Tilbakeblikk

Eit tilbakeblikk på året som har gått vil vel vera på sin plass her på bloggen i dag. Nokon fullstendig årsmelding har eg ikkje tenkt å prestera. Men nokre tankar vil eg gjerne dela.

Prestetenesta

Kva gjer eigentleg ein prest? Det er eit spørsmål eg får ein gong iblant. Av og til er eg klar og har eit fornuftig svar parat. Andre gonger veit eg ikkje kva eg skal seia eller kor eg skal begynna. I dag er det eg sjølv som stiller spørsmålet: Kva er det eigentleg eg gjer når eg er prest?

Hovudoppgåva er å forkynna det kristne budskapet om Jesus gjennom "å forvalta Ord og sakrament". Men kva vil det seia i praksis? Vel, for det første: Ingen dagar er like. Det har dei heller ikkje vore dette året. Dagane er som oftast fylte med mange ulike oppgåver. Det dreier seg sjølvsagt om førebuing og leiing av gudstenester, gravferd og vigslar. Men også om samtalar med menneske i mange ulike livssituasjonar, om forkynning og undervisning, om planleggings- og samarbeidsmøte med andre kyrkjeleg tilsette og frivillige medarbeidarar og mykje meir. For det andre: Midt i alt dette er viktig å sjølv skaffa seg påfyll og inspirasjon gjennom å setja av tid til studium og personleg fornying. For det tredje: Eg treff utruleg mange menneske gjennom prestetenesta. Flotte og interessante menneske. Det er faktisk aldri kjedeleg å vera prest!

Er det mykje å gjera? Har du nokon gong fri? Slike spørsmål får eg også. Eg pleier å svara at periodevis kan det vera ganske travelt. Heldigvis er det også rolegare periodar. Det er forresten mange yrker som er krevjande, så dette er jo ikkje noko spesielt for mi yrkesgruppe. Samtidig må eg seia at me prestar gjennom dei siste åra har fått mykje betre fritidsordningar som sikrar oss fridagar og frihelger, i tillegg til at me sjølvsagt har den same ferien som alle andre.

Familielivet og fritida

Eg har ikkje tenkt å gjera dette til noko veldig privat, så her tar eg bare med det heilt sentrale:  Mine næraste er kona mi, Inger (som er tekstilkunstnar og kulturskulelærar), og våre fire ungdomar; to vaksne ungdomar som har flytta ut som studentar og to vaksne ungdomar som bur heime og går på vidaregåande skule. Året 2005 har innehalde mange gode fellesopplevingar, og me har det bra saman, sjølv om me også finn på litt av kvart kvar for oss (den som har fulgt familien på bloggen veit f eks at Inger har sykla Nordkapp-Lindesnes åleine i år og at eg har vore på diverse turar til sydlege breiddegradar).

Eit høgdepunkt i sommar var ferien på Solgården i Spania, der eg var saman med våre to yngste ungdomar. Me hadde 14 herlege dagar med mykje sol og varme og gode opplevingar, saman med mange flotte menneske. Eg var leiar for opplegget som var ein feriereise for familiar og vaksne i alle aldrar, arrangert av Fokus Reiser.

To andre interessar som eg har dyrka i året som ligg bak, må òg nemnast: Eg trivst svært godt når eg kjem meg opp i fjellet i Ryfylkeheiane, og eg trivst også svært godt når eg set meg ned med ei god bok. 

Fagleg interesse kombinert med reiseliv

Dei siste åra har eg blitt meir og meir interessert i det eg her på bloggen har kategorisert som Bibelsk arkeologi, historie og geografi. Det dreier seg først og fremst og den nytestamentlege delen av Bibelen. Eg syns det er viktig at den kristne trua er ein historisk religion, først og fremst ved at Gud konkret kom inn i vår historie og geografi. Det betyr òg at eg aldri blir ferdig med å søkja kunnskap om Jesu kome og om den tida og det samfunnet han kom inn i. Det nye testamentet er rett og slett ei utruleg interessant bok! Men denne interessen har også ført til ein generell interesse for dagens folk og situasjon i Israel og dei palestinske områda. Spesielt har eg eit engasjement for dei som trur på Jesus i Det Heilage Landet i dag! Dei er ikkje mange, men treng vår støtte. Dette gjer at eg har eit engasjement for Den Norske Israelsmisjon sitt arbeid.

I 2005 har denne interessen ført meg til Israel/dei palestinske områda og til Tyrkia. I april hadde eg permisjon og budde tre veker i Jerusalem mens eg deltok på studieprogrammet "Pastoral Erfaringsutveksling". Eg har skrive nokre artiklar frå denne perioden her på bloggen. Og så har eg vore to turar til Tyrkia på besøk til bibelhistorisk og kyrkjehistorisk interessante stadar. Først i mai/juni på rekognosering og så i oktober då eg var ein av reiseleiarane på ein tematur med deltakarar frå menighetane her i prestegjeldet. Eg har òg skrive ein del frå desse turane her på bloggen. Den som leiter, vil nok finna dette stoffet.

Takk for det gamle …

Då står det bare att å seia "Takk for deg gamle …" til lesarane av bloggen. Eg held meg til tradisjonen og ventar til i morgon med å seia "Godt nytt år"!

500-tals bilete av Jesus?

Jesus_goto Discovery Channel fortel om eit interessant arkeologisk funn som truleg viser eit bilete av Jesus. Arkeologar som arbeider i Tiberias har funne eit blysegl med diameter 2 cm med bilete på den eine sida og eit kors på den andre sida. Seglet er frå 500-talet og er blant dei eldste funna av kunst med kristen symbolikk.

"It is around this time that various images that later became popular in Christianity began to be depicted, such as Maria Theotocus — the Virgin Mary holding the baby Jesus — which appears on both seals and coins throughout the empire," uttaler utgravingsledar Yizhar Hirschfeld, professor i arkeologi ved The Hebrew University of Jerusalem.

Les Discovery News» artikkel om funnet her. Eg fann artikkelen pga ein omtale på bloggen PaleoJudaica.com

Ingen tam løve!

Det eneste som skuffer med den nye Narnia-filmen, er at den ikke varer lenger» skriv Stavanger Aftenblad i omtalen Alt stemmer i Narnias rike og gir filmen ein seksar!

Legenden om Narnia var ein akkurat så fascinerande film som eg hadde håpt og trudd den skulle vera. Eg har alltid likt bøkene og det var ei fin oppleving å sjå filmen i dag. Dei ulike dyra og fantasivesena var imponerande animerte; spesielt har eg sansen for for dei to beverne (men bevares: Aslan er jo bare stor!). Dei fire unge skuespelarane gjorde ein sterk innsats. Filmen er prega av ein god humor. Og sist, men ikkje minst er jo sjølve historia flott.

Dette er fantasi på sitt beste. Samtidig som det ikkje er tvil om at bibelhistoria er med og dannar bakgrunnen for innhaldet. Det kjem fram på fleire plan, f eks når det gjeld Edmund sitt svik og det at han blir tilgitt, og i Aslans offerdød og oppstode. Aslans makt til å gripe inn kjem òg tydeleg fram, og han er slett ingen tam løve!»

Oppdatert

Deilig er jorden!

For mange er Deilig er jorden julesongen over alle julesongar. Me høyrer den og syng den i mange samanhengar nå i jula.

Ein periode då eg var tenåring lot eg vera å syngja denne songen i protest. Eg syntest den var totalt urealistisk og gjenspeila ikkje mi oppfatning av verda i det heile! Eg har slutta å tenkja slik. Men framleis møter eg folk som har problem med songen. Dei oppfattar den for idyllisk: Jorda er deilig, Guds himmel er prektig, og vegen mellom jorda og himmelen går ”gjennom de fagre riker”.

Men verda er jo ikkje slik ….?

Verda var heller ikkje idyllisk då den danske Bernhard Severin Ingemann skreiv teksten i 1850. Sjølv hadde han smertelege erfaringar med sjukdom og død i sin eigen familie. Og i 1850 raste treårskrigen (1848-1850) mellom mellom Danmark og Tyskland. Ingemann var sjølvsagt fortvila over det han såg av smerte og liding rundt seg.

Det som gjer jorda deilig, er ikkje det me menneske har gjort den til! Men det har kome eit budskap til oss, midt i nøden på jorda, eit budskap om Guds frelse. Engelen sa: ”Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”

Me kan altså seia at julebudskapet er så sterkt at det forandrar verda. Jesu kome til oss gjer at livet kan levast ut frå eit nytt perspektiv: Det fullkomne Guds Rike er opna for oss ufullkomne menneske. Me kan ta imot det i tru.

Eg las forresten ein gong at me også kan sjå på Deilig er jorden som ein protestsong, ein song full av protest mot øydelegginga av Guds fullkomne skaparverk. Det er ein protest me aldri skal gløyma!

Biskop Per Lønning sa ein gong i ei preike: Når kristne syng ”Deilig er jorden, prektig er Guds himmel”, er det ikkje fordi dei ser mindre av virkeligheten enn andre folk, det er fordi dei ser meir!

Deilig er jorden, prektig er Guds himmel, skjønn er sjelenes pilgrimsgang! Gjennom de fagre riker på jorden går vi til Paradis med sang.

Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang; aldri forstummer tonen fra himlen i sjelens glade pilgrimssang.

Englene sang den, først for markens hyrder; skjønt fra sjel til sjel det lød: Fred over jorden, menneske fryd deg! Oss er en evig frelser født!

Salmekonkurranse

Nynorsk kultursentrum ønskjer nå å få fram nyskrivne salmar til dåp, konfirmasjon og bryllup, og dei inviterer derfor til ein stor salmekonkurranse. Eit interessant initiativ, syns eg.

"Vi håpar at ein slik konkurranse kan vere med på å få fram fleire nye gode nynorske salmar og salmediktarar", seier informasjonsleiar Gaute Øvereng.

Eg veit at fleire av dei som les bloggen min, er gode skribentar. Eg håper dei som har evner, overskot og ikkje minst nådegåve til dette, blir med i konkurransen! Kanskje blir du representert i neste utgåve av salmeboka? Les meir om konkurransen her.

Elles vil eg òg nemna at Den norske kyrkja, etter initiativ frå Ungdommens kirkemøte, har sett igang ein omfattande prosess med gudstenestefornying. Les meir på nettsida Møtestedet.

Julebudskapet fascinerer

Julens budskap har hatt en forunderlig evne til å fascinere mennesker gjennom 2000 år. Historien, dramatikken og mystikken gjør sitt. Men også kjernen – den innerste hemmeligheten i den usle stallen berører oss. Det nyfødte, det håpefulle. Barnet som bærer i seg forsoninga, troen, kjærligheten og dette nærmest mystisk forlokkende budskapet om et evig liv. I all enkelhet for den som vil lytte, la seg fascinere, og våger å tro.

Slik skreiv Stavanger Aftenblad i ein leiarartikkel julaftan 2002, og eg vil bare leggja til eit «Amen». Eg har tatt vare på desse orda frå avisa fordi eg syns dei på ein flott måte uttrykker kor sterkt Jesu fødsel i Betlehem berører oss som lever i vår tid og vår del av verda.

Jesu føderom

Img_6184_stjerna_i_fdselsgrotta_i_2 Eg har vore i Betlehem fleire gonger. Det som er viktigast for meg når eg er i byen, er besøk i den gamle Fødselskyrkja og kontakt med dei kristne palestinarane som bur der i dag.

Fødselskyrkja er bygd på det som truleg var Jesu fødestad. Den eldste kyrkja på staden blei vigsla 31. mai 339. Altaret blei bygd rett over grotta som var kjent som Jesu fødestad blant dei lokale kristne. Denne kyrkja blei seinare øydelagt, men det er restar av den som er bygd inn i dagens kyrkje, som er frå 500-talet. Sidan har faktisk kyrkja fått stå, og her har det vore kristent gudstenesteliv i alle dei hundreåra som har gått sidan.

Biletet er frå Fødselsgrotta under kyrkja. Biletet viser den store sølvstjerna som er felt ned i golvet under eit altar i grotta og som skal minna oss om Jesu fødsel.

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom, der samles mine tanker som i sin hovedsum. Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt; jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt!

Fødselskyrkja har ei heilt spesiell betydning for meg. Det er flott å vera der. Nå for tida er det dessverre få som får sjangs til å koma til Betlehem, pga den urolege politiske situasjonen i området. Dei siste gongene eg har vore der, har eg vore nesten åleine. Det kan sjølvsagt vera fint, stille og roleg. Men i denne samanhengen er det negativt, fordi det er så mange over heile verda som gjerne ville reist dit, og fordi dei kristne i byen svært gjerne vil ta imot pilegrimar og turistar.

Eg har tidlegare skrive om Fødselskyrkja og om besøk hos kristne i byen i vår tid i artikkelen Kristne palestinarar i Betlehem, ein meir dagboksprega artikkel frå eit besøk i byen i april i år.

Når eg skriv dette, er det tidleg på dagen på julaftan. Eg skal i dag feira Jesu fødsel både i kyrkja der eg er prest og heime saman med familien min. Det er ein spesiell dag, med fokus på det sentrale at Gud kom inn i verda gjennom Jesus. Det er viktig å huska på at dette budskapet er for alle, både for dei som opplever julehøgtida som ein fest og for dei som strevar med livet på slike høgtidsdagar.

Finn fram juleevangeliet i Bibelen din eller på www.bibelen.no som gir oss den siste omsetjinga, både på bokmål og nynorsk. Teksten står i Lukasevangeliet, kapittel 2. Her tar eg med det sentrale verset der me får høyra engelen sitt bodskap til gjetarane utanfor Betlehem: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

Oppdatering 2. juledag: I år har det faktisk for første gong på fleire år vore mange som har reist til Betlehem i jula! Det er bra! Både for dei som får oppleva dette, og for den palestinske befolkninga som treng inntektene frå tilreisande pilegrimar og turistar. Det er Dagbladet som fortel om julefeiringa i Betlehem i artikkelen Julefred over Betlehem.

Julefeiring som ei pilegrimsreise

Det er merkeleg med enkelte ord og uttrykk, og det som ligg bak orda og uttrykka. Nokre gonger er det sånn at eit ord som kjennest gamaldags og avlegs, kan få ei fornying og bli moderne igjen.

Ordet pilegrim er eit sånt ord. Pilegrimar er noko me kjenner frå historia. Men det er òg noko nytt og moderne. Eit eksempel: Jakobskatedralen i Santiago de Compostella i Nordvest-Spania er i dag pilegrimsmål nr 1 i Europa med 2 millionar besøkjande i året, og ca 200.000 av desse kjem faktisk til fots til Santiago!

Det viktigaste med ei pilegrimsreise er ikkje den ytre reisa, sjølv om den kan vera spennande nok. Den indre reisa er det viktigaste, det vil seia det som skjer med oss sjølv undervegs. Og det å ha eit mål er viktig, likevel blir det sagt at vegen blir til mens me går.

Grunnen til at eg tar fram desse tankane nå rett før julehøgtida, er at eg meiner me kan sjå på julefeiringa som ei pilegrimsreise. Ei reise på det indre plan. Julesangene fortel om dette, f eks syng me i Deilig er jorden om sjelenes pilgrimsgang. Eit vers i ein annan julesang fortel meir om dette: Nå vandrer fra hver en verdens krok i ånden frem et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem.

Det viktigaste med jula er ikkje innpakninga: mat, finklær, selskap, gåver, pynt, songar osv. Nei, jula er først og fremst ei høgtid som handlar om Guds nærver hos oss. Det er innhaldet i høgtida som betyr noko for vår indre reise, mykje meir enn innpakninga. Den som vil vera på ei indre reise i jula, må bevisst velja å stilla dei viktige spørsmåla, dei som opnar tankane våre for kva det vil seia at Jesus er Guds Son, og at han kom som ein frelsar.

Eg las noko som presten Harald Kaasa Hammer skreiv om julepakkar. Han skreiv (og eg er einig) at det kjekkaste er å ikkje vita kva pakkene inneheld før me opnar dei! Kanskje har me beholdt noko av den barnlege gleda og spenninga det er ved å opna ei pakke, når me ikkje anar kva innhaldet er. Men når me opnar opp, då kjem fort dei vaksne tankane. · Nokre gonger seier me: Å, akkurat det ønskte eg meg! · Andre gonger seier me: Hm! Jaja, det var jo fint. Det er sikkert bra for den som har sans for sånt. · Og nokre gonger blir me sitjande å undra: Kva meinte han eigentleg med å gje meg akkurat det?

I denne samanhengen kan me seia at Gud gir alle ein akkurat lik presang. Men han tenkjer på kvar enkelt av oss når han gir oss den. Han tenkjer på deg som lengtar etter å høyra juleevangeliet ein gong til, og han tenkjer på deg som seier ”Hm! Jaja, det var jo fint. Det er sikkert bra for den som har sans for sånt.”

Eg skulle ønskja at me alle kunne undra oss litt meir. Me kan jo f eks prøva å finna fram til den følelsen me av og til får, når me får ei gåve me ikkje heilt forstår meininga med. Innhaldet i jula er Guds gåve til oss. Kva meinte han eigentleg med å gje meg akkurat denne gåva? Eit barn i ei krubbe? Ein frelsar for heile folket?

Dette spørsmålet må vera eit av dei viktige spørsmåla. Eit spørsmål som kan leda oss inn på ei indre reise gjennom julehøgtida. Ei pilegrimsreise mot Betlehem.

Gjetarane braut opp og fann Jesus, og dei  gjekk fornya tilbake til yrket sitt. Vismennene fulgte stjerna og fann fram til Jesus, og dei reiste tilbake til heimlandet sitt etter møtet med barnet som var Messias, ein frelsarkonge. Det er plass blant dei som bryt opp og søkjer Jesus, også for oss som lever i vår tid. Me treng verken vera gjetarar eller vismenn. Me kan vera oss sjølve. Og me kan tru at løftet gjeld framleis: «Alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.» (Joh 1,12 – frå preiketeksten for juledag).

Gledens adventssøndag

Den 4. søndagen i advent blir kalla gledens adventssøndag. La denne dagen bli ein glededag for deg sjølv og dei du har rundt deg! For det er jo advent! Og advent betyr at Jesus kjem (Adventus Domini = Herrens kome).

I dagens bibeltekst (Joh 3,26-30) står det om eit bryllup der Jesus er brudgommen. Sjølv om det ikkje står direkte i teksten, er det klart at det er kyrkja som er bruda. Bryllupsbiletet er nemleg eit bilete som me finn i mange ulike samanhengar i NT, og det er alltid kyrkja eller menigheten som er bruda, aldri den enkelte kristne.

Det som ser spesielt med bruken av bryllupsmotivet i dagens bibeltekst er den rollen Døyparen Johannes plasserer seg sjølv i. Han er brudgommen sin venn! Altså noko som må likna forlovaren i vår bryllupstradisjon. Han er der og legg til rette for brudgommen, og han gleder seg når han høyrer røysta til brudgommen. ”Slik glede har eg nå fått, og det i fullt mål,” seier han. Han er ydmyk nok til å vita at hans oppgåve nå snart er forbi, – nå er det Jesus som er i sentrum. Samtidig er han trygg på si eiga oppgåve, han er brudgommens venn.

Du kan la Døyparen vera forbilete i dag. Gled deg over Jesu kome. Gled deg over Jesu ord. Ingenting kan vera ein betre førebuing til julehøgtida enn å gleda seg over Jesu kome til oss.

Avkristning?

Eg er slett ikkje blant dei som vil anklaga den nye regjeringa for avkristning, sjølv om eg meiner ho har kome ein del uheldige politiske utspel dei siste vekene. Det er mange viktige diskusjonar som går parallelt, og når det heile blir blanda saman i ein saus, blir det lett både usakleg og useriøst. Eg var redd Standpunkt på NRK i kveld ville bli slik (usakleg og useriøst), men blei positivt overraska, sjølv om panelet bestod av ei "salig" blanding av folk med ulike og sterke synspunkt på saker og ting.

For ein gongs skuld var eg fullstendig einig med sokneprest Einar Gelius, som snakka om kor sjølvsagt det er at norske skular framleis skal kunne ha skulegudsteneste som avslutning før jul. Dette blei også bekrefta både av kyrkjeminister Trond Giske frå AP og av Rolf Reikvam frå SV. Poenget er at ei skulegudsteneste ikkje er ein del av KRL-faget (som ikkje skal vera forkynnande), men ein del av skulen sine naturlege fellessamlingar av kulturell art i lokalsamfunnet. Me lever i ein kultur der over 90 % av befolkninga er medlem av eit kristent trussamfunn og me har ein 1000-årig kristen tradisjon i landet vårt. Og i den samanhengen er det heilt naturleg med kristen forkynning, med bøn og salmesong i samband med julehøgtida. Altså autentisk og ekte kristendom, i eit kyrkjerom! Men sjølvsagt med reell mulighet for fritak for dei som ikkje ønskjer å vera med på dette.

Men dette var jo bare ein del av problematikken som blei tatt opp i NRK i kveld. Debatten kom også inn på brennbare tema som kristen formålsparagraf, bordbøn i skulen, kyrkja si trusopplæring, friskulelova osv. Og som venta synspunkta både på kryss og tvers. Underskriftsaksjonen Nok er nok som Linda Austnes har sett igang, var for øvrig utgangspunkt for programmet. Ho har i løpet av få veker samla 15.000 underskrifter på grasrotplan frå folk som ikkje ønskjer "avkristning" av samfunnet vårt. Det syns eg er sterkt, sjølv om eg ikkje syns uttrykket avkristning er så godt.

Når det gjeld diskusjonen om kristen formålsparagraf i skulen, syns eg mange er for opphengt i at me absolutt må halda på den formuleringa me har. Diskusjonen går først og fremst omkring ei enkel setning, den som seier at skulen skal hjelpa foreldra med ei kristen oppseding. Eg syns det er heilt greitt om denne setninga blir forandra. Formuleringa er jo ikkje så god, med tanke på dei som tilhøyrer andre religionar eller som er ateistar eller humanetikarar. Eg syns det ville vore betre om me kunne få tydeleg fram at den norske skulen byggjer på den kristne og humanistiske kulturen (NB: Humanisme er noko anna enn humanetikk!).

Når det gjeld diskusjonen om privatskular, er eg stort sett einig med regjeringa (men det var vel neppe noko sjakktrekk å stoppa skular som alt er godkjente). Eg er sterkt imot at det skal bli starta skular på kommersiell basis. Og eg syns me skal satsa på å ha ein god offentleg skule i framtida, der barn og unge som kjem frå ulik religiøs og kulturell bakgrunn, kan vera elevar saman. Likevel bør det vera rom for friskular av religiøs og pedagogisk art, slik det har vore i begrensa grad i lang tid i Norge. Men altså: det store frisleppet av nye friskular, til og med på kommersiell basis, som høgresida i norsk politikk opna opp for, trur eg er ei dårleg løysing!

Nobels Fredspris

I dag (10.12.2005) har Mohamed ElBaradei og organisasjonen International Atomic Energy Agency fått Nobels Fredspris i Oslo. Eg vil gjerne vera med blant gratulantane! Det er flott med folk som har eit engasjement mot atomvåpen.

Det er sjølvsagt mykje stoff om dette i mediene i dag. Eg har lese Aftenposten sin artikkel og anbefaler den gjerne vidare!

3. søndag i advent

Denne søndagen er det mykje snakk om Døyparen Johannes i kyrkjene. Korfor har han ein plass i den kristne forkynninga i adventstida? Jo, det dreier seg om at det skjedde noko grunnleggjande nytt då Jesus kom til jorda, og Johannes er ein overgangsskikkelse som peiker på det nye som bryt fram.

Likevel vil eg seia at det er Jesus og hans kome til oss som er i sentrum også på denne adventssøndagen. Bibeltekstane for dagen i dag utfordrar oss bl a på koss me tar imot han når han kjem. Du finn tekstane i Jes 40,1-8 / 2. Pet 1,19-21 og Matt 11,11-19 i Bibelen.

I evangelieteksten frå Matt 11 er det for øvrig eit bibelvers som det er svært omdiskutert koss ein skal omsetja. Eg tar med dette for å visa at NT 05 faktisk ikkje bare fornyar NT språkleg, men at den nye utgåva også følgjer utviklinga i bibelforskinga og gjer enkelte innhaldsmessige endringar der Bibelselskapet meiner det er best. Og eg har faktisk stor tiltru til dei teologane som arbeider med desse spørsmåla i Bibelselskapet!

I 1978/85-utgåva var Matt 11,12 omsett slik: «Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg.»

I NT 05 er verset omsett slik: «Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg.»

I omsetjarane sine kommentarar blir det slått fast at dette er eit omdiskutert bibelvers. Bakgrunnen for den nye omsetjinga er at ein ser for seg at det er forma med bakgrunn i den messianske teksten i Mika 2,12f. «Guds endelige inngripen i verdens historieløp nærmer seg med uimotståelig kraft (jfr Luk 16,16), og på samme måte som når en saueflokk trenger på for å komme gjennom grinda fra innhegningen og ut til de grønne gressgangene, slik trenger menneskene på for å komme inn i Guds Rike, til den messianske frihet.» (Kommentar til Matt 11,12 i NTR 3)

Relaterte artiklar:

Kaffi

«Kaffe er en sund og nærende drik som passer for mennesker der sidder meget og bedriver aandelige sysler.» Dette er eit av favorittsitata mine frå 1800-talet.

No kjem faktisk den seriøse nettstaden forskning.no og fortel at «korttidsminnet kan bli bedre av moderat kaffedrikking». Det er ei gruppe forskarar frå Østerrike som har påvist dette. Dette er forskning som støtter opp om mine erfaringar gjennom mange år, eg må vel innrømma at eg er rimeleg avhengig av kaffien. Problemet er bare det at dei tar med ordet moderat når dei omtalar kaffidrikking som noko positivt!

Vil du lesa meir om dette? Sjå forskning.no: Kaffe for korttidsminnet

Narnia

At Aslan er eit bilete på Kristus, er ikkje nokon stor nyhet for den som kjenner både Narnia og Bibelen. Derfor var eg litt overraska då eg las Vårt Land i dag (06.12.2005) og såg at avisa brukte det meste av førstesida på å bekrefta akkurat dette.

Men då eg las vidare, forstod eg at det har blitt argumentert kraftig mot ei slik tolking av Narniabøkene, og at til og med The Times nå har gått inn og dokumentert at den bibelske historia ligg gøymt bak historia om Narnia. OK, då er vel også dette ei sak!

Det blir sitert frå eit brev der forfattaren C.S.Lewis skal ha skrive: «Sett at det var virkelig fantes en verden som Narnia… og sett at Kristus ønsket å gå inn i denne verden og frelse den (slik han gjorde med vår), hva ville skjedd da? Fortellingene er mitt svar. Siden Narnia er en verden av snakkende dyr, tenkte jeg at han måtte bli et snakkende dyr der slik som han var et menneske her. Jeg tegnet et bilde av ham som en løve der fordi a) løven skal være dyrenes konge; b) Kristus er kalt «løven av Juda» i Bibelen.»

Sjølv gleder eg meg til den nye Narniafilmen kjem. Den har premiere 2. juledag (2005). Det skal bli fint «å koma tilbake til Narnia», for det er fleire år sidan eg sist las bøkene.

Det er elles mykje å lesa om Narnia på nettet. Kanskje ein ide å begynna med eit besøk hos Vennskapsforeningen Norge-Narnia?

Oppdatering 27. 12.2005: Nå har eg sett filmen. Les innlegget Ingen tam løve!

Kåring av Gullbloggen

Dagbladet kårar for tida (desember 2005) beste blogg i kategoriane: Politikk/nyhet, teknologi, U20 og Åpen klasse. I dag har dei kåra www.eirikso.com til vinnar i kategorien teknologi. Les intervju med Eirik Solheim som står bak vinnarbloggen her. Artikkelen inneheld også lenker til alle dei nominerte bloggane.

Eirik Solheim fortel at han starta bloggen som ein liten huskeliste for seg sjølve, og at han nå gjennomsnittleg har over 10000 unike brukarar pr månad. Ikkje verst! På spørsmål om koss han har greidd å få så mange lesarar, svarar han:

«Mange har bare funnet artiklene, jeg får en del treff fra Google. Men jeg er aktiv på nettet, leser og poster i mange forum og blogger. Leser jeg en interessant artikkel så lenker jeg til den fra min blogg. Da får den andre bloggen en trackback, og da kommer det en lenke til meg. Og så hender det jeg tipser Boingboing og andre blogger med mye trafikk om saker jeg har. Og når du først får en lenke på slike nettsteder er det mange som lenker til den saken igjen, og sånn baller det på seg.»

Søndag for fred og menneskerettar

Menneskrett_logo I dag markerer kyrkja Søndag for fred og menneskerettar. Dette er ein relativt ny tradisjon, og temaet er lagt til 2. søndag i advent fordi denne søndagen til vanleg kjem nær opp til 10. desember (FNs dag for menneskerettar og utdelinga av Nobels Fredspris).

Dette er for øvrig eit teikn på at kyrkja sine gamle tradisjonar er i endring. Nye tema kjem til og får si plassering i kyrkjeåret.

Eg saksar litt frå nettsida til Den norske kirkes nord/sør-informasjon:

"Jeg var fremmed…"
Freds- og menneskerettighetssøndagen 2005 setter fokus på asylsøkere, flyktninger og tatere, deres menneskeverd og krenkelse av deres menneskeverd.

Det er i år trukket fram tre grupper som trenger fokus og støtte og mot til å få styrket sitt menneskeverd:
a. asylsøkere og flyktninger i Norge (med fokus på Burma)
b. internt fordrevne og forfulgte i andre land (med fokus på Burma)
c. utsatte grupper i Norge (med fokus på taterne)

Det er flere organisasjoner og institusjoner som arbeider i forhold til disse grupper i Norge og i andre land, men kirken er en viktig medspiller – og kirken kan vise vei, lokalt og globalt.

Stavanger Domkirke

Thumbnail I dag (04.12.2005) reiste eg inn til Stavanger og gjekk på gudsteneste i Domkyrkja. Eg gjer av og til det når eg har frihelg. Domkyrkja er hovudkyrkja i Stavanger bispedøme, og det er eit levande gudstenesteliv der.

Eg syns det er ei heilt spesiell oppleving å vera med og feira gudsteneste i denne kyrkja, blant anna fordi denne menigheten har satsa spesielt på kvalitet innanfor liturgi, salmesong og kyrkjemusikk. Dei er svært bevisste på det dei gjer. Og dei har mange og gode ressursar innanfor song og musikk.

Dessutan er det store og gamle kyrkjerommet flott i seg sjølv og det er utruleg mykje fin gamal kyrkjekunst der. Eg er glad i historie, og den gamle bygningen gjer noko med meg. Dei lange linjene i den kristne kulturen vår blir tydelege. Her har rogalendingar æra Gud gjennom 800 år!

Gudstenestene er derimot ikkje spesielle når det gjeld budskapet som blir presentert. Her er det solid og god forkynning slik me finn det mange stadar i Den norske kyrkja. Det er meir det totale inntrykket som gjer gudstenestene i Domkyrkja til ei spesiell oppleving. Eg vil seia ei sterk åndeleg oppleving.

Normalt er det mange menneske på ei vanleg gudsteneste, idag var det kanskje litt færre enn eg hadde rekna med. Likevel traff eg kjentfolk, både frå Bryne, frå heimemenigheten min (Hinna i Stavanger) og blant folk eg kjenner som bur i Domkirkens menighet. Og det er jo heller ikkje uvesentleg!

2. søndag i advent

Denne helga er det 2. søndag i advent 2005. Det er ei veke sidan me fann fram den første adventspynten heime hos oss. Det eine lyset i adventsstaken har omtrent brunne ned, og frå søndag morgon skal det brenna to lys i staken. Eg har lese dei første kapitla i Julemysteriet av Jostein Gaarder. Og sjølvsagt har eg (som vanleg) også nokre andre leseprosjekt på gang!

Eg syns adventstida er ei fin tid. Det er mange gode tradisjonar knytt til desse vekene, både heime og i kyrkja. Og sjølv om eg er vaksen, har eg vel lov til å seia: Eg gleder meg til jul!

Adventstida handlar om at Jesus kjem til oss, og det på mange ulike måtar. Den andre søndagen i advent har som sitt spesielle tema at Jesus ein dag skal koma synleg tilbake til jorda. Når me høyrer og les om dette, er det viktig å huska at det er den same Jesus som kjem på denne måten, som me kan lesa om og bli kjent med gjennom Det nye testamentet.

«Julens lille barn, påskens lidende tjener og gjenkomstens seierherre er en og samme person.» Dette skriv ein av dei kristne forfattarane som eg har stor sans for, Knut Grønvik, i ein artikkel der han kommenterer bibelteksten for 2. søndag i advent.

Relaterte artiklar:

 

Teori og praksis

På kontoret mitt heime har eg eit oppslag med eit sitat eg har funne hos ein trafikkskule. Til ære for alle som slit med å ta lappen, tar eg det fram her. Teksten kan jo kanskje seia oss noko i andre samanhengar òg?

Teori er når man vet alt og ingenting stemmer. Praksis er når alt stemmer og ingen vet hvorfor. I dette rom blir teori og praksis forenet – ingenting stemmer og ingen vet hvorfor.