Jerusalems 10 på topp

Jerusalem må vera ein av dei mest spennande byane i verda! Byen som ligg oppe i fjella i Israel, 800 meter over havet, har ein heilt spesiell posisjon både religiøst, politisk og historisk. Den har ei 3000-årig historie. Det er ein fantastisk by å gå rundt i, det er alltid noko nytt å oppdaga. For meg er den delen av historia som er knytt til Bibelen og til kyrkjehistoria mest interessant.

Biblical Archaeology Society har laga eit lite hefte med The Glories of Jerusalem, The Top Ten Sites in the Holy City. «10 på topp»-lista er sett opp av bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor.

Oppdatering: Eg har nå skrive om desse ti høgdepunkta i Jerusalem. Her er lenker til serien:

Murphy-O’connor har blant anna har skrive den store arkeologiske guideboka eg ofte har hatt med meg rundt i Israel. Då eg hadde studieopphald i Jerusalem (2001) og arbeidde med Jesu lidingshistorie, oppsøkte eg han på Eqole Biblique og fekk ein samtale om arkeologiske spørsmål knytt til lidingshistoria. Han var lyttande til kva eg var interessert i og kom med tydelege synspunkt på problemstillingane mine. Elles gav han meg ein del tips om litteratur og fortalde også om institusjonen der han arbeider. Interessant!

Oppdatering: Jerome Murphy-O´Connor døydde 11.11.2013.

4 tankar på “Jerusalems 10 på topp”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.