Evangelisten Lukas sin dag

18/10/2017

Evangelist_Luka_pishustchiy_ikonu

Bildet viser evangelisten Lukas som ikonkunstnar. Han målar ifølge tradisjonen det første ikonet av jomfru Maria.

Det er Lukas sin dag i dag (18. oktober). Eg viser til to tidlegare notat her på bloggen:

  • Evangelisten Lukas fortel om eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet i forhold til dei andre evangelia.
  • Avslutninga av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonen om Lukas si grav i Thiva (Theben) i Hellas.
Advertisements

Evangelisten Lukas

18/10/2007

Det er evangelisten Lukas sin dag i dag (18.10.2007). Kvar evangelist har si vinkling på forteljinga om Jesus. Eg vil i kveld bare peika på eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet:

Lukas er for det første spesielt opptatt av å fortelja om Jesu kjærleik til dei som fall utanfor det gode selskap. Han er den evangelisten som skriv om koss Jesus tilgav kvinna som levde eit syndefullt liv (7,36-50). Han gjengir Jesu forteljing om den ventande faren sin kjærleik til den bortkomne sonen (15,11-32), han er den som tar med historia om Jesu møte med tollaren Sakkeus (19,1-10) og om røvaren som i siste stund på korset fekk løfte om bli tatt inn i Guds rike (23,39-43).

Lukas er for det andre spesielt opptatt av å visa at Jesus gjennom heile livet var prega av eit tillitsfullt forhold til Gud som Far. Han fortel om at Jesus alt som 12-åring kjente på behovet for å vera «i huset åt Far min» (2,49). I lidingshistoria møter me dette forholdet først i Getsemane (22,42), vidare i bøna då han blei korsfesta: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer» (23,34). Til sist døyr Jesus med orda «Far, i dine hender gjev eg mi ånd» (23,46).


%d bloggarar likar dette: