Om å kryssa Jordanelva

nypl.digitalcollections.510d47d9-64d4-a3d9-e040-e00a18064a99.001.v

Mange som ser Jordanelva for første gong, blir skuffa. Det er jo så lite vatn i elva. I Bibelen står det fleire gonger om «å gå over Jordan». Det skulle vel ikkje vera så vanskeleg, slik elva ser ut?

Dette notatet på BiblePlaces Blog set saka inn i eit større perspektiv: Seven Fascinating Facts about Crossing the Jordan River (oppdatering 2023: lenka er død og derfor sletta).

Eg har lenge visst at Jordanelva tidlegare var mykje større. Men ikkje at den i dag bare inneheld 2 % vatn i forhold til vassmengda for 60 år sidan! Eg har heller ikkje visst noko om gamle vadestadar i Jordanelva. Nå veit eg meir. Det var 41 vadestadar mellom Gennesaretsjøen og sideelva Jabbok, men bare fem vadestadar mellom Jabbok og Dødehavet. Flest vadestadar var det nær Beth Shean, men det var også nokre få vadestadar nær Jeriko, der elva var djupare og vanskelegare å kryssa.

Det gamle bildet av Jordanelva er frå 1894 då elva altså var mykje større enn den er i dag. Eg har funne bildet på The New York Public Library Digital Collections.

Bloggen refererer kortfatta til innhaldet i ein (foreløpig upublisert) artikkel av David Z. Moster.

Her er innleiinga til eit tidlegare notat her på bloggen:

Elva Jordan har stor symbolkraft. I historia om Israelsfolket si ferd frå slaveriet i Egypt er kryssinga av Jordan det siste hinderet undervegs til det lova landet. Dermed har elva blitt symbol på fridom. Men den er også eit symbol på døden, overgangen frå dette livet til det evige livet. (Les meir)

Bibelmanuskript i Cambridge

Utstillinga Lines of Thought. Foto: Arne Berge 2016

August 2016: I sommar fekk eg med meg to svært interessante bibliotekbesøk i Cambridge, begge relatert til gamle og viktige bibelske manuskript.

Cambridge University Library er 600 år i år (1416-2016) og har laga jubileumsutstillinga Lines of Thought: Discoveries that Changed the World. Her viser biblioteket fram nokre av dei aller største skattane i den enorme samlinga. Utstillinga er delt inn i seks tema:

Heile utstillinga er svært interessant. For meg står likevel synet av bibelmanuskriptet Codex Bezae frå ca år 400 i ei særstilling. Dette er eit av dei aller viktigaste handskrifta til Det nye testamentet. Her er informasjonsteksten ved manuskriptet i utstillinga:

Codex Bezae

?Beirut, late fourth or fifth century CE

Codex Bezae Cantabrigensis, which was written in the fourth or fifth century, occupies a unique place among manuscripts of the New Testament. Greek and Latin versions appear on facing pages, and the manuscript provides a very different form of text to what preserved in almost every other version of the Greek New Testament. A number of biblical parables are found only in Codex Bezae and the version of the Acts of the Apostles it contains differs significantly from other manuscripts. The Church reformer Theodore de Bèze gave his name to the Codex and in 1581 presented it to Cambridge University Library for safekeeping.

MS Nn.2.41, ff. 67v-68r

Du kan lesa ein enkel og grei innføring i bibelmanuskript og tekstkritikk i Store Norske Leksikon. Codex Bezae er her nemnt i gjennomgangen av dei viktigaste greske handskrifta til Det nye testamente.

Nettversjonen av jubileumsutstillinga gir elles bakgrunnsstoff til alle dei seks delane av utstillinga. Her er eit eksempel: ein liten film til temaet Beginning with the Word: communicating faith.

Mens Universitetsbiblioteket gav meg opplevinga av svært viktige dokument i ei moderne utstilling, gav Parker Library på Corpus Christi College meg eit fascinerande møte med eit historisk bibliotek (bildet under). Biblioteket er berømt for å ha mange verdifulle manuskript frå mellomalderen og renessansen og mange tidlege trykte bøker.

Her fekk eg blant anna sjå Augustins evangeliebok eller The Canterbury Gospels frå slutten av 500-talet, utstilt i den lyssette monteren bak meg.

Dette er eit manuskript som blir knytt til Augustin av Canterbury. Han kom som misjonær til dei britiske øyane i 597 og som blir rekna som grunnleggjaren av den engelske kyrkja.

The Gospel Book of St Augustine, also known as the ‘Canterbury Gospels’, is an illuminated manuscript copy of the four Gospels in Latin produced in Italy in the late 6th century. It is the oldest illustrated copy of the Gospels in the European tradition.

The Gospel Book was almost certainly brought to Canterbury as part of the mission to England led by St Augustine in 597, which was sent by Pope Gregory the Great. St Augustine became the first Archbishop of Canterbury. Throughout the Middle Ages, the Gospel Book was preserved as a relic of the saint at St Augustine’s Abbey in Canterbury. At the Reformation, the book entered the collection of Archbishop Matthew Parker, who gave it to Corpus Christi College.

(Les meir)

Augustins evangeliebok har ein heilt spesiell posisjon i engelsk kyrkje-historie og boka blir rekna som den største skatten i Parker Library. Den blir bare vist fram éin dag i månaden; den første torsdagen kvar månad.

Sjå også bloggen til Parker Library.

Å bli født på ny

Notat til søndagens tekst: Matt 19,27-30

Kjære kyrkjelyd. Gjennom dåpen set Gud oss inn i si verdsvide kyrkje og gjev oss del i Jesu kall og oppdrag. Lat oss stå saman i vitnemål og teneste, inntil dagen kjem då alt det skapte skal bli forløyst ved vår frelsar, Jesus Kristus.

Slik blei det sagt ved dåpen i Den norske kyrkja før justeringa av dåpsliturgien i 2017. Sjølv om formuleringa i dag ikkje blir brukt i den faste liturgien, har den med eit perspektiv ved dåpen som me gjerne kan halda fast på. For det er ein samanheng mellom det nye livet me får i dåpen og det evige livet i Guds rike. Denne samanhengen finn me blant anna i uttrykket å bli født på ny.

Det greske substantivet palingenesia i Matt 19,28 blir i Bibel 2011 omsett «når alt skal fødast på nytt». Ordet blir elles bare brukt i Tit 3,5 og der om den nye fødsel i dåpen. Slik knyter dette ordet i søndagens tekst saman den nye fødsel i dåpen og verda sin nye fødsel ved Jesu gjenkomst.

Ordboka viser elles at det norske ordet forløysing (bokmål: forløsning) kan bety 1.) frelse, 2.) den delen av fødselen der mora blir skild frå fosteret, og 3.) frigjering/utløysing.

Søndagens tekst er ikkje enkel. Her er det gjengitt Jesus-ord som er vanskelege å forstå. Eg har skrive om teksten her: Dåpen, tenesta og håpet. Tekstgjennomgangen er skriven med tanke på kollegaer som skal preike denne søndagen, men andre som vil førebu seg til gudstenesta, kan kanskje også ha interesse av den.

Oppdatert 11.09.2022

Punting på elva Cam

IMG_3424

August 2016: Det var sommar i Cambridge då eg nyleg var der på ei bibelfagleg studieveke. I tillegg til studiet fekk eg heldigvis også tid til å oppleva byen på andre måtar, blant anna gjennom ein herleg tur med elvebåt på Cam. Desse båtane blir kalla punts. Dei blir drivne av ein punter som brukar kraft med ein lang stav mot elvebotnen.

Det første bildet viser ein passerande båt (tilsvarande type som den eg var ombord på) med flotte college-bygningar i bakgrunnen; frå venstre Clare College, King´s Collage Chapel og King´s College.

Det neste bildet viser klargjeringa av båtane før me skulle ut på tur. Her er det Magdalene College som dannar bakgrunnen.

IMG_3418

Elveturen gjekk langs det flotte parkområde The Backs. Ein annan dag eg var i parken, tok eg dette bildet som (såvidt) viser elva. Bygningane i bakgrunnen er ein del av St. John´s College.

IMG_3499.jpg

Punter´en eg følgde, var til vanleg student. Han imponerte med å ha full kontroll over båten samtidig som han guida og fortalde om elva, båtane, byen og universitetet.

IMG_3430.jpg

Det gjekk også an å leiga båt og driva den fram sjølv. Eg såg fleire mindre vellukka forsøk på dette og var glad eg hadde valt ei avslappande rolle som passasjer!

IMG_3426

Bibelfagleg studieveke

Summer Biblical Study in Cambridge 2016  

Westminster College, Cambridge. Foto: Arne Berge 2016
Westminster College, Cambridge. Foto: Arne Berge 2016

Gresktime etter frukost. Deretter forelesningar i GT og NT. Og ikkje nok med det: om kvelden lesing av hebraiske og greske bibeltekstar saman med dei som hadde hatt forelesningar tidlegare på dagen. Eg har nyleg kome heim frå ei studieveke på Summer Biblical Study in Cambridge.

Det var heldigvis også nokre ettermiddagstimar utan program. Éin dag nytta eg den tida til punting på elva Cam, ein annan dag gjekk eg bare rundt og såg på alle dei flotte college-bygningane. Éin dag var eg på utstillinga Lines of thought på universitetsbiblioteket. Og enda ein annan dag fekk me tilbod om omvising på det historiske Parker Library. Eg trur eg vil skriva meir om desse ettermiddagane seinare.

Studieveka blei arrangert av Vacation Term for Biblical Study (VTBS). Dei leigde dette året lokale på Westminster College (bildet). VTBS arrangerer to studieveker etter kvarandre, og ein kan delta på éi eller på begge. Dei presenterer kurset slik:

… an annual summer school for all who wish to develop their understanding of the Bible through academic study. It is known for the academic quality of its courses, and has been addressed by many biblical scholars of national and international repute. From its earliest days, VTBS has enabled teachers, students, ministers and laity to deepen their understanding of the biblical literature and to keep abreast of current scholarship.

Eg hadde lese om kurset på Larry Hurtado´s Blog, men visste eigentleg ikkje mykje om det då eg reiste. Det viste seg å vera ei tradisjonsrik samling der mange av deltakarane kjem igjen år etter år (og dermed heller ikkje var «heilt unge»). Me var ca 30 deltakarar, og det var bare tre utlendingar; ein amerikanar, ein kinesar og meg. Resten var engelske. Men det var slett ikkje første gong det var nordmenn der, – og eg kjente meg svært velkomen.

Det var kjekt å vera saman med mange andre med interesse for bibelfag ei slik veke. Så vidt eg veit finst det ikkje eit tilsvarande tilbod i Norge. Sjølv hadde eg mest glede av forelesningane over Johannes-evangeliet ved dr. Wendy Sproston North (jfr boka hennar om Joh) og av språkgruppa med nytestamentleg gresk. Men også dr. Johanna Stiebert sine forelesningar om fedre og døtre i GT, var svært interessante (jfr boka hennar om temet).

Og Cambridge var jo ein flott by for ei sommarveke! Men det kjem eg altså tilbake til.