På tur ned Samariaravinen på Kreta

IMG_6288.jpg
Samariaravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Turen ned Samariaravinen på Kreta er ei flott oppleving. Undervegs er det mykje å sjå, både av vill natur og kulturhistoriske spor.

Løypa gjennom nasjonalparken startar høgt oppe, mellom enda høgare fjell, og går nedover ein stadig trongare fjellkløft før den endar i landsbyen Ágia Rouméli nede ved havet. På det smalaste er botnen av ravinen tre til fire meter brei og fjellsidene fleire hundre meter høge. Dei mest rasutsette stadane var merka med beskjed om å gå fort forbi denne staden!

Inger og eg tok buss frå landsbyen Paleochora, der me er på ferie, til Xyloskalo der turen starta 1227 meter over havet. Derfrå er det 16 km å gå til Ágia Rouméli, av desse er 13 km innanfor nasjonalparken sitt område. Etter eit bad på stranda, tok me ferje tilbake til Paleochora om kvelden.

Det må seiast at me ikkje var aleine på turen gjennom ravinen. Det var nokre hundre, kanskje også nokre tusen andre, som gjekk turen denne dagen. Me gjekk i kø nedover stien det første kvarteret. Etter dette hadde me ikkje oppleving av å gå i kø, sjølv om me heile tida hadde folk rundt oss.

Området var godt tilrettelagt for å ta imot så mange gjestar. Det var reint vatn å drikka mange stadar, og tilsette frå nasjonalparken på fleire stasjonar undervegs. Det var toalett, men ikkje nokon serveringsstadar. Det var kanskje like greitt, men då eg hadde gått turen var det godt med kaffi på kafeen utanfor parken!

Namnet på ravinen har elles ikkje noko å gjera med det bibelske landskapet Samaria. Dei fleste meiner namnet kjem frå Mariakapellet i den gamle landsbyen midt inne i ravinen. Landsbyen Samaria blei endeleg fråflytta då området blei naturpark i 1962. Men det er også dei forskarane som meiner at namnet må vera eldre enn busetnaden der, og at det dermed har andre språklege røter.

Vidare let eg nokre av bilda frå turen tala om kva som er å sjå.

Det første bildet viser utsikta frå startpunktet Xyloskalo. Herfrå går det bare ein veg, – nedover!

IMG_6209.jpg
Utsikt frå Xyloskalo. Foto: Arne Berge 2018

Det neste bildet viser fjellet Gingilos på 2080 moh. Det ragar mektig over startpunktet for turen.

Gingilos. Foto: Arne Berge 2018

Etter ei kraftig nedstigning kom me til Ayios Nikolaos. Her er det ein skog av imponerande sypressar. Treet eg står ved sidan av her, skal visstnok vera 600 år gamalt.

IMG_6223.jpg

Her er det også mange flotte blomar å sjå.

IMG_6230.jpg
Ved Ayois Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018

Staden har namn etter Ayios Nikolaos, altså St. Nikolaus. Her er det sjølvsagt eit gamalt Nikolaus-kapell med ein enkel ikonostasis framfor altarområdet.

Ayios Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018
Ikonostasis i Ayios Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018

Litt lenger nede i ravinen kom me til landsbyen Samaria. Her ligg dette vakre Kristus-kapellet, som dessverre var låst.

IMG_6249.jpg

Etter landsbyen begynte ravinen å bli verkeleg smal. Her går det uttørka elveleiet mellom bratte fjellsider.

IMG_6262 (1).jpg
Samariaravinen. Foto: Arne Berge 2018

Lenger nede i ravinen kom me til eit nytt Kristus-kapell. Dette var ope.

IMG_6285
Christos, Samariaravinen. Foto: Arne Berge 2018
Ikonostasis i Kristuskapellet, Christos. Foto: Arne Berge 2018

Etter dette kom me til det smalaste partiet i ravinen. Dette var bare veldig imponerande og flott natur! Eg tar med dette bildet ein gong til, som avrunding av bildeserien.

Samariaravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Sjå også notatet Anidri: kyrkje, ravine og strand.

One thought on “På tur ned Samariaravinen på Kreta”

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.