Cæsarea, historisk stad i utvikling

Promontory Palace, Caesarea
Promontory Palace / Oddepalasset, Cæsarea. Foto: Arne Berge 2015

Cæsarea ved havet (Caesarea Maritima) er ein viktig og svært interessant historisk stad i Israel. Nå melder Haaretz at det er store prosjekt på gang for vidareutvikling av staden.

Det er 700.000 besøkande i Caesarea National Park i løpet av året, og talet er veksande. Eg satsar på å bli med i den statistikken før året er omme, – og neste år satsar eg på å ha staden med på programmet for ein av turane som Inger og eg er reiseleiarar for.

På Jesu tid var dette hovudstaden der Pontius Pilatus budde. Byen var hovudstad i Palestina heilt fram til 600-talet, altså i romersk og bysantinsk tid. Det var under Herodes den store byen fekk si tyding. Han bygde opp den opp i løpet av bare 12 år, frå 22 til 10 f. Kr., med teater, amfiteater, tempel, palass og ikkje minst ei viktig hamn.

I forrige veke (16.08.2018) hadde Haaretz eit stort oppslag om vidareutvikling av den historiske staden:

Can Caesarea Become the Acropolis of Israeli Tourism?
In one of Israel’s most expensive restoration projects ever, the city’s ancient theater will be revealed, together with about 90 percent of the old city and the port.

(…)

Sarig explains the process: The Antiquities Authority has done mapping in the 500-dunam historical space. There are 26 focal points that are worthy of restoration. Seven of them are phenomenal — such as the aqueduct, the Herodian wall, the arches in the port and the towers along the Crusader wall. The current major project is development of the huge arches, which were used as storehouses 2,000 years ago; 87 million shekels (about $23.5 million) are now being invested in this project. It’s hard to find a precedent in Israel for a similar project on an ancient site.

(…)

As part of the restoration of the arches, impressive remains of the Temple of Rome and Augustus were exposed. This is part of the temple platform built by Herod in the first century CE, which overlooked the entire city.

(…)

In addition to restoration of the arches, the wall promenade, a vestige from the Crusader period, is now being developed. On the wall, which is eight meters tall and three meters wide, there were 16 towers. At the northern end of the site the ancient synagogue from the period of the Great Revolt, which is mentioned in the Talmud and the writings of Josephus Flavius, is now being excavated.

Les meir

(Artikkelen er i utgangspunktet bak ein betalingsmur. Men ein kan, ved å registrera seg, få gratis tilgang til nokre artiklar pr månad.)

Som det kjem fram i utdraget av artikkelen, har byen vore viktig i fleire ulike tidsepokar.

Kyrkjehistorisk hadde byen si store tyding i oldkyrkja ved at Origenes flytte hit på 230-talet. Han bygde opp eit bibliotek som blei det nest største i verda etter Alexandria. Hans elev Eusebius blei biskop i Cæsarea i 314. Han er kjent som den første kyrkjehistorikaren og den første som arbeidde systematisk med bibelsk geografi.

Byen fekk ny tyding i korsfarartida, og det er store og imponerande restar av korsfararbyen på staden.

Men Cæsarea har ein viktig plass allereie i Det nye testamentet. Her blei Kornelius døypt, som den første ikkje-jøden (Apg 10). Her var hamna Paulus brukte under misjonsreisene sine (Apg 18,22). Her sat Paulus i fengsel (Oddepalasset, bildet) og her heldt han den store forsvarstalen sin for kong Agrippa (Apg 23,23 til 27,1).

Sjå også notatet Kor døydde Herodes Agrippa? (2010).

Les meir om Cæsarea:

Biblical Studies Carnival 149

Biblical Studies Carnival for juli 2018 er nå publisert på bloggen til Karen R. Keen med tittelen Biblical Studies Carnival 149 Has Come to Town!

Karnevalet er ei oversikt med lenker til faglege bibliobloggar den siste månaden. Karen R. Keen forklarar konseptet slik:

… there are a lot of scholars out there on the internet writing insightful things (or making an attempt anyway), so each month we have a Carnival to highlight what folk have been saying over the past few weeks. (…)  The material is divided into the following sections:

Hebrew Bible/Old Testament
Early Jewish Texts (extra-Biblical)
New Testament
Bible and Culture
Manuscripts/Textual Criticism (General)
Pedagogy
Book Reviews
Announcements
Bonus: List of Women Scholar Bloggers

Eg har med ujamne mellomrom hatt tilvising til denne månadlege oversikta her på bloggen. Éin gong har eg faktisk også registrert at eit notat her på bloggen har vore nemnt (her). Eg hadde då skrive om mosaikken som er funnen i Megiddo.

Bilde av St. Olav i Fødselskyrkja

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem
Olav den heilage i Fødselskyrkja, bilde frå Dreyers kalender 1941

Dette eldste kjente bildet av St. Olav er måla på ei av søylene i Fødselskyrkja i Betlehem. Bildet har lenge vore svært utydeleg. Eg var innom Fødselskyrkja tidlegare i sommar (2018), og fekk sjå at bilda på søylene nå er under restaurering i samband med det store prosjektet The Restoration of the Church of Nativity – Bethlehem.

Sjølv har eg bildet frå eit kalenderblad frå 1941, utgitt av Dreyers grafiske anstalt i Stavanger. Her blir bildet tidfesta til 1165-1180. Kanskje er det enda eldre? Historikaren Trond Norén Isaksen daterer bildet til rundt 1150-1160 i boka Hellig krig om Norges krone (s. 160). Eg har lånt ut bildet frå kalenderbladet til denne boka.

Sjå også det tidlegare notatet St Olav i Betlehem.

Anidri: kyrkje, ravine og strand

Agios Georgios, kyrkja i Anidri. Foto: Arne Berge 2018

Anidri er ein liten landsby nær Paleochora på Kreta. I området her er det mykje fint å sjå og oppleva. Inger og eg valde ein enkel variant; me tok taxi frå Paleochora opp til landsbyen. Her blei det besøk i tavernaen og kyrkja, før me gjekk stien ned Anidriravinen til den flotte sandstranda Gialiskari og vidare på grusvegen tilbake til Paleochora.

Dette er ein enkel og lite krevjande tur, men det blei ein fin dag med gode opplevingar. Turen starta i tavernaen i den nedlagde skulen (i drift 1933-1971). Frå den overbygde terrassen er det flott utsikt ut mot havet. Under oss ligg kyrkja og ravinen som me skal gå ned.

Anidri. Foto: Arne Berge 2018

Like nedanfor tavernaen ligg kyrkja Agios Georgios, altså St. Georg. Kyrkja er frå 1323 og har fresko-måleri frå denne tida. Freskoane er måla av Ioannis Pagomenos. Det er alltid interessant å møta kunst som viser St. Georg, som eg som gamal speidar har eit spesielt forhold til.

Agios Georgios, Anidri. Foto: Arne Berge 2018

Etter besøket i den gamle kyrkja begynte me på stien nedover mot havet. Den første delen av stien går innanfor bebyggelsen. Her møtte me ulike formar for jordbruk og dyrehald.

Frå Anidriravinen. Foto: Arne Berge 2018

Frå Anidriravinen. Foto: Arne Berge 2018

Turen ned ravinen er bare ca 2 km lang. Høgdeforskjellen er ca 200 meter. Det er ein lett sti å gå. Éin stad er det ein skrent der det er lagt ut taustige.

Anidriravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Anidriravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Etter ein snau times vandring i lett terreng, kom me fram til den innbydande sandstranda Gialiskari. Her blei me verande nokre timar.

Sandstranda Gialiskari. Foto: Arne Berge 2018

Tidleg på kvelden gjekk me tilbake til Paleochora, ein tur på ca 4 km på grusveg langs havet.

Eg skreiv at me valde ein enkel variant då me tok taxi opp til Anidri. Det er også mogleg å gå på sti opp til landsbyen.

Inger og eg gjekk ned to ravinar i ferien på Kreta, ein kort og ein lang. Sjå også notatet På tur ned Samariaravinen.

På tur ned Samariaravinen på Kreta

IMG_6288.jpg
Samariaravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Turen ned Samariaravinen på Kreta er ei flott oppleving. Undervegs er det mykje å sjå, både av vill natur og kulturhistoriske spor.

Løypa gjennom nasjonalparken startar høgt oppe, mellom enda høgare fjell, og går nedover ein stadig trongare fjellkløft før den endar i landsbyen Ágia Rouméli nede ved havet. På det smalaste er botnen av ravinen tre til fire meter brei og fjellsidene fleire hundre meter høge. Dei mest rasutsette stadane var merka med beskjed om å gå fort forbi denne staden!

Inger og eg tok buss frå landsbyen Paleochora, der me er på ferie, til Xyloskalo der turen starta 1227 meter over havet. Derfrå er det 16 km å gå til Ágia Rouméli, av desse er 13 km innanfor nasjonalparken sitt område. Etter eit bad på stranda, tok me ferje tilbake til Paleochora om kvelden.

Det må seiast at me ikkje var aleine på turen gjennom ravinen. Det var nokre hundre, kanskje også nokre tusen andre, som gjekk turen denne dagen. Me gjekk i kø nedover stien det første kvarteret. Etter dette hadde me ikkje oppleving av å gå i kø, sjølv om me heile tida hadde folk rundt oss.

Området var godt tilrettelagt for å ta imot så mange gjestar. Det var reint vatn å drikka mange stadar, og tilsette frå nasjonalparken på fleire stasjonar undervegs. Det var toalett, men ikkje nokon serveringsstadar. Det var kanskje like greitt, men då eg hadde gått turen var det godt med kaffi på kafeen utanfor parken!

Namnet på ravinen har elles ikkje noko å gjera med det bibelske landskapet Samaria. Dei fleste meiner namnet kjem frå Mariakapellet i den gamle landsbyen midt inne i ravinen. Landsbyen Samaria blei endeleg fråflytta då området blei naturpark i 1962. Men det er også dei forskarane som meiner at namnet må vera eldre enn busetnaden der, og at det dermed har andre språklege røter.

Vidare let eg nokre av bilda frå turen tala om kva som er å sjå.

Det første bildet viser utsikta frå startpunktet Xyloskalo. Herfrå går det bare ein veg, – nedover!

IMG_6209.jpg
Utsikt frå Xyloskalo. Foto: Arne Berge 2018

Det neste bildet viser fjellet Gingilos på 2080 moh. Det ragar mektig over startpunktet for turen.

Gingilos. Foto: Arne Berge 2018

Etter ei kraftig nedstigning kom me til Ayios Nikolaos. Her er det ein skog av imponerande sypressar. Treet eg står ved sidan av her, skal visstnok vera 600 år gamalt.

IMG_6223.jpg

Her er det også mange flotte blomar å sjå.

IMG_6230.jpg
Ved Ayois Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018

Staden har namn etter Ayios Nikolaos, altså St. Nikolaus. Her er det sjølvsagt eit gamalt Nikolaus-kapell med ein enkel ikonostasis framfor altarområdet.

Ayios Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018

Ikonostasis i Ayios Nikolaos. Foto: Arne Berge 2018

Litt lenger nede i ravinen kom me til landsbyen Samaria. Her ligg dette vakre Kristus-kapellet, som dessverre var låst.

IMG_6249.jpg

Etter landsbyen begynte ravinen å bli verkeleg smal. Her går det uttørka elveleiet mellom bratte fjellsider.

IMG_6262 (1).jpg
Samariaravinen. Foto: Arne Berge 2018

Lenger nede i ravinen kom me til eit nytt Kristus-kapell. Dette var ope.

IMG_6285
Christos, Samariaravinen. Foto: Arne Berge 2018

Ikonostasis i Kristuskapellet, Christos. Foto: Arne Berge 2018

Etter dette kom me til det smalaste partiet i ravinen. Dette var bare veldig imponerande og flott natur! Eg tar med dette bildet ein gong til, som avrunding av bildeserien.

Samariaravinen. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Sjå også notatet Anidri: kyrkje, ravine og strand.

På taket av Gamlebyen

Jerusalem, byen med heilage stadar for tre religionar

Gamlebyen i Jerusalem. Foto Arne Berge 2009

Juni 2018:

Eg reiser snart til Israel og dei palestinske områda igjen. Denne gong som reiseleiar for familie- og ungdomstur frå Hinna menighet. Det blir nok mange høgdepunkt. Eg er rimeleg sikker på at for eksempel Gamlebyen i Jerusalem vil gjera inntrykk på mange som reiser til byen for første gong!

Bildet er tatt frå takterrassen på Austrian Hospice of the Holy Family, ved Via Dolorosa. Men til tross for at eg er på eit kristent gjestehus, er eg i det muslimske kvarteret. Slik er Jerusalem!

Det er mykje stoff om byen her på bloggen. Sjå f eks serien om Jerusalems 10 på topp:

Vinpresse i Zippori

IMG_4099
Frå sisternene i Zippori. Foto: Arne Berge 2017

Eg har fleire gonger dei siste åra vore innom utgravingane etter den historiske byen Zippori/Sepphoris i Galilea, blant anna som viktig plass for ein lang og god pause når eg går pilegrimsvandring på Jesus trail. Sjå bilde av landskapet her.

Nå les eg om eit nytt arkeologisk funn på staden; det er funne restar etter to interessante vinpresser frå bysantinsk tid. Arkeologen som uttaler seg, meiner dette er eit teikn på omfattande vinhandel i byen i denne perioden (4. til 7. hundreår). Funna er gjort nede i dei store sisternene like utanfor byen. Eg har tidlegare skrive om desse sisternene her: Sisternene i Zippori.

Her kan du lesa ein artikkel i The Times of Israel (10.06.2018) om funnet og sjå bilde av vinpressene:

Unique Byzantine-era winepresses unearthed in roofed water cistern in Tzippori.

The only examples of their kind discovered to date, they are a testament to a flourishing wine trade in the interfaith city

Zippori / Sepphoris har ei rik historie gjennom forskjellige historiske epoker. Herodes Antipas bygde den opp på nytt som hovudstad i riket sitt på Jesu tid. Og artikkelen i The Times of Israel omtaler den bysantinske tida i byen slik: «Tzippori was home to a flourishing mixed pagan, Christian and Jewish community during the 4th-7th centuries CE.»

(via PaleoJudaica)

Oppdatering desember 2018:

Relatert tema i denne artikkelen i Times of Israel:

At Zippori pool where Judah Hanasi may have bathed, a rare tiny pagan bull found.

Archaeologists believe they can connect a peculiar Talmudic story about the Sanhedrin head questioning the need for a fast day to a recently excavated site in a national park

God bok: Verdensteater

Thomas Reinertsen Berg: Verdensteater. Kartenes historie. Forlaget Press.


verdensteater.jpg

Dette er den beste boka eg har lese denne våren (2018). Boka vann Brageprisen i 2017 som beste  sakprosabok. Og det var ein fest å lesa den! Brageprisjuryen skriv blant anna:

At kart har fascinert og at kart har enorm betydning gjennom tidene er vel kjent. Med boken Verdensteater har journalisten og skribenten Thomas Reinertsen Berg har skapt en tour de force i kartenes historie i verden. Han starter med de aller første verdensbildene, setter verden som scene, og tar sats gjennom verdensbildene og forestillingene, systematisk, velskrevet, morsomt og lærerikt. Les meir

Eg kjøpte boka først og fremst for å lesa kapittelet om «heilag geografi». Men eg blei fascinert av heile boka, – her var det mange høgdepunkt:

img_5614.jpg

Her er nokre avsnitt eg vil framheva som spesielt interessante, sett med mine auge. Det første eg vil nemna, er poengteringa av Augustin (viktig teolog, ca år 400) sitt syn på naturvitskap:

… en kristen burde vite minst like mye som en ikke-kristen om Jorden, himlene og de andre delene av universet, slik at han ikke satte Bibelens høyere sannheter i forlegenhet ved mangel på kunnskap om mer verdslige ting. Man burde studere Jorden sammen med bibelhistorie for bedre å kunne forstå den guddommelige skapelsen. (Side 77).

Når eg les dette må eg jo bare innrømma at det er mykje eg ikkje veit om jorda og universet …!

Omtrent samtidig (ca 390) skreiv Hieronymus ei topografisk ordbok med over tusen bibelske stadnamn, fordi «de som kjenner plasseringene til de antikke byene og stedene og navnene deres, vil få et klarere blikk på Den hellige skrift». Den boka skulle eg gjerne hatt, sjølv om den er skriven på latin. Det slår meg at dette ikkje er fjernt frå mine eigne tankar om bibelsk geografi og historie. (Side 77).

«Muntlege kart» var eit nytt og interessant begrep for meg. Berg skriv interessant om at vikingane klarte seg med slike muntlege kart. Reisene deira utan kart seier mykje om kor velutvikla evna til å huska og fortelja må ha vore i tidlegare tider. (Men eg undrar meg over at han omtaler Sigurd Jorsalfare si reise til Jerusalem ca 1110 som som ein del av vikingtida.)

Vikingene seilte over store avstander (…) Sigurd Jorsalfare reiste helt til Jerusalem, og i Landnåmabok er det en henvisning til noe som kan være Svalbard. I lys av dette er det påfallende at vikingene aldri laget et eneste kart. Ikke en eneste kyststrekning eller øygruppe ble tegnet. Vi må bare konkludere med at de greide seg fint med muntlige kart. (Side 211).

Eit «Ingenstedskart» frå 1959 basert på geografien i Sandnes er eit heilt annleis og løye høgdepunkt, ikkje minst for oss som bur her i distriktet. Eg har kost meg mykje med dette kartet. Det var faktisk seriøst laga av Norges geografiske oppmåling «for å eksperimentere med symboler, farger og typografi». Byen er kalla Storesand, – og Jotunheimen er plassert mellom Dybingen og «Gandafjorden» (side 254-255, med bildetekst på side 253).

Illustrasjonane i boka er eit kapittel for seg. Boka er usedvanleg flott illustrert, som Brageprisjuryen seier det. Eg avsluttar med dette avsnittet frå siste tekstside i boka:

Kart er verdensbilder – bilder av verden. Alle kartene i denne boken representerer ulike måter å se verden på, fra grekernes spekulasjoner til middelalderens tro, fra renessansens forsøksvise vitenskapelige og objektive kartlegging til den digitale tidens enorme informasjonsinnhenting. Alle har det til felles at måten de velger å se verden på, sier mye om hva man syntes var viktig og hadde mulighet til i tiden de ble tegnet. (Side 321).

Oldefars notatbok frå 1875

Peter Sværens notatbok frå Stord Seminarium

Oldefar Peter Sværen (1854-1932) var lærar på Rennesøy i Ryfylke i 1879-1923. Han kom frå Balestrand, tok lærarutdanning på Stord og kom til Rennesøy i 1879. Den gamle notatboka hans er frå religionsundervisninga på Stord i oktober 1875. Boka er ein av skattane i bokhylla mi.

Teksten på tittelsida i boka:

Religionsanmærkninger af Seminarilærer Lilloe

Stord Seminarium 1te October 1875

P. Sværen

IMG_5277
Dei neste bilda viser første og siste tekstside i boka. Undervisninga var ved læraren Kristian Lilloe. Innhaldet er ein gjennomgang av Luthers litle katekisme, det vil seia ei framstilling av den kristne trua, delt inn i avsnitt om dei ti boda, truvedkjenninga, Herrens bøn, dåpen og nattverden.

Siste side (side 131) i notatboka er datert 30. oktober 1875. Dei brukte altså éin månad på dette temaet.

IMG_5278.jpg

IMG_5279

Eg fekk den gamle notatboka hans av «onkel Otto» då eg var ganske ung. Otto var son til Peter og bror til farmor.

Notatboka er altså frå undervisninga på Stord Seminarium, det som seinare blei lærarhøgskole og som etter fleire fusjonar nå er ein del av Høgskulen på Vestlandet.

Boka Lærarutdanning i 150 år. Stord lærarhøgskule 1839-1989 (tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket) har bilde av skulebygningen som oldefar gjekk på og av læraren Lilloe.

Skjermbilde 2018-02-17 kl. 22.45.57

Skjermbilde 2018-02-17 kl. 22.47.12

Eg tar til slutt med litt om familien til Peter. Han gifta seg i 1880 med Sigrid, født Sæveraas (1862-1956). Dei budde først i lærarbustad på Hegland, og frå 1890 på garden dei kjøpte på Ask. Sigrid og Peter fekk 10 barn. Eg er barnebarn av Petra Serina. Her er informasjonen som står om familien deira i Rennesøy gards- og ættesoge:

Frå Rennesøy gards- og ættesoge, side 18

Den tyske Mariakyrkja, Jerusalem

IMG_0861
Den tyske Mariakyrkja i Jerusalem. Foto: Arne Berge 2011

Restane etter den tyske Mariakyrkja ligg sentralt i det jødiske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Likevel er den så bortgøymt at få legg merke til den. Kva kan ein sjå på staden? Og kva veit me om denne kyrkja frå korsfarartida?

Først litt om bygningsrestane slik dei er å finna i dagens jødiske kvarter. Når ein går frå Hurvaplassen mot trappene ned til plassen framfor Vestmuren, passerer ein korsfarar-marknaden, deretter murane etter kyrkja og det tilhøyrande hospitalet i det ein går til høgre og ned trappene. Portalen til kyrkja ligg i Misgav Ladach Street. Kyrkjeruinen har dessverre vore avlåst dei fleste gongene eg har vore der. Det er likevel mogleg å sjå inn gjennom portalen og få eit tilsvarande inntrykk som på bildet. Ein ser då austover mot apsis der hovudaltaret stod. I rommet til høgre er det ei god informasjonstavle, som altså dessverre ikkje er synleg om ein ikkje kan gå inn portalen.

Ruinen etter hospitalet ligg sør for kyrkja og litt lågare i terrenget. Trappa ned mot Vestmuren går rundt denne ruinen. Det var også eit pilegrimshospits knytt til kyrkja og hospitalet, på nordsida av kyrkja, men det er ikkje noko igjen av denne bygningen.

Når eg nå skriv om staden, finn eg også fram det følgjande bildet som eg tok i 2011. Det må vera misvisande. Det er kyrkja, ikkje hospitset, som er best bevart og som ein her har framfor seg!

IMG_0863
Misvisande informasjon på staden. Foto: Arne Berge 2011

Historia til desse bygningane går tilbake til korsfarartida. På 1140-talet var det behov for eit tyskspråkleg senter for pilegrimar som ikkje kunne fransk, som var det rådande språket i korsfarerbyen. Tyske medlemar av Johannesordenen fekk då bygga dette senteret som altså bestod av kyrkje, hospital og hospits. Bygningane blei øydelagde då korsfararane tapte Jerusalem i 1187. Dei blei (delvis?) bygde opp igjen frå 1229 av dei teutoniske riddarane, ei uavhengig orden stifta i Akko i 1190, og denne ordenen dreiv staden fram til korsfararane mista makta i Jerusalem i 1244.

I nyare tid skal kyrkjeruinen ha blitt funnen av T. Drake i 1872 (Wikipedia 01.05.2018 her).

Dei tyske korsfararbygningane blir omtalte slik i ein samtidig tekst frå 1100-talet:

On the way down the same street, which goes to the gate by which one reaches the Temple, and on the right, is a cross street with a long portico. In this street is a hospital with a church, which has been newly built in honour of Saint Mary, and is called the House of the Germans. Few if any people of other tongue have anything good to say about it.

John of Würzburg

(Frå Murphy-O´Connor: The Holy Land. 4. ed. Oxford 1998. Side 76)

Tur til Israel og dei palestinske områda, sommaren 2018

Utsikt frå OljebergetVil du vera med? I sommar skal eg vera reiseleiar for familie- og ungdomstur til Israel og dei palestinske områda. Me har nokre ledige plassar og det er framleis mogleg å melda seg på. Hinna menighet i Stavanger arrangerer turen, men det er nå opna for at folk frå andre kyrkjelydar og stadar kan vera med.

Les meir om program mm på http://plussreiser.no/reiser/hinna.

Oppdatering etter turen: Sommer i Jesu fotspor 

Peter ved bålet

Notat til søndagens tekst: Joh 21,15-19

IMG_6347 Tabgha, Peterskyrkja,
The Church of the Primacy of St. Peter. Foto: Arne Berge 2005

Etter påske møtte Jesus Peter ved eit bål i strandkanten ved Tiberiassjøen (Gennesaretsjøen). Her fekk Peter fornya kallet sitt. Denne kyrkja er bygd på staden der dette etter tradisjonen skal ha skjedd. Den fransikanske kyrkja, eg ville vel heller sagt kapellet, blei bygd i 1933 over restane av ei kyrkje frå 300-talet.

Evangeliet etter Johannes fortel at Peter og seks andre disiplar var ute og fiska på Gennesaretsjøen etter påsken. Dei var nok framleis både usikre og forvirra etter det som var hendt med Jesus.

Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. (…) Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. (…) Jesus sa til dei: «Kom og få mat!»

Utdrag frå Joh 21,1-14

Den flate kalksteinen framfor altaret i kapellet i Tabgha blir etter tradisjonen kalla Mensa Christi, Jesu bord.

IMG_1503
Mensa Christi, Tabgha. Foto: Arne Berge 2011

Etter måltidet fornya Jesus kallet til Peter og stadfesta at han satsa vidare på disippelen. Tre gonger spurde han Simon Peter om hans kjærleik, tre gonger fekk han eit (forsiktig) bekreftande svar og tre gonger gav han Peter eit tydeleg kall til leiarskap. Det er dette som i år er søndagens tekst på 2. søndag i påsketida:

15 Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» 16 Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» 17 Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! 18 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» 19 Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

Joh 21,15-19

Dette er ein tekst som seier mykje om koss Jesus møter oss. Han vil gje oss nye sjansar når me har svikta. Han vil fornya kallet me fekk i dåpen. Han vil at me skal følga han. Og han kallar oss til å høyra saman i eit fellesskap.

Det er nokre som har kalla dette Peter sin konfirmasjon. For Jesus bekrefta sin kjærleik til han, og Peter fekk også bekrefta at han framleis ville vera saman med Jesus, trass i at han hadde svikta så grovt. Andre har kalla det for den første ordinasjonssamtalen i kyrkja. Altså den personlege samtalen biskopen har med den som skal bli prest. Uansett samanlikning: Jesus bekrefter kjærleiken, fornyar tilliten og kallet til tenesta.

Det er vanleg å tenka at Jesu tre spørsmål har samanheng med Peters tre fornektingar før korsfestinga. Sviket skjedde etter at Jesus var arrestert, ved eit bål på gardsplassen i øvstepresten sitt hus. Johannes skildrar situasjonen slik:

Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde tent eit bål og stod og vermde seg ved glørne. Peter vart òg ståande der saman med dei og vermde seg.

Joh 18,18

Eg syns det er ein interessant detalj at Johannesevangeliet knyter saman Peters fornekting før korsfestinga med Jesu kall etter oppstoda, også på den måten at det blir nytta eit relativt spesielt gresk ord for bål på begge desse stadane (Joh 18,18 og 21,9). Det er ordet he anthrakiá som betyr eit bål av kol med glør i. Dette får den norske Bibelen 2011 fram på ein fin måte ved begge stadane å knyta saman orda bål og glør.

Det er flott å koma til The Church of the Primacy of St. Peter i Tabgha og stå på stranda der tradisjonen seier at dette skjedde; Jesus møtte Peter med tilgjeving og ny start.

IMG_6342 Tabgha, Peterskyrkja, skulptur
Jesus og Peter, Tabgha. Foto: Arne Berge 2005

Oppdatert 07.04.2018

Staden Jesus blei dømt?

IMG_5962 Citadellet. Murar
Citadellet i Jerusalem. Foto Arne Berge 2005

Er det mogleg å finna staden der Jesus blei dømt? Det skjedde i alle høve innanfor murane i Jerusalem, og desse murane gjekk delvis på same stad som bymurane rundt Gamlebyen går i dag.

Dei fleste historikarar vil seia at Pilatus truleg oppheldt seg i slottet til Herodes den store, som låg like sør for staden der me i dag finn Citadellet og Jaffaporten. Slik sett kan ein ved å vera inne i borggarden på Citadellet (bildet), få ei oppleving av å vera «på staden». Dei eldste murane i Citadellet er frå Herodes si tid.

Men det er også andre teoriar om kor i byen Jesus kan ha blitt dømt. Sjølv syns eg teorien om at Jesus blei dømt i det hasmoneiske kongepalasset, som låg nærare tempelplassen, er svært interessant. Den følgjer i større grad den kristne tradisjonen i det bysantinske Jerusalem. Les gjerne det tidlegare notatet Pilatus si borg der eg skriv om tre ulike teoriar om lokaliseringa av domfellinga.

I dag på langfredag vil eg også visa til notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie.

Sist oppdatert 21.02.2022

Langfredag i Hinna kirke

Golgata. Jesu kors

Nå i den stille veka har eg lyst til å visa fram Victor Sparre sin store glaskunst i Hinna kirke enda ein gong.

Les om kunsten her: Victor Sparre: Golgata.

Du kan også lesa kunstnaren sin artikkel Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri her: Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke.

Hurtado om Megiddo-mosaikken

Professor Larry Hurtado skriv at det er fagleg debatt om dateringa av mosaikken som er funnen i Megiddo. Godt at dei sensasjonsprega avisoppslaga får litt fagleg motstand!

Den israelske arkeologen som har hatt ansvar for funnet, meiner mosaikken kan vera frå ca år 230, ei oppsiktsvekkjande tidleg datering med tanke på det tydelege kristne innhaldet. Hurtado peiker på at andre fagfolk meiner mosaikken er vesentleg yngre. Her er eit utdrag frå bloggen hans:

The Megiddo Mosaics . . . Again?
The archaeologist in charge of the dig, Dr Yotam Tepper of the University of Haifa, has continued to insist that the mosaics are early 3rd century CE, which would make them among the earliest Christian epigraphy, and would make the room/church in which the mosaics were placed the earliest Christian structure known. (The Dura Europos church is dated sometime before 256 CE, when the city was sacked.)

But the date of the mosaics is contested, with others placing them anytime from the late 3rd through the 5th century CE. To my knowledge, we still don’t have the full archaeological analysis of the dig, for which numismatic evidence would be crucial for dating. So, it’s a bit surprising that the authorities have chosen to put the mosaics on show, and flog all the news coverage about them. And it’s disappointing that the news stories (which, apparently, are based on news feed from the exhibitors) make no mention of the scholarly debate about the date of the items.

Les meir

Relaterte notat: Megiddo-mosaikken skal bli tilgjengeleg (2018), Kyrkjefunnet ved Megiddo (2009) og Fangar fann gamal kyrkje (2005).

Megiddo-mosaikken skal bli tilgjengeleg

1.5866475.1557383653
Foto: Dr. Yotam Tepper

Megiddo-fengselet i Galilea skal avviklast. Dette opnar for at staden kan bli gjort om til ein arkeologisk park. Her er det funne ein stor golvmosaikk som skal vera frå ca år 230, med tekst som omtalar Jesus som Gud.

Det var avisa Haaretz som denne veka (mars 2018) kom med nyheita om at Megiddo-mosaikken skal bli gjort tilgjengeleg. Eg ser fram til å kunna reisa innom denne staden!

Funnet av mosaikken er svært interessant sett frå kristent perspektiv. Kanskje dreier det seg om eit tidleg kristent kyrkjebygg. Kanskje dreier det seg heller om ei såkalla huskyrkje, eit rom for kristen tilbeding i eit privathus. Og ikkje nok med det; funnet skal i følgje skribenten også visa at romerske soldatar eller offiserar her kanskje kan ha vore opne kristne allereie på 200-talet.

A Jew, an Early Christian and a Roman Meet in Archaeological Park to Be Built on Evacuated Prison

‘God Jesus Christ’ mosaic, ancient Jewish-Samaritan village of Othnay and Roman command center in Galilee park replacing Megiddo Prison; inmates to move to huge new facility

A prison built by the British on an archaeological site in northern Israel in the 1940s is finally going to be evacuated. The walls and barbed wire of Megiddo Prison will be replaced with an archaeological park featuring one of the earliest-known houses of Christian worship, which was found in the ancient Jewish village of Kefar Othnay (a.k.a. Kfar Otnai), as well as the remains of a vast Roman army base across the Qeni river, Megiddo Regional Council announced this week.

(…)

The salvage excavation, following earlier surveys and conducted from 2003 by Tepper (then affiliated with Tel Aviv University) and the Israel Antiquities Authority – identified ruins in the prison grounds as the Jewish and Samaritan village of Othnay, mentioned in Jewish sources as existing from the first to the fourth centuries, and a large structure that seems to have been a pre-church house of Christian worship, as well as unexpected clues about the complicated nature of early Christianity. Such as, maybe the Roman army wasn’t entirely negative about the upstart religion after all.

(…)

Dated to the year 230, very early in the Christian era, the mosaic bears three inscriptions in ancient Greek – one explicitly calling Jesus a deity.

The god-loving Akeptous has offered the table to God Jesus Christ as a memorial,” the writing says, in black tesserae letters 7.5 to 9 centimeters in height. Akeptous is believed to be the name of a woman who paid for a communion table that probably served for the Eucharist ceremony.

Les meir

Eg har tidlegare skrive om funnet, men ikkje hatt håp om at det skulle bli gjort tilgjengeleg. Sjå notatet Kyrkjefunnet ved Megiddo frå 2009, med lenker til tidlegare notat.

Oppdatering 18.08.2023:

The Times of Israel skriv nå at det blir vurdert å grava opp mosaikken og låna den ut til Museum of the Bible i Washington! Sjå her:

Israel may uproot ancient Christian mosaic, send it to US Evangelical museum. Megiddo Mosaic could be loaned to Museum of the Bible in Washington; some worry it will be used in ideological, rather than archaeological, context.

Haaretz om Jesu dåpsstad

Den israelske avisa Haaretz hadde tidlegare i januar ein stor og illustrert artikkel om dåpsstaden Qasr el-Yahud i Jordanelva. Artikkelen er ganske kritisk til at området rundt staden ikkje er rydda for miner. Men den fortel også at det var 590.000 (!) besøkande på staden i 2017. Eg var éin av dei.

Eg har elles vore på staden fleire gonger etter at den opna igjen hausten 2011. Det har eg opplevd ufarleg, men det er ikkje ein stad der eg går utanfor inngjerda område! Sommaren 2011 køyrde eg inn til området i leigebil saman med familien min; eg hadde lese at staden skulle opnast og trudde det allereie var gjort. Det er gjerne ikkje det klokaste eg har gjort, – men det gjekk godt, det òg. Me blei heldigvis stoppa av store vegsperringar.

Her er artikkelen frå Haaretz 18.01.2018:

Christian Pilgrims From Across the World Come to Israel to Visit This Site. There’s Just One Problem: It’s Sitting in a Minefield
Despite promises they’ll be cleared away, land mines still dot the area abutting the Jordan River that’s known for the site where Jesus was baptized. Les meir

Det er interessant å lesa at det faktisk er eit engasjement for å få fjerna minene, sjølv om skribenten ikkje er så optimistisk omkring dette. Vidare er det ein del informasjon om historia til staden og om klostera i området. Det er også skildring av feiringa av epifania-festen i januar, med store prosesjoner. Eg har aldri vore der under slik feiring.

Artikkelen omtaler ein kristen spiritualitet som er fjern frå den eg er van med frå Den norske kyrkja. Her er det mange bilde av dåp (gjendåp?) i skittent elvevatn. Artikkelen siterer også ein som hevdar at staden er den tredje mest viktige kristne heilage staden i regionen, etter Fødselskyrkja i Betlehem og Gravkyrkja i Jerusalem. Om eg ikkje vil skriva under på dette, syns eg det er ein interessant stad å besøka.

Sjå relaterte notat her på bloggen:

Bibeldagen 2018

Notat til søndagens tekst på Såmannssøndagen/Bibeldagen: Rom 10,13-17

«I skrifta er det å høyra både det å ta imot og å respondera.» Det er den israelske messianske leiaren Lisa Loden som skriv dette i ein kommentar til søndagens tekst frå Romarbrevet. Eg anbefalar hennar tekst: Fra mitt perspektiv som jødisk etterfølger av Jesus.

I bibelteksten finn me blant anna desse orda frå Paulus:

Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. (Rom 10,17)

Les også om prosjektet som norske kyrkjelydar er saman om på Bibeldagen dette året: Nye biblar til Syria og Irak.

Jesu dåp i Jordanelva

Notat til søndagens tekst: Mark 1,3-11

P1060177
Jesu dåpsstad i Jordanelva, Qasr al-Yahud. Foto: Thor Kåre Kalvik 2017

Forteljinga om Jesu dåp i Jordanelva er preiketekst i kyrkjene førstkomande søndag 14.01.2018. Jordanelva var tidlegare var mykje større. I dag inneheld elva bare 2 % vatn i forhold til vassmengda for 60 år sidan!

Bildet viser dåpsstaden Qasr al-Yahud aust for Jeriko. Kyrkjene me ser, ligg på jordansk side av elva. Kyrkja til høgre er ei relativt ny evangelisk-luthersk kyrkje, vigsla i 2014.

Sjå tidlegare relaterte notat:

Eg må vera i huset åt Far min

Notat til søndagens tekst: Luk 2,40-52

Forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet i Jerusalem, er preiketekst i kyrkjene førstkomande søndag (07.01.2018). Jesu ord «Eg må vera i huset åt Far min» er ei hovudutsegn i teksten. Men ordet ”hus” står faktisk ikkje i den greske teksten, der manglar det som for oss er det sentrale substantivet. Sjå notatet Jesus (12) i Fars hus.

Ulike bilde kan gje totalt ulike stemningar knytt til ein tekst. Det første bildet viser ein detalj frå Der zwölfjährige Jesus im Tempel av Max Liebermann (1847–1935), teikna i 1879. Kjelde: Wikimedia Commons. Det neste bildet er ein dansk skuleplansje (Jesus som 12 Aars barn i Templet) som eg kjøpte i ein brukthandel på Jylland sist sommar. Det er teikna av Paul Steffensen i 1913. 

Oppdatert 09.01.2018

Liebermann_Jesus_1879_det

IMG_5109

Ein tur opp til Susita/Hippos

Galilea 2012 573
Susita/Hippos. Foto: Arne Berge 2012

For nokre år sidan hadde eg ein tur åleine i området rundt Gennesaretsjøen, i leigebil. Eg stoppa og såg stadar eg elles aldri hadde kome til. Den mest spesielle opplevinga var nok besøket i ruinane etter byen Susita (med det greske namnet Hippos). Ein fantastisk flott stad! Utgravingsområdet står ope og tilgjengeleg for alle, men det er foreløpig ikkje lagt særleg godt til rette for besøk på staden.

I dag fann eg fram notat og bilde frå denne turen, då eg las omtalen av ei aktuell utstilling på Universitetet i Haifa:

New Exhibition Tells Story of Sussita as Israel Transitioned from Paganism to Christianity

(…) Hippos, situated to the east of the Sea of Galilee, was founded in the second century BCE and destroyed by the strong earthquake of 749 CE. Over the past 18 years, the site, which lies within the Nature and Parks Authority’s Sussita National Park, has been excavated and explored by researchers from the Institute of Archaeology at the University of Haifa. The excavations have yielded many impressive and unique findings over the years, both from the period when the city was still pagan and from the Byzantine and Umayyad periods, when Hippos had a clear Christian majority. For the first time, the new exhibition at the Hecht Museum presents the story of this transition from a society that worshipped the classic Greco-Roman gods to one that adopted the Christian faith.

Les meir

Det første bildet viser decumanus, hovudvegen aust-vest i byen. Bildet er tatt vestover.  Me ser så vidt Gennesaretsjøen i bakgrunnen. Sjøen ligg 300 meter lågare enn utgravingsområdet.

Susita / Hippos er ikkje nemnt med namn i Det nye testamentet. Men byen var ein av dei ti byane i Dekapolis og er dermed indirekte nemnt nokre få gonger, for eksempel i avslutninga av teksten om mannen frå gravhòlene:

Så gjekk han av stad og tok til å fortelja rundt omkring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg. (Mark 5,20)

Det neste bildet viser utgravingane etter ei av kyrkjene i byen. Så kjem eit bilde av ein informasjonstavle på staden. Til slutt eit bilde av vegen opp til Susita. Leigebilen står parkert midt i bildet. Me ser stien frå bilen opp til utgravingsområdet, der eg stod då eg tok bildet. Det er forresten ikkje sikkert bilutleigefirmaet ville likt det, om dei visste at eg tok turen opp desse bakkane.

Galilea 2012 576
Kyrkjeruin i Susita/Hippos. Foto: Arne Berge 2012
Galilea 2012 572
Foto: Arne Berge 2012
Galilea 2012 581
Vegen opp til Susita/Hippos. Foto: Arne Berge 2012

Oppdatering 20.05.2020: Israel Tour Guide har lagt ut ein artikkel med mange flotte bilde frå Susita/Hippos: Re-discovering Sussita.

VG om Jesu grav

Jesu grav i Gravkyrkja
Frå Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2005

01.12.2017: Det er ikkje kvardagskost at VG skriv om arkeologi knytt til Jesus og Det nye testamentet. Men funnet av mørtel frå 300-talet i Jesu grav i Gravkyrkja i Jerusalem er utan tvil så spesielt at det fortener omtale i dei større media, også her i Norge.

Eg syns artikkelen gjengir saka på ein god måte. Det er riktig nok ikkje vanleg å omtala tradisjonen om Jesu grav i Gravkyrkja som «legende», men dette er ei ubetydeleg sak i den større samanhengen.

Bildet er tatt inne i grava, som i dag er som eit lite kapell. Her er det ein tom benk med lys. Teksten på teppet, xristos anestæ, betyr Kristus er oppstaden. Benken er omtalt som hylle i VG-artikkelen.

Bakgrunnen for artikkelen i VG er at National Geographic denne veka offentleggjorde arkeologisk forsking som viser at mørtel som er funne i grava, kan tidfestast til 300-talet. Dette er svært interessant fordi det bekreftar den kristne tradisjonen om staden. Eg har tidlegare referert til saka i notatet Spor frå 300-talet i Gravkyrkja.

Her er eit utdrag frå VG-artikkelen:

National Geographic: Nye bevis for at Jesu grav faktisk ligger i Gravkirken
Testresultater av steinprøver fra Den hellige gravs kirke i Jerusalem skal bevise at krypten er den som ble funnet av romerne i år 326.

(…)

En prøve av mørtel, hentet fra mellom den originale kalksteinen og en marmorplate som dekker den, har blitt datert til cirka år 345, skriver tidsskriftet. Det samsvarer rimelig nært med de originale historiske nedtegningene om at en romersk delegasjon ble sendt til Jerusalem, lokaliserte graven og bygget et alter rundt den omkring år 326.

(…)

Det mest fremtredende med gravkammeret er en avlang hylle, som ifølge legenden var stedet hvor Jesu legeme ble lagt etter korsfestelsen. Slike hyller er typiske for gravkamre tilhørende rike jødiske familier fra det første århundre, skriver National Geographic.

På denne hyllen lå en marmorplate, som er antatt å ha blitt lagt der senest i 1555, og muligens så tidlig som midten av 1300-tallet. Men da forskerne gikk inn i gravkammeret i 2016, fant de også en eldre, ødelagt marmortavle som lå direkte på kalksteinen grotten var gravd ut i. På denne eldre platen var det risset inn et kors, og man antok ifølge National Geographic at den kunne ha blitt lagt der rundt Det første korstog. Andre foreslo at den allerede lå der da kirken ble revet i 1009.

Men ingen turte gjette at marmorplaten altså ble sparklet på plass på midten av det fjerde århundret, etter ordre fra Konstantin den store.

– Denne dateringen treffer åpenbart blink for uansett hva det var Konstantin gjorde. Det er svært bemerkelsesverdig, sier arkeologiprofessor Martin Biddle ved University of Oxford til National Geographic.

(Les meir)

(oppdatert 01.12.2017 med bilde og meir tekst)

Spor frå 300-talet i Gravkyrkja

IMG_4259
Bygningen over Jesu grav i Gravkyrkja. Foto: Arne Berge 2017

I 2016 blei Jesu grav i Gravkyrkja i Jerusalem vitskapleg undersøkt for første gong. Det blir nå meldt at mørtel funne i gravkammeret, er frå 300-talet. Den kristne tradisjonen har til alle tider lokalisert Jesu grav her, men kyrkja har hatt ei dramatisk historie. Det har derfor også blitt stilt spørjeteikn ved om dette er den autentiske plassen.

Funnet bekreftar truleg at The Edicule, den litle bygningen eller kapellet (bildet) som står over grava inne i Gravkyrkja, er plassert på staden der dei kristne lokaliserte Jesu grav på keisar Konstantin si tid. Dette var starten på bygginga av den første Gravkyrkja.

Haaretz skriv:

Mortar Found in «Tomb of Jesus» Cave Dates to Constantine Era
One mystery surrounding the tomb had been the origin and date of the marble slab at the bottom of the Church of the Holy Sepulchre

Mortar found in the limestone cave at the bottom of the Church of the Holy Sepulchre in Jerusalem has been dated to the time of Emperor Constantine, who reigned in the 4th century C.E., National Geographic reported on Tuesday.
Chemical tests of the mortar between the limestone and the marble slab covering the purported tomb date it to around 345 C.E., NatGeo reports. It certainly could be the tomb found by envoys of Emperor Constantine and the Holy Roman Empire around 20 years earlier.
read more: https://www.haaretz.com/archaeology/1.825467

National Geographic skriv blant anna:

While it is archaeologically impossible to say that the tomb is the burial site of an individual Jew known as Jesus of Nazareth, who according to New Testament accounts was crucified in Jerusalem in 30 or 33, new dating results put the original construction of today’s tomb complex securely in the time of Constantine, Rome’s first Christian emperor.

(les meir her)

BiblePlaces Blog kommenterer oppslaget til National Geographic slik:

Elsewhere the article several times mentions “surprises” from the investigation. But I think those are best understood either as journalistic editorializing or perhaps the researchers trying to justify the expense. The best word for this study is “confirmation.” We now have physical evidence for what historians have long thought: the Church of the Holy Sepulcher was first built in the 4th century over a tomb believed to have been used by Jesus.

Les også det tidlegare notatet Restaurering av Jesu grav.

Filippi – gresk by og romersk koloni

Forum i Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Eg har nettopp lese artikkelen How “Roman” Was First Century Philippi? på bloggen Reading Acts. Phil Long som skriv bloggen, gir eit nyansert svar på spørsmålet og konkluderer slik:

At the time of Paul’s visit to the city, Philippi was a moderately sized Greek city with a strong Roman influence.

Eg syns det er interessant å arbeida med Paulus sin misjonsverksemd i Filippi, der han grunnla den første kristne forsamlinga i Europa ca år 50 (Apg 16,11 ff), og med brevet til filipparane, skrive nokre få år seinare. Eit av dei første notata her på bloggen (datert januar 2005) handla om inntrykk frå ein tur til Filippi.

Eg fann fram Phil Longs artikkel då eg i dag kikka gjennom Biblical Studies Carnival for October 2017 på bloggen Doug Chaplin. Musings of a Christian humanist.

Bildet over er frå det romerske torget (Forum) der Paulus og Silas blei ført fram for dei romerske domarane (Apg 16,20). Torget er ein stor hellelagt plass på ca 100 x 50 meter. Bak torget ligg dei mektige ruinane etter ei kyrkje frå ca 550 (Basilika B).

Eg tar også med nokre fleire bilde frå Filippi. Det neste bildet viser den steinsette romerske hovudvegen Via Egnatia som går langs torget (til venstre i bildet).

Via Egnatia, ved Forum i Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Så tar eg med eit par bilde frå «Lydias dåpsplass» vest for ruinane etter byen, der Via Egnatia kryssa Gangites-elva. Her kom Paulus til ein bønestad (evt ein synagoge), jfr Apg 16,13 ff. Nå er det laga ein fin dåpsstad med amfi på staden, og det er også eit dåpskapell like ved.

Lydias dåpsplass, Filippi. Foto: Arne Berge 2008.
Lydias dåpskapell, Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Relatert notat: Paulus kjem til Makedonia

Minnesamværet i kristent perspektiv

Eg las nyleg ein vakker tekst om kor fint det kan vera å delta i minnesamvær etter ei gravferd. Det er bibelforskaren Kenneth Bailey som skriv om dette i ein kommentar til Jesu ord: «Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta» (Matt 5,4). Bailey trekk tråden tilbake til ein annan bibeltekst (Forkynnaren 7,2-4) og skriv:

For decades I have pondered these words, wondering what they meant. I still ponder them. Recently I attended the funeral of a dear friend and companion along the pilgrim way. A number of people who knew the departed saint told stories of how he had encouraged and influenced them. As they spoke, and as we remembered his life, the atmosphere among the mourners began to soar in a majestic way. There was an open mike where friends could give their unscheduled witnesses to remembered courage, faith, loyalty, love and vision. Yes, there were tears and some laughter, but all of us heard the great bells of faith ringing in our minds and hearts, and in a strange, indescribable way, there “the heart was made glad … in the house of mourning,” as the Beatitude took on fresh meaning. (Kenneth E. Bailey: Jesus Through Middle Eastern Eyes. Cultural studies in the Gospels. SPCK 2008. Side 71)

Frå gamal tid har det vore vanleg å samlast etter ei gravferd. Denne skikken er det mange som fører vidare også i vår tid. Midt i sorga er det godt å vera ein del av eit fellesskap. I mange tilfelle er det også naturleg at familie og venner tar ordet og seier noko fint om den avdøde, slik Bailey skildrar det. Her kan det seiast meir enn det som fekk rom i sjølve gravferda, og fleire stemmer kan få sleppa til. I eit kristent perspektiv vil eg seia det kan vera ei velsigning å delta i eit minnesamvær.

Dette notatet blei først trykt i Kirkehilsen 4/2017, som i desse dagane kjem i postkassene i bydelen. Kirkehilsen er menighetsbladet for Hinna og Gausel.

Les meir om Matt 5,1-12 her.

Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 3

Golgata. Jesu kors

Victor Sparre (1919-2008) er kunstnaren bak den store glaskunsten i Hinna kirke. Kunsten var  ferdig til vigslinga av kyrkja 29. oktober 1967. Dette var første gong kyrkjekunst blei støtta av det relativt nye Norsk Kulturråd. Størstedelen av utgiftene på kr 120.000 til kunsten blei likevel gitt frå lokale deltakarar i «kirkeringene», dette var kvinner som var aktive i foreiningar som arbeidde for å bygga kyrkja på Hinna.

Eg har tidlegare skrive om glaskunsten, sjå: Victor Sparre: Golgata. Her er det fleire bilde og lenke til meir informasjon om kunstnaren (som i 1967 framleis heitte Victor Smith, – han skifta familienamn i 1971).

Sparre har ein interessant tekst i årboka Fedrane kyrkje i Rogaland 1968: Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri. Her er det nokre setningar som er vesentlege for forståinga av tankegangen hans, samtidig som dei er til å undra seg over (og ikkje forstå!):

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.

Her er heile artikkelen:

V Sparre 1967, s 59

V Sparre 1967, s 60.jpg

V Sparre 1967, s 61.jpg

Edvard Eikill om bygginga av Hinna kirke

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 2

jubileumlogo

Då kyrkjeklokkene skulle testast dagen før vigslinga, var det ingen lyd å høyra! Edvard Eikill har skrive historia om då Hinna kirke blei bygd i 1967. Edvard var allereie då aktiv i kyrkjelyden. Han fortel både om forhistoria til kyrkja og om sjølve vigslingshelga for nøyaktig femti år sidan.

Hinna sokn blei i 1966 skilt ut frå Hetland prestegjeld. Det hadde lenge vore regelmessige gudstenester med dåp og nattverd på bedehuset Betlehem, som blei godkjent til kyrkjelege bruk ved kongeleg resolusjon allereie i 1913. Dette bedehuset står i dag på Norsk Folkemuseum på Bygdøy (her). Dei siste åra før 1967 var det gudsteneste annankvar søndag på Betlehem og på Hetland gymnas.

Les heile historia i heftet som er gitt ut til jubileumshelga.

Tilbake til den manglande klokkeklangen over Hinna. Edvard fortel historia frå laurdag 28. oktober 1967 då leiaren i byggekomiteen ville prøva kyrkjeklokkene for første gong:

Men da Trygve Brekke ville prøve ringeutstyret og få de første tre ganger tre – slagene til å runge over Hinna, ble det en rungende taushet. Hva var galt? Ingen kunne finne det, og utpå kvelden gikk et nødrop til klokkestøperiet Olsen Nauen i Vestfold. Innehaveren, Olsen Nauen selv, satte seg i bilen og var på Hinna tidlig søndag morgen. Da klokkene skulle ringe, ringte de for fullt.

Relaterte notat:

Alfred Hauge om vigslinga av Hinna kirke

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 1

Hinna kirke 1967

Kyrkjestatsråd Kjell Bondevik var til stades då Hinna kirke blei vigsla av biskop Fridtjov Birkeli for 50 år sidan. Bondevik helsa med bibelverset om tru, håp og kjærleik (1. kor 13,13). Det er Alfred Hauge som fortel dette i artikkelen Høytidsdag i Hinna menighet.

Det Hauge ikkje fortel, er historia som lever i kyrkjelyden om at kyrkjestatsråden blei avvist i døra då han kom fram etter at kyrkja allereie var heilt full. Det skal ha vore over 1000 menneske til stades ved vigslinga, i tillegg til ca 500 som ikkje fekk koma inn. Edvard Eikill fortel:

Kirken var så fullsatt at vakter utenfor måtte avvise dem som kom for sent. En av dem hadde vansker med å få en høy mann med god nynorsk dialekt til å forstå at fullt er fullt! Inntil det plutselig gikk opp for ham at mannen som var så innpåsliten, var kirkeministeren selv, Kjell Bondevik! Han fikk da slippe inn, og fikk også sagt noen gode ord.

Teikninga av kyrkja har blitt brukt mykje i alle dei femti åra sidan vigslinga 29. oktober 1967. Sjølv om kyrkja er påbygd to gonger etter dette, med Hinnasenteret og kyrkjetorget, er kyrkja framleis lett å kjenna igjen. Eg veit ikkje kven som har teikna denne teikninga. Kanskje er det arkitekt Retzius sjølv?

Her er Alfred Hauge sin artikkel i Fedrane kyrkje i Rogaland. Årbok for Stavanger bispedøme 1968:

A Hauge side 1

A Hauge side 1-kopi

A Hauge side 2 (1)

A Hauge side 2

A Hauge side 3 (1)

A Hauge side 3.jpg

A Hauge, side 4

Relaterte notat:

Jubileumshelg på Hinna (2017)

Hinna kirke er 50 år søndag 29. oktober 2017

Helga 28.-29. oktober feirar Hinna kirke sitt 50-års jubileum. Dei neste dagane vil eg skriva litt her på bloggen om det lokale kyrkjejubileet.

Kyrkja blei vigsla av biskop Fridtjov Birkeli søndag 29. oktober 1967. Nå i helga blir det jubileumsgudsteneste på sjølve dagen for jubileet. Kvelden før blir det jubileumskonsert med bidrag frå mange songarar og musikarar med tilknyting til Hinna.

Men femtiårsmarkeringa starta allereie for ein månad sidan med bursdagsfeiring med pølsemiddag, is, ballongar og konsert med Tore Thomassen. Då var det mange barn som var med og feira at kyrkja vår er 50 år «omtrent på denne tida».

Les meir om jubileumshelga på www.hinnakirke.no.

Her er helsinga eg skreiv til eit hefte som er delt ut i bydelen i samband med jubileet:

Hinna kirke feirar 50-års jubileum nå i haust. Det er mange menneske som har gått inn og ut av dørene i kyrkja vår desse 50 åra, og mange er takknemlege for det kyrkja har betydd.

«Kven er dette si kyrkje?». Dette spør me konfirmantane om. Det finst kanskje ikkje så mange gale svar på dette, men det finst mange riktige. Det er nemleg vår kyrkje, det er di og mi kyrkje. Og samtidig er kyrkja Guds hus, eit annleis og heilagt hus.

Me er mange som på ein eller annan måte har fått livshistoria vår fletta saman med den lokale kyrkja si historie. Eg veit ikkje talet på kor mange som er døypte her, men det må vera svært mange! Det same kan seiast om konfirmasjonar, vigslar og gravferder. Tenk også på alle dei som har deltatt i barnegospel, ungdomsklubb, tensingkor, bibelgrupper og andre små og store fellesskap. I mi eiga livshistorie er Hinna kirke viktig fordi eg blei konfirmert her i 1971, var aktiv her i «Unge kristne» midt på 70-talet, og blei ordinert til prestetenesta her i 1984. Og frå 2012 har eg altså kome tilbake som sokneprest.

I dag er kyrkjelyden vår prega av mange barnefamiliar på Tirsdagsmiddagen og på Allesammen-søndagane, vidare av ei godt utbygd trusopplæring for barn og unge og ei relativt god deltaking på gudstenestene. Men det er framleis god plass til fleire!

Sjølv om kyrkjelyden er i eit jubileumsår, tenker menighetsrådet framover. Me har dette året blitt med ei eit treårig utviklingsprosjekt, «Menighetsutvikling i folkekirken». Me ønsker å vera eit relevant fellesskap for barn, unge og vaksne på Hinna også i åra som kjem.

Evangelisten Lukas sin dag

Evangelist_Luka_pishustchiy_ikonu

Bildet viser evangelisten Lukas som ikonkunstnar. Han målar ifølge tradisjonen det første ikonet av jomfru Maria.

Det er Lukas sin dag i dag (18. oktober). Eg viser til to tidlegare notat her på bloggen:

  • Evangelisten Lukas fortel om eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet i forhold til dei andre evangelia.
  • Avslutninga av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonen om Lukas si grav i Thiva (Theben) i Hellas.
Design a site like this with WordPress.com
Kom i gang