om det regna ganske mykje desse dagane.

Me køyrde inn anleggsvegen til Blåsjø i Suldal og parkerte ved Oddatjørndammen. Dermed var me midt inne i fjellheimen med ein gong. Blåsjø er ein kjempesvær kunstig innsjø som eg har litt blanda forhold til. På den eine sida har den øydelagt for alltid ein stor del av dei fjellområda som eg gjekk mykje i då eg var ungdom. På den andre sida er vasskraft trass alt meir miljøvenleg enn mange andre formar for kraftutbygging.

Første dagen gjekk me inn til Breiavadhytta. Eg var innom der kvar sommar ein periode i ungdomstida mi. Då stod det ei gamal hytte der, bygd i 1892. Den gamle hytta brann dessverre ned i 1988. Etter dette er det bygd ei ny hytte som er disponert av Suldal fjellstyre. Det var kjekt å vera tilbake og overnatta på denne staden. Du kan lesa om leige av hytta her.

Neste dag gjekk me til Stranddalen (ca seks timars tur) der Stavanger Turistforening har bygd ny og flott hytte i år. Det er ei betjent turisthytte, det vil bl.a. seia at det blir servert måltid. Tysdag og torsdag er komledagar, og me hadde lagt det opp slik at me kom dit torsdag kveld. Ikkje verst å bli servert ein flott komlemiddag langt inne i fjellet!

Frå Stranddalen gjekk me ned til anleggsvegen ved Øvre Moen (ca to timar). Me hadde følge med ei dame me blei kjent med på Stranddalen, og ho hadde bil og køyrde oss opp til bilen vår som stod ved Oddatjørndammen. Sjølv om det ikkje var så langt, var det herleg å sleppa å gå dette stykket på veg opp til bilen.

Oppdatert 24.11.2020

Relatert notat: Kaldavad 1972