Jul på bloggen

11/12/2017

Rembrandt. Adoration of the Shepherds

 

Her er ei oppdatert oversikt over eit utval tidlegare bloggnotat relatert til jula.

Bildet er The Adoration of the Shepherds av Rembrandt (eller ein av hans elevar). Legg merke til lyset som kjem frå barnet i krybba, – «det sanne lyset» (Joh 1,9).

 

Advertisements

God jul 2014

25/12/2014

stjerna i fodselsgrotta

Eg ønskjer lesarane på bloggen GOD JUL.

Bildet viser stjerna som markerer Jesu fødestad i grotta under Fødselskyrkja i Betlehem. Teksten på stjerna: Hic de Virgine Maria Jesus Christus natus est (Her blei Jesus Kristus født av Jomfru Maria).

Vi ser deg, Herre Jesus, som en av jordens små.
Din fødsel er et under vi aldri kan forstå.
Men i et evig lovsangskor forenes alle slekter.
Vi ser deg, barn, og tror!

Vår byrde vil du bære og ta vår tyngste vakt.
Du skal beseire mørket med kjærlighetens makt.
Vi åpner oss for gledens ord! Vi ser deg, barn, og hører
Guds hjerteslag på jord.

Ditt komme, Herre Jesus, forvandler jordens natt
og bringer lys til mange som føler seg forlatt.
Hjelp oss å gå i dine spor! La verden se din godhet
igjennom dem som tror!

Svein Ellingsen (Norsk salmebok nr 65)


Ved starten av kyrkjeåret

05/12/2014

Adventstida er ei tid for førebuing til julehøgtida. Begge desse tidene i kyrkjeåret er verdifulle og dei har tradisjonelt ulik profil, farge og innhald. Alt det praktiske som me gjerne vil ha gjort før jul, kan lett gjera advent til ei svært hektisk tid. Det ser også ut til å vera ein trend at det som naturleg høyrer med i jula, blir tatt ut i forkant. Dermed får mange ei oppleving av at jula er over med julaftan!

Eg trur me alle vil vinna på å la advent vera advent og jul vera jul. Og på å la julehøgtida vara heilt til ”trettande dag jul”, altså 6. januar. Det kan me gjera for eksempel ved å venta (lengst mogleg) med å fylla huset med julepynt og ved å la (noko av) den gode julematen få liggja lagra til jula faktisk har begynt.

Dette er eit utdrag frå Prestekragen, ein spalte i Kirkehilsen nr 6/2014. Menighetsbladet kjem i desse dagar i postkassene i Hinna bydel.

Her er heile teksten:

Har du tenkt over at me som lever i ein kultur prega av kristendommen, har to kalendrar som går parallelt? I tillegg til kalenderåret, følgjer me også kyrkjeåret med sine høgtider og årstider. Det er i denne samanhengen ord som advent og jul høyrer heime. Første søndag i adventstiden begynner eit nytt kyrkjeår.

Eg er glad for at kyrkjeåret vekslar mellom ulike søndagar, høgtider og periodar. Dette er med og gir året innhald. Det blir på ein måte som med kalenderåret; me er heldige som har ulike årstider. Sjølv om eg ikkje ville vore utan hausten, er eg glad det ikkje er haust heile året!

Kyrkjeåret sitt utgangspunkt er feiringa av søndagen. Dette går heilt tilbake til dei første kristne. Dei begynte å samlast den første dagen i veka, søndagen, dagen då Jesus stod opp frå dei døde. Dei feira altså på ein måte påske kvar veke. Sidan vaks det fram eit kyrkjeår der kvar søndag og kvar heilagdag har sitt eige namn og sitt spesielle innhald. Den som følger med på dette, får setja seg inn i ulike sider ved Jesu liv og ved den kristne trua.

Forfattaren Peter Halldorf har skrive om kyrkjeåret. Han skriv at kyrkjeåret både har ein åndeleg og ein pedagogisk funksjon. Me feirar og set oss inn i dei store hendingane i Jesu liv: «Fra jul til påske, fra pinse til advent følger vi Jesus gjennom evangeliene og lar våre liv innpodes i hans liv. Hvert år er et prisme som får sitt lys fra Kristus og lar det bli reflektert i skiftende farger til ulike tider i løpet av året. Hver høytid gjenspeiler ett aspekt av troens mysterium.»

Adventstida er ei tid for førebuing til julehøgtida. Begge desse tidene i kyrkjeåret er verdifulle og dei har tradisjonelt ulik profil, farge og innhald. Alt det praktiske som me gjerne vil ha gjort før jul, kan lett gjera advent til ei svært hektisk tid. Det ser også ut til å vera ein trend at det som naturleg høyrer med i jula, blir tatt ut i forkant. Dermed får mange ei oppleving av at jula er over med julaftan!

Eg trur me alle vil vinna på å la advent vera advent og jul vera jul. Og på å la julehøgtida vara heilt til ”trettande dag jul”, altså 6. januar. Det kan me gjera for eksempel ved å venta (lengst mogleg) med å fylla huset med julepynt og ved å la (noko av) den gode julematen få liggja lagra til jula faktisk har begynt.

Og så vil eg slå eit slag for at den innhaldsmessige sida ved advent og jul får koma til sin rett. Dette kan skje ved deltaking i gudstenester og konsertar i kyrkja. Og det kan skje i heimen ved å ta vare på og bruka ritual og tradisjonar som å tenna adventslys, lesa juleevangeliet, gå rundt juletreet og synga julesongar.


Notat relatert til jula

20/12/2012

I desse førjulstider viser eg til eit utval tidlegare notat relatert til jula:


Krubba i juleevangeliet

24/12/2006

Eg er heime etter å ha forretta ved tre gudstenester nå på julaftan (2006). Først to familiegudstenester med masse barn til stades, og så ei meir stille og «vaksen» gudsteneste til slutt. Det er flott å vera i kyrkja ein slik dag. Her kjem folk i alle aldrar og feirar Jesu fødsel. «Nå vandrer fra hver en verdenskrok, i ånden frem, i ånden frem, et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem, mot Betlehem.»  Ca 1200 menneske har vore til gudsteneste i Bryne kyrkje i dag. Og i morgon er det høgtidsgudsteneste, der me også reknar med meir folk enn vanleg.

Kyrkja er pynta til fest, – nye folk har tatt ansvar og gjort det på sin flotte måte. Og nytt av året var også ein stor stall med krubbe og høy, som barna kunne koma fram og setja seg inn i.

Men først og fremst er julaftan feiringa av at Gud blei menneske, i eit lite barn i ei krubbe. Derfor tar eg med litt stoff om juleevangeliet her på bloggen i kveld. Det er mange interessante detaljar i denne bibelteksten, og utruleg mange trådar som kan trekkjast til andre bibeltekstar. I dag vil eg skriva litt om krubba som Jesus blei lagt i.

(Julemiddagen er snart klar, gjestene har kome og storfamilien på 12 skal snart gå igang med den meir private delen av feiringa. Heldigvis hadde eg skrive dei følgjande tankane tidlegare i dag.)

Juleevangeliet (Luk 2,1-20) kan delast i tre hovuddelar:

  1. Jesu fødsel (v 1-7)
  2. Bodskapen (v 8-14)
  3. Reaksjonen (v 15-20)

Sentrum i teksten er det som står i vers 11:

«I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.»

Lukas fortel at den nyfødde frelsaren blei lagt i ei krubbe. Det kan faktisk verka som om det var svært viktig for han å få fram kvar Jesus blei lagt. Krubba er med i alle dei tre hovuddelane av teksten (v. 6, 12 og 16). Og Lukas er nøye med skildringa; barnet blei sveipt og lagt i ei krubbe, fordi dei ikkje fann husrom nokon stad.

Me kan leggja merke til at Lukas verken nemner herberget eller stallen! Det mykje omtalte herberget, der det ikkje var ledig rom, har nå også forsvunne ut av den nyaste norske omsetjinga av Bibelen. Ordet som tradisjonelt har vore omsett med «herberge», er katalyma. Det brukest til vanleg om gjesterommet i eit privathus, eit rom som ofte låg i andre etasje over staden der dyra var. Og dyra var ikkje i ein norsk stall, men i eit rom i huset eller i ei grotte i tilknyting til huset.

Eg har høyrt mange forklaringar og utleggingar om korfor Maria og Josef ikkje fann husrom nokon stad. Men dette skriv faktisk ikkje Lukas noko om. Slike innleggingar i teksten skapar sjølvsagt liv i dei mange dramatiseringane av juleevangeliet (og dette er noko eg likar å vera med på!), men akkurat nå vil eg heller sjå på kva teksten faktisk seier og den bibelske bakgrunnen for dette.

I adventstida i år har eg arbeidd med The Birth of the Messiah av Raymond E. Brown. Dette er ein svær kommentar og eg har ikkje hatt tid til å lesa heile boka (eg kjøpte den på antikvariat i Tel Aviv i haustferien). Eg tar i det følgjande med nokre tankar som eg har funne hos Brown (s 418 ff).

Jesus født i fattigdom?

Han poengterer at krubba i juleevangeliet slett ikkje treng vera eit teikn på at Jesus var født i fattigdom i forhold til den tids levestandard, men at ho først og fremst er ei underleg og oppsiktsvekkjande plassering av eit nyfødt barn og derfor eit teikn for gjetarane.

Ei anna sak er at Jesus blei født «i fattigdom» då han, som Guds evige Son, lét seg føda inn i vår verd som eit vanleg menneske. Her er eit par bibelsitat som seier noko om dette:

Han var i Guds skapnad (…)
men han gav avkall på sitt eige,
tok ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
(Fil 2,6-7)

De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike. (2. kor 8,9)

Bibelsk bakgrunn for krubba?

Jes 1,3 er ein viktig bakgrunn for krubba i juleevangeliet:

Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.

Lukas si forteljing opphevar denne domen over Israel, seier Brown. Gjetarane blir sendt til krubba for å finna Herren som er ei kjelde til glede for heile Israelsfolket. Dei finn barnet i krubba og dei byrjar å prisa Gud. Med andre ord; Guds folk har begynt å kjenna «krubba åt herren sin».

Eit barn som er sveipt

Kanskje det manglande husrommet (Luk 2,7) kan ha ein samanheng med orda i Jer 14,8, adressert til Israels herre og frelsar?

… kvifor er du som ein gjest i landet,
lik ein ferdamann som berre stoggar for ei natt?

Brown peiker på at Israels herre og frelsar nå ikkje kjem som ein framand som treng husrom/herberge for ei natt. Sveipinga kan vera eit teikn på at Israels Messias ikkje er eit utskot i folket, men tvert imot at barnet blir tatt i mot på ein omsorgsfull og passande måte.

I Visdommens bok 7,3 ff står desse orda, tillagt kong Salomo:  «Da jeg kom til verden, begynte jeg å puste den samme luft som alle andre. Jeg ble lagt på den samme jord, og som hos alle andre nyfødte var min første lyd et skrik. Jeg ble reivet og stelt med, for slik begynner også kongen livet. Inngangen til livet er ens for alle; utgangen likeså.» (Visdommens bok er ei av dei apokryfe bøkene som er med i nokre bibelutgåver. Dette er jødiske skrift frå tida mellom GT og NT. Du finn dei, dessverre bare på bokmål, på www.bibelen.no viss du merkar av feltet «inkl de deuterokanoniske bøker».)

Brown avsluttar omtalen av krubba med å visa til ein artikkel av Giblin der biletet blir samanfatta slik: Jesus er født i Davids by, ikkje i husrom/herberge som ein framand, men i ei krubbe der Gud stadfestar at folket er hans folk. Og sveipinga svarar til hans kongelege rolle.


Julebudskapet fascinerer

24/12/2005

Julens budskap har hatt en forunderlig evne til å fascinere mennesker gjennom 2000 år. Historien, dramatikken og mystikken gjør sitt. Men også kjernen – den innerste hemmeligheten i den usle stallen berører oss. Det nyfødte, det håpefulle. Barnet som bærer i seg forsoninga, troen, kjærligheten og dette nærmest mystisk forlokkende budskapet om et evig liv. I all enkelhet for den som vil lytte, la seg fascinere, og våger å tro.

Slik skreiv Stavanger Aftenblad i ein leiarartikkel julaftan 2002, og eg vil bare leggja til eit «Amen». Eg har tatt vare på desse orda frå avisa fordi eg syns dei på ein flott måte uttrykker kor sterkt Jesu fødsel i Betlehem berører oss som lever i vår tid og vår del av verda.


%d bloggarar likar dette: