Getsemane og Oljeberget

21/04/2011

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Getsemane er eit kjent stadnamn frå Bibelen, knytt til Jesu lidingshistorie. Biletet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda. Biletet er tatt frå den muslimske gravplassen som ligg langs austsida av tempelplassen. Du kan derfor sjå muslimske graver i forgrunnen.

Eg vel å ta fram dette biletet og stoff frå tidlegare notat om Getsemane nå i påsken. Biletet pryder apriloppslaget på ein fransk kalender for 2011, gjeve ut av dei katolske organisasjonane Légionnaires du Christ og Regnum Christi. Dei fann biletet på Flickr og bad om å få bruka det. Seinare fekk eg kalenderen i posten saman med eit hyggeleg takkebrev frå ei Carina som fortel at ho arbeider for Magdala Center Project. Altså eit lite økumenisk bidrag som til og med har ei lenke til eit bibelarkeologisk prosjekt!

Tilbake til biletet. Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om området ved Getsemanegrotta (til venstre på biletet, ovanfor vegen som går på tvers), Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Les me bibelforteljingane nøye, ser me at Jesus og disiplane truleg relativt ofte var samla i Getsemane. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Kanskje dette var ein slik stad?

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja.  Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

(Oppdatering: Sjå også notatet Gamle oliventre i Getsemane frå 2012).

Tradisjonen knyter Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden?

Relaterte notat:

Advertisements

Pilatus si borg

24/03/2005

Jesus blei ført frå dei jødiske leiarane som var samla i Kaifas» hus, til den romerske leiaren Pilatus, som var i Jerusalem pga jødane si påskehøgtid. Det var alltid mange tilreisande pilegrimar i Jerusalem i påsken, og romarane var redde for kva som kunne koma til å skje. Derfor var dei sterkt representerte i byen, både med den øvste leiinga si og med mange soldatar. Til vanleg var Pilatus busett i hovudstaden Caesarea, som låg ved kysten.

Dei romerske makthavarane hadde gjort det for vane å overta dei tidlegare herskarane sitt hovudkvarter. Slik hadde dei gjort overalt i Romarriket, og slik var det i Jerusalem òg. Me kan derfor rekna med at Jesus blei ført fram for Pilatus i ei borg eller eit palass som tidlegare hadde tilhøyrt kong Herodes. Men her har me eit problem: Me veit om tre ulike borgar og palass frå Herodes si tid. NT gir oss få haldepunkt når me vil finna fram til kor Pilatus var, bortset frå at det i den greske teksten skin gjennom at Jesus blei dømt på ein høgtliggjande stad i byen.

Dei tre aktuelle stadane er

  • Antoniaborga, like nord for Tempelplassen
  • Herodes sitt palass (også kalla Vestpalasset), der Citadellet står i dag
  • Det hasmoneiske kongepalasset, det gamle palasset der Herodes budde den første tida han var konge, før han fekk bygd Vestpalasset

Romarane kalla dette hovudkvarteret sitt for Pretoriet. I engelske bibelomsetjingar har ein tatt vare på dette ordet, mens vår norske bibel omset dette med borga.

Bli med på ei vandring for å leita etter desse tre moglege stadane for Pilatus si borg i Gamlebyen i Jerusalem!

Antoniaborga

Me går først til utgangspunktet for vegen som i dag blir kalla Via Dolorosa. Dette er ein veg der det er lagt til rette for andakt, samtidig som det er ein hektisk markedsgate der turistar og pilegrimar nærast blir overfalt med tilbod om «special price for you». Undervegs er det 14 andaktsstasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Antoniaborga låg der denne vegen begynner. Her var dei romerske soldatane stasjonerte på Jesu tid. Kristen tradisjon har heilt tilbake til 1200-talet (korsfarartida) knytt Pilatus til denne staden, og lenge hadde denne tradisjonen støtte av den moderne arkeologiske forskinga. Ikkje minst var ein opptatt av den hellelagte plassen Lithostrotos, som er graven fram under Via Dolorosa. Ein tenkte at dette var den helleplassen som er nemnt i Johannesevangeliet:

Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut av borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. (Joh 19,13)

Seinare er det påvist at denne hellelagte plassen under dagens Via Dolorosa fekk sin form 100 år etter Jesu tid, då Hadrian bygde ein romersk by over ruinane av det gamle Jerusalem. Men sjølv om denne plassen ikkje er den Helleplassen som er nemnt i Johannesevangeliet, er det ein fascinerande stad som gir eit inntrykk av koss det kan ha vore der Jesus blei dømt. Desse gamle hellene er trass alt frå ca år 135 e.Kr.

Herodes sitt palass / Vestpalasset

Dei fleste historikarane og arkeologane vil i dag heller seia at Jesus blei dømt i det som den gong var eit praktfullt og relativt nytt slott, bygd av Herodes. Borga som ligg der i dag, Citadellet, er stort sett mykje nyare, men enkelte av murane og den nederste delen av det største tårnet (biletet) går tilbake til Herodes sitt byggverk. Det er naturleg at Pilatus budde her når han var i Jerusalem. Her kunne han ha eit liv i luksus, for Herodes hadde ikkje spart på noko når han bygde seg nytt palass. Og sidan me må gå ut frå at det var her Pilatus budde, trekk dei fleste den konklusjonen at det var her Jesus blei dømt. Likevel har fleire forskarar dei siste åra gått mot dette synspunktet, inspirert av ein arkeolog og munk som heiter Bargil Pixner (død 2002). Eg har lese Pixner sine artiklar om temaet, og fekk i 2001 høve til å treffa han fleire gonger. Hovudargumentet til Pixner er at den kristne tradisjonen aldri har knytt Jesus til denne staden. Eg trur han har rett i at me må leita heilt andre stadar for å finna staden der Jesus blei dømt.

Det hasmoneiske palasset

Me går derfor vidare gjennom Gamlebyen til Vestmuren  («Klagemuren»), som er jødane sin heilage stad ved Tempelplassen. Derfrå går me opp trappene i det brattet henget tvers overfor muren. Då kjem me opp i det moderne jødiske kvarteret. På toppen av trappene ser me rett over på Tempelplassen, og under oss ligg den store plassen ved Vestmuren. Dalen me ser framfor oss, er det som er igjen av Tyropoiondalen, ein viktig del av Jerusalem på Jesu tid.

Då pilegrimane kom til Jerusalem i bysantinsk tid, den 300 år lange perioden Jerusalem var under kristent styre (ca 325 – 638), blei dei vist fram til ruinane etter Pilatus sitt hovudkvarter i denne dalen. På 400-talet blei Hagia Sofia, den heilage visdomen si kyrkje, bygd over desse ruinane. Her æra pilegrimane Jesus som stod fram som Guds visdom i møte med verda sin visdom. Hagia Sofia blei dessverre øydelagt då persarane tok Jerusalem i år 614.

Dei historikarane som legg vekt på denne tradisjonen, tenkjer seg at Hagia Sofia verkeleg blei bygd der Jesus blei dømt til døden. Teorien går då ut på at Pilatus førte rettssaka mot Jesus i eit gamalt kongepalass som låg her og som blir kalla det hasmoneiske palasset etter kongefamilien som bygde det. Her hadde Herodes budd den første perioden av regjeringstida si, før han bygde det nye slottet lenger vest. Kanskje brukte Pilatus dette gamle slottet som rettslokale, mens han budde i det nyare og meir lukseriøse slottet?

Når det gjeld plasseringa av det hasmoneiske palasset, får me hjelp av historikaren Josefus sine skrifter. Det han skriv om staden, tyder på at det låg her i dette bratte henget tvers overfor Vestmuren. På toppen av desse trappene ligg det, delvis skjult, ein kyrkjeruin frå korsfarartida (den tyske Mariakyrkja). Denne kyrkjeruinen kan tena som utgangspunkt for den som søkjer etter staden der Jesus blei dømt i følgje denne teorien.

Finst det nokon spor etter dette hasmoneiske kongepalasset ved Tyropoiondalen? Her er historikarane ueinige. Truleg må me plassera palasset ut frå Josefus sine opplysningar, heller enn ut frå arkeologiske utgravingar. Det finst rett nok dei som hevdar at me kan sjå restar etter palasset i dei utgravingane som blir kalla The Herodian Quarter, som ligg i dette området. Dette er utgravingar som viser restar etter store rikmannsbustadar frå Jesu tid. Dei ligg i eit museum under eit moderne nybygg i det jødiske kvarteret. Men det er langt frå bevist at dette er ein del av det hasmoneiske kongepalasset. Ein del forskarar vil heller seia at denne staden viser oss koss øvstepresten og hans familie budde.

I 2001 hadde eg studiepermisjon og arbeidde med eit studieprosjekt eg kalla Jesu lidingsveg. Innhald og lokalisering. Då arbeidde eg bl.a. med kva arkeologar og historikarar meiner om lokaliseringa av Pilatus si borg. Eg har trukke den konklusjonen at det er sannsynleg at den gamle tradisjonen som seier at Pilatus dømte Jesus ein stad i Tyropoiondalen, er påliteleg. Eg trur derfor at Pilatus har brukt det hasmoneiske palasset som sitt pretorium (rettslege hovudkvarter), og at det var der Jesus blei dømt til døden.

Oppdatering: Den som vil lesa ein meir omfattande artikkel med argumentasjon for dette, kan lesa det eg skreiv etter studiet i 2001: Øvstepresten sitt palass og Pilatus sitt pretorium. Om lokaliseringa av Jesu lidingsveg i Jerusalem. Artikkelen stod i Tidsskrift for teologi og kirke nr 4/2001.


Grotta i Getsemane

22/02/2005

Nå i vekene fram mot påske skriv eg nokre artiklar om tekstar og stadar knytt til Jesu lidingshistorie i Jerusalem. Her kjem den siste av fleire artiklar om Getsemanehagen ved foten av Oljeberget, like aust for Gamlebyen i Jerusalem. Etterkvart skal det koma fleire artiklar om resten av lidingshistoria. Bli med meg vidare, på sporet av Jesus!

Dei fleste som kjem til Getsemane er opptatt av å sjå Alle Nasjonars kyrkje og dei gamle oliventrea utanfor kyrkja. Men like i nærleiken er det ein annan og mindre kjent stad som utfyller opplevinga i kyrkja. Her ligg det ei lita grotte som i fleire hundre år har vore innreia som eit kapell.

Tradisjonen knyter denne grotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden?

Lukas fortel, tidlegare i forteljinga om Jesu siste påske: Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget og var der om natta. (Luk 21,37)

Kanskje var det her Nikodemus kom om natta for å snakka med Jesus om trua på Gud?

Viss tradisjonen har rett, og det er faktisk ikkje så usannsynleg, var dette staden der Judas forrådte Jesus med eit kyss og der Jesus blei tatt til fange.

Jesus sa: De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar. Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår. (Luk 22,52-53)

Tradisjonen om denne staden er svært gamal. Fleire skriftlege kjelder frå 300-talet nemner denne grotta og knyter den til Jesus og disiplane. Og desse kjeldene byggjer på den lokalkunnskapen som den første kristne menigheten i Jerusalem hadde.

Eg huskar spesielt ein gong eg kom til grotta. Det var ein varm dag og eg skunda meg inn i den kjølige lufta inne i grotta. Munken som passa staden, gjekk med langkost og vaska golvet. Han hadde ein CD med salmesong i musikkanlegget. Eg blei venleg, men bestemt plassert på ein stol mens han vaska ferdig. Så kunne eg få gå rundt og sjå. Han gav meg ein brosjyre som viste til aktuelle bibelstadar, fortalde historia om staden og som inneheldt ei bøn som kunne hjelpa meg og andre besøkjande til å ha ein andaktstund ved altaret i grotta.

Tankane gjekk til forteljingane om Jesus og disiplane. Så makta de ikkje å vaka éin time med meg? sa Jesus til Peter. Han var nok skuffa av disippelen som han elska så høgt. Eg trur nok eg ville ha sovna, eg òg, om eg hadde vore der. Og eg skuffar nok Jesus mange gonger, i mitt liv i dag. Det gir verkeleg ein del stoff til ettertanke, å sitja der i grotta i Getsemane. Samtidig er det befriande å vita at Jesus gjekk inn i lidinga, nettopp for å frelsa oss vanlege menneske. Eg kjem enda ein gong tilbake til det grunnleggjande i trua: For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3,16)

Den som vil lesa ein grundigare artikkel om grotta, kan sjå her.


Alle Nasjonars kyrkje

18/02/2005

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Ein gong eg kom til kyrkja, opplevde eg å vera der ein stund heilt åleine. Eg syns det var flott. Eg knelte ned framfor den flate klippa. Og eg studerte dei store mosaikk-bileta over altaret. Det er tre store bilete som viser til forteljingar knytt til denne staden: Det første biletet viser Judas som forråder Jesus, det andre viser Jesus i bønekampen og det tredje viser Jesus som seier «Eg er».

Men plusteleg var det slutt på freden og roen! Inn velta det ei gruppe amerikanske turistar som stort sett var opptatt av å ta masse bilete med blitz, trass i at det står oppslag om ikkje å gjera det. Deretter song dei eit halleluja-vers og hasta så vidare til ein ny stad. Mon tru om dei opplevde noko heilagt med denne staden? Eller var det bare var ein severdighet for dei? Det skal òg nemnast at det kom enda ei gruppe turistar mens eg var i kyrkja. Dei hadde heldigvis litt meir ro over seg.

Mange som kjem til Getsemane, er mest opptatte av hagen utanfor kyrkja. Her står det nokre eldgamle oliventre. Mange guidar vil nok hevda at desse er så gamle at dei var vitne til Jesu bønekamp her i Getsemane. Det syns eg ikkje er logisk. Om dei verkeleg skulle vera frå det første hundreåret (og slike tre kan visst bli så gamle!), må dei ha vakse opp etter år 70, då romerske soldatar hogg ned og brann opp alt brennbart under beleiringa av Jerusalem.

(Oppdatering: Sjå notatet Gamle oliventre i Getsemane frå 2012)

Likevel, sjølv om eg er skeptisk når nokon prøver å fortelja meg at desse trea stod der då Jesus levde, så gjer desse gamle trea inntrykk! Dei er spesielle, og Getsemane er ein spesiell plass. Staden er sterkt knytt til Jesu siste påske. Her kjem tekstane om koss Jesus kjempa i bøn like før han gjekk inn i lidinga og døden, svært nær.

Det må òg seiast at hagen ikkje er stor, og dessverre er det visst nødvendig å gjerda den inne. Me som besøkjer staden, får altså ikkje lov til å gå inn mellom trea. Vel, vel. Eg innser at viss alle turistar som ville, kunne brekka av ei grein for å ta den med heim, ville desse trea si lange historie få ein brå slutt!


%d bloggarar likar dette: