Celsusbiblioteket i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Celsusbiblioteket. Foto: Arne Berge 2019

Celsusbiblioteket blei bygd på 100-talet e. Kr. og stod dermed ikkje i Efesos i nytestamentleg tid. Eg tar likevel med eit notat om dette vakre bygget i serien med bilde frå dei sju byane i Johannes openberring. Alle som besøker Efesos, vil sjølvsagt også vera opptatt av denne bygningen.

Biblioteket var ferdig i år 125, det vil seia ca 30 år etter Johannes openberring blei skriven og ca 70 år etter apostelen Paulus si verksemd i byen.

Bygget er oppkalla etter Tiberius Julius Celsus som var guvernør i provinsen Asia. Han døydde i 114 og sonen hans begynte å bygga biblioteket over grava til faren. Men også sonen døydde tidleg, og bygget blei fullført av barnebarnet til guvernøren.

Celsusbiblioteket skal på det meste ha hatt 12.000 bokrullar. Desse blei oppbevart i nisjer i veggen og var beskytta mot fukt og temperatursvingningar ved at dei var plassert inne i doble murar. Eg skulle gjerne visst meir om innhaldet i desse rullane. Tenk om desse hadde vore bevarte, eventuelt bare fragment av dei! Det hadde vore ein fantastisk litterær skatt! Men dessverre: Biblioteket blei øydelagt og brent då gotarane invaderte byen i 263.

Til høgre for fronten av biblioteket ser me litt av ein stor portal som går inn til torget i byen. Portalen er eldre enn biblioteket og den stod der i nytestamentleg tid. Så her har nok Paulus og Johannes passert mange gonger. Les om torget her.

I trappa framfor fronten av biblioteket er det ein interessant detalj. Her er det rissa ein menorah inn i steintrappa, altså ein jødisk sjuarma lysestake. Det var ei stor jødisk befolkning i Efesos, og me veit at det var synagoge i byen. Det var der Paulus begynte verksemda si på 50-talet (Apg 19,8). Men det er ikkje kjent kvar synagogen låg. Menorahen ved Celsusbiblioteket er det einaste konkrete jødiske symbolet som hittil er funne i dei arkeologiske utgravingane.

Menorah rissa i stein ved Celsusbiblioteket. Foto: Arne Berge 2019
Informasjon ved menorahen. Foto: Arne Berge 2019

Relaterte notat:

Keisarkulten i Efesos og Johannes openberring

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Skulptur frå Domitiantempelet, nå i Ephesus Museum. Foto: Arne Berge 2019

Armen og hovudet er alt som er igjen etter den enorme keisarskulpturen i Domitiantempelet i Efesos. Ut frå størrelsen på hovudet, reknar ein med at skulpturen var ca 5 meter høg.

Domitian var keisar i perioden 81-96. Han blei kalla Herre og Gud. Tempelet blei bygd i 89-90 og stod som eit tydeleg teikn på keisarkulten eller emperiekulten i tida då Johannes openberring blei skrive. Domitian blei elles mektig upopulær utover på 90-talet, og han blei drepen i 96. Då han var død, blei det bestemt at minnet etter han skulle vera fordømt (damnatio memoriae). Tempelet blei då omgjort til eit tempel til ære for faren Vespasian og broren Titus, som hadde vore keisarar før Domitian.

Det neste bildet viser nokre av restane som er igjen av Domitiantempelet i Efesos. Tempelet var bygd på ei stor plattform. Steinmurane me ser, var ein del av fundamenteringa for denne plattforma. Tempelet stod på nivået over steinbogane. Rett til høgre for dei to søylene ser me ei trapp som gjekk frå nedre nivå opp til øvre nivå der tempelet stod.

Sjå fleire bilde med god informasjon hos Carl Rasmussen på Holy Land Photo.

Murane under Domitiantempelet, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Så vidt eg forstår, meiner mange historikarar i dag at den store keisarskulpturen ikkje er ein skulptur av Domitian, men av Titus (sjølv om det ikkje blei presentert slik i Ephesus Museum i 2019). Begge desse har elles hatt eit negativt omdøme i kyrkja si historie. Titus var han som, før han blei keisar, leia øydelegginga av Jerusalem i år 70. Og Domitian har blitt knytt til forfølging av kristne i Efesosområdet på 90-talet.

I det 20. hundreåret har synet på Domitian endra seg. Han blir nå vurdert meir positivt enn tidlegare, i alle høve i den første perioden av dei 15 åra han var keisar. Upopulariteten som førte til drapet i 96, er framleis ein del av historia som blir fortalt. Sjå f eks i Store norske leksikon.

Det er interessant at det nå også blir rekna som usikkert om det verkeleg var systematisk kristenforfølging i Efesos så tidleg som under Domitian, og dermed også om imperiekulten på 90-talet var den konkrete bakgrunnen for Johannes openberring.

Det tradisjonelle synet har vore at apostelen Johannes som gamal var leiar for kyrkja i Efesos, at han under Domitian blei forvist til Patmos der han fekk synene sine og skreiv Johannes openberring, og at han etter Domitians død fekk koma tilbake til Efesos. Dette bygger på det kyrkjefedrane skreiv. Eusebios omtalte forfølging under Dometian i si kyrkjehistorie frå 320-talet (Kyrkjehistorie, bok III, 17-23), men så tidlege kyrkjefedre som Klemens av Alexandria (ca 150-215) og Tertullian (ca 160-220) skal også ha skrive om dette.

Eg vil her visa eit par ulike vurderingar av dette. Martin Synnes, som var ein av lærarane mine då eg studerte teologi, skreiv i 1996 at bakgrunnen for Johannes openberring var forfølging i Efesos under Domitian. Men han rekna ikkje med at Domitian sjølv, som levde langt borte i Roma, var involvert i dette:

Det er imidlertid lite sannsynlig at keiseren har befattet seg med en slik episode i en provins. Når vi betenker den rolle som Roms keiser (Domitian) inntar i Joh åp, er det ikke merkelig med en viss tilvekst i den kirkelige tradisjonen. Vi må slutte at Johannes tvangsmessig er blitt adskilt fra sine trosfeller. En angiver fra fiendtlig hold kan ha utløst guvernørens reaksjon.

Martin Synnes: Sju profetiske budskap til menighetene. Verbum forlag, Oslo 1996. Side 45

Professor Jorunn Økland skriv heilt annleis om dette i introduksjonen til Johannes openberring i Studiebibelen (2019):

I lang tid anså den historiske forskningen det for en sentral teori at forfølgelser var bakgrunnen for skriftet. Men historikere i dag finner ikke spor av eller kilder til at det skal ha vært systematiske kristenforfølgelser i Lilleasia i denne tidlige perioden. Johannes sier bare at han er på Patmos «på grunn av Guds ord og vitnesbyrdet om Jesus» (1,9) – det kan altså like gjerne ha vært for å misjonere. At skriftet er kritisk til romersk kolonimakt og storsamfunnet generelt, og at det oppfordrer til motstand mot imperiet, er det større enighet om. Forfatteren ser den sosiale, politiske og religiøse motstanden i et kosmisk perspektiv. Fordi alle jordiske imperier før eller siden faller, vil Roma falle som Babylon en gang gjorde det, og da vil Jerusalem frigjøres fra romersk overmakt – Jerusalem er etter Johannes´ mening Guds utvalgte by fra evighet til evighet (Åp 21).

Studiebibelen. Det Norske Bibelselskap 2019. Side 1209

Uavhengig av om det var forfølging av dei kristne i Efesos under Domitian eller ikkje; Domitiantempelet stod der på slutten av det første hundreåret. Det må ha vore eit mektig teikn på det kyrkja oppfatta som avgudsdyrking. For dei kristne kunne ingen andre enn Jesus Kristus vera «Herre og Gud».

Oppdatert 03.05.2020

Relaterte notat:

Jfr også det tidlegare notatet Johannes i Efesos.

Teateret i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Teateret på bildet er det einaste teateret som er nemnt i Bibelen. Me finn det i utgravingane etter den store og viktige antikke byen Efesos.

I nytestamentleg tid var teateret allereie gamalt og det var under utviding. Arbeidet med utvidinga starta under keisar Claudius (41-54) og blei avslutta under keisar Trajan (98-117). Då det stod ferdig romma det ca 25.000 tilskodarar.

Grunnen til at teateret i Efesos blir omtalt i Det nye testamentet, er at det var sentralt i eit opprør mot Paulus si forkynning og undervisning i byen på 50-talet. Opprøret er omtalt i Apostelgjerningane.

Dei kristne i Efesos på slutten av det første hundreåret, då Apostelgjerningane og Johannes openberring blei skrive, hadde nok ikkje noko positivt forhold til staden. Teateret var eit sentrum i den gresk-romerske kulturen og dei kristne hadde med seg den dramatiske historia om opprøret mot Paulus ein generasjon tidlegare.

Utgangspunktet var ein situasjon der Paulus blei anklaga for å vera ein trussel mot Artemiskulten, som var så viktig i byen. Dette har eg skrive om i notatet Artemistempelet i Efesos. Her følgjer andre delen av den godt formulerte forteljinga i Apostelgjerningane, kapittel 19:

Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teateret og drog med seg Gaius og Aristarkos, to makedonarar som hadde følgt Paulus på reisa. Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han. Nokre av dei høgste embetsmennene i provinsen, som var mellom venene hans, sende òg bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teateret. Forsamlinga var no i fullt opprør. Somme skreik éin ting, andre noko anna, og dei fleste visste ikkje eingong kvifor dei hadde kome saman. Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket. Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er efesargudinna Artemis!» Men byskrivaren roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til vaktar for tempelet til den store Artemis og steinen som har falle ned frå himmelen? Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram. No har de ført hit desse mennene som verken er tempelranarar eller har spotta gudinna vår. Vil Demetrios og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre guvernørar. Partane kan stemna kvarandre for retten. Og har de noko anna å krevja, skal det bli avgjort på det lovlege folketinget. Etter det som har hendt i dag, kan vi lett bli klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til om nokon krev oss til rekneskap for dette oppstyret.» Med desse orda fekk han folkehopen til å skiljast.

Apg 19,29-40

Eg tenker meg at Lukas, då han skreiv dette avsnittet, truleg har snakka med Gaius og/eller Aristarkos. Dette var dei to mennene som hadde vore i Paulus sitt reisefølge og som nå hamna midt i kaoset i teateret. Dei blei augevitne og representantar for dei som trudde på Jesus, midt i den farlege situasjonen.

Byskrivaren som greidde å roa ned folkemengda i tempelet, var ein lokal tenestemann. Han var opptatt av at folket i byen skulle ha eit godt forhold til den romerske administrasjonen for provinsen, som også var lokalisert i byen. I talen sin forsvarar han faktisk dei kristne med å seia at dei er heilt ufarlege for den gresk-romerske kulturen; dei er verken tempelranarar eller nokon som har spotta den lokale gudinna. Han får roa forsamlinga ved å argumentera for at saka, om det då er nokon sak, heller må førast for dei ordinære rettsorgana. Og med talen sin oppnår han at folket forlet teateret. Dermed er også teateret ute av bibelhistoria. Men Paulus «sende bod etter læresveinane og sette mot i dei» før han reiste vidare (Apg 20,1). Etter den skremmande hendinga, trong dei nok å bearbeida det dei hadde opplevd.

Dette notatet er ein del av ein påbegynt serie med bilde frå dei sju byane i Johannes openberring. Stadane ligg i dag i Tyrkia. Kor mange notat det blir i serien og over kor lang tid den vil gå, veit eg ikkje. Men utgravningane etter Efesos er så innhaldsrike at det kjem meir før eg rettar blikket mot neste by. Efesos er jo også den av desse byane som betyr mest i bibel- og kyrkjehistoria.

Tidlegare er teateret omtalt her på bloggen i notata Paulus i Efesos (2005) og Gladiatorar i Efesos (2007).

Paulus kjem til Makedonia

IMG_1968
Kavala. Foto: Arne Berge 2019

Apostelen Paulus kom til Makedonia ca år 50. Han kom då med båt frå Troas i Lilleasia, ei sjøreise han brukte to dagar på. Paulus og reisefølget hans gjekk i land i Neapolis, byen som i dag heiter Kavala.

Dette er omtalt slik i Apostelgjerningane (Apg):

Vi la ut frå Troas og segla beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis. (Apg 16,11)

Eg var innom Kavala då eg tidlegare i haust reiste i Paulus´ fotspor. Kavala ligg nordaust i Hellas, i den greske regionen Makedonia.

Paulus reiste frå Troas i Lilleasia til Neapolis i Makedonia og han kom dermed for første gong til det me kallar Europa. Det er slett ikkje sikkert at dette blei opplevd grensesprengande på Paulus si tid. Både Troas og Neapolis låg jo i Romarriket. Samtidig: Apg fortel faktisk at Paulus drog til Makedonia på bakgrunn av ei spesiell openberring, eit syn, som formidla nettopp denne reisa som eit kall:

8 Så drog dei gjennom Mysia og kom ned til Troas.  9 Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!» 10 Då han hadde hatt dette synet, prøvde vi straks å fara til Makedonia, for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der. (Apg 16,8-10)

Var Paulus si forkynning i Makedonia den første forkynninga av det kristne evangeliet «på europeisk jord»? Det veit me ikkje. Men det var i alle høve første gong Paulus sjølv var på det me i dag kallar det europeiske kontinentet. Det er elles ikkje kjent når det for første gang kom kristne til Roma. Paulus skreiv få år seinare (ca år 57) Romarbrevet til ei allereie etablert kristen forsamling som ikkje hadde utgangspunkt i verksemda hans.

Tilbake til synet som blei opplevd som eit kall til å forkynna i Makedonia. Det neste bildet viser eit Paulusmonument utanfor ei kyrkje i sentrum av Kavala. Mosaikken framstillar den sovande Paulus (til venstre), synet av makedonaren (i midten) og Paulus som går i land på eit nytt kontinent (til høgre). Makedonaren er framstilt i romerske klede.

Teksten om då Paulus følgte kallet og reiste til Makedonia, er det første av fleire «vi-avsnitt» i Apostelgjerningane, sjå Apg 16,10 i det siterte avsnittet. Betyr det at Lukas, som truleg skreiv Apg, her skriv om ei reise han sjølv var med på? Er det mogleg å tenka seg at Lukas, som var grekar, har skrive seg sjølv inn i teksten her?

IMG_1971
Paulus-monumentet i Kavala. Foto:Arne Berge 2019

Kavala er ein flott by med ei god hamn. Byen kan blant anna visa fram ein gamal og imponerande akvedukt som går rett gjennom sentrum. Men obs: akvedukten er ikkje frå romersk tid, slik det står i nokre oppslagsverk. Den blei bygd under sultanen Suleiman den store på 1500-talet. Byen er elles mest kjent for sin omfattande tobakk-produksjon og for å vera heimstaden til Mohammed Ali (1769-1849) som grunnla eit dynasti i Egypt på 1800-talet.

IMG_1973
Akvedukten i Kavala. Foto: Arne Berge 2019

Hamna i Kavala. Foto: Arne Berge 2008

Filips grav i Hierapolis

IMG_1529
Apostelen Filips grav. Foto: Arne Berge 2019

Eg var nyleg på studietur i Vest-Tyrkia, og ein av stadane me besøkte, var Hierapolis / Pamukkale. Eg hadde vore her eit par gonger før, men det var så langt tilbake som i 2005. Etter den tid er det her gjort eit arkeologisk funn som eg syns er svært interessant; i 2011 blei apostelen Filips grav funnen i ein kyrkjeruin nær Filips martyrium, staden der han etter tradisjonen blei korsfesta.

Filips martyrium og gravkyrkje ligg i bakkane ovanfor det romerske teateret i den gamle byen Hierapolis.

Den kristne misjonen nådde tidleg fram til Lykosdalen med dei tre nabobyane Hierapolis, Laodikea og Kolossai. Allereie på 50-talet, ca 25 år etter Jesu død og oppstode, er byane omtalt i Kolossarbrevet (Kol 4,12-13). Epafras hadde truleg møtt den kristne trua hos Paulus i Tyrannusskulen i Efesos (Apg 19,8-10). Epafras blir av nokre kalla Lykosdalens «apostel».

Det er likevel apostelen Filip som først og fremst blir knytt til den tidlege kyrkja i Hierapolis. Han kom kanskje hit på slutten av 60-talet eller på 70-talet, og tradisjonen seier at han blei martyr ved å bli korsfesta opp-ned i år 80.

Ruinane etter bygningen som blir kalla Filips martyrium, har lenge vore kjent. Fagfolk rekna også med at sjølve grava var innanfor denne ruinen. Men i 2011 fann arkeologer grava i ein kyrkjeruin like nedanfor martyriet.

Les Biblical Archaeology Society sin omtale av funnet og staden: Tomb of Apostle Philip Found.

NRK viste i desember 2011 ein dokumentar om funnet av grava. Her kjem det fram at norske arkeologar var aktivt med i utgravingane. Les NRKs omtale av programmet: Se NRKs unike bilder fra apostelen Filips grav.

For dei spesielt interesserte: Det omtalte seglet med bilde av Filip mellom grava og martyriet, er interessant. På informasjonstavla på staden (på eitt av bilda under) og i Biblical Archaelogy Society sin omtale av funnet, blir det oppgitt at det er frå 6. hundreår. Men Virginia Museum of Fine Arts, som har originalen, oppgir at det er koptisk og frå 8. hundreår! Her er det noko eg ikkje forstår!

IMG_1515
Steinbenkane i gravkammeret. Foto: Arne Berge 2019
IMG_1527
Apostelen Filips martyrium. Foto: Arne Berge 2019

Eg tar også med teksten på eit par av informasjonstavlene på staden, med omtale gravkyrkja og martyriet.

IMG_1513
Informasjonstavle, Filips gravkyrkje. Foto: Arne Berge 2019
IMG_1519
Informasjonstavle, Filips martyrium. Foto: Arne Berge 2019

Sjå også: Dei sju byane i Johannes openberring

Megiddo-mosaikken skal bli tilgjengeleg

1.5866475.1557383653
Foto: Dr. Yotam Tepper

Megiddo-fengselet i Galilea skal avviklast. Dette opnar for at staden kan bli gjort om til ein arkeologisk park. Her er det funne ein stor golvmosaikk som skal vera frå ca år 230, med tekst som omtalar Jesus som Gud.

Det var avisa Haaretz som denne veka kom med nyheita om at Megiddo-mosaikken skal bli gjort tilgjengeleg. Eg ser fram til å kunna reisa innom denne staden!

Funnet av mosaikken er svært interessant sett frå kristent perspektiv. Kanskje dreier det seg om eit tidleg kristent kyrkjebygg. Kanskje dreier det seg heller om ei såkalla huskyrkje, eit rom for kristen tilbeding i eit privathus. Og ikkje nok med det; funnet skal i følgje skribenten også visa at romerske soldatar eller offiserar her kanskje kan ha vore opne kristne allereie på 200-talet.

A Jew, an Early Christian and a Roman Meet in Archaeological Park to Be Built on Evacuated Prison

‘God Jesus Christ’ mosaic, ancient Jewish-Samaritan village of Othnay and Roman command center in Galilee park replacing Megiddo Prison; inmates to move to huge new facility

A prison built by the British on an archaeological site in northern Israel in the 1940s is finally going to be evacuated. The walls and barbed wire of Megiddo Prison will be replaced with an archaeological park featuring one of the earliest-known houses of Christian worship, which was found in the ancient Jewish village of Kefar Othnay (a.k.a. Kfar Otnai), as well as the remains of a vast Roman army base across the Qeni river, Megiddo Regional Council announced this week.

(…)

The salvage excavation, following earlier surveys and conducted from 2003 by Tepper (then affiliated with Tel Aviv University) and the Israel Antiquities Authority – identified ruins in the prison grounds as the Jewish and Samaritan village of Othnay, mentioned in Jewish sources as existing from the first to the fourth centuries, and a large structure that seems to have been a pre-church house of Christian worship, as well as unexpected clues about the complicated nature of early Christianity. Such as, maybe the Roman army wasn’t entirely negative about the upstart religion after all.

(…)

Dated to the year 230, very early in the Christian era, the mosaic bears three inscriptions in ancient Greek – one explicitly calling Jesus a deity.

The god-loving Akeptous has offered the table to God Jesus Christ as a memorial,” the writing says, in black tesserae letters 7.5 to 9 centimeters in height. Akeptous is believed to be the name of a woman who paid for a communion table that probably served for the Eucharist ceremony.

Les meir

Eg har tidlegare skrive om funnet, men ikkje hatt håp om at det skulle bli gjort tilgjengeleg. Sjå notatet Kyrkjefunnet ved Megiddo frå 2009, med lenker til tidlegare notat.

Oppdatert 04.03.2018

Filippi – gresk by og romersk koloni

Forum i Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Eg har nettopp lese artikkelen How “Roman” Was First Century Philippi? på bloggen Reading Acts. Phil Long som skriv bloggen, gir eit nyansert svar på spørsmålet og konkluderer slik:

At the time of Paul’s visit to the city, Philippi was a moderately sized Greek city with a strong Roman influence.

Eg syns det er interessant å arbeida med Paulus sin misjonsverksemd i Filippi, der han grunnla den første kristne forsamlinga i Europa ca år 50 (Apg 16,11 ff), og med brevet til filipparane, skrive nokre få år seinare. Eit av dei første notata her på bloggen (datert januar 2005) handla om inntrykk frå ein tur til Filippi.

Eg fann fram Phil Longs artikkel då eg i dag kikka gjennom Biblical Studies Carnival for October 2017 på bloggen Doug Chaplin. Musings of a Christian humanist.

Bildet over er frå det romerske torget (Forum) der Paulus og Silas blei ført fram for dei romerske domarane (Apg 16,20). Torget er ein stor hellelagt plass på ca 100 x 50 meter. Bak torget ligg dei mektige ruinane etter ei kyrkje frå ca 550 (Basilika B).

Eg tar også med nokre fleire bilde frå Filippi. Det neste bildet viser den steinsette romerske hovudvegen Via Egnatia som går langs torget (til venstre i bildet).

Via Egnatia, ved Forum i Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Så tar eg med eit par bilde frå «Lydias dåpsplass» vest for ruinane etter byen, der Via Egnatia kryssa Gangites-elva. Her kom Paulus til ein bønestad (evt ein synagoge), jfr Apg 16,13 ff. Nå er det laga ein fin dåpsstad med amfi på staden, og det er også eit dåpskapell like ved.

Lydias dåpsplass, Filippi. Foto: Arne Berge 2008.

Lydias dåpskapell, Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Sjå óg notatet Paulus som misjonær.

Ein «ny» Titusbue i Roma

Arkeologar har funne restar etter ein annan og større Titusbue enn den kjente Titusbuen som står på Forum Romanum i Roma. Funnet er gjort ved Circus Maximus. Buen blei bygd som minnesmerke etter sigeren over jødane og øydelegginga av Jerusalem i år 70.

Det er Haaretz som skriv om dette i dag:

Second Monumental Arch of Titus Celebrating Victory over Jews Found in Rome. 

Arch unearthed at the entrance of the Circus Maximus was built by Titus» brother Domitian, boasting of how the Romans had done the undoable and «subdued the Jews».
read more: http://www.haaretz.com/archaeology/1.778103

Her er eit lite utdrag:

Actually, scholars had long suspected the existence of the second Arch of Titus, from depictions in ancient maps and Roman art, but its remains only came to light over a decade-long archaeological dig at the southern end of the Circus Maximus, which reopened to the public late last year.

Experts now have a good idea of how the arch would have looked like. At a width of 17 meters and a height of more than 10 meters, the massive triple arch was much larger than its single-gated counterpart on the Palatine. Decorated with a bronze statue of Titus driving a four-horse chariot, just like the ones that raced in the circus, it was the first major sight for visitors entering the city from the south, and a key landmark under which military parades and religious processions would pass.

The two arches would have had slightly different purposes, says Buonfiglio: The one on the Palatine was more a monument to Titus, marking his post-mortem deification. The arch in the circus “was a proper triumphal arch” commemorating his victory over the Jews, the archaeologist explains.
read more: http://www.haaretz.com/archaeology/1.778103

(via PaleoJudaica)

Mosaikken frå Lod

I 1996 blei det funne nokre flotte romerske mosaikkbilete i Lod nær Tel Aviv. I desse dagar skal noko av dette visast fram på utstillingar i USA, og kritikaren James Gardner skriv i den samanheng om mosaikken frå Lod i The Wall Street Journal.

Lod er kjent frå bibelsk tid. I Apg 9,32-35 blir det fortalt om at Peter gjorde eit under her og at dette førte til at folket i byen vende om til Herren. Dette var før byen blei øydelagt i år 66 under Den jødiske krigen. Dei omtalte mosaikkfunna er frå ei seinare tid, ca år 300.

Her er eit utdrag frå artikkelen i The Wall Street Journal:

A Dining Room’s Feast for the Eyes

In 1996 a highway was being constructed in Lod, a town 10 miles southeast of Tel Aviv, when, as so often happens in those parts, the workers came upon an ancient and heretofore unknown archaeological site. Naturally all work stopped at once, a bevy of specialists, led by Dr. Miriam Avissar, was called in and, a few months later, a wonder was announced to the world.

The most conspicuous component of the excavations was a merchant’s house from about A.D. 300. Discovered therein was the nearly intact mosaic floor of a dining room.

(…)

Anciently known as Lydda, Lod was destroyed by Roman soldiers during the Jewish Wars in A.D. 66. Refounded by the emperor Hadrian as Diospolis some 60 years later, it fell to Muslim invaders in A.D. 636. Probably we will never know anything about the owner of the house in Lod. Whether he was a Roman or a native of Roman- occupied Judaea is unclear. It is equally uncertain whether he was Christian, Jewish or pagan. What is evident is that, at a time when Christianity was becoming the dominant creed of the Roman Empire, there is nothing visibly religious about the recently unearthed floor.

(les meir)

(via PaleoJudaica)

Storm truar Caesarea

ABC Nyheter har i går (13.12.2010) eit oppslag om at ein kraftig storm i Middelhavet har gjort store øydeleggingar i restane av den romerske hamna i Caesarea på kysten av Israel.

Det er AFP som har kome med nyheita:

Storm truer antikk by

En stor storm i Middelhavet har ødelagt dikene som beskytter den romerske havnebyen Caesarea.

Stormen truer med å skylle vekk det historiske stedet.

– Dette er en stor storm. Bølgebryterne som beskytter stranden har kollapset fullstendig, sier leder for utvikling og bevaring ved Israels natur- og parkmyndighet, Zeev Margalit.

– Nå er havnen eksponert for bølgenes krefter, sier Margalit til AFP.

– Det er et spørsmål om tid før alt kollapser.

Margalit sier organisasjonen har advart myndighetene flere ganger de siste månedene om trusselen mot havnen, som ble bygget av Herodes og tjente som sentrum for Pontius Pilatus’ regjering.

(les meir)

Denne byen spelar ei viktig rolle i Apostelgjerningane. Hamna er nemnt i Apg 27,1-2 i samband med at Paulus hadde anka saka si for den romerske keisaren og han blei sendt som (relativt fri) fange frå Caesarea til Roma:

Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga.  Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. (Apg 27,1-2a)

Kor stor var Aelia Capitolina?

Ny kunnskap om Aelia Capitolina – det romerske Jerusalem i perioden 135-326

Etter at romarane øydela Jerusalem i to omgangar, i år 70 og 135, grunnla keisar Hadrian ein romersk by på ruinane av byen. Denne nye byen fekk namnet Aelia Capitolina; dei ønskte til og med å fjerna bynamnet Jerusalem. Her blei den 10. romerske legionen stasjonert.

Utforminga av denne romerske byen er viktig for å forstå utviklinga av Jerusalem. Framleis er Gamlebyen i stor grad prega av den romerske byplanen. Ein arkeolog i Israel Antiquities Authority (IAA) uttaler i dag:

Information about Aelia Capitolina is extremely valuable and can contribute greatly to research on Jerusalem because it was that city that determined the character and general appearance of ancient Jerusalem and as we know it today. The shape of the city has determined the outline of its walls and the location of the gates to this very day.

Men kor stor var eigentleg denne romerske byen? Med utgangspunkt i dagens inndeling av Gamlebyen, er det vanleg å seia at byen svara til det som i dag er det kristne og det muslimske kvarteret. Sørvest for dette låg leiren til den 10. romerske legionen, i eit område som omtrent svara til det som i dag er det armenske kvarteret. (Kartskissa frå Wikipedia er på dette punktet nokså omtrentleg i forma og plasserer militærleiren langt inn i det som i dag er det jødiske kvarteret).

Det er nyleg gjort arkeologiske funn som viser at byen var noko større enn tidlegare antatt. I dag har IAA offentleggjort funnet av eit romersk badehus frå det 2. hundreåret. Det arkeologiske funnet blei gjort i dagens jødiske kvarter, der ein tidlegare ikkje har rekna med at det var romersk busetnad.

Her er eit utdrag frå pressemeldinga frå IAA:

A 1,800 year old bathing pool that was probably part of a bathhouse used by the Tenth Legion – the Roman soldiers who destroyed the Temple – was exposed in excavations the Israel Antiquities Authority is conducting prior to the construction of a men’s ritual bath (miqve) by the Jerusalem Municipality and the Moriah Company.

The discovery sheds light on the scope of Aelia Capitolina, the city that was founded on the Second Temple period ruins of Jerusalem and that defined the character of ancient Jerusalem as we know it today.

(…)

According to Dr. Yuval Baruch, the Jerusalem District archaeologist of the Israel Antiquities Authority, “What we have here is a discovery that is important for the study of Jerusalem. Despite the very extensive archaeological excavations that were carried out in the Jewish Quarter, so far not even one building has been discovered there that belonged to the Roman legion. The absence of such a find led to the conclusion that Aelia Capitolina, the Roman city which was established after the destruction of Jerusalem, was small and limited in area. The new find, together with other discoveries of recent years, shows that the city was considerably larger than what we previously estimated. Information about Aelia Capitolina is extremely valuable and can contribute greatly to research on Jerusalem because it was that city that determined the character and general appearance of ancient Jerusalem and as we know it today. The shape of the city has determined the outline of its walls and the location of the gates to this very day”.

(Les heile pressemeldinga her)

Funnet er kommentert fleire stadar i dag, blant anna hos CNN og Jerusalem Post.

(via BiblePlaces Blog)

Google på Forum Romanum

Google dokumenterer for tida viktige arkeologiske stadar. I ein liten film frå BBC blir prosjektet presentert med fokus på det gamle Roma. Her er Googlebilen bytta ut med Googlesykkelen:

Google’s Street View programme, which takes photographs of public roads and puts them online as a navigation tool, has an ambitious new project – to capture the archaeological sites of Rome.

A team has already photographed the Colosseum with its hi-tech camera system and is now working on the Roman Forum.

The Street View scheme has been banned by some countries because of fears about privacy, but Google says it has put in new safeguards.

From Rome, Duncan Kennedy reports.

(via BiblePlaces Blog)

Skipstrafikk i Romarriket

Det står ein del om skipstrafikken på Middelhavet i NT. Dette havet var nærast ein romersk «innsjø» og det var sjølvsagt ein omfattande trafikk mellom dei ulike delane av Romarriket. Sjøvegen var den raskaste og beste vegen å frakta varer på, så lenge det var sommarhalvår og trygt på sjøen. Derfor er det av interesse, også i eit bibelarkeologisk perspektiv, når det nyleg er gjort eit omfattande funn av fem romerske handelsskip frå perioden 1. hundreår f.Kr. til 5. hundreår e.Kr. på vestkysten av Italia.

Men før eg refererer meir frå dette skipsfunnet, tar eg med ein nytestamentleg tekst som er relevant i denne samanhengen. Då Paulus blei transportert som fange frå Cæsarea til Roma, reiste følget den lengste delen av reisa med eit handelsskip som frakta korn frå Alexandria i Egypt til Italia. Slik begynte turen i følge Apg 27,1-6:

Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga. Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristarkos frå Tessalonika. Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg. Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot. Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia. Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.

Nå er det altså gjort eit interessant funn av fem handelsfartøy i relativt god stand på 100 meters djup ved den italienske øya Ventotene midtvegs mellom Roma og Napoli.

Reuters skriv:

A team of archaeologists using sonar technology to scan the seabed have discovered a «graveyard» of five pristine ancient Roman shipwrecks off the small Italian island of Ventotene.

(…)

The vessels were transporting wine from Italy, prized fish sauce from Spain and north Africa, and a mysterious cargo of metal ingots from Italy, possibly to be used in the construction of statues or weaponry.

Gambin said the wrecks revealed a pattern of trade in the empire: at first Rome exported its produce to its expanding provinces, but gradually it began to import from them more and more of the things it once produced.

(…)

Due to their depth, the ships have lain untouched for hundreds of years but Gambin said the increasing popularity of deep water diving posed a threat to the Mediterranean’s archaeological treasures.

(Les meir)

Oppdatering 31.07.2009: Morgenbladet har denne veka ein oppfølgingsartikkel om skipsfunnet utanfor Italia, med kommentarar frå marinbiologen Marek E. Jasinski ved NTNU:

– Vrak fra antikken inneholder alltid hauger med amforaer stilt oppå hverandre. I dag pakker man i kasser og containere. På den tiden pakket man alt i amforaer: Vin, olje, korn, fiskesaus.

– Hvor langt bakover i tid kan man finne skip med intakt last?

– Egentlig er det ingen tidsbegrensning. Rent teknisk kan man gå tilbake til de eldste sivilisasjoner, til da menneskene for første gang begynte å bruke skip.

(…)

– Når man finner et forlist skip, kan det føre til krangler om hvem som har rett på skattene?

– Ja. I territoriale farvann tilfaller som regel funnet den konkrete staten. Det er mer sammensatt i internasjonale farvann. UNESCO har nettopp vedtatt en konvensjon om historiske skipsvrak i internasjonale farvann. Den er ratifisert av en del stater, men ikke av Norge. Det er en del politikk inne i bildet.

– Hvordan ligger undervannsarkeologien an i forhold til den type arkeologi som foregår på landjorda?

– I vitenskapen sier man at vi per i dag vet mer om Mars enn om havbunnen. Bare dét viser hvilke muligheter man har i marinarkeologien.

(Les meir)

Paulus som misjonær

Oppdatering januar 2017: Dette var eit av dei første notata på denne bloggen, skrive i januar 2005. Eg kom tilfeldigvis over det nå, 12 år etter, og ser at eg her skreiv ei slags «programerklæring» for bloggen, som faktisk har vist seg å halda stikk:

Eg liker å reisa til slike stadar som er omtalt i Bibelen. Seinare skal eg skriva om slike reiser og om det eg har opplevd der.

Her er heile bloggnotatet frå 2005:

Paulus var truleg født omtrent samtidig med Jesus. Han var først ein motstandar av dei som trudde på Jesus, men begynte sjølv å tru etter at han møtte Jesus i eit syn utanfor Damaskus ca år 33, ikkje så lenge etter Jesu død, oppstode og himmelfart. Paulus blei snart ein strategisk misjonær i den tidlege kristne kyrkja, og han er ein sentral person i Det nye testamentet. Han reiste mykje og grunnla nye menighetar, først og fremst i det som idag er Tyrkia og Hellas. Eg liker å reisa til slike stadar som er omtalt i Bibelen. Seinare skal eg skriva om slike reiser og om det eg har opplevd der.

Me har to hovudkjelder som gjer at me kan vita noko om Paulus. For det første Apostelgjerningane (Apgj), som er skrive av Lukas. For det andre Paulus sine eigne brev. Apgj gir oversikt, mens breva gir situasjonsbestemt og personleg forkynning og skildring. Sjølv om Apgj gir oversikt, er ikkje skriftet ein biografi i moderne forstand. Lukas er mest opptatt av å skriva om enkelthendingar og enkelttalar, og gir dette relativt stor plass.

Generelt kan me seia at Paulus la hovudvekt på å etablera misjon i det som den gong var storbyar, truleg fordi dei var viktige senter for kommunikasjon og handel. Efesos, Filippi, Tessaloniki og Korint er eksempel på slike byar.

Det var nokre viktige forutsetningar som gjorde det muleg å driva misjon i Romarriket. Det greske språket var fellesspråk, som engelsk er det idag. Romarane hadde bygd opp eit godt kommunikasjonsnett og det var relativt trygge forhold for dei mange reisande langs dei romerske vegane. Derfor var det eit ganske «internasjonalt miljø» i byane rundt i Romarriket, og Paulus var ein av dei mange som var på reisefot.

Me er vant med å dela Paulus si reiseverksemd i tre misjonsreiser og ei siste reise til Roma. Det er dei reisene som er omtalt i Apgj, og dei foregjekk i perioden ca år 45-60. I tillegg var han truleg på nye reiser i Hellas ca år 65. Lukas gir forresten inntrykk av at Paulus stadig var på reisefot, men han var nok lenger på kvar plass enn det inntrykket Apgj gir.

Paulus har fått stor betydning for den kristne trua. Viktige tema i hans forkynning finn me i bibelavsnitt som framleis betyr mykje for oss som er kristne. F eks når han skriv slik om grunnlaget for å vera kristen: «For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.» (Efesarbrevet 2,8).