Julefeiring som ei pilegrimsreise

Det er merkeleg med enkelte ord og uttrykk, og det som ligg bak orda og uttrykka. Nokre gonger er det sånn at eit ord som kjennest gamaldags og avlegs, kan få ei fornying og bli moderne igjen.

Ordet pilegrim er eit sånt ord. Pilegrimar er noko me kjenner frå historia. Men det er òg noko nytt og moderne. Eit eksempel: Jakobskatedralen i Santiago de Compostella i Nordvest-Spania er i dag pilegrimsmål nr 1 i Europa med 2 millionar besøkjande i året, og ca 200.000 av desse kjem faktisk til fots til Santiago!

Det viktigaste med ei pilegrimsreise er ikkje den ytre reisa, sjølv om den kan vera spennande nok. Den indre reisa er det viktigaste, det vil seia det som skjer med oss sjølv undervegs. Og det å ha eit mål er viktig, likevel blir det sagt at vegen blir til mens me går.

Grunnen til at eg tar fram desse tankane nå rett før julehøgtida, er at eg meiner me kan sjå på julefeiringa som ei pilegrimsreise. Ei reise på det indre plan. Julesangene fortel om dette, f eks syng me i Deilig er jorden om sjelenes pilgrimsgang. Eit vers i ein annan julesang fortel meir om dette: Nå vandrer fra hver en verdens krok i ånden frem et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem.

Det viktigaste med jula er ikkje innpakninga: mat, finklær, selskap, gåver, pynt, songar osv. Nei, jula er først og fremst ei høgtid som handlar om Guds nærver hos oss. Det er innhaldet i høgtida som betyr noko for vår indre reise, mykje meir enn innpakninga. Den som vil vera på ei indre reise i jula, må bevisst velja å stilla dei viktige spørsmåla, dei som opnar tankane våre for kva det vil seia at Jesus er Guds Son, og at han kom som ein frelsar.

Eg las noko som presten Harald Kaasa Hammer skreiv om julepakkar. Han skreiv (og eg er einig) at det kjekkaste er å ikkje vita kva pakkene inneheld før me opnar dei! Kanskje har me beholdt noko av den barnlege gleda og spenninga det er ved å opna ei pakke, når me ikkje anar kva innhaldet er. Men når me opnar opp, då kjem fort dei vaksne tankane. · Nokre gonger seier me: Å, akkurat det ønskte eg meg! · Andre gonger seier me: Hm! Jaja, det var jo fint. Det er sikkert bra for den som har sans for sånt. · Og nokre gonger blir me sitjande å undra: Kva meinte han eigentleg med å gje meg akkurat det?

I denne samanhengen kan me seia at Gud gir alle ein akkurat lik presang. Men han tenkjer på kvar enkelt av oss når han gir oss den. Han tenkjer på deg som lengtar etter å høyra juleevangeliet ein gong til, og han tenkjer på deg som seier ”Hm! Jaja, det var jo fint. Det er sikkert bra for den som har sans for sånt.”

Eg skulle ønskja at me alle kunne undra oss litt meir. Me kan jo f eks prøva å finna fram til den følelsen me av og til får, når me får ei gåve me ikkje heilt forstår meininga med. Innhaldet i jula er Guds gåve til oss. Kva meinte han eigentleg med å gje meg akkurat denne gåva? Eit barn i ei krubbe? Ein frelsar for heile folket?

Dette spørsmålet må vera eit av dei viktige spørsmåla. Eit spørsmål som kan leda oss inn på ei indre reise gjennom julehøgtida. Ei pilegrimsreise mot Betlehem.

Gjetarane braut opp og fann Jesus, og dei  gjekk fornya tilbake til yrket sitt. Vismennene fulgte stjerna og fann fram til Jesus, og dei reiste tilbake til heimlandet sitt etter møtet med barnet som var Messias, ein frelsarkonge. Det er plass blant dei som bryt opp og søkjer Jesus, også for oss som lever i vår tid. Me treng verken vera gjetarar eller vismenn. Me kan vera oss sjølve. Og me kan tru at løftet gjeld framleis: “Alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.” (Joh 1,12 – frå preiketeksten for juledag).

Èitt svar til Julefeiring som ei pilegrimsreise

  1. […] Julefeiring som ei pilegrimsreise (2005) […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: