Golgata og Jesu grav

Jesus blei korsfesta på Golgata og lagt i ei grav i ein hage like ved. Der skjedde dei grunnleggjande handlingane som heile den kristne trua byggjer på. Er det muleg å vita nøyaktig kor dette skjedde? Koss ser det ut på denne staden idag?

Det er i dag to stadar som blir vist fram som staden for Jesu død og oppstode. Men det er likevel ikkje slik at me derfor må seia: “Me kan ikkje eigentleg vita kor det skjedde”. Forskarar er nemleg stort sett einige i at Gravkyrkja (biletet) i Gamlebyen i Jerusalem ligg på den historisk korrekte staden der Golgata og Jesu grav var. Der har det vore ei kyrkje med samanhengande historie (om enn ei voldsom historie med mange kritiske periodar) heilt tilbake til ca 325, då Jerusalem blei ein kristen by som del av keisar Konstantin sitt rike. Og før det var det ein tradisjon blant dei kristne i byen som sa kor staden var. Historikarar og arkeologar reknar det idag som svært sannsynleg at denne tradisjonen blant Jerusalems kristne, var korrekt.

Jesus blei gravlagt på ettermiddagen den dagen Jesus blei korsfesta:

Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggjast. På den staden Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som ingen endå var lagd i. Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hjå jødane og grava låg så nær. (Joh 19,40-42)

Jesu næraste venner visste kor Jesus blei gravlagt:

Dei kvinnene som hadde vore han frå Galilea, følgde etter. Dei såg grava og at lekamen hans vart lagd der. (Luk 23,55)

Vegen fram til Gravkyrkja går i dag gjennom tronge og uoversiktlege marknadsgater innanfor Gamlebyens murar. Kyrkja ligg heilt innebygd, og kan faktisk vera vanskeleg å finna for den som ikkje er lokalkjent.

Arkeologane kan fortelja at området på Jesu tid låg utanfor bymuren, og at det var eit gamalt steinbrot frå gamaltestamentleg tid der. I steinbrotet var det nokre klipper som stod igjen unytta, truleg fordi steinmaterialet hadde vore for dårleg. På ein av desse klippene (den som blei kalla Golgata fordi den såg ut som ein hovudskalle) blei Jesus korsfesta, og i ein av klippene i nærleiken blei han gravlagt i ei grav som var hogd inn i fjellet.

Når dei første kristne tenkte på Jesu død og oppstode i desse klippene, kom dei til å tenkja på det som står i Salme 118,22: Den steinen bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette verset frå Salmane er sitert fleire stadar i Det nye testamentet, nettopp med tanke på Jesu død og oppstode, f.eks. i Peter sin tale i Apgj 4:

Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. Han er den steinen som de bygningsmenn vraka, men som har vorte hjørnestein. (Apgj 4,10-11)

Historia til denne staden kan vidare oppsummerast slik:

Ca 10 år etter Jesu død og oppstode blei Jerusalem utvida og Golgata og Jesu grav blei då liggjande innanfor bymurene. Staden blei då uaktuell som gravstad (både rettarstad og gravstad skulle vera utanfor byen). Det var godt kjent blant dei første kristne kor Jesu grav var, og det er ikkje urimeleg å tenkja seg at dei heldt staden heilag og nytta den til f.eks. bønesamlingar. Eg vil likevel presisera at dette veit me ingenting om.

Ca 100 år etter Jesu død og oppstode øydela romarane Jerusalem for andre gong på grunn av eit opprør mot det romerske styret (første gong var i år 70). Denne gongen bestemte dei seg for å gjera endeleg slutt på den jødiske motstandsrørsla. Dei bygde då rett og slett ein ny, romersk by på ruinane av det gamle Jerusalem, og kalla byen Aelia Capitolina. I samband med dette la dei ein heidensk heilagdom på staden der Golgata og Jesu grav var, kanskje for å knusa ei gryande tilbeding der. I 200 år var dermed staden merkt for dei kristne. Dei kunne ikkje nå Jesu grav, men dei visste kor den låg skjult.

Ca 325 blei denne heilagdomen fjerna av dei kristne og dei fann det dei var sikre var Jesu grav. Over dette funnet bygde dei ei imponerande kyrkje i åra etterpå. Kyrkja som me finn der idag, Gravkyrkja, er mykje mindre enn kyrkja frå Konstantins tid. Den nåverande kyrkja blei bygd i korsfarartida over restane av kyrkja frå 300-talet.

I år 1009 blei Gravkyrkja øydelagt av kalif Hakim. Men Jesu grav blei, som den sentrale kristne heilagdomen, heldigvis rekonstruert i løpet av få år, mens folk ennå huska koss den hadde sett ut. Det er denne rekonstruerte grava som står i Gravkyrkja i dag.

På 1100-talet bygde korsfararane opp kyrkja igjen, og den kyrkja som står der i dag, er i hovudsak frå den tida.

Gravkyrkja er ei merkeleg kyrkje. Den består av mange og mørke kapell, og er ikkje spesielt imponerande. Men den har likevel ei eiga tiltrekningskraft pga at den rommer Golgataklippa og Jesu grav. Du kan lesa om mi oppleving av å besøkja Gravkyrkja her.

Eg nemnte innleiingsvis at det er ein annan stad som blir vist fram som muleg stad for Jesu død og oppstode. Dette er den såkalla Gravhagen. Sjølv om staden ikkje er den historisk korrekte, er det ein flott stad for andakt, og parken gir verkeleg ei spesiell oppleving. På denne staden er det lett å tenkja: “Slik kan det ha vore ved Jesu grav!”.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: