Kristi fred

Til lesarane av bloggen seier eg "takk for det gamla", og venter slik tradisjonen er til over midnatt med å ønskja godt nytt år. Men bibelteksten for denne nyårsaftan, eit vers frå Johannesevangeliet, ser først og fremst framover: Jesus seier: Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på … Hald fram med å lese «Kristi fred»

Til lesarane av bloggen seier eg "takk for det gamla", og venter slik tradisjonen er til over midnatt med å ønskja godt nytt år. Men bibelteksten for denne nyårsaftan, eit vers frå Johannesevangeliet, ser først og fremst framover:

Jesus seier: Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg
gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje
hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!
(Joh 14,27)

Seinare i kveld skal eg på midnattsmesse og gå inn i det nye året i takk og bøn. Teksten om Kristi fred vil truleg stå i sentrum for gudstenesta.

4000 salmeforslag

Desember 2007: Arbeidet med ny salmebok er godt i gang som ein del av den store gudstenestereforma i Den norske kyrkja. Like før jul kom salmeforslag nr 4000 inn til utvalet som arbeider med boka. Det må vera litt av ein jobb å vurdera alle desse skikkeleg! – Arbeidet med ny salmebok i Den norske … Hald fram med å lese «4000 salmeforslag»

Desember 2007: Arbeidet med ny salmebok er godt i gang som ein del av den store gudstenestereforma i Den norske kyrkja. Like før jul kom salmeforslag nr 4000 inn til utvalet som arbeider med boka. Det må vera litt av ein jobb å vurdera alle desse skikkeleg!

– Arbeidet med ny salmebok i Den norske kirke har vist at salmen som sjanger lever i beste velgående her i landet, sier liturgikonsulent Åge Haavik i Kirkerådet. – Det er mye større interesse for salmer enn vi kunne ane! (les meir)

Oppdatering: Salmeboka blei ferdig i 2013 og blir omtalt som Norsk salmebok 2013.

Julefeiring i kyrkja

Eg har for første gong på mange år feira jul utan sjølv å vera forrettande prest på nokon gudsteneste. Men eg har sjølvsagt delteke på gudstenester i jula, både på julaftan og juledag. Det har vore flotte opplevingar. I tillegg til den private delen med familiens eigne juletradisjonar, var juledagsgudstenesta i Bryne kyrkje høgdepunktet i … Hald fram med å lese «Julefeiring i kyrkja»

Eg har for første gong på mange år feira jul utan sjølv å vera forrettande prest på nokon gudsteneste. Men eg har sjølvsagt delteke på gudstenester i jula, både på julaftan og juledag. Det har vore flotte opplevingar.

I tillegg til den private delen med familiens eigne juletradisjonar, var juledagsgudstenesta i Bryne kyrkje høgdepunktet i feiringa mi dette året. Ei fantastisk festgudsteneste med grundig forkynning og med ei breidde av ytringsformer som gjekk frå prosesjon, røykjelse og gregoriansk musikk til tenåringar som deltok med tekstlesing, song og dans.

Det blir meldt om mykje folk i kyrkjene over heile landet (her). Jærbladet, lokalavisa her på Bryne, hadde følgjande gledelege oppslag i romjula:

Mange på Jæren gjekk i kyrkja julaftan. I Bryne kyrkje var det 200 fleire som gjekk til gudsteneste, samanlikna med i fjor. (les meir)

Det er mange som syns den norske jula blir veldig kommersialisert. Eg er blant dei. For meg er det ei viktig motvekt å la adventstida vera ei førebuingstid og ikkje ei julefeiring på forskot, og så la julefeiringa i kyrkja vera sentral i sjølve høgtida. Dette hjelper meg til å halda fokus på Han som kom og som er grunnen til all feiringa.

Ramaskrik

28. desember blir markert som Dei uskuldige barna sin dag. Den kristne tradisjonen fokuserer denne dagen spesielt på historia om at Herodes den store drap barna i Betlehem for å rydda Jesus av vegen.
Bibelhistoria finn me hos evangelisten Matteus (Matt 2,16-18):

Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

Eit rop høyrest i Rama
gråt og høglydt klage:
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For dei er ikkje meir.

Eg har lese at det kan ha vore om lag 20 barn som blei drepne i denne terroraksjonen. Dette er sjølvsagt eit høgst usikkert tal, men skal vera rekna ut på grunnlag av estimert folketal i Betlehem på den aktuelle tida (Gunnar Johnstad: Håndbok til Det nye testamentet, s 22).

Det er forresten frå denne bibelteksten me har uttrykket ramaskrik. Rama er eit gamalt bibelsk bynamn og sitatet som Matteus nyttar, er frå Jer 31,15.

Les meir om Dei uskuldige barna sin dag på Den katolske kyrkja si nettside.

Å kom, bli med til Davids by. Del 3

Etter besøk på Hyrdemarkene (del 1) og i Fødselskyrkja (del 2) forlet me nå fortida og skal møta nokre av dei kristne palestinarane som bur i området i dag (28.12.2007). Tidlegare var Betlehem ein kristen by, nå er muslimane i fleirtal. Og dei kristne blir stadig færre. Mange reiser ut for å få eit enklare liv. Den kristne kyrkja i området prøver å motverka denne tendensen, men det er vanskeleg å gjera noko med det.

Dei fleste kristne palestinarane høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja, men det finst fleire kyrkjesamfunn her. For oss er det naturleg å oppsøkja den evangelisk-lutherske kyrkja, og me finn igjen fram til ein drosjesjåfør og bed han køyra oss til Reformasjonskyrkja i Beit Jala.

Beit JalaHer blir me tatt godt i mot av pastor Jadallah Shihadeh, som har gode kontaktar i europeiske kyrkjer og som bl a har besøkt Bryne. Han fortel meir om den kristne delen av det palestinske folket. Dei har vore eit kristent folk sidan Paulus si tid, dei er ikkje muslimar som har blitt kristne! Vidare fortel han om den lutherske kyrkjelyden som er ein minoritet i Beit Jala med ca 500 medlemer i ein bydel med 15.000 innbyggjarar.

Me blir invitert med på gudsteneste med kyrkjelyden. Liturgi og preike er på arabisk, men me kjenner oss heime likevel. Og når dei hentar fram brød og vin, får me feira vår felles tru på at den Jesus som blei født i Betlehem, også lever i dag.

Beit Jala, interiørEtterpå inviterer presten oss inn i gjestehuset deira, Abrahams Hus. Me får høyra om visjonen: ”Det eine folket si lukke er avhengig av det andre folket si lukke.” Kyrkjelyden ønskjer å vera eit senter for kultur, samtale og forsoning, og dei arbeider for å overvinna motsetnadar og konfliktar. I denne samanhengen er dei heller ikkje redde for å knyta kontaktar med jødar og muslimar.

Turen vår rundt i Betlehem har ført oss til ein kristen kyrkjelyd i byen der Jesus blei født. Her møter me menneske som lever i ei verd full av konfliktar, og som tar Bibelens ord om forsoning på alvor. Dei har eit håp om fred på jord, og dei trur at dei som kristne har ei viktig oppgåve i å arbeida for den freden.

Nanobibelen

Kor liten kan Bibelen bli? I jula har eg lese historia om at israelske forskarar ved hjelp av nanoteknologi  har forminska Det gamle testamentet og plassert det på ein chip som er mindre enn eit knappenålshovud. Motivasjonen er nok først og fremst å skapa blest omkring denne teknologien. Og det har dei kanskje greidd? Du … Hald fram med å lese «Nanobibelen»

Kor liten kan Bibelen bli? I jula har eg lese historia om at israelske forskarar ved hjelp av nanoteknologi  har forminska Det gamle testamentet og plassert det på ein chip som er mindre enn eit knappenålshovud.
Motivasjonen er nok først og fremst å skapa blest omkring denne teknologien. Og det har dei kanskje greidd? Du kan i alle høve lesa om nanobibelen fleire stadar på nettet, f eks hos BBC og i Jerusalem Post.

Å kom, bli med til Davids by. Del 2

Les del 1

FødselskyrkjaJuleevangeliet fortel at gjetarane fekk ei himmelsk oppfordring til å gå inn i byen og finna det nyfødde barnet. Me følgjer i gjetarane sine spor, og finn ein drosje som kan frakta oss vidare inn til sentrum av Davids by, til Fødselskyrkja.

Sjåføren køyrer oss heilt inn på Krubbeplassen og stansar framfor den store bygningen. Fødselskyrkja er ei svært gamal kyrkje, den har røter tilbake til keisar Konstantin si tid på 300-talet. Her har det vore eit samanhengande gudstenesteliv i snart 1700 år! Og tradisjonane om staden går enda lenger tilbake. Det er fleire skriftlege kjelder som syner at Jesu fødestad var kjent blant dei kristne i dei første hundreåra, og det var dei lokale kristne som peika ut staden då bygginga av den første Fødselskyrkja starta i 326.

Konstantins kyrkje blei øydelagt på 500-talet, og keisar Justinian bygde då ei ny og større kyrkje. I hovudsak er det faktisk denne kyrkja som står her ennå. Interiøret er rett nok sterkt prega av korsfarartida på 1100-talet. Og muslimar fjerna på 1500-talet marmoren som dekte kyrkja, og brukte den på Tempelplassen i Jerusalem.

Men kyrkja har utruleg nok blitt spart for meir omfattande herjingar i urolege tider, for eksempel i 614 då persarane øydela mykje i denne delen av det bysantinske riket.

Mange kyrkjer blei brent, men Fødselskyrkja blei ståande. Grunnen skal vera at den persiske hæren her møtte eit stort mosaikkbilete av tre menn med gull, røykjelse og myrra, – og dei hadde persiske klede på seg! I respekt for dette møtet med vise menn frå sin eigen kultur, sparte dei kyrkja.

Fødselskyrkja har verkeleg bevart preget av å vera ein heilagdom. Sjølv om det til tider kan vera mange menneske her, opplever me at roen senker seg. Og me blir uvilkårleg dregne mot trappa ned til grotta under hovudaltaret.

Stjerna

Fødselsgrotta er ein stad for undring og tilbeding, og svært mange som kjem hit, endar opp med å knela ned ved sølvstjerna som markerer Jesu fødestad. Me òg knelar ned, og me les innskrifta på stjerna: Hic de Virgine Maria Jesus Christus natus est (her blei Jesus Kristus født av jomfru Maria).

Besøket i Fødselsgrotta er eit høgdepunkt på turen rundt i Betlehem. Dette er ein fantastisk stad å koma! Sjølv om me har lese juleevangeliet tidlegare på dagen, tar me på nytt fram nytestamentet og les: ”Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.”

Og etterpå fell det naturleg å syngja Brorson sin julesalme:

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom,
der samles mine tanker som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt!

Men verda er full av paradoks. Midt i dette heilage rommet blir me minna om sølvstjerna si spesielle historie. Den blei først plassert her av katolikkane i 1717. Den gresk-ortodokse kyrkja fjerna den i 1847, men blei seks år seinare tvunge til å setja den på plass igjen av det tyrkiske (muslimske) styret.

Og denne ”stjernekrigen” var faktisk ei medverkande årsak til Krimkrigen (1853-1856) mellom Russland på den eine sida og England, Tyrkia og Frankrike på den andre sida. I dag er det den gresk-ortodokse kyrkja som har ansvar for grotta, og det verkar ikkje som om dei har nokon problem med å ha sølvstjerna her.

Les del 3

Hieronymus om Jesu fødestad

Hieronymus (331-419), ein av kyrkjefedrane, levde den siste delen av livet sitt i ei grotte nær Fødselsgrotta i Betlehem. Han var kritisk til utviklinga på staden, og sa i ei julepreike: Hvor jeg ønsker jeg kunne fått se den krybbe der vår Herre en gang lå! Nå har vi kristne fjernet krybben av leire, og … Hald fram med å lese «Hieronymus om Jesu fødestad»

Skulptur av Hieronymus ved Fødselskyrkja i Betlehem. Foto: Arne Berge 2005

Hieronymus (331-419), ein av kyrkjefedrane, levde den siste delen av livet sitt i ei grotte nær Fødselsgrotta i Betlehem. Han var kritisk til utviklinga på staden, og sa i ei julepreike:

Hvor jeg ønsker jeg kunne fått se den krybbe der vår Herre en gang lå! Nå har vi kristne fjernet krybben av leire, og vi har erstattet den med en av sølv, angivelig for å ære ham som ble lagt der. Men for meg er den som er fjernet av større verd. For den hedenske verden samler seg gull og sølv. Men den kristne tro fortjener krybben av leire. For han som lå der forsmådde gull og sølv. Jeg forakter ikke dem som har villet ære ham og har satt opp sølvkrybben, slik jeg heller ikke har noen forakt for dem som laget gullkar til templet. Men jeg beundrer vår Herre – han som er verdens skaper, og som ikke ble født mellom sølv og gull, men som ble lagt i en krybbe av leire.

Skulpturen av Hieronymus står ved Fødselskyrkja i Betlehem.  Utdraget frå julepreika hans er sitert frå boka Barnet og byen av Ole Christian Kvarme.

Å kom, bli med til Davids by. Del 1

Dette er første del av artikkel i Jærbladet 29. desember 2006. Eg har her bearbeidd den for bloggen og delt den opp i tre delar. Teksten er formulert som skildring av ein dagstur til Betlehem og er skriven på grunnlag av fleire besøk i byen dei siste åra.

Gloria
Å kom, bli med til Davids by
hvor engler synger under sky!
Å la oss gå på marken ut
hvor hyrder hører nytt fra Gud!

Når me syng dette verset i julesongen Det kimer nå til julefest, er det Betlehem me syng om. Kong David kom frå Betlehem og Josef, som ”høyrde til Davids hus og ætt”, måtte i følgje juleevangeliet reisa hit for å skriva seg inn i manntalet.

Jesu fødestad har naturleg nok ein heilt spesiell posisjon i vår kristne kulturkrets. På Jesu tid var dette ein liten jødisk landsby med ei stolt historie knytt til David og med profetiar som knytte Messias til staden.

TanturI dag er Betlehem ein palestinsk by på Vestbreidda, med blanda befolkning av kristne og muslimar. Det er normalt ikkje vanskeleg for ein norsk reisande å koma inn i byen. Men for lokalbefolkninga kan det vera svært problematisk å få passera grenseposten ved den omstridde muren.

Me skal nå leggja ut på ei reise inspirert av julesongen. Det er mykje å oppleva her, og me startar rett innanfor muren med å be sjåføren i ein av dei mange drosjane køyra oss til Hyrdemarkene.

Den nøyaktige staden der møtet mellom gjetarar og englar fann stad, kan av naturlege grunnar ikkje påvisast. Men tradisjonen om englane som synte seg for gjetarar på nattevakt, har alltid vore knytt til eit dalføre aust for Betlehem, og sjåføren veit kvar han skal køyra oss.

Han set oss av ved fransiskanarane sin eigedom i Beit Sahour. Heilt opp til vår tid har det vore beitemarker her, og faktisk treff me i dag ein gjetar som er ute med saueflokken sin i området.

Ein munk viser oss inn i ei stor naturleg grotte som i dag er gjort om til kapell. Det er ikkje så vanskeleg å sjå for seg at denne grotta i tidlegare tider kan ha vore overnattingsstad både for gjetarar og dyr.

HyrdemarkeneMe finn fram nytestamentet og les: ”Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.”

kapelletMunken tar oss også med inn i Englekapellet som fransiskanarane bygde på 1950-talet. Kapellet er forma som eit telt og er innvendig dominert av tre store veggmaleri som skildrar juleevangeliet. Her song englane det som har blitt utgangspunkt for lovsongen i kristne kyrkjer over heile verda: Gloria in excelsis Deo, ære vere Gud i det høgste. Forsiktig testar me den spesielle akustikken i kapellet, og her er det ikkje vanskeleg å bli inspirert til å bidra i den verdsvide lovsongen!

Les del 2 og del 3

Les meir om Englekapellet (adventsblogg 2019)

Julefeiring i Betlehem

I dag på 1. juledag kjem meldingar om at det er fleire tilreisande som feirar jul i Betlehem enn det har vore dei siste åra. Det er bra! Vårt Land skriv: Etter flere års laber interesse opplever Betlehem et oppsving i antall pilegrimer og turister som feirer jul i Jesu fødeby. Den israelske muren og … Hald fram med å lese «Julefeiring i Betlehem»

I dag på 1. juledag kjem meldingar om at det er fleire tilreisande som feirar jul i Betlehem enn det har vore dei siste åra. Det er bra!

Vårt Land skriv:

Etter flere års laber interesse opplever Betlehem et oppsving i antall pilegrimer og turister som feirer jul i Jesu fødeby.

Den israelske muren og den vanskelige sikkerhetssituasjonen ser ikke
lenger ut til å skremme turistene bort fra byen på den palestinske
Vestbredden.

– Mellom 25.000 og 35.000 pilegrimer
og turister kommer til å være her i dag og i morgen, dobbelt så mange
som i fjor. I dag har vi omtrent 60 til 70 prosent av normal turisme og
pilegrimsferder til byen, sier ordfører Victor Batarseh til BBC.

Også handelsnæringen setter pris på oppgangen.

– I år er det mye bedre for
turistnæringen enn de sju siste årene. Stemningen er generelt bedre.
Det er relativt rolig når det gjelder sikkerhet, sier butikkmannen
Jacques Aman til nyhetsbyrået AP.

BBCs reporter konstaterer imidlertid
at det er langt færre turister i byen enn for noen år siden, og at de
fleste som samlet seg ved Fødselskirken til messe julaften, var lokale
innbyggere. (les meir)

Oppdatering: Karin Riska har i dag lagt ut bilete frå feiringa i Betlehem på bloggen sin. Bileta viser tradisjonell palestinsk julefeiring, omtrent som ein norsk 17. mai. Her er det tog med korps og speidarar, og eit yrande folkeliv. Sjå bileta hennar her.

God jul!

Jula inneheld eit stort mysterium. Gud blei menneske. Han kom inn i vår samanheng, han tok bustad mellom oss. Eg helsar alle lesarar av bloggen GOD JUL med nokre ord frå juledagens evangelium, med ønskje om at me aldri blir ferdige med å undra oss over mysteriet i jula: Og Ordet vart menneskeog tok bustad … Hald fram med å lese «God jul!»

Jula inneheld eit stort mysterium. Gud blei menneske. Han kom inn i vår samanheng, han tok bustad mellom oss.

Eg helsar alle lesarar av bloggen GOD JUL med nokre ord frå juledagens evangelium, med ønskje om at me aldri blir ferdige med å undra oss over mysteriet i jula:

Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning. (Joh 1,14)

Gjesteskribent: Matteus

Jesus blir fødd Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre … Hald fram med å lese «Gjesteskribent: Matteus»

Jesus blir fødd


Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var
lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med
barn ved Den heilage ande.
Josef,
mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over
henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille.

han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein
draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg
som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande.
Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son
og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin, og han gav han namnet Jesus.

Vismennene hyllar Jesus

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes» dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda  er du slett ikkje den ringaste.
Frå deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel.»

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så
sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet.
Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla
det.» Då
dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna
som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande
over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei
gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og
hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull,
røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

På flukt til Egypt


dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa:
«Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg
seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.»
Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Frå Egypt kalla eg son min.

Barnemordet i Betlehem


Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm.
Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var
to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av
vismennene.
Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

Eit rop høyrest i Rama,
gråt og høglydt klage:
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For dei er ikkje meir.

Frå Egypt til Nasaret

Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israelslandet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israelslandet. Men
då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes,
far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór
til Galilea.

han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle
det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle
kallast nasarear.

Kjelde: Evangeliet etter Matteus 1,18-2,23, omsett av Den Norske Bibelselskap på http://www.bibelen.no

Israelsk tverrkulturell fest

Misjonærane Else Brit og Håvard Kleppe i Haifa skriv i sitt julebrev om ein tverrkulturell fest i den israelske byen nå i desember. Den slags relasjonsbyggjande arrangement får dessverre bare sjeldan prioritert plass i nyhetene. Else Brit og Håvard skriv også om eit tydelegare kristent nærvere i feiringa av denne festen i år i forhold … Hald fram med å lese «Israelsk tverrkulturell fest»

Misjonærane Else Brit og Håvard Kleppe i Haifa skriv i sitt julebrev om ein tverrkulturell fest i den israelske byen nå i desember. Den slags relasjonsbyggjande arrangement får dessverre bare sjeldan prioritert plass i nyhetene. Else Brit og Håvard skriv også om eit tydelegare kristent nærvere i feiringa av denne festen i år i forhold til tidlegare år:

Tradisjonen tro sponser Haifa by et årlig arrangement for tverrkulturell forståelse. Det kalles ”Festenes fest” og skjer over fire lørdager i desember. Arrangementet skal samle jøder, kristne og muslimer i den arabiske bydelen Wadi Nisnas i downtown Haifa. Folk kommer fra hele Israel for å oppleve festen, som skal binde sammen hanukka, jul og ramadan. I år har det vært ekstra mye folk som albuer seg fram i mylderet av mennesker og salgsboder. Midt i området opptrer jødiske og arabiske artister. Bortsett fra at salget av nisseluer går bra, både til jøder og kristne, har det tidligere år ikke vært noe som minner om innholdet i de tre høytidene. Dette året er det en gruppe evangeliske kristne, både arabiske kristne og messianske jøder som deler ut kristen litteratur sammen. De har opplevd stor åpenhet; – foreldre som sammen med barna lytter til en kort evangeliepresentasjon og med glede tar med seg et nytestamente hjem.

Les heile julebrevet her.

Pluss om å reisa til Det heilage landet

22.12.2007: Då Inger og eg var reiseleiarar på tur til Jerusalem i haustferien, var jounalisten Finn Våga frå Stavanger Aftenblad med for å skriva om korfor folk drar til Det heilage landet. I går var artikkelen hans hovudoppslag i Pluss, avisa sitt fredagsmagasin. Her er eit lite utdrag: 17 mennesker. Noen for første gang i … Hald fram med å lese «Pluss om å reisa til Det heilage landet»

22.12.2007: Då Inger og eg var reiseleiarar på tur til Jerusalem i haustferien, var jounalisten Finn Våga frå Stavanger Aftenblad med for å skriva om korfor folk drar til Det heilage landet.

I går var artikkelen hans hovudoppslag i Pluss, avisa sitt fredagsmagasin. Her er eit lite utdrag:

17 mennesker. Noen for første gang i Jerusalem, andre er tilbake med et håp om kanskje å finne svar på spørsmål de knapt våger å stille. Hva har de felles? En organist, en mild bibeloversetter, en pensjonert og nysgjerrig fysiker, en lavmælt og ung ingeniør? Presten Arne Berge kan ikke svare, men han skal lede den store flokk gjennom trange gater, støyende markeder og 3000 års fargerik og blodig historie. (Les meir i papirutgåva)

Det var flott å bli kjent med Finn og det var spennande å lesa hans refleksjonar om det å reisa til Israel og dei palestinske områda. Dessutan er han ein eminent fotograf.

Betlehem i fokus, jula 2007

18.12.2007: «I wanted to see where Jesus was born — I think it’s something every Christian should do,» said 21-year-old Ukrainian baptist Andrew Dubovoy. «I asked the tour agency many times about safety but now I’m in the city I feel fine.» Det er nyhetsbyrået Reuters som i går skreiv om denne unge pilegrimen i artikkelen … Hald fram med å lese «Betlehem i fokus, jula 2007»

18.12.2007:

«I wanted to see where Jesus was born — I think it’s something every Christian should do,» said 21-year-old Ukrainian baptist Andrew Dubovoy. «I asked the tour agency many times about safety but now I’m in the city I feel fine.»

Det er nyhetsbyrået Reuters som i går skreiv om denne unge pilegrimen i artikkelen Bethlehem profits from peaceful Christmas. Mange ulike medier melder nå om at det kjem mange tilreisande til Betlehem i jula i år, noko eg også i forrige veke kommenterte her på bloggen.  Dette er godt nytt for den lidande kristne befolkninga i Betlehem.

Eit anna tema som heldigvis også får fokus nå før jul, er nettopp dei kristne palestinarane sin vanskelege situasjon, sjå t.d. denne artikkelen i det danske Kristelig Dagblad:

Hvis de kristne palæstinensere ikke er ved at pakke deres kufferter, er det, fordi de allerede er rejst. Sådan beskriver den israelske advokat Justus Reid Weiner situationen i Det Palæstinensiske Selvstyre, hvor de kristne ifølge hans overbevisning bliver trængt ud af samfundet af den tiltagende islamisme.

Det værste ved denne tendens er ifølge Weiner, at medier,
menneskerettighedsorganisationer og politikere næsten alle forholder sig apatisk til den dramatiske udtømning af selvstyreområderne for kristne beboere.

Justus Reid Weiner er tilknyttet tænketanken Jerusalem Center for Public Affairs. Han er advokat med speciale i menneskerettigheder. (les meir)

Sarons yndigheder

Grundtvig skreiv i 1837 adventssalmen Blomstre som en rosengård, der han omtalar Sarons yndigheder. I den norske utgåva er dette omsett Sarons prakt og ynde (Norsk Salmebok nr 13).

Saron er eigentleg namnet på kystsletta i Israel. Her på Jæren er namnet mykje betre kjent som namnet på bedehuset på Bryne. Men det er ei anna historie.

Eg vil ikkje akkurat seia at salmeteksten har eit lett språk. Og eg er slett ikkje sikker på at denne salmen er blant dei som vil bli tatt vare på i norsk salmeboktradisjon ved revisjonen som nå er i gang. Dersom du ikkje har eit forhold til salmen frå før, må du nok rett og slett kjempa med språket for å forstå djupa i teksten. Men kanskje det er verdt det?

Oppdatering 02.01.2014: Nå er den nye Norsk salmebok 2013 komen, og salmen er fortsatt med! Den har fått nr 10 i den nye salmeboka.

Den gamle adventssalmen er ei gjendikting av bibelteksten i Jesaia 35. På den danske nettsida www.kristendom.dk fann eg litt stoff om samanhengen mellom Grundtvig-teksten og bibelteksten:

Saron er navnet på den frugtbare slette, der strækker sig langs Middelhavet fra det nuværende Tel Aviv op mod Haifa. På Bibelens tid var Saronsletten kendt for sine yndige liljer. Det er altså det, Grundtvig knytter til ved i salmen, som vi entydigt forbinder med adventstiden og dens tema: løfternes opfyldelse.

I Grundtvigs oprindelige version på 15 vers er det dog tydeligt, at hans digt er en bøn om og troen på den kristne kirkes genopblomstring efter den golde rationalisme.

De døve ører, der åbnes, de stumme læber, der igen synger og de mange øjne, der får et nyt syn, udtrykker forventningen om, at den kristne tro vil få en renæssance, blandt andet aktualiseret gennem salmesangen og Grundtvigs egen og andres salmedigtning. Derfor placerede Grundtvig sin salme blandt pinsesalmerne.

Sjølv om den danske originalversjonen hadde 15 vers, finn me bare 7 vers i dei nyare versjonane, både på dansk og norsk. Her er det første verset av den danske salmeteksten:

Blomstre som en rosengård
skal de øde vange,
blomstre i et gyldenår
under fuglesange!
Mødes skal i stråledans
Libanons og Karmels glans,
Sarons yndigheder. (les heile salmen)

Her er bibelteksten i Jesaia 35, som er utgangspunkt for salmeteksten:

Øydemark og turrlende skal gleda seg,
den aude hei skal jubla og bløma.
Ho skal bløma som lilja
og jubla, ja ropa av fryd.
Libanons herlegdom får ho i gåve,
Karmels og Sarons prydnad.
Herrens herlegdom skal folket få sjå,
stråleglansen frå vår Gud.

Hald fram med å lese «Sarons yndigheder»

Til Betlehem i jula?

Reiseaktiviteten til Betlehem er visstnok på veg oppover igjen. Det har vore fleire dårlege år, og dette gjer det svært vanskeleg for byen som i stor grad er økonomisk avhengig av turismen. Nå melder Yahoo News at det er venta mange tilreisande til Betlehem i jula i år: There’s a reason for Christmas cheer in … Hald fram med å lese «Til Betlehem i jula?»

020_fdselskyrkjaReiseaktiviteten til Betlehem er visstnok på veg oppover igjen. Det har vore fleire dårlege år, og dette gjer det svært vanskeleg for byen som i stor grad er økonomisk avhengig av turismen. Nå melder Yahoo News at det er venta mange tilreisande til Betlehem i jula i år:

There’s a reason for Christmas cheer in biblical Bethlehem
this year — more tourists are on their way now than in any holiday
season since Israeli-Palestinian fighting broke out seven years ago,
the town’s mayor said Tuesday. (les meir)

Eg håper det er meir enn ønsketenking!

Sjølv har eg vore i Betlehem fleire gonger dei siste åra, men aldri i julehøgtida. Biletet viser delar av Fødselskyrkja, bygd over staden der Jesus truleg blei født. Eg har skrive noko Betlehemsrelatert stoff her på bloggen tidlegare, sjå f eks dette innlegget om kristne palestinarar i Betlehem.

Mosaisk???

Veit du kva Det Mosaiske Trossamfund er? Namnet på det jødiske fellesskapet i Norge er nok ikkje særleg godt kjent. Den danske avisa Kristeligt Dagblad fortel (desember 2007) at jødane der planlegg ei namneendring. Forslaget går ut på å endra namnet til Det jødiske Samfund i Danmark: – For nogle jøder er det en hindring, … Hald fram med å lese «Mosaisk???»

Veit du kva Det Mosaiske Trossamfund er? Namnet på det jødiske fellesskapet i Norge er nok ikkje særleg godt kjent. Den danske avisa Kristeligt Dagblad fortel (desember 2007) at jødane der planlegg ei namneendring. Forslaget går ut på å endra namnet til Det jødiske Samfund i Danmark:

– For nogle jøder er det en hindring, at ordet trossamfund indgår i
navnet, og spørger man almindelige mennesker på gaden, er jeg sikker på, at mange ikke aner, hvad Mosaisk Troessamfund er, siger han. (les meir)

Fest i Guds hus, Bryne 2007

Det har vore ein spesiell dag for meg (09.12.2007). Bryne kyrkjelyd hadde invitert til avskjedsgudsteneste sidan eg har slutta som prest her på Bryne. Me feira adventsmessa Fest i Guds hus av Eyvind Skeie og Geir Knutson. Kyrkja var full av folk og vel så det. Mange barn, unge og vaksne hadde øvd inn musikk, … Hald fram med å lese «Fest i Guds hus, Bryne 2007»

Det har vore ein spesiell dag for meg (09.12.2007). Bryne kyrkjelyd hadde invitert til avskjedsgudsteneste sidan eg har slutta som prest her på Bryne. Me feira adventsmessa Fest i Guds hus av Eyvind Skeie og Geir Knutson. Kyrkja var full av folk og vel så det. Mange barn, unge og vaksne hadde øvd inn musikk, songar og drama som høyrer med i denne flotte messa. Her er eit av versa i opningssongen. Den blei sungen av juniorkonfirmantane i kyrkja:

Advent er lilla, advent gir ro.
Advent har lengsel. Advent har tro.
Advent er veien, fram mot et sted
der vi skal knele i glede og fred, glede og fred.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi med talar og helsingar med mange gode ord. Det blei helst ei sterk oppleving. Då eg kom heim, sov eg middag i over to timar. Det var både nødvendig og godt!

Disputas om Dødehavsrullane

Eg har tidlegare skrive om Årstein Justnes som nå har tatt doktorgraden på ei avhandling om Dødehavsrullane. Eg hadde dessverre ikkje høve til å vera til stades, men Anders som skriv qumran.no, var (sjølvsagt) der. Han har skrive eit referat frå disputasen på bloggen sin.

Om bloggen i Jærbladet

Bloggen du les, er nemnt i Jærbladet (papirutgåva) i dag. Lokalavisa har eit intervju med meg i samband med at eg har slutta som prest i Bryne og at det skal vera avskjedsgudsteneste på søndag. Eg hadde nyleg besøk av journalisten Erlend Skarsaune, og etter at han ein stund hadde prata med meg om prestetenesta, … Hald fram med å lese «Om bloggen i Jærbladet»

Bloggen du les, er nemnt i Jærbladet (papirutgåva) i dag. Lokalavisa har eit intervju med meg i samband med at eg har slutta som prest i Bryne og at det skal vera avskjedsgudsteneste på søndag. Eg hadde nyleg besøk av journalisten Erlend Skarsaune, og etter at han ein stund hadde prata med meg om prestetenesta, overraska han meg med å vera godt orientert om bloggen.

Her er aktuelle utdrag frå intervjuet:

Prest forlater post

Flere har forandret seg siden sogneprest Arne Berge begynte på Bryne for 14 år siden. Ungdom er blitt mer åpne for Jesus og presten er blitt en blogger.

Hald fram med å lese «Om bloggen i Jærbladet»

Chanukka

I dag har den jødiske lysfesten Chanukka begynt. Den jødiske kalenderen viser 25. kislev. Festen er ei feiring av makkabérane si erobring og gjenvigsling av tempelet i Jerusalem i 165/164 f.Kr. På 160-talet hadde syrarane vanhelga tempelet med å setja opp ein statue av den greske guden Zevs. Makkabéarane reinska tempelet for dette heidenske overtrampet, … Hald fram med å lese «Chanukka»

I dag har den jødiske lysfesten Chanukka begynt. Den jødiske kalenderen viser 25. kislev. Festen er ei feiring av makkabérane si erobring og gjenvigsling av tempelet i Jerusalem i 165/164 f.Kr. På 160-talet hadde syrarane vanhelga tempelet med å setja opp ein statue av den greske guden Zevs. Makkabéarane reinska tempelet for dette heidenske overtrampet, og i samband med dette skjedde det i følgje tradisjonen eit under ("oljeunderet").

Festen varer i åtte dagar. Kvar dag tenner ein eit lys på den åttearma chanukkastaken. Lyset blir tent med eit niande lys, tenarlyset. Det er vanleg å gje kvarandre gåver i denne høgtida, tilsvarande våre julegåver.

Det er ikkje nokon direkte linje til vår julefeiring, sjølv om det er visse likskapar. Men som kristne kan me tenkja på at Jesus kom som "det sanne lyset som lyser for kvart menneske" (Joh 1,9).

Hald fram med å lese «Chanukka»

St. Petri etter restaureringa i 2007

St. Petri kirke, Stavanger. Foto: Arne Berge 2007


Det var ei stor oppleving å vera på gudsteneste i St. Petri kirke i Stavanger i dag (02.12.2007).

Den store kyrkja frå 1866 har vore gjennom snart tre års restaureringsarbeid, og blei nå gjenopna med festgudsteneste. Og i kveld er det stort kulturarrangement i det som skal vera byens kulturkyrkje.

Kyrkja var fullsett i føremiddag. Då eg kom, var det så vidt eg fekk plass nede i kyrkjeskipet. Eg blei sitjande ute på sida under galleriet, men fann heldigvis ein plass der eg såg godt mellom søylene. Under gudstenesta kjente eg sterkt på kor mykje St. Petri betyr for meg. For det første fordi det var der eg blei døypt inn i Guds kyrkje då eg var liten. For det andre fordi denne kyrkja, då eg var tenåring, var ein samlingsstad for kristne ungdomar frå heile byen. Her hadde presten Sindre Eide og tensingkoret Skysing faste ungdomsgudstenester på søndagskveldar. Me danna vel det som i dag ville vore kalla ein ungdomsmenighet. Dette var eit miljø som betydde utruleg mykje for meg gjennom fleire år.

Frå St. Petri kirke. Foto: Arne Berge 2007

Bileta tok eg under kyrkjekaffien. Det første viser den store Kristusfiguren framme i kyrkja, ein kopi av Thorvaldsens skulptur i København. Det andre biletet er tatt bakover i kyrkja, og viser kor flott interiøret har blitt. Kyrkja har nå fått tilbake dei lyse fargene. I eit par generasjonar har ho hatt mørke og sterke fargar innvendig.

St. Petri kirke, Stavanger. Foto: Arne Berge 2007

Biletet gir også eit inntrykk av dimensjonane i det store bygget. Då kyrkja blei bygd, var det dimensjonert for 1500 sitjeplassar. Nå er den annleis innreia, og kan ikkje ta så mange. Under orgelgalleriet bak er det sett opp ein glasvegg og innreia eit kulturtorg, ein kafé for kyrkjekaffi og andre arrangement.

Og namnet? Det er ein rest av latinsk påverknad. Petri er ein genitivsform og dette er altså ei Peterskyrkje like mykje som det meir kjente bygget i Roma.

Kyrkja skal nå vera kulturkyrkje for heile byen og samtidig soknekyrkje
for St. Petri menighet. Eg håper det er ein kombinasjon som vil fungera
godt i praksis!

Advent

I dag har eg tent det første lyset i adventsstaken. Den sjuarma lysestaken og adventsstjerna i vinduet har også kome på plass. Me har funne fram englane frå julepynten, – dei får vera framme saman med den lilla adventspynten. Det er første søndag i advent og eg vil gjerne vera med å ta vare på … Hald fram med å lese «Advent»

I dag har eg tent det første lyset i adventsstaken. Den sjuarma lysestaken og adventsstjerna i vinduet har også kome på plass. Me har funne fram englane frå julepynten, – dei får vera framme saman med den lilla adventspynten. Det er første søndag i advent og eg vil gjerne vera med å ta vare på dei mange tradisjonar knytt til denne dagen og vekene fram mot jul.

For meg er advent ei viktig og ei flott tid. Fordi den har eit innhald knytt til Jesus. Og dette gir igjen mange gode ringverknadar,
som det at folk blir opptatt av å tenna lys i mørkret, av å skapa
fellesskap og varme.

På denne dagen begynner det nye kyrkjeåret.  Ordet advent kjem frå det latinske Adventus Domini og dette betyr
Herrens kome. Språkleg sett seier altså ikkje ordet oss noko om å
venta, men om å koma. Og det er Jesu kome det dreier seg om. I
kyrkjeleg samanheng seier me at det er tre perspektiv på Jesu kome til
oss: Han kom ein gong (då han blei født i Betlehem), han kjem til oss i
dag og han skal ein gong koma igjen i herlegdom.