Gaustatoppen

02 Gaustatoppen 001Juni 2007: Turen til Gaustatoppen var ei flott oppleving, sjølv om veret var i ustabilt lune i området den dagen. Me starta i sol, men møtte blant anna ein haglbyge på toppen. Det meste av tida var det heldigvis god sikt i alle høve i nokre retningar.

Frå parkeringsplassen er det ca 700 meter høgdeforskjell opp til toppen. Det blir sagt at ein kan sjå 1/6 av kongeriket herifrå. Så god var nok ikkje sikta då eg var der. Men imponerande var det likevel.

Den gamle turisthytta som ligg (nesten) på toppen er bygd i stein. Her blei det servert kaffi og nysteikte vaflar. Luksus!

07 Gaustatoppen 035På eit oppslag fann eg denne teksten:

Det folk lurer på:

Gaustatoppen Turisthytte ble bygd i 1893. Påbygget du nå står i ble oppført i 1998

Gaustatoppen Turisthytte har 9 sengeplasser – husk å forhåndsbestille (tlf 35 09 41 50)

Det Norske Meteorologiske Institutt foretok værobservasjoner fra 1924 til 1974 med fast observatør boende på toppen

Heisen inne i fjellet brukes til personell- og varetransport. Bygget i perioden 1954-1958 i samarb. NATO og Forsvaret

Tårnet fungerer som sender for tele, radio og GSM og ble bygget i 1970

Hytta ligger på ca 1850 m.o.h.

Toppunktet, Gaustatoppen (1883 m.o.h.) ligger 20-25 minutter fra hytta – følg T-merkete steiner forbi hytta

Forsvaret avviklet virksomheten på Gaustatoppen i 1995

Vertskapet bor på Gaustahytta i sesongen, som i 2003 varer fra 21. juni til 15. september

De fleste dagsturistene går fra Stavsro (1173 m.o.h.). De har med dette steget 700 høydemeter og gått ca 3,5 km

Korset på stien er et minne om en litauisk musiker som falt om her – han er ikke gravlagt ved korset

På en solskinnsdag i juli selges det 10-15 liter vaffelrøre

Oppslaget gav meg svar på mykje av det eg lurte på. Sesongen i 2003 var ikkje så viktig for meg, men det var godt at årets sesong var i gang nå. Dessutan kan eg opplysa at eg slapp å kjøpe vaffelrøre, vertskapet steikte heldigvis vaflar den dagen eg var der!

Det var god stemning på hytta, med eit hyggeleg vertskap, danske skuleelevar, hardbarka fjellfolk osv. Eg prata også med ein som arbeidde i tårnet ein periode i samband med utbygginga av det nye digitale bakkenettet.

Turen frå turisthytta og bort til det høgaste punktet var meir krevjande enn eg hadde tenkt meg. Me gjekk på ein egg av store steinar, og alt var glatt. Det var på dette tidspunktet haglbygen kom. Toreveret høyrde me bare i det fjerne. Der og då opplevde eg forresten eit merkeleg / ubehageleg fenomen. Det var som om lufta var fylt av elektrisitet. Når eg tok hetta over hovudet, blei den fylt av lyder som frå ei høgspentlinje. Vel, vel. Kanskje eg ein gong vil få ei forklaring på kva det var?

Oppdatering: I notatet Tur til Helberghytta har eg eit bilete som viser Gaustatoppen frå ein annan vinkel. Dette biletet viser tydeleg koss Gaustatoppen ruver over landskapet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: