2000 år gamle rom funne under bakken ved Vestmuren

Denne filmen viser interessante arkeologiske funn som er presenterte idag frå utgravingane under plassen framfor Vestmuren i Jerusalem: Her er det funne rom som er hogd ut i fjellgrunnen for ca 2000 år sidan. Foreløpig er det usikkert kva romma blei brukt til. Romma låg under ein monumental bygning frå bysantinsk tid, også den under bakken i dag.

Det skal bli interessant når desse funna blir opna for publikum. Då satsar eg på å kunna vera blant dei som besøker staden!

Israel Antiquities Authority skriv:

Researchers suppose that the complex was used by Jerusalem residents during the Early Roman period, prior to the destruction of Jerusalem and the Second Temple. The system was sealed beneath the floor of a large and impressive structure from the Byzantine period, waiting for some 2,000 years to be discovered.

(…)

Dr. Barak Monnickendam-Givon and Tehila Sadiel, directors of the excavation on behalf of the Israel Antiquities Authority, said: “This is a unique finding. This is the first time a subterranean system has been uncovered adjacent to the Western Wall. You must understand that 2,000 years ago in Jerusalem, like today, it was customary to build out of stone. The question is, why were such efforts and resources invested in hewing rooms underground in the hard bedrock?” According to Dr. Monnickendam-Givon and Sadiel “The rich array of findings discovered in this excavation shed light on the daily life of the residents of the ancient city. Among other things, we found clay cooking vessels, cores of oil lamps used for light, a stone mug unique to Second Temple Period Jewish sites, and a fragment of a qalal – a large stone basin used to hold water, thought to be linked to Jewish practices of ritual purity”

Les meir

(Via PaleoJudaica)

Brannen i Gravkyrkja 1949

Det var brann i kuppelen i Gravkyrkja i 1949. Brannen blei dokumentert med bilde av ein norsk soldat som var FN-utsending i Jerusalem på denne tida. Sidan har brannen vore lite omtalt, og eg hadde ikkje høyrt om denne historia før Vårt Land denne veka (19.03.2019) hadde ein reportasje om saka og gjengav eit par av bilda frå brannen.

Det er Eivind Luthen som har delt bilda og historia om brannen, som faren hans opplevde, med journalisten frå Vårt Land.

Bilder av en ukjent brann

For 70 år siden, midt i den betente kampen om Jerusalem som internasjonal by, sto Den hellige gravs kirke i en brann få har hørt om.

(…)

Brannen i 1949 var ikke påsatt. Skaden skjedde paradoksalt nok under en reparasjon av en annen skade. Ved et uhell skal gnister fra gass-sveising ha satt fyr på innsiden av kuppellen. Det er heller ikke første gangen Den hellige gravs kirke sto i flammer.

(…)

De som fotograferte brannen i 1949 fikk apparatene sine beslaglagt og bildene ødelagt av det jordanske politiet, forteller Luthen.

– Men far slapp unna fordi han hadde uniform, legger han til.
– Tror du ikke det finnes andre bilder?
– Jeg har ikke funnet noen.

(…)

Brannen i 1949, var et uhell, og forteller oss derfor ikke så mye om spenningene som ulmet i luften i Jerusalem på den tiden. Snarere er det hvordan brannen ble håndtert som er mest fortellende om Jerusalem for 70 år siden. Selv om det er lite litteratur å finne om brannen, har Raymond Cohen et kapittel om den i sin bok Saving the Holy Sepulchre fra 2008.

Skildringene beskriver fult kaos. Begrenset vanntilgang, et ikke-fungerende brannvesen. At Kong Abdullah av Jordan møtte opp sammen med sin kristne stabssjef, var en viktig politisk handling, ifølge Cohen. Kong Abdullah uttrykte et ønske om å bevare kirken, og dette ble et vendepunkt.

Les meir og sjå bilda

Dette var interessant. Artikkelen er elles dessverre prega av den vanlege vektlegginga på strid og uro mellom dei ulike kristne kyrkjesamfunna som har ansvar for kyrkja. Dette har så vidt eg forstår, ikkje noko med brannen å gjera.

Les andre notat om Gravkyrkja på bloggen her

Salomos steinbrot eller Sidkias grotte?

Det er interessant å besøka denne store grotta som går inn under Gamlebyen i Jerusalem.

IMG_8866
Sidkias grotte, Jerusalem. Foto: Arne Berge 2018

Det er fascinerande å gå innover og nedover dette gamle steinbrotet, som går 230 meter inn under bebyggelsen i det muslimske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Det er fleire namn og teoriar knytt til grotta, dessutan er det også mange tradisjonar og ein del mystikk knytt til staden. Dette siste heng nok saman med at frimurarordenen har vore opptatt av grotta.

Mange meiner at allereie kong Salomo tok ut stein her, då han bygde det første tempelet på 900-talet f. Kr. Ein tradisjon knyter grotta til kong Sidkia som var konge dei siste ti åra før Jerusalem fell i år 587 f. Kr. Det som i alle fall er sikkert, er at staden var eit viktig steinbrot på det andre tempelets tid, altså sånn cirka på Jesu tid.

Det er kanskje ikkje så underleg at det store og gamle steinbrotet har blitt knytt til kong Salomo og bygginga av det første tempelet, for det skal ikkje store fantasien til for å lesa denne teksten frå Første Kongebok inn i denne grotta:

Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet og i tillegg arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde oppsyn med arbeidsfolket. Kongen baud at dei skulle bryta store og kostbare steinar, så grunnvollen til tempelet kunne leggjast med hoggen stein. (1 Kong 5,15-17)

Inngangen til grotta er under bymuren litt aust for Damaskusporten. Eg tar med Jerome Murphy-O´Connor sin omtale av staden. Den er ikkje oppdatert etter dei arkeologiske undersøkingane i 2000-2002, men inneheld likevel mykje interessant informasjon. (Opningstidene som står her skal du ikkje stola på, dei er i alle fall ikkje oppdaterte!)

Murphy-O`Connor: The Holy Land. 4. utg 1998. Side 142.

Murphy-O`Connor si bok er anerkjent, og kom i si tid ut i serien Oxford Archaeologcal Guides. Han meiner tradisjonen med å knyta staden til kong Salomo kan vera historisk korrekt. Men mi utgåve av boka hans er altså frå 1998, og dei første arkeologiske undersøkelsene her blei gjort i 2000 og 2002. Informasjonstavla inne i grotta legg i dag vekt på at steinbrotet blei sterkt utvida i det andre tempelets tid, og at «Kong Salomos steinbrot» er eit kallenamn på staden (sjå bildet nedanfor). Her finn du ein arkeologisk rapport som truleg er den faglege bakgrunnen for denne informasjonen.

IMG_6684
Frå Sikias grotte, Jerusalem. Foto: Arne Berge 2018

Eg skreiv at frimurarane har sine tradisjonar knytt til denne grotta. Dette kan du lesa meir om på Wikipedia sin artikkel om staden her.

Jesus Trail og Jerusalem, oktober 2019

Jesus trail
Frå vandringa på Jesus trail. Foto: Arne Berge 2017

Tre dagars vandring til fots på Jesus Trail i Galilea, frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Fleire dagar med mange ulike opplevingar i Jerusalem. Besøk i Nasaret og Betlehem. Og enda mykje meir, f eks å koma til Qumran der Dødehavsrullane blei funne.

Og det at me får med oss Yom Kippur (den store forsoningsdagen, ein viktig jødisk heilagdag) mens me er i Jerusalem, er jo bare bonus!

Les om turen her: Jesus Trail og Jerusalem

Plussreiser arrangerer turen. Eg er reiseleiar saman med Inger, kona mi. Velkommen til å bli med oss på innhaldsrik haustferie i Israel og dei palestinske områda i oktober 2019.

Du kan også finna mykje stoff om Jesus Trail på nettsida deira: jesustrail.com

 

På taket av Gamlebyen

Jerusalem, byen med heilage stadar for tre religionar

Gamlebyen i Jerusalem. Foto Arne Berge 2009

Eg reiser snart til Israel og dei palestinske områda igjen. Denne gong som reiseleiar for familie- og ungdomstur frå Hinna menighet. Det blir nok mange høgdepunkt. Eg er rimeleg sikker på at for eksempel Gamlebyen i Jerusalem vil gjera inntrykk på mange som reiser til byen for første gong!

Bildet er tatt frå takterrassen på Austrian Hospice of the Holy Family, ved Via Dolorosa. Men til tross for at eg er på eit kristent gjestehus, er eg i det muslimske kvarteret. Slik er Jerusalem!

Oppdatering: Me er heime igjen etter ein flott tur! Sjå her.

Det er mykje stoff om byen her på bloggen. Sjå f eks serien om Jerusalems 10 på topp:

Den tyske Mariakyrkja, Jerusalem

IMG_0861
Den tyske Mariakyrkja i Jerusalem. Foto: Arne Berge 2011

Restane etter den tyske Mariakyrkja ligg sentralt i det jødiske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Likevel er den så bortgøymt at få legg merke til den. Kva kan ein sjå på staden? Og kva veit me om denne kyrkja frå korsfarartida?

Først litt om bygningsrestane slik dei er å finna i dagens jødiske kvarter. Når ein går frå Hurvaplassen mot trappene ned til plassen framfor Vestmuren, passerer ein korsfarar-marknaden, deretter murane etter kyrkja og det tilhøyrande hospitalet i det ein går til høgre og ned trappene. Portalen til kyrkja ligg i Misgav Ladach Street. Kyrkjeruinen har dessverre vore avlåst dei fleste gongene eg har vore der. Det er likevel mogleg å sjå inn gjennom portalen og få eit tilsvarande inntrykk som på bildet. Ein ser då austover mot apsis der hovudaltaret stod. I rommet til høgre er det ei god informasjonstavle, som altså dessverre ikkje er synleg om ein ikkje kan gå inn portalen.

Ruinen etter hospitalet ligg sør for kyrkja og litt lågare i terrenget. Trappa ned mot Vestmuren går rundt denne ruinen. Det var også eit pilegrimshospits knytt til kyrkja og hospitalet, på nordsida av kyrkja, men det er ikkje noko igjen av denne bygningen.

Når eg nå skriv om staden, finn eg også fram det følgjande bildet som eg tok i 2011. Det må vera misvisande. Det er kyrkja, ikkje hospitset, som er best bevart og som ein her har framfor seg!

IMG_0863
Misvisande informasjon på staden. Foto: Arne Berge 2011

Historia til desse bygningane går tilbake til korsfarartida. På 1140-talet var det behov for eit tyskspråkleg senter for pilegrimar som ikkje kunne fransk, som var det rådande språket i korsfarerbyen. Tyske medlemar av Johannesordenen fekk då bygga dette senteret som altså bestod av kyrkje, hospital og hospits. Bygningane blei øydelagde då korsfararane tapte Jerusalem i 1187. Dei blei (delvis?) bygde opp igjen frå 1229 av dei teutoniske riddarane, ei uavhengig orden stifta i Akko i 1190, og denne ordenen dreiv staden fram til korsfararane mista makta i Jerusalem i 1244.

I nyare tid skal kyrkjeruinen ha blitt funnen av T. Drake i 1872 (Wikipedia 01.05.2018 her).

Dei tyske korsfararbygningane blir omtalte slik i ein samtidig tekst frå 1100-talet:

On the way down the same street, which goes to the gate by which one reaches the Temple, and on the right, is a cross street with a long portico. In this street is a hospital with a church, which has been newly built in honour of Saint Mary, and is called the House of the Germans. Few if any people of other tongue have anything good to say about it.

John of Würzburg

(Frå Murphy-O´Connor: The Holy Land. 4. ed. Oxford 1998. Side 76)

VG om Jesu grav

Jesu grav i Gravkyrkja
Frå Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Det er ikkje kvardagskost at VG skriv om arkeologi knytt til Jesus og Det nye testamentet. Men funnet av mørtel frå 300-talet i Jesu grav i Gravkyrkja i Jerusalem er utan tvil så spesielt at det fortener omtale i dei større media, også her i Norge.

Eg syns artikkelen gjengir saka på ein god måte. Det er riktig nok ikkje vanleg å omtala tradisjonen om Jesu grav i Gravkyrkja som «legende», men dette er ei ubetydeleg sak i den større samanhengen.

Bildet er tatt inne i grava, som i dag er som eit lite kapell. Her er det ein tom benk med lys. Teksten på teppet, xristos anestæ, betyr Kristus er oppstaden. Benken er omtalt som hylle i VG-artikkelen.

Bakgrunnen for artikkelen i VG er at National Geographic denne veka offentleggjorde arkeologisk forsking som viser at mørtel som er funne i grava, kan tidfestast til 300-talet. Dette er svært interessant fordi det bekreftar den kristne tradisjonen om staden. Eg har tidlegare referert til saka i notatet Spor frå 300-talet i Gravkyrkja.

Her er eit utdrag frå VG-artikkelen:

National Geographic: Nye bevis for at Jesu grav faktisk ligger i Gravkirken
Testresultater av steinprøver fra Den hellige gravs kirke i Jerusalem skal bevise at krypten er den som ble funnet av romerne i år 326.

(…)

En prøve av mørtel, hentet fra mellom den originale kalksteinen og en marmorplate som dekker den, har blitt datert til cirka år 345, skriver tidsskriftet. Det samsvarer rimelig nært med de originale historiske nedtegningene om at en romersk delegasjon ble sendt til Jerusalem, lokaliserte graven og bygget et alter rundt den omkring år 326.

(…)

Det mest fremtredende med gravkammeret er en avlang hylle, som ifølge legenden var stedet hvor Jesu legeme ble lagt etter korsfestelsen. Slike hyller er typiske for gravkamre tilhørende rike jødiske familier fra det første århundre, skriver National Geographic.

På denne hyllen lå en marmorplate, som er antatt å ha blitt lagt der senest i 1555, og muligens så tidlig som midten av 1300-tallet. Men da forskerne gikk inn i gravkammeret i 2016, fant de også en eldre, ødelagt marmortavle som lå direkte på kalksteinen grotten var gravd ut i. På denne eldre platen var det risset inn et kors, og man antok ifølge National Geographic at den kunne ha blitt lagt der rundt Det første korstog. Andre foreslo at den allerede lå der da kirken ble revet i 1009.

Men ingen turte gjette at marmorplaten altså ble sparklet på plass på midten av det fjerde århundret, etter ordre fra Konstantin den store.

– Denne dateringen treffer åpenbart blink for uansett hva det var Konstantin gjorde. Det er svært bemerkelsesverdig, sier arkeologiprofessor Martin Biddle ved University of Oxford til National Geographic.

(Les meir)

(oppdatert 01.12.2017 med bilde og meir tekst)

Påskeforteljinga i Jerusalem i dag

Filmen The Week that changed the World gir ein god gjennomgang av Jesu siste påske i Jerusalem. Samtidig gir den eit inntrykk av dei aktuelle delane av Jerusalem i dag. Foreløpig er første del (ca 15 min) av Wayne Stiles´film lagt ut på nettet. Resten kjem seinare i påsken. Eg vil følgja med, for dette likte eg å sjå!

Her er filmen: The Week that changed the World.

Oppdatering skjærtorsdag: Eg har nå sett dei tre delane av filmen. Han har lagt mykje arbeid i dette prosjektet. Eg syns likevel det er uheldig at den siste delen av filmen går rett over i sal av abonnement på serien Walking the Bible Lands. PS: Denne påsken er det gratis å sjå påskefilmen!

Filmen har også med små drypp med kristen forkynning mellom forteljingane og skildringane av byen. Slik er Wayne Stiles´eigen omtale av dei tre episodane:

In Episode 1, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Palm Sunday, when Jesus entered Jerusalem on the foal of a donkey, to Monday—when Christ cleansed the temple—through Tuesday, when Jesus left the temple for the final time and made an ominous prediction of Israel’s future. Our challenge: How do we live a life of authenticity with God?

In Episode 2, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Wednesday through Friday. In addition to seeing some archaeological finds related to Jesus, we’ll experience the Upper Room, the Garden of Gethsemane, Jesus» arrest, trials, crucifixion, and burial.Our challenge: How do we keep going when we have blown it with God?

In Episode 3, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Saturday, where the disciples thought all was lost, to Easter Sunday where the resurrection changed the world. We even journey back north to Galilee where the resurrected Jesus gave hope to those who need a second chance—including us. Our challenge: How do we start over with God?

(via BiblePlaces Blog)

Restaureringa av Jesu grav har begynt

Eg har tidlegare skrive om den planlagte restaureringa av The Edicule, det vil seia den litle bygningen (eit kapell) som står inne i Gravkyrkja der Jesu grav truleg låg. Nå har det viktige og interessante arbeidet begynt.

Den britiske nettavisa The Jewish News Online skriv i dag:

Historic renovation begins at Jesus’ Jerusalem tomb
The project focuses on repairing, reinforcing and preserving the Edicule – the ancient chamber in the Church of the Holy Sepulchre.

A team of experts has begun a historic renovation at the spot in Jerusalem where Christians believe Jesus was buried, overcoming longstanding religious rivalries to carry out the first repairs at the site in more than 200 years.

The project, which began on Monday, will focus on repairing, reinforcing and preserving the Edicule – the ancient chamber housing Jesus’ tomb in the Church of the Holy Sepulchre.

It is the first such work at the tomb since 1810, when the shrine was restored and given its current shape following a fire.

(…)

Antonia Moropoulou, the scientific co-ordinator of the project, said the tomb is stable but is warped and needs urgent attention after years of exposure to environmental factors such as water, humidity and candle smoke.

“The marble and stone slabs have developed, due to the stresses, some deformations,” said Ms Moropoulou, an architect at the National Technical University of Athens, which is supervising the renovation. In addition, the structure needs to be protected from the risk of earthquake damage.

She said that even an iron cage around the Edicule built by English authorities in 1947 cannot bear the stress. “So another solution is needed,” she said.

The project will bolster the structure by, among other things, replacing the mortars and strengthening the columns. It is expected to take eight to 12 months, experts and church clerics said. During that time, pilgrims will be able to continue visiting the site, they said.

Some of the work is expected to take place early in the morning or late at night, when the church is closed. This quiet atmosphere will make it easier for experts to concentrate on the delicate task and help avoid disruptions for the thousands of pilgrims and tourists who visit each day.

(Les meir)

(via PaleoJudaica)

Restaurering av Jesu grav

Jesu grav skal restaurerast, – eller faktisk: bli bygd opp på nytt!

Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005
Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

«Grava» som det her er snakk om er ein liten bygning, på engelsk omtalt som The Edicule, over og rundt det som måtte vera igjen av den eigentlege grava. The Edicule blei sist bygd opp i 1810 og er altså 200 år gamal. Nå held den på å falla frå kvarandre. Denne våren (mai 2016) blir det sett igang ein stor og sikkert heilt nødvendig restaurering.

Bildet viser inngangen til The Edicule, som ligg inne i Gravkyrkja i Jerusalem, under den største kuppelen i kyrkja. Det engelske ordet kjem frå aedicula, lite hus (latin).

Ecumenical News skriv:

Decades on, historic accord reached on renovation of Jerusalem’s Holy Sepulcher Church

(…)

The renovation will cost $3.4 million, Christian Today reports noting that the monument, dating back to 1810 in its present form, it to be completely rebuilt.

Marble slabs will be taken off and with repairs to the 12th century Crusader shrine beneath and the cracks in the rock-hewn tomb under that, where many Christians believe Jesus was buried, will be filled.
The Greek Orthodox, Armenian Orthodox and Roman Catholic Churches will each pay a third of the cost.

The renovations will carried out National Technical University of Athens team and work will start May 15, expected to last eight months. The complex will remain open throughout this time.

Eg fann restaureringa først omtalt hos Luke Chandler, som viser til ein tilsvarande artikkel i The New York Times.

Sist The Edicule blei reparert, var i 1947 (altså før staten Israel blei oppretta). Då blei den redda av jernband som blei skrudd fast utanpå bygningen. Vakkert er det ikkje!

Gravkyrkja er styrt av fleire kyrkjesamfunn som har strevd med å samarbeida. Dette har ført til stillstand, også når det gjeld vedlikehald. Det er utruleg bra at dei nå har greidd å samarbeida!

51TMGXX6E7L

Eg har hatt glede av boka Martin Biddle: The Tomb of Christ.

Using results of an investigation and a collection of illustrations, this book explores the site of the tomb of Christ in Jerusalem. It examines the site in detail, its appearance, and the destruction’s and rebuilding through the years.

I eit tidlegare notat her på bloggen, har eg oppsummert historia til staden slik:

Ca 10 år etter Jesu død og oppstode blei Jerusalem utvida og Golgata og Jesu grav blei då liggjande innanfor bymurene. Staden blei då uaktuell som gravstad (både rettarstad og gravstad skulle vera utanfor byen). Det var godt kjent blant dei første kristne kor Jesu grav var, og det er ikkje urimeleg å tenkja seg at dei heldt staden heilag og nytta den til f.eks. bønesamlingar. Eg vil likevel presisera at dette veit me ingenting om.

Ca 100 år etter Jesu død og oppstode øydela romarane Jerusalem for andre gong på grunn av eit opprør mot det romerske styret (første gong var i år 70). Denne gongen bestemte dei seg for å gjera endeleg slutt på den jødiske motstandsrørsla. Dei bygde då rett og slett ein ny, romersk by på ruinane av det gamle Jerusalem, og kalla byen Aelia Capitolina. I samband med dette la dei ein heidensk heilagdom på staden der Golgata og Jesu grav var, kanskje for å knusa ei gryande tilbeding der. I 200 år var dermed staden merkt for dei kristne. Dei kunne ikkje nå Jesu grav, men dei visste kor den låg skjult.

Ca 325 blei denne heilagdomen fjerna av dei kristne og dei fann det dei var sikre var Jesu grav. Over dette funnet bygde dei ei imponerande kyrkje i åra etterpå. Kyrkja som me finn der idag, Gravkyrkja, er mykje mindre enn kyrkja frå Konstantins tid. Den nåverande kyrkja blei bygd i korsfarartida over restane av kyrkja frå 300-talet.

I år 1009 blei Gravkyrkja frå 325 øydelagt av kalif Hakim. Men Jesu grav blei, som den sentrale kristne heilagdomen, heldigvis rekonstruert i løpet av få år, mens folk ennå huska koss den hadde sett ut. Det er denne rekonstruerte grava som står i Gravkyrkja i dag.

På 1100-talet bygde korsfararane opp kyrkja igjen, og den kyrkja som står der i dag, er i hovudsak frå den tida.

Gravkyrkja er ei merkeleg kyrkje. Den består av mange og mørke kapell, og er ikkje spesielt imponerande. Men den har likevel ei eiga tiltrekningskraft pga at den rommer Golgataklippa og Jesu grav. Du kan lesa om mi oppleving av å besøkja Gravkyrkja her.

Denne avsluttande historiske skissa om Gravkyrkja er henta frå eit tidlegare notat om staden: Golgata og Jesu grav.

Sjå også notatet Gravkyrkja. Jerusalems 10 på topp #2.

Luftskip over Jerusalem

Det tyske luftskipet Graf Zeppelin var i 1931 på tur med luksusturistar over Jerusalem. Turen var ein dagstur med utgangspunkt i Kairo.

Tom Powers har ein interessant artikkel om besøket: Through the American Colony Lens: GRAF ZEPPELIN OVER JERUSALEM.

Oppdatering 11.04.2016: Det er i dag nøyaktig 85 år sidan luftskipet hang over Gravkyrkja i Jerusalem. Denne dagen var påskeaftan i 1931, og dei som var på tur fekk sjå seremonien med Den heilage elden ovanfrå. Sjå det tidlegare notatet Heilag eld i Gravkyrkja.

Tom Power har også lenker til meir stoff om The American Colony. Eg har tidlegare skrive litt om denne grupperinga her på bloggen: (The American Colony og The American Colony II)

04721v

Bildet er henta frå Library of Congress: Matson (G. Eric and Edith) Photograph Collection.

(via BiblePlaces Blog)

 

Hiskias dam, Jerusalem

nypl.digitalcollections.510d47d9-646d-a3d9-e040-e00a18064a99.001.w

Hiskias dam ligg midt inne i Gamlebyen i Jerusalem. Bildet er frå 1865. Bygningane rundt den nå tørre dammen inneheld i dag små butikkar ut mot gatene og bustadar i etasjane over.

Eg er relativt godt kjent i den uoversiktelege (og fascinerande) Gamlebyen, men har aldri vore på denne staden. Hiakias dam er normalt ikkje open for besøk. Første gong eg såg namnet, stussa eg, og begynte å gjera litt research. Det viser seg at staden ligg sentralt i det kristne kvarteret, bak butikkane som vender ut mot David Street og Christian Quarter Road, altså mellom Jaffaporten og Gravkyrkja. Då eg nå såg det gamle og flotte bildet Views within the city : Pool of Hezekiah, fann eg fram igjen det eg tidlegare hadde lese om staden.

Kanskje det skulle vera eit mål for meg å identifisera Hiskias dam på neste tur til Jerusalem? Enten ved å finna ein eventuell inngang eller ved å sjå staden frå toppen av tårnet i Citadellet og frå taket på Petra Hostel. Det skal vera mogleg.

Namnet Hiskias dam går visstnok ikkje lenger tilbake enn til 1800-talet og er eit namn brukt først og fremst av tilreisande frå vesten. Truleg har ein identifisert staden med Øvredammen på kong Hiskias tid (2. Kong 18,17). Frå korsfarartida har staden vore kjent som Patriarkane sin dam (fullt namn på engelsk: Pool of the Patriarch´s Bath). Men staden har truleg ei historie tilbake til herodiansk tid og bygginga av «den andre muren», og då under enda eit anna namn.

Arkeologen Dan Bahat skriv i ein gjennomgang av dammane i Jerusalem:

Another pool, the Tower´s Pool, was identified with what is known as Hezekiah´s Pool. This identification is generally accepted, as the only reference to it is found in Josephus (Wars 5, 11, 4). He states that the Romans set up a siege ramp at the site called the Tower´s Pool (…) This pool underwent numerous transformations, but no vestiges from the Second Temple period have been found. As its eastern boundary, remains of a broad wall have been found, which in the opinion of scholars are remains of the Second Wall. However, they could be the vestiges of a broad wall hat encompassed the pool itself. (Dan Bahat: The Illustrated Altas of Jerusalem. Carta 1996. Side 48).

Uttrykket the Tower´s Pool er her ei omsetjing av det greske namnet Amygdalon, som kanskje kan koplast til det hebraiske ordet migdal (tårn).

Staden er som nemnt, normalt ikkje open. Men i 4. oktober 2012 blei det faktisk halde ein konsert der, i regi av Al-Quds University College of Music.

Guiden Tom Powers skriv i bloggnotatet Down in the Patriarch’s Pool om opplevinga ved å vera til stades på denne konserten. Då hadde han tidlegare skrive om eit oppryddingsprosjekt på staden: Clean-up / fix-up time at Hezekiah’s PoolClean-up at Hezekiah’s Pool, Part 2 — NEW PHOTOS og Old City Odds ‘n Ends 2011-2012 — PHOTOS & UPDATES.

Bildet frå 1865 fann eg i The New York Public Library´s Digital Collections. Dette er ei stor bildesamling som er digitalisert og blitt offentleg nå i januar 2016. Eg kom dit via BiblePlaces Blog der det er gjort eit flott registreringsarbeid: Images Related to the Bible from the New York Public Library.

Ny guidebok om tempelhøgda

jerusalem-the-temple-mount-a-carta-field-guide

Denne veka fekk eg tilsendt den rykande ferske guideboka om tempelhøgda i Jerusalem. Eg hadde bestilt boka frå forlaget, slik at eg skulle få den så snart som mogleg. Boka blir omtalt slik:

JERUSALEM—THE TEMPLE MOUNT is the first modern guide  to the Temple Mount for visitors of all religions. (…) The authoritative text of JERUSALEM: THE TEMPLE MOUNT contains priceless information and is richly documented with detailed maps, plans and stunningly evocative reconstructive illustrations. An artistic masterpiece in itself, this important addition to the scant literature on the Temple Mount will be equally appreciated by Jerusalem residents, tourists and armchair travellers.

Eg har så vidt begynt å bla i boka. Ho ser svært interessant ut. Her er mykje informasjon, gode foto og ikkje minst: flotte teikningar i kjent Ritmeyer-stil. Den som vil gjera seg kjent med teikningane hans, kan følga bloggen Ritmeyer Archaeological Design. Eg ser fram til å lesa boka, og ikkje minst til å ha den med meg neste gong eg skal til Jerusalem!

Sist gong eg var oppe på tempelplassen, var på ein studietur i 2013. Då var eg med i ei gruppe som fekk omvisning av ein muslimsk guide, faktisk også inne i Al-Aqsa-moskéen og Klippedomen. Det var ei spesiell oppleving; omvisninga handla bare om islam og muslimsk kulturhistorie, og guiden gav ikkje uttrykk for at han kjente til noko jødisk tempel på staden! Det er i den samanhengen interessant at den forrige guideboka til tempelhøgda, gitt ut av The Supreme Moslim Council i 1925, visstnok tydeleg stadfesta samanhengen tilbake til Salomos tempel (her).

Tempelhøgda er viktig for tre religionar; jødedomen, islam og kristendomen. Her stod Salomos tempel i kongetida (Det gamle testamentet). Her stod Det andre tempelet (Herodes´ tempel) på Jesu tid. Og her var det naturlege sentrum i Jerusalem for Jesus og disiplane, når dei var i byen i samband med dei store høgtidene. I dag er staden prega av muslimsk kultur og arkitektur. Erling Rimehaug skreiv nyleg om staden i Vårt Land, i ein serie om viktige stadar der religionar møter kvarandre: Steiner med hellige spor.

Det er mange kjente bibeltekstar som viser til at Jesus ofte heldt seg på tempelplassen når han var i Jerusalem. Men det er også mange mindre kjente «overgangsavsnitt» som ikkje blir lagt merke til på same måte. Eg skriv dette laurdag før palmesøndag. Derfor tar eg med eit slikt avsnitt som høver godt nå i tida før påske:

Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?» Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han. (Joh 11,56-57)

Sjå også tidlegare notat om staden, for eksempel desse: Klippedomen og Vestmuren.

Vatn i Jerusalem i GTs tid

Det er nyleg funne store reservoar for vatn frå gamaltestamentleg tid like ved tempelhøgda i Jerusalem. Funna blei presenterte på ein konferanse i byen i går kveld.

Vatn er viktig. Jerusalem ligg høgt oppe i fjella i ein region med varmt klima. Sikker tilgang på vatn har alltid vore heilt avgjerande. Det har lenge vore kjent at Gihonkjelda i gamal tid var sentral for forsyninga av vatn, både i krig og i fred. Nå er det altså gjort arkeologiske funn som viser at også andre «kjelder» har vore viktige i byen sitt liv.

Funna er gjort i samband med det arkeologiske arbeidet i det gamle avløpssystemet. Det har dei siste åra blitt arbeidd mykje med «hovudvegen» med tilhøyrande avløpstunnel som gjekk ned Tyropoiondalen frå tempelhøgda til Siloadammen. Både vegen (trappa) og avløpstunnelen ligg i dag under bakkenivå.

IAA har lagt ut ei pressemelding om saka:

A Public Water Reservoir Dating to the First Temple Period has been Exposed for the First Time next to the Western Wall (September 2012)

According to Eli Shukron, excavation director on behalf of the Israel Antiquities Authority, “It is now absolutely clear that the Jerusalem’s water consumption during the First Temple period was not solely based on the output of the Gihon Spring, but that it also relied on public reservoirs

(…)

The excavation, during the course of which the reservoir was discovered, is part of an archaeological project whereby the entire drainage channel of Jerusalem dating to the Second Temple period is being exposed. The channel runs north along the City of David spur, from the Siloam Pool to a point beneath Robinson’s Arch. The route of the channel was fixed in the center of the main valley that extends from north to south the length of the ancient city, parallel to the Temple Mount. In his description of Jerusalem in the Second Temple period, Josephus refers to the valley by its Greek name “Tyropoeon”, which scholars believe means “Valley of the Cheese-makers”. Another interpretation identifies the valley with the “Valley of the Decision”, mentioned in the Book of Joel.

It became apparent while excavating the channel that during the construction of this enormous engineering enterprise its builders had to remove earlier structures that were situated along the route of the channel and “pass through” existing rock-hewn installations that were located along it. An extraordinary installation that was exposed in recent weeks is a large water reservoir treated with several layers of plaster, which probably dates to the First Temple period.

The reservoir has an approximate capacity of 250 cubic meters and is therefore one of the largest water reservoirs from the First Temple period to be discovered so far in Jerusalem, and this was presumably a reservoir that was used by the general public

(…)

According to Dr. Yuval Baruch, archaeologist in charge of the Jerusalem Region of the Israel Antiquities Authority, “Upon completion of the excavations along the route of the drainage channel, the IAA will examine possibilities of incorporating the impressive water reservoir in the planned visitors’ path.

Les meir

Vestmuren

Jerusalems 10 på topp #3

Vestmuren. Foto: Arne Berge 2005

Vestmuren kan kallast an icon of contemporary Jerusalem.

Det er Jerome Murphy-O’Connor som omtaler Vestmuren (eller «Klagemuren») slik i si oversikt over Jerusalems 10 på topp:

The Western Wall has become, along with the Dome of the Rock, an icon of contemporary Jerusalem. The bald wall face that mesmerizes tourists and pilgrims alike is in fact a small portion of the retaining wall built in the first century B.C. by King Herod to support the Temple Mount, a portion that for centuries had been the only one set aside for Jewish worship.

Biletet viser dimensjonane ved muren. Dei nederste delane (med størst steinar) er frå Jesu tid.

Staden er absolutt fascinerande for den som kjem dit som turist eller pilegrim. Og samtidig er det altså også ein stad som er i dagleg bruk, nærast som ein synagoge i friluft. For dei faste «brukarane» av staden er det bøn og lesing av heilage tekstar som står i sentrum.

Vestmuren. Foto: Arne Berge

Det første biletet viser eit utsnitt av den venstre og største delen av plassen framfor muren. Denne delen er bare open for gutar og menn. Jenter og kvinner kan koma inntil muren litt lenger til høgre. Det andre biletet viser gjerdet som skil mellom kjønna.

Vestmuren er ein stad der ein kjem tett innpå det jødiske Jerusalem. Samtidig er tempelplassen like over muren den mest symboltunge muslimske staden i byen. Forholdet mellom dei heilage stadane er med og gjer Jerusalem til ei vanskeleg og foreløpig uløyst gåte i ein framtidig fredsprosess i Midt-Austen.

Sjå også: Vestmuren / Klagemuren

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Det er forskaren og forfattaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista eg følgjer i serien. Vestmuren er rangert som nr 3.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Sjå meir stoff om Vestmuren her.

Betesda

Notat til søndagens tekst: Joh 5,1-15

img_6120 betesda
Betesda. Foto: Arne Berge 2005

Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar. Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. (Joh 5, 2-3a)

Slik står det i bibelforteljinga om den sjuke ved Betesda. Staden er lokalisert i dagens Jerusalem gjennom arkeologiske utgravingar i det muslimske kvarteret i Gamlebyen.

Betesdadammen bestod eigentleg av to dammar. Dei fem bogegangane som er nemnt i Johannesevangeliet, var på Jesu tid relativt nye. Dei var bygde av Herodes den store. Den nordlege dammen var truleg konstruert på 700-talet f.Kr. og den søndre på 100-talet f. Kr. Dammane har opprinneleg hatt ein funksjon i forhold til tempeltenesta, men blei etterkvart kjent som ein stad der det skjedde helbredingar, både ved trua på jødane sin Gud og på heidenske (dvs romerske) gudar.

På Jesu tid var dette derfor ein stad som samla mange funksjonshemma og sjuke, og det var store forventningar knytt til vatnet i dammen. Kanskje me kan kalla dette den tids healing-miljø i Jerusalem? Johannesevangeliet fortel, utan å kommentera det, kva folk trudde kunne skje her:

Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle, for ein Herrens engel steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde. (Joh 5,3b-4, desse versa er ikkje med i dei eldste handskrifta av Johannesevangeliet).

Etter at romarane tok Jerusalem (år 70 e. Kr.) og ca 60 år seinare gjorde den om til ein romersk by (Aelia Capitolina), blei det bygd eit tempel på staden, knytt til legeguden Asklepios. På 400-talet blei det, etter at Jerusalem var blitt ein del av det kristne bysantinske riket, bygd ei kyrkje til minne om Jesu under ved Betesdadammen. I dag kan me sjå restane etter både dammen, tempelet og kyrkja på denne fascinerande staden. Like ved ligg også den store korsfararkyrkja St. Anne frå 1130-åra, truleg det flottaste bygget som er igjen etter korsfararane i Det heilage landet.

Tilbake til forteljinga i Johannesevangeliet:

No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»  «Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»  Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»  Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk. (Joh 5,5-9a)

Forteljinga fortel oss om Jesu makt til å helbreda, men også om hans omsorg for enkeltmenneske. Det er kanskje overraskande at det ikkje er snakk om tru her. Mannen som blei helbreda, visste på det tidspunktet ikkje eingong kven Jesus var! Det går fram av det siste avsnittet i forteljinga:

Men det var sabbat den dagen. Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: «Ta båra di og gå!’»  «Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der. Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk. (Joh 5,9b-15)

På kryss og tvers i Gamlebyen. Reisebrev I frå Jerusalem 2001

Heilage stadar for tre religionar. Tronge basargater med mykje folk og mykje lyd. Og roligare bustadområde nokre steinkast unna. Barn som leikar på takterassen, høgt over det myldrande livet på overbygde gater. Gamlebyen i Jerusalem er noko for seg sjølv. Her har eg den siste tida tråla på kryss og tvers, og sett og opplevd mykje spanande. Denne ”byen i byen” er ikkje så stor. Dei gamle bymurane frå 1500-talet er ikkje meir enn 4 km i omkrins. Og innanfor desse murane finn me fire ulike bydelar med kvart sitt særpreg. Eg har lyst å gje nokre små glimt frå dette konglomeratet som Gamlebyen er.

I dei mest turistaktige handlegatene i det kristne eller i det muslimske kvarteret, er det ofte vanskeleg å koma fram. Ivrige butikkeigarar vil nærast dra meg inn i butikken. I alle høve viss eg har vist den minste interesse for varene deira. Dei vil alle gje meg spesielt gode tilbod, anten fordi eg er norsk, eller fordi eg er den fyrste kunden deira denne dagen. Dette siste har eg forresten no høyrt så mange gonger, at det er vanskeleg å tru det.

Når eg har gått nokre gonger gjennom desse gatene, har eg på ein måte blitt metta på lyst til å kjøpa dei mange og fargerike suvenirane som eg fyrst la merke til. Men for den som brukar augo er det likevel utruleg mykje spanande å finna! Sjølv har eg for eksempel eit spesielt vakent blikk for dei som sel ikonar. I ein butikk får eg tilbod om å kjøpa ikonar som ikkje er verdt noko. Nokre meter lenger borte går eg inn i ein spesialbutikk for gamle russiske ikonar, som kostar mellom 3000 og 50000 kroner. Heldigvis er det godt mogleg å finna noko midt på treet; nye ikonar som likevel er handmåla, og som ber vidare den eldgamle tradisjonen som gjer ikonane så spesielle.

Men handel er trass alt ikkje det viktigaste her. Her er det heilage stadar for kristne, jødar og for muslimar, og det er dei som gjer denne byen annleis i forhold til alle andre byar. Dei stadane som er knytt til den kristne trua, betyr mest for meg. Men sjølvsagt er det mykje som er flott og interessant ved dei andre religionane sine heilage stadar og.

Dei stadane som trekkjer til seg flest frå den kristne del av verda, er Via Dolorosa og Gravkyrkja. Via Dolorosa er Jesu lidingsveg og Gravkyrkja er kyrkja som er bygd over Golgata og Jesu grav. Begge desse inneheld så mykje at eg trur dei må få sine eigne reisebrev seinare. No kan eg heller trekkja fram noko av det meir ukjente eg har gjort meg kjent med. Ved Via Dolorosa sin 9. stasjon, kom eg i prat med ein koptisk-ortodoks munk. Munken hadde ansvar for eit vakkert kapell, som også inneheld nedgangen til St. Helenas Sisterne. Eg hadde høyrt om Helena før, ho kom på 300-talet til dette landet for å finna dei heilage stadane. Men sisterna hadde eg ikkje høyrt om. Nysgjerrig gjekk eg ned den tronge steintrappa som delvis var hogd inn i fjell, og kom ned til eit stort ope rom med vatn i botn. Før eg gjekk ned, hadde munken fortalt meg at eg skulle prøva songstemmen der nede. Det gjorde eg. Eg song Fadervår på den vakre melodien som me finn i kyrkja sin liturgi. Og utruleg nok; det høyrdest som eit heilt kor! Det var ei ganske spesiell oppleving. Vel oppe igjen, kunne eg lesa oppslaget med tradisjonen om at sisterna i si tid hadde skaffa vatn til drikke og til bygginga av Gravkyrkja. Det koptiske kapellet ligg nærast på taket av Gravkyrkja, og eg har ved seinare undersøkingar funne fram til kvar sisterna må liggja i forhold til denne uoversiktleg kyrkjebygningen. Men munken hadde fleire skattar han ville visa meg: han tok meg med opp i det koptiske klosteret, som låg enda ein etasje høgare i bygningsmassen over og rundt Gravkyrkja! Der låste han opp døra inn til St. Antonius’ kyrkje, eit vakkert kyrkjerom som er ein del av klosteret deira, og som for meg kjendest uendeleg langt borte frå mylderet som pregar det meste av Gamlebyen. Der fann eg roen som kan vera vanskeleg å finna i det livlege folkelivet. Og der trur eg at eg endar dette reisebrevet. Det skal koma fleire.

I 2001 budde eg åtte veker i Jerusalem. I denne tida skreiv eg ein serie med reisebrev til lokalavisa Jærbladet heime på Bryne: