Den litle bibelen

Notat til søndagens tekst: Joh 3,11-16

Søndagens tekst inneheld den best kjente setninga i Bibelen. Bibelverset Joh 3,16 er kalla Den litle bibelen / Den vesle bibelen (eller om du heller vil ha det på bokmål: Den lille bibel). Eg kjenner ikkje til kven som først gav bibelverset dette namnet. Er det nokon som kan hjelpa meg med dette? Slik er den berømte setninga:

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Evangeliet etter Johannes, kapittel 3, vers 16)

Det er mange sentrale bibelske tankar som er med i denne setninga: Guds kjærleik, Jesus som Guds Son, trua si tyding og håpet om evig liv. Med andre ord: Tru, håp og kjærleik. Så det kan godt forsvarast å sjå dette som eit samandrag av heile Bibelen. Likevel: Bibelen er jo mykje meir enn dette!

Setninga blei i 2014 kåra til årets «mest populære» bibelvers på nettet:

Elles inneheld teksten også anna interessant stoff:

Orda kjem i ein undervisande samtale mellom Jesus og Nikodemus (hebraisk: Naqdimon). Les meir i eit tidlegare notat: Nikodemus.

Jesus trekker linja tilbake til den gamle jødiske forteljinga om Moses og koparslangen i ørkenen. Han brukar dette som eit bilde på korfor han som Menneskesonen (ein tittel Jesus ofte brukte om seg sjølv), skulle bli «løfta opp» på ei stong / ein påle / eit kors / ein kross:

Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

Og her er forteljinga om Moses frå 4. Mosebok, kapittel 21, vers 6-9:

Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.  7 Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.  8 Då sa Herren til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.» Moses laga ein koparslange og sette han på stonga. Og når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva.

Men altså: Er det nokon som kjenner bakgrunnen for omgrepet «Den litle bibelen»?

Døypte Jesus og disiplane?

Notat til søndagens tekst: Joh 3,26-30

Søndagens tekst er ein av to stadar i Johannesevangeliet der det står at Jesu disiplar (og kanskje også Jesus?) døypte i Judea, på tilsvarande vis som Døyparen Johannes gjorde det.

Dette er på ingen måte hovudpoenget i preiketeksten, men eg må innrømma at eg blir litt nysgjerrig når eg les dette.

Du finn dei to tekstane i Joh 3,22-26 og Joh 4,1-2. I den første av desse tekstane står det at Jesus var saman med disiplane sine og døypte. I den andre teksten står det at det eigentleg ikkje var Jesus sjølv som døypte, men disiplane hans.

Her gjengir truleg Evangeliet etter Johannes ein gamal tradisjon, som dei synoptiske evangelia ikkje har tatt med, om den første tida av Jesu offentlege gjerning. Dette kan vera frå tida like etter Jesu eigen dåp ved Døyparen Johannes, før han drog til Galilea for å konsentera seg om undervisning, forkynning og helbredande teneste (Matt 4,23).

Det som er viktig å halda klart, er at denne dåpen som Jesu disiplar (og kanskje også Jesus sjølv) ei tid praktiserte, ikkje er den same dåpen som den me har i den kristne kyrkja i dag. Vår kristne dåp byggjer på Jesu død og oppstode. Johannes-dåpen (og dermed også denne dåpen som Jesus og/eller disiplane praktiserte i Judea) var ein omvendingsdåp eller bots-dåp som peika framover mot den frelsa som Jesus Messias kom med frå Gud.

Og her er dei aktuelle tekstane:

22 Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga. 26 Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» (Joh 3,22-26)

1 Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.  2 No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. (Joh 4,1-2)

Nikodemus

Notat til søndagens tekst: Joh 3,1-13

Nikodemus er kjent som mannen som kom til Jesus om natta for å snakka med han om kven Jesus var. Dette førte til ein viktig samtale om Guds rike.

Nikodemus var ikkje nokon kven som helst. Han var medlem av Det høge rådet, jødane sitt høgste styringsorgan på Jesu tid.

Olav Skjevesland skriv i boka En åpnet dør:

Vi får inntrykk av at han hørte til en gruppe jødiske ledere som nølende kom til tro på Jesus.

Nikodemus er nemnt i tre samanhengar i Johannesevangeliet:

  • 3,1-21: Dette er teksten som fortel om samtalen om natta mellom Nikodemus og Jesus.
  • 7,50-52: Her forsvarar Nikodemus Jesus i Den høge rådet.
  • 19,38-40: Her er Nikodemus saman med Josef frå Arimatea om ei modig handling etter at Jesus var død på korset.
Richard Bauckham skriv om Nikodemus i sin Prosopography of the Jerusalem Church, ei oversikt over namngjevne personar som sikkert eller truleg var medlemar av det første Jesustruande fellesskapet i Jerusalem (før år 70). Oversikta står i boka Jewish Believers in Jesus, side 88:
Nicodemus. A member of a prominent aristocratic Jerusalem family, a Pharisee, and a member of the high priest’s council. His family must have been the Gurion family, known from Josephus and rabbinic traditions, in which the Greek name Nicodemus (in Hebrew Naqdimon) was a family name. The Nicodemus of the Fourth Gospel was not plausibly the Naqdimon ben Gurion who was remembered in rabbinic traditions as one of the wealthiest men in Jerusalem at the time of the Revolt, but he may well have been his uncle or closely related in some other way. John 19,39-40 should be understood as a public acknowledgment of Jesus as the Messiah (Nicodemus give Jesus the extravagantly expensive burial appropriate to a king), after which we should expect that Nicodemus joined the early Jerusalem church. As Naqqai (the Hebrew hypocoristic form of Naqdimon/Nicodemus) he also appears in the rabbinic tradition of the five disciples of Jesus (b. Sanh. 43a).

I samband med denne omtalen blir det i ein fotnote vist til Bauckhams artikkel «Nicodemus and the Gurion Family», i Journal of Theological Studies, NS 46 (1996), side 1-37.

(Oppdatert 29.05.2013)