Haaretz om Jesu dåpsstad

29/01/2018

Den israelske avisa Haaretz hadde tidlegare i januar ein stor og illustrert artikkel om dåpsstaden Qasr el-Yahud i Jordanelva. Artikkelen er ganske kritisk til at området rundt staden ikkje er rydda for miner. Men den fortel også at det var 590.000 (!) besøkande på staden i 2017. Eg var éin av dei.

Eg har elles vore på staden fleire gonger etter at den opna igjen hausten 2011. Det har eg opplevd ufarleg, men det er ikkje ein stad der eg går utanfor inngjerda område! Sommaren 2011 køyrde eg inn til området i leigebil saman med familien min; eg hadde lese at staden skulle opnast og trudde det allereie var gjort. Det er gjerne ikkje det klokaste eg har gjort, – men det gjekk godt, det òg. Me blei heldigvis stoppa av store vegsperringar.

Her er artikkelen frå Haaretz 18.01.2018:

Christian Pilgrims From Across the World Come to Israel to Visit This Site. There’s Just One Problem: It’s Sitting in a Minefield
Despite promises they’ll be cleared away, land mines still dot the area abutting the Jordan River that’s known for the site where Jesus was baptized. Les meir

Det er interessant å lesa at det faktisk er eit engasjement for å få fjerna minene, sjølv om skribenten ikkje er så optimistisk omkring dette. Vidare er det ein del informasjon om historia til staden og om klostera i området. Det er også skildring av feiringa av epifania-festen i januar, med store prosesjoner. Eg har aldri vore der under slik feiring.

Artikkelen omtaler ein kristen spiritualitet som er fjern frå den eg er van med frå Den norske kyrkja. Her er det mange bilde av dåp (gjendåp?) i skittent elvevatn. Artikkelen siterer også ein som hevdar at staden er den tredje mest viktige kristne heilage staden i regionen, etter Fødselskyrkja i Betlehem og Gravkyrkja i Jerusalem. Om eg ikkje vil skriva under på dette, syns eg det er ein interessant stad å besøka.

Sjå relaterte notat her på bloggen:

Advertisements

Bibelhistorier: Jesu dåp

13/01/2016

Foto: Arne Berge 2012

Jesus blei døypt i Jordanelva av døyparen Johannes. Han opplevde sjølv at dette var noko som «måtte» skje, og me kan sjå på Jesu dåp som ei innviing til oppdraget hans.

Bildet er tatt på den tradisjonelle dåpsstaden nær Jeriko på Vestbreidda. Staden heiter Qasr al-Yahud på israelsk side og Al-Maghtas på jordansk side. Det er mogleg å gå ned til elva og vassa i det sterkt forureina vatnet, på begge sider av elva.

Her er historia slik den står i Evangeliet etter Matteus:

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (Matt 3,13-17)

Bibelhistoria fortel at Den heilage ande konkret kom over Jesus og at Guds røyst høyrdest frå himmelen. Men kven høyrde dette? Éin måte å forstå bibeltekstane på, er at det bare var Jesus og Johannes som høyrde dette. Og at andre som var til stades, truleg bare såg dua. Dei forstod ikkje at dette var Anden, og dei høyrde ikkje Guds røyst. Også idag må Guds handlingar tolkast. Den som bare er tilskodar, får ikkje med seg meir enn det ytre.

Er det ein samanheng mellom denne dåpshandlinga og den kristne dåpen me har i kyrkja? Det er vanleg å seia at Jesu dåp peiker fram mot hans død og oppstode, mens vår dåp byggjer på Jesu død og oppstode.

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å seia sikkert kvar Jesu dåp skjedde. Det nye testamentet  gjev ikkje nøyaktige geografiske opplysningar i denne saka. Men det er relativt sikkert at det skjedde ved Jordanelva (eller ei sideelv) mellom Gennesaretsjøen og Dødehavet. Det er i dag (minst) to såkalla dåpssstadar i dette området; i tillegg til Qasr al-Yahud er det også ein stad som heiter Yardenit (som ligg rett sør for Gennesaretsjøen). Den israelske avisa Haaretz hadde i 2014 ein interessant artikkel om stadane.

Baptism in the River Jordan
Ancient tradition meets modern ecology: Cleansing the soul, cleaning the water.

Av desse stadane har eg absolutt mest sans for Qasr al-Yahud. Staden er, som Haaretz påpeiker, meir autentisk (geografisk) og mindre kommersialisert enn Yardenit. Avisartikkelen legg elles vekt på den dårlege kvaliteten på vatnet, – og ser fram mot ei tid med reinare vatn i elva. La oss håpa den tid vil koma!

Avisa skriv ut frå perspektivet at kristne pilegrimar i vår tid blir døypte i elva. Ja, dette blir praktisert av ein del kristne trussamfunn. Eg er redd mykje av dette er gjendåp, noko eg har lite sans for. For meg betyr det meir å sjå på elva som stad for døyparen Johannes sin aktivitet og for Jesu dåp.

Hendinga er med i alle dei fire evangelia. Men me kan merka oss at evangelisten Johannes (altså ikkje døyparen), ikkje spesifikt nemner at Jesus blei døypt. Han er meir opptatt av at døyparen her peiker på kven Jesus er:

    29 Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31 Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»32 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34 Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.» (Joh 1,29-34)

Bibelhistoria om Jesu dåp er ein del av forteljingsteksten på 2. søndag i openberringstida (Matt 3,13-4,11). 

Relaterte notat:


Jordanelva som symbol

06/11/2010

Elva Jordan har stor symbolkraft. I historia om Israelsfolket si ferd frå slaveriet i Egypt er kryssinga av Jordan det siste hinderet undervegs til det lova landet. Dermed har elva blitt symbol på fridom. Men den er også eit symbol på døden, overgangen frå dette livet til det evige livet.

I ein av dei kjente negro spirituals finn me for eksempel dette verset:

Jordan’s river is chilly and cold, hallelujah.
Kills the body but not the soul, hallelujah.

Kartet er henta frå Wikipedias artikkel om elva.

Ei av dei finaste skildringane eg har sett av Jordanelva, står i den klassiske boka The Historical Geography of the Holy Land av George Adam Smith. Boka kom første gong ut i 1894 og har sidan kome ut i utallige opplag. Mi utgåve er gjeven ut i Jerusalem i 1974. Les meir om boka hos Ritmeyer.

Slik skriv Smith om Jordanelva:

Among the rivers of the world the Jordan is unique by a twofold distinction of Nature and History. Hundreds of other streams are more large, useful, or beautiful; none has been more spoken about by mankind. Other rivers have awakened a richer poetry in the peoples through whom they pass – for the references to Jordan in the Bible are few, and, with two or three exceptions, prosaic – but of none has the music sounded so far or so pleasantly, across the world. There are holy waters which annually attract a greater number of pilgrims, but to none do pilgrims travel from such various and distant lands. In influence upon the imagination of man, the Nile is perhaps the Jordan’s only competitor. He has drown to his valley one after another of the greatest races of the world; his mystery and annual miracle have impressed the mind equally of ancient and of modern man. But the Nile has never been adopted by a universal religion. To the fathers of human civilisation that silent flood, which cut their land in two, across which their dead were ferried, and the Lord Sun himself passed daily to his death among the desert hills, was the symbolic border of the next world. But who now knows this, who feels it, save as a fact of ancient history? Whereas, still to half the world, the short, thin thread of the Jordan is the symbol of both frontiers of the spirit’s life on earth – the baptism through which it passes into God’s Church, and the waters of death which devide this pilgrim fellowship from the Promised Land.

Jordan er, som Smith skriv, relativt beskjeden til å ha blitt så berømt. Elva renn i Jordandalen ned til Dødehavet. Kjeldene er lengst nord i Israel, i området nær Hermonfjellet. Jordandalen er ein liten del av Great Rift Valley; mykje av dalen ligg lågare enn havet. Gennesaretsjøen ligg ca 210 m.u.h. og Dødehavet ca 400 m.u.h. Jordanelva er altså også unik ved at den renn ned til det lågaste punktet på jorda.


%d bloggarar likar dette: