Radioinnslaget om Fødselskyrkja er nominert til Prix Radio 2022

Forrige vinter var eg med i fleire radioprogram med programleiar Gry Anette Tørring i Radio pTro. Me hadde samtalar om bibelske stadar knytt til Jesu liv. Nå er innslaget om Fødselskyrkja i Betlehem nominert i kategorien «Årets innslag» til Prix Radio 2022.

Dei fire andre nominerte innslaga i denne kategorien kjem frå NRK P1, NRK Oslo og Viken, P4 og P5 Hits. Eg syns naturleg nok dette er stas, – og ganske overraskande!

Fredag 21. oktober kåres vinnerne av Norges offisielle lydpriser og etter et omfattende juryarbeid er nå finalistene til årets Prix Radio klare.

–  Veldig høyt nivå i årets konkurranse, så her er det bare å gratulere med nominasjoner til dyktige folk, sier Morten Scott Janssen, leder i hovedjuryen.

Prix Radio er norsk radio- og podkastbransjes Oscar-utdeling. Det deles i år ut priser i 23 ulike kategorier. I de aller fleste kategoriene er det fem bidrag som konkurrerer mot hverandre. 

Finalebidragene skal nå vurderes av ulike deljuryer, bestående av representanter fra NRK, Norsk Lokalradioforbund, P4-gruppen og Bauer Media. Hvem som vinner offentliggjøres under Prix Radio-showet fredag 21. oktober.

radiodager.no

Oppdatering 24.10.2022: Nå er vinnarane av Prix Radio 2022 blitt kåra. Radio pTro nådde ikkje heilt til topps. Men eg syns det er veldig kjekt at serien eg var med på å laga, i det heile tatt kom med i denne samanhengen! Nå er det bare å gratulera P5 Hits og dei andre vinnarane. Her kan du lesa om prisutdelinga Prix Radio 2022: https://www.radiodager.no/…/her-er-vinnerne-av-prix-radio…/

Du kan høyra innslaget frå Fødselskyrkja i dette programmet:

Heile serien ligg tilgjengeleg som podkast her.

Om Gravkyrkja og Gravhagen på pTro. Podkast

Koss er det i dag å koma til den staden der Jesus blei korsfesta og gravlagt? Er folk einige i kvar det skjedde? I denne episoden i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om den historiske (og underlege) Gravkyrkja, og om den alternative staden Gravhagen.

Dette er siste episode i serien. Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Om Getsemane og Via Dolorosa på pTro. Podkast

Koss er det å koma til Getsemane i dag? Kan me finna spor av bibelforteljinga om Jesu bønnekamp og arrestasjonen? Og kva er eigentleg Via Dolorosa? Koss er det å gå den vegen i dag? Her er ein ny episode i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om desse stadane. 

Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Om Oljeberget og Klagemuren på pTro. Podkast

Kva slags stad er eigentleg Oljeberget, og i kva samanhengar er staden nemnt i Bibelen? Og koss er det å koma til Vestmuren, som også blir kalla Klagemuren. Her er ein ny episode i serien om bibelske stadar knytt til Jesu liv, der eg fortel om desse stadane.

Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Om Jordanelva på pTro. Podkast

Her er ein ny episode i podkastserien om bibelske stadar knytt til Jesu liv. Eg fortel om Jordanelva og om Jesu dåpsplass.

Korfor er eigentleg Jordanelva så kjent? Det er jo ikkje nokon stor og imponerande elv. Og koss er det å koma til staden der Jesus blei døypt? Kva skjedde ved Jesu dåp?

Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Om Kana på pTro. Podkast

I denne podkasten fortel eg om den fransiskanske Bryllaupskyrkja i Kana i Galilea, og litt om byen og gjestehuset eg har budd på når eg har vore i byen. Det dreier seg om den arabiske byen Kfar Kanna nokre kilometer nordaust for Nasaret. Tradisjonen seier at det var her Jesu vinunder skjedde.

Dei fleste gongene eg har vore i Kana, er det som overnattingsstad etter første dagsetappe på pilegrimsvandring på Jesus Trail. Eg har samla det eg har skrive om slike turar under kategorien Jesus Trail.

Du finn heile serien om bibelske stadar her på Radio pTro.

Om Magdala på pTro. Podkast

I denne podkasten fortel eg om synagogen frå Jesu tid som er funnen i Magdala i Galilea. Og om den nye kyrkja som nå er bygd på staden.

Her finn du heile serien hos Radio pTro.

Eremosgrotta og Saligprisingsfjellet. Podkast

Hadde Jesus ein spesiell bønestad nær Kapernaum? Og er det i tilfelle mogleg å koma dit i dag? Her er det ein ny episode i podkastserien om bibelske stadar knytt til Jesu liv. Eg fortel om Eremosgrotta ved Gennesaretsjøen og om kyrkja og parken på Saligprisingsfjellet ovanfor grotta.

Gennesaretsjøen og Tabgha. Podkast

Korfor er Gennesaretsjøen så kjent? Er det noko spesielt med denne innsjøen? Og kva skjedde eigentleg i Tabgha, ein stad nesten ingen har høyrt om? I denne podkasten fortel eg om Gennesaretsjøen og landskapet rundt, og om viktige bibelforteljingar knytt til dette området som var så sentralt i Jesu liv.

Nazareth Village og Kapernaum. Podkast

Kvar budde Jesus? I denne podkasten fortel eg om opplevingsparken Nazareth Village som har gjenskapt Nasaret på Jesu tid, og om dei arkeologiske funna i Kapernaum, der Jesus hadde base dei viktige åra som evangelia i Det nye testamentet fortel om.

Nasaret. Podkast om bibelske stadar

I denne podkasten om bibelske stadar fortel eg om stadar i Nasaret som er knytt til møtet mellom Maria og engelen Gabriel. Me er innom den store katolske Bodskapskyrkja og den litle gresk-ortodokse St. Gabriels kyrkje. Men kva er eigentleg Mariakjelda? Bli med til Nasaret i Galilea, nord i Israel!

Fødselkyrkja og hyrdemarkene. Podkast

Koss er det å koma til Betlehem idag? Er det nokon stadar i byen som kan knytast til juleevangeliet? I denne podkasten frå 2022 fortel eg om Fødselskyrkja og Hyrdemarkene i Betlehem.

Dei to første programma i pTro-serien der eg blir intervjua om bibelske stadar knytt til Jesu liv, er her sett saman til ein podkast. Programma er laga av journalist Gry Anette Tørring. Du finn heile serien om bibelske stadar her.

Oppdatering: Ein del av denne podkasten, sjølve innslaget frå Fødselskyrkja, blei nominert til Årets innslag i Prix Radio 2022! Les meir her: Radioinnslaget om Fødselskyrkja er nominert til Prix Radio 2022.