Det jødiske Krakow

Eg var i Krakow nokre dagar sist veke (mai 2011). Den polske byen blir nokre stadar omtalt som ein av dei vakraste i Europa. Eg har ikkje føresetnad til å vera domar i den konkurransen, men det er ingen tvil om at det er mykje flott å sjå i den gamle byen. Eg reiser gjerne tilbake!

Krakow var i tidlegare tider ein by med stor jødisk befolkning. Det jødiske området Kazimierz var først ein eigen by, men har sidan 1800-talet vore ein del av Krakow.

Det var interessant å gå rundt i gatene i Kazimierz og oppleva atmosfæren der. Eg var innom eit par synagogar, den gamle gravplassen og eit par bok-handlarar. Dessutan fann eg meg sjølvsagt ein stad der eg kunne sitja ned med tankane mine og ein kopp kaffi.

Det er seks ortodokse synagogar og ein reformsynagoge på eit lite område i Kazimierz. Nokre av desse er renoverte og framstår som museum. Eg var blant anna innom Remusynagogen (frå 1553), som er den einaste som har eit aktivt gudstenesteliv i dag. Den blei renovert på 1950-talet, men framstod dessverre likevel som ganske nedsliten.

Like utanfor Remusynagogen ligg den gamle jødiske gravplassen frå 1500-talet. Denne nærleiken mellom gudshus og gravplass, som me er vant med i kristen samanheng, er ikkje vanleg i den jødiske kulturen. Gravplassen blei erstatta av ein annan på 1800-talet. Under den andre verdskrigen blei den vandalisert av nazistane.

Historia til jødane under krigen ligg naturleg nok som eit mørkt bakteppe for det som i dag er ein sjarmerande bydel. Før krigen var det over 64.000 jødar i Krakow. Dette var ca ein fjerdedel av befolkninga i byen. Over 90 % av desse jødane blei utrydda av nazistane, som tidleg under krigen samla jødane i ein ghetto like utanfor Kazimierz. Her blei dei anten skotne eller sende vidare til konsentrasjonsleir.

Ei minneplate utanfor Remusynagogen hadde følgjande tekst på hebraisk, polsk og engelsk:

In memory of the Jewish martyrs of Cracow who were annihilated by the Nazi Germans in the terrible period 1939-1945. Earth Do Not Cover Their Blood. 

I dag er det visst ikkje meir enn ca 150 jødar igjen i byen. I 2008 blei det oppretta eit jødiske samfunnssenter som skal styrka den jødisk kulturen i byen idag. Senteret ligg like ved den reformerte synagogen (Tempelsynagogen).

Eg fekk forresten også sett fabrikken til Oskar Schindler. Han er kjent for innsatsen for å redda jødiske arbeidarar frå holocaust. Filmen Schindlers liste er i stor grad spelt inn i Krakow.

Eg nemnte at eg var innom eit par bokhandlarar. Eg syns spesielt den som ligg i Den høge synagogen var interessant. Her var det blant anna mykje litteratur om jødedommen i Europa og om holocaust.

Eg har ennå ikkje sett meg inn i kva det har vore av kristen misjon blant jødane i Krakow. Den Norske Israelsmisjon (DNI) har i alle høve ikkje hatt arbeid i byen. Men eg har lese at den norske presten Gisle Johnson (1876-1946), som i mange år var misjonær for DNI i Romania og Ungarn, var innom byen på sin første reise til Romania i 1902. Han reiste då med tog frå Leipzig til Balkan og gjorde i følgje biografien eit opphald hos ein tysk israelsmisjonær i Krakow.

Krakow har mykje å by på. Ikkje minst er Gamlebyen frå mellomalderen imponerande og flott. Men for meg var møtet med Kazimierz minst like interessant.

Èitt svar til Det jødiske Krakow

  1. […] Haifa, der denne fascinerande personen levde siste del av livet. Historia er undervegs også innom Krakow. Meet Brother Daniel: A Jew-converted-Christian-turned-monk The truth behind the story told by […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: