På taket av Gamlebyen

18/06/2018

Jerusalem, byen med heilage stadar for tre religionar

Gamlebyen i Jerusalem. Foto Arne Berge 2009

Eg reiser snart til Israel og dei palestinske områda igjen. Denne gong som reiseleiar for familie- og ungdomstur frå Hinna menighet. Det blir nok mange høgdepunkt. Eg er rimeleg sikker på at for eksempel Gamlebyen i Jerusalem vil gjera inntrykk på mange som reiser til byen for første gong!

Bildet er tatt frå takterrassen på Austrian Hospice of the Holy Family, ved Via Dolorosa. Men til tross for at eg er på eit kristent gjestehus, er eg i det muslimske kvarteret. Slik er Jerusalem!

Oppdatering: Me er heime igjen etter ein flott tur! Sjå her.

Det er mykje stoff om byen her på bloggen. Sjå f eks serien om Jerusalems 10 på topp:

Advertisements

Vinpresse i Zippori

11/06/2018
IMG_4099

Frå sisternene i Zippori. Foto: Arne Berge 2017

Eg har fleire gonger dei siste åra vore innom utgravingane etter den historiske byen Zippori/Sepphoris i Galilea, blant anna som viktig plass for ein lang og god pause når eg går pilegrimsvandring på Jesus trail. Sjå bilde av landskapet her.

Nå les eg om eit nytt arkeologisk funn på staden; det er funne restar etter to interessante vinpresser frå bysantinsk tid. Arkeologen som uttaler seg, meiner dette er eit teikn på omfattande vinhandel i byen i denne perioden (4. til 7. hundreår). Funna er gjort nede i dei store sisternene like utanfor byen. Eg har tidlegare skrive om desse sisternene her: Sisternene i Zippori.

Her kan du lesa ein artikkel i The Times of Israel (10.06.2018) om funnet og sjå bilde av vinpressene:

Unique Byzantine-era winepresses unearthed in roofed water cistern in Tzippori.

The only examples of their kind discovered to date, they are a testament to a flourishing wine trade in the interfaith city

Zippori / Sepphoris har ei rik historie gjennom forskjellige historiske epoker. Herodes Antipas bygde den opp på nytt som hovudstad i riket sitt på Jesu tid. Og artikkelen i The Times of Israel omtaler den bysantinske tida i byen slik: «Tzippori was home to a flourishing mixed pagan, Christian and Jewish community during the 4th-7th centuries CE.»

(via PaleoJudaica)


God bok: Verdensteater

10/06/2018

Thomas Reinertsen Berg: Verdensteater. Kartenes historie. Forlaget Press.
verdensteater.jpg

Dette er den beste boka eg har lese denne våren. Boka vann Brageprisen i 2017 som beste  sakprosabok. Og det var ein fest å lesa den! Brageprisjuryen skriv blant anna:

At kart har fascinert og at kart har enorm betydning gjennom tidene er vel kjent. Med boken Verdensteater har journalisten og skribenten Thomas Reinertsen Berg har skapt en tour de force i kartenes historie i verden. Han starter med de aller første verdensbildene, setter verden som scene, og tar sats gjennom verdensbildene og forestillingene, systematisk, velskrevet, morsomt og lærerikt. Les meir

Eg kjøpte boka først og fremst for å lesa kapittelet om «heilag geografi». Men eg blei fascinert av heile boka, – her var det mange høgdepunkt:

img_5614.jpg

Her er nokre avsnitt eg vil framheva som spesielt interessante, sett med mine auge. Det første eg vil nemna, er poengteringa av Augustin (viktig teolog, ca år 400) sitt syn på naturvitskap:

… en kristen burde vite minst like mye som en ikke-kristen om Jorden, himlene og de andre delene av universet, slik at han ikke satte Bibelens høyere sannheter i forlegenhet ved mangel på kunnskap om mer verdslige ting. Man burde studere Jorden sammen med bibelhistorie for bedre å kunne forstå den guddommelige skapelsen. (Side 77).

Når eg les dette må eg jo bare innrømma at det er mykje eg ikkje veit om jorda og universet …!

Omtrent samtidig (ca 390) skreiv Hieronymus ei topografisk ordbok med over tusen bibelske stadnamn, fordi «de som kjenner plasseringene til de antikke byene og stedene og navnene deres, vil få et klarere blikk på Den hellige skrift». Den boka skulle eg gjerne hatt, sjølv om den er skriven på latin. Det slår meg at dette ikkje er fjernt frå mine eigne tankar om bibelsk geografi og historie. (Side 77).

«Muntlege kart» var eit nytt og interessant begrep for meg. Berg skriv interessant om at vikingane klarte seg med slike muntlege kart. Reisene deira utan kart seier mykje om kor velutvikla evna til å huska og fortelja må ha vore i tidlegare tider. (Men eg undrar meg over at han omtaler Sigurd Jorsalfare si reise til Jerusalem ca 1110 som som ein del av vikingtida.)

Vikingene seilte over store avstander (…) Sigurd Jorsalfare reiste helt til Jerusalem, og i Landnåmabok er det en henvisning til noe som kan være Svalbard. I lys av dette er det påfallende at vikingene aldri laget et eneste kart. Ikke en eneste kyststrekning eller øygruppe ble tegnet. Vi må bare konkludere med at de greide seg fint med muntlige kart. (Side 211).

Eit «Ingenstedskart» frå 1959 basert på geografien i Sandnes er eit heilt annleis og løye høgdepunkt, ikkje minst for oss som bur her i distriktet. Eg har kost meg mykje med dette kartet. Det var faktisk seriøst laga av Norges geografiske oppmåling «for å eksperimentere med symboler, farger og typografi». Byen er kalla Storesand, – og Jotunheimen er plassert mellom Dybingen og «Gandafjorden» (side 254-255, med bildetekst på side 253).

Illustrasjonane i boka er eit kapittel for seg. Boka er usedvanleg flott illustrert, som Brageprisjuryen seier det. Eg avsluttar med dette avsnittet frå siste tekstside i boka:

Kart er verdensbilder – bilder av verden. Alle kartene i denne boken representerer ulike måter å se verden på, fra grekernes spekulasjoner til middelalderens tro, fra renessansens forsøksvise vitenskapelige og objektive kartlegging til den digitale tidens enorme informasjonsinnhenting. Alle har det til felles at måten de velger å se verden på, sier mye om hva man syntes var viktig og hadde mulighet til i tiden de ble tegnet. (Side 321).

 


%d bloggarar likar dette: