Ordet av Kaj Munk

Eg har brukt kvelden denne påskedagen til å lesa Ordet av Kaj Munk, inspirert av at forfattaren har følgjande sitat frå “en nøgtern Gaardmandsenke i Vædersø” som vignett på tittelbladet i boka:

Nej, hans Stadsklæder skal hænge parat, for En ved dog aldrig, om han ikke skulde komme en Paaskemorgen.

Det blei ei sterk og god lesaroppleving. Det var fleire år sidan eg hadde opna boka, og enda fleire år sidan eg såg stykket på teater. Ordet er eit originalt skodespel. Det danske kulturministeriet skriv: “Ordet er skrevet med en vildskab, der får en til at sluge det scene for scene.”

Kaj Munk skreiv stykket då han var 27 år gamal i 1925. Ei ung nabokone og hennar nyfødte barn døydde, og dette aktiverte hans eigne barndomsopplevingar med døden; han hadde mista begge foreldra innan han var fem år. Den unge diktarpresten blei då oppfordra til å skriva eit skodespel som tok bønder alvorleg (!) og dette gav støtet til at han i løpet av få dagar skreiv Ordet.

Her er heile omtalen til kulturministeriet i samband med at skodespelet er tatt med i den danske kulturkanon:

I en dramahistorie præget af småborgerlig snusfornuft er digterpræsten Kaj Munks vanvittige og irrationelle skuespil Ordet på alle måder et særsyn. Et anfægtet værk, forfattet over en 6 dage lang skriverus, der lovpriser “bønnens mod” og forkynder “underets mulighed” i vore dage.

Intet er nemmere end at kritisere Ordet. Både for stykkets radikale genreskred fra de første akters folkekomedie til de sidste akter, der antager karakter af mirakelspil. Og for den villede djærvhed, der ofte skæmmer dialogen og giver den et snert af kold kalkulering.  Men kritikken forstummer, for Ordet er skrevet med en vildskab, der får en til at sluge det scene for scene. Det er vanskeligt at finde plads til tvivlen, så længe man befinder sig i Kaj Munks overspændte univers. (Les meir)

Relatert stoff: Eg har tidlegare sitert frå ei preike av Kaj Munk her.

Èitt svar til Ordet av Kaj Munk

  1. […] Ordet av Kaj Munk […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: