Evangelisten Lukas sin dag

Evangelist_Luka_pishustchiy_ikonu

Bildet viser evangelisten Lukas som ikonkunstnar. Han målar ifølge tradisjonen det første ikonet av jomfru Maria.

Det er Lukas sin dag i dag (18. oktober). Eg viser til to tidlegare notat her på bloggen:

  • Evangelisten Lukas fortel om eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet i forhold til dei andre evangelia.
  • Avslutninga av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonen om Lukas si grav i Thiva (Theben) i Hellas.

Lukas om himmelfarten

Det er først og fremst forfattaren av Evangeliet etter Lukas og Apostelgjerningane som skriv om Jesu himmelfart.

Larry Hurtado refererer i dag på Kristi Himmelfartsdag på bloggen sin til eit større arbeid om himmelfarten:

Jesus’ “Ascension”

(…)

For seriously interested people, I’ll recommend a fine study by Arie Zwiep: The Ascension of the Messiah in Lukan Christology, NovTSup, no. 87 (Leiden: Brill, 1997). Zwiep reviews prior scholarly work and offers his own intelligent and careful engagement with the textual data.

He notes that in Luke-Acts the author seems to distinguish between Jesus’ resurrection/exaltation on the one hand and the ascension on the other. He also rightly observes that the likely background for the idea of ascension is in OT/Jewish ideas of biblical figures being taken up into heaven (e.g., Elijah). Zwiep proposes that the point of the ascension-story in Luke-Acts was to encourage readers to cope with parousia delay by thinking in terms of a Jesus returning at an undefined future time.

Clearly, Luke-Acts does not portray an inactive Jesus, who has abandoned his disciples to their own devices. The exalted Jesus is pictured as dispensing Holy Spirit, directing apostles, revealing himself (esp. to Saul/Paul), etc. But, certainly, in Luke-Acts “the ascension marks the transition from the period of Jesus to the period of the church” (196). But it is also connected with the emphasis on Jesus’ return (Greek: “parousia”), framing the period between Jesus’ exaltation and that event.

Den jødiske bakgrunnen det blir referert til, er forteljinga om då Elia blei tatt opp til himmelen i 2. Kongebok 2,1-18.

Evangelisten Lukas

Det er evangelisten Lukas sin dag i dag (18.10.2007). Kvar evangelist har si vinkling på forteljinga om Jesus. Eg vil i kveld bare peika på eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet:

Lukas er for det første spesielt opptatt av å fortelja om Jesu kjærleik til dei som fall utanfor det gode selskap. Han er den evangelisten som skriv om koss Jesus tilgav kvinna som levde eit syndefullt liv (7,36-50). Han gjengir Jesu forteljing om den ventande faren sin kjærleik til den bortkomne sonen (15,11-32), han er den som tar med historia om Jesu møte med tollaren Sakkeus (19,1-10) og om røvaren som i siste stund på korset fekk løfte om bli tatt inn i Guds rike (23,39-43).

Lukas er for det andre spesielt opptatt av å visa at Jesus gjennom heile livet var prega av eit tillitsfullt forhold til Gud som Far. Han fortel om at Jesus alt som 12-åring kjente på behovet for å vera «i huset åt Far min» (2,49). I lidingshistoria møter me dette forholdet først i Getsemane (22,42), vidare i bøna då han blei korsfesta: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer» (23,34). Til sist døyr Jesus med orda «Far, i dine hender gjev eg mi ånd» (23,46).