Kan Neakyrkja bli opna for publikum?

15/03/2019
Madaba_map_Nea

Neakyrkja på Madabakartet, frå Wikipedia Commons

Restane etter den store Neakyrkja ligg godt skjult i det jødiske kvarteret i Gamlebyen i Jerusalem. Eg er blant dei som har leita meg fram til murrestane som det i dag er mogleg å koma fram til. Nå har ein israelsk NGO bede om at staden blir opna for publikum. Det ville vera flott om det som er igjen av Neakyrkja, fekk koma fram i lyset.

Al-Monitor skreiv i går (14.03.2019) om saka:

Decades after discovery, Jerusalem’s Byzantine masterpiece may open to public

One of Jerusalem’s great archaeological wonders, long closed to the public, may soon be open to visitors for the first time since it was excavated in the 1970s. The New Church of the Theotokos, commonly referred to as the Nea Church, was a large Byzantine church constructed in sixth-century Jerusalem that has sat in ruins for a thousand years.

Les meir

Neakyrkja blei bygd av keisar Justinian på 500-talet og var ein viktig bygning på slutten av Jerusalems bysantinske periode. Det var viktige arkeologiske utgravingar på staden på 1970-talet, leia av Nahman Avigad.

Bildet viser eit lite utsnitt frå Madabakartet frå slutten av 500-talet. Neakyrkja er markert med rød ramme. Kartet er ei viktig kjelde til kunnskap om Jerusalem i bysantinsk tid, byens kristne periode frå ca 325 til 638.

Det er organisasjonen Emek Shaveh som nyleg har kome med forslag om å opna restane etter Neakyrkja. Eg kjenner ikkje organisasjonen frå før, men les at den presenterer seg slik:

Emek Shaveh is an Israeli NGO working to defend cultural heritage rights and to protect ancient sites as public assets that belong to members of all communities, faiths and peoples.

Les meir

 

Advertisements

Fall dei i jordskjelv eller krig?

04/01/2015

Vestmuren («Klagemuren») er kalla an icon of contemporary Jerusalem. Den blir gjerne omtalt som viktigaste heilage staden i jødedomen i dag.

Litt sør for den opne plassen ved Vestmuren, er muren ein del av ei arkeologisk utstilling. Her ligg framleis store steinar som ein gong har falle ned. «Alle» reknar med at dette skjedde då romarane øydela tempelet og byen i år 70. Nå hevdar ein israelsk arkeolog at muren fall først 300 år seinare, og då på grunn av jordskjelv. Les meir om dette under bildet.

Foto: Arne Berge 2013

Foto: Arne Berge 2013

Haaretz har i dag ein interessant artikkel som viser at det er ulike synspunkt blant arkeologiske ekspertar på kva tid Vestmuren fall.

Professor Shimon Gibson hevdar nå at desse murane fell saman i jordskjelvet i år 363, altså ca 300 år etter romarane sine øydeleggingar, i den bysantinske (kristne) tida. Men dette blir sterkt tilbakevist av professor Ronny Reich. Etter første gongs gjennomlesing må eg seia at eg syns Reich argumenterer godt for det tradisjonelle synet.

Les tidlegare notat om Vestmuren – og fleire tidlegare notat her.

Haaretz skriv:

Archaeologist: Western Wall stones result of earthquake, not Roman demolition

(…) The Old City in Jerusalem is full of archaeological attractions from all periods of its life. But one of its most emotional – certainly for Jewish visitors – is the pile of huge stones lying next to the southern section of the Western Wall, in the Jerusalem Archaeological Garden and Davidson Center, next to the Western Wall plaza.

Information signs, tour guides, books and archaeologists explain that these stones fell to the street during the destruction of the Holy Temple, with the end of the Great Revolt in 70 C.E., and that they are the most palpable testimony to the destruction.

However, professor of archaeology Shimon Gibson suggests these walls stayed in place nearly 300 years after the destruction, and fell not by the hands of man but in a major earthquake that wracked Jerusalem in 363 C.E. He presented this thesis for the first time at Bar-Ilan University, Ramat Gan, last week, and the theory has aroused disputes among senior archaeologists.

Prof. Benjamin Mazar conducted the first digs to uncover the fallen stones, in the 1970s. There has been a consensus since then that the giant stones lying on the ground are from the destruction of the Holy Temple.

(…)

“It doesn’t hold water,” he states. Reich’s strongest evidence against the theory is a layer of mud or dirt several centimeters thick, which was discovered underneath the fallen stones.

‘The rockslide doesn’t lie on the street. It lies on a layer of sediment 3-5 centimeters thick,” he says. “We cleaned this layer very exactingly, and we found 120-125 coins. It is sediment that collected on the street after it went out of use and before the collapse – I suppose in the first winters after the destruction. The last coin we found is from the fourth year of the rebellion, that is to say 69 C.E. If Gibson is right, could it be that for 290 years, no other coins were collected under the pile of stones? What happened between 70 and 363?”

Reich does not assert that legionnaires destroyed the wall immediately after the destruction of the Temple but perhaps a few years later, even in honor of the visit of Emperor Hadrian in 130 C.E. But he is sure they did not stay standing through the fourth century.

“Size matters in archaeology,” says Reich about the earthquake. “It’s true buildings collapse, but you are talking about the walls of Temple Mount. That’s not just another structure.”

Les meir

(via PaleoJudaica)


Utgravingar nær Golgata

24/01/2013

Det er gjort arkeologiske utgravingar under The Church of the Redeemer, den lutherske kyrkja som ligg like ved Gravkyrkja i Jerusalem. Utgravingane er nyleg opna for publikum. Dette var eg ikkje klar over då eg var i Jerusalem i forrige veke. Dermed har eg altså program klart for neste besøk i denne fascinerande byen.

DW skriv:

Never been anything like this in Jerusalem

Two-thousand years of biblical history lay buried 14 meters beneath the Lutheran Church of the Redeemer in Jerusalem. German archeologist Dieter Vieweger led the excavation of the site.

A Herodian quarry, the remains of Golgotha, buildings from the period of the Roman Emperor Hadrian, mosaics from the Church of Saint Maria Latina: At the end of 2012, the Archaeological Park was opened under the Lutheran Church of the Redeemer in Jerusalem, giving visitors the chance to take a tour of these locations and understand the city’s colorful past. German archeologist Dieter Vieweger spent three years building the park together with a team of students and experts.

(…)

The archaeological park makes 2,000 years of history in Jerusalem visible – from Herod to the Crusaders to today. As a biblical archeologist, which chapter in history do you find most interesting?

For me, of course, the oldest layers are the most interesting – those buried 14 meters (46 feet) under the Church of the Redeemer. That’s where we found a stone quarry built by Herod the Great. You can actually walk around it and see how thick the stones were carved out, sawn and broken. The quarry was used to expand the city to the east of the site at Herod’s instruction. But not all of the stone was taken from the ground where the Church of the Redeemer now stands. This area was later called Golgotha, the location where Jesus was crucified. In this section of the archeological park, visitors come very close to Christian and Jewish history.

Les meir

(via BiblePlaces Blog)


Gravkyrkja

21/08/2011

Jerusalems 10 på topp #2

Gravkyrkja er meir fascinerande enn inspirerande, skriv Jerome Murphy-O’Connor i det han plasserer den viktige kyrkja på andreplassen på lista over The Top Ten Sites in the Holy City.

Gravkyrkja i Gamlebyen i Jerusalem er relativt sikkert bygd over Golgata og Jesu grav. For den som er opptatt av heilage stadar, må dette vera den viktigaste kristne heilagstaden i verda. Men sjølv om kyrkja er spesiell, er den verken spesielt stor eller spesielt vakker. Innvendig er den mørk, utvendig er den innebygd i ein uoversiktleg bygningsmasse. Den har ikkje eitt samlande kyrkjerom, men består av mange små kapell. Prestane og munkane som gjer teneste i kyrkja, har det oftast travelt. Og dei er ikkje spesielt imøtekomande.

Det er mange som har skrive om Gravkyrkja. Det er gjennomgåande at menneske frå vesten gjerne ville at kyrkja skulle vore annleis. Den skulle vore slik me meiner ei kyrkje skal vera. Mange har blitt skuffa, støtte eller provoserte over koss kyrkja som er bygd over Golgata og Jesu grav, tar seg ut.

Den skildringa som har gjort sterkast inntrykk på meg, har Sven Kærup Bjørneboe skrive i boka Jerusalem. En sentimental reise (som er alt anna enn sentimental). Han skriv først eit kapittel der han utbroderer alt det negative. Deretter skriv han eit kapittel som er heilt annleis. Det begynner slik:

Førsteinntrykket av en helligdom, det første møtet når du trer inn fylt av forventning, betyr alt. Om positivt eller negativt er det dette du tar med deg, det gror eller visner i ditt sinn.

Men i Gravkirken opplever jeg noe annet. Jeg går dit flere ganger og for hver gang mildnes skuffelsen; jeg er forberedt, mine forventninger små. Litt etter litt endrer stedet karakter.

Kan det være slik at dette helligste sted i kristenheten på en måte beskytter seg mot førsteinntrykket? Ved hjelp av glitteret og det heslige? Et sterkere og sterkere nærvær gror opp i meg. Jeg er på stedet, jeg ser ikke hesligheten mer. En ”fettet”, ”geskjeftig”, ”intrigant” prestemunk slår korsets tegn idet han går forbi – han sletter mine skjellsord.

(…)

I ettertid er det som om jeg førte meg selv bak lyset. Jeg glemte dette ene: Stedet, åstedet. La så være at slik stedets helligdom fremstår i dag, må troen på Kristi oppstandelse bli desto mer absurd. Men det absurde har ingen grader. Da korsfestelsen fant sted, kan en oppstandelse neppe ha virket mindre absurd. Og mindre absurd bør det heller ikke være for oss.

Sven Kærup Bjørneboe fekk Brageprisen for boka (i 1996). Eg gjer ikkje noko forsøk på å gjera hans ord til mine. Men eg registrerer at eg som han, etter mange besøk i kyrkja, ser forbi det forstyrrande og opplever at eg er på heilag grunn.

Då eg var på ferie i Jerusalem tidlegare i sommar, hadde eg ei flott oppleving i Gravkyrkja. Eg kom åleine dit ei tidleg morgonstund. Framfor Jesu grav var menneske samla til gudsteneste. Dei feira Jesu oppstode på staden der det skjedde. Eg stilte meg først forsiktig i bakgrunnen ved ei søyle, for å sjå på. Etter ei tid blei lengselen etter å delta ganske sterk. Då dei andre knelte, knelte eg óg.

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Gravkyrkja er altså rangert som nr 2.

Oppdatering: Her er lenker til heile serien over Jerusalems 10 på topp:


Jaffaporten

30/04/2010

Jaffaporten i Gamlebyen i Jerusalem er nyleg gjenopna etter ein periode med vedlikehaldsarbeid.

The Washington Post har ein interessant artikkel om staden:

Jerusalem reopens popular Old City gate
Israel reopened a 16th-century gate to Jerusalem’s Old City on Wednesday, completing a two-month renovation and cleaning project that drew criticism from Palestinian officials.
Jaffa Gate, one of four main entrances to the Old City, was built by Jerusalem’s Ottoman rulers and inaugurated in 1538. It is the most common entrance for tourists entering the walled Old City – home to key holy sites in Christianity, Islam and Judaism, as well as a popular outdoor marketplace. (Les meir)

(via BiblePlaces Blog)


Det herodianske kvarteret

01/03/2010

Jerusalems 10 på topp #5

Under eit av dei moderne bygga i det jødiske kvarteret i Gamlebyen, ligg eit museum som viser fram dei arkeologiske utgravingane av seks luksushus frå herodiansk tid (37 f Kr – 70 e Kr). Her kan ein sjå denne flotte mosaikken, bordet og dei to steinkara.

The Palatial Mansion

Spesielt eitt av husa, The Palatial Mansion, skil seg ut. Dette er ein relativt godt bevart bygning på 600 kvadratmeter over to etasjar, blant anna  med ein stor mottakingshall og eit innebygd gardsrom. I tilknyting til bygget ligg The Peristyle Building, ein bygning som utmerkar seg med imponerande søyler som minnar om det som er funne i luksusvillaer i Pompeii og herodianske palass i Masada, Herodion og Jeriko. I kjellaren er det funne rituelle bad som viser at dei som budde her, la vekt på å følgja dei jødiske forskriftene.

Det herodianske kvarteret

Utgravingane av dei seks bygningane blir kalla Det herodianske kvarteret og er tilgjengeleg som Wohl Archaeological Museum. Du finn inngangen like ved Hurva Square.

Kven budde her?

Arkeologen Nahman Avigad var ansvarleg for utgravinga av området. Han meiner at The Mansion kan ha vore bustaden til ein rik øvsteprestleg familie eller ein av familiane i det sekulære aristokratiet i Jerusalem. Bargil Pixner har utfordra dette synet ved å hevda at arkeologane her har funne delar av Det hasmoneiske palasset der kong Herodes den store budde den første tida av regjeringstida si. Dette er eit omstridt synspunkt, men Pixner får støtte frå fleire fagfolk. Teorien er interessant, men eg tenkjer me bør vera forsiktige med ein slik identifikasjon før det evt kjem fram historisk eller arkeologisk kunnskap som gir sterkare støtte til teorien.

Jerusalems 10 på topp

Eg har funne fram ein uavslutta serie om Jerusalems 10 på topp og ser for meg at eg nå vil fullføra serien. Det er den kjende forskaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista som eg følgjer. Han har rangert Herodian Mansions som nr 5 på denne lista.

Relatert stoff (om det hasmoneiske palasset) her på bloggen: Notatet om Pilatus si borg.

Oppdatering: Serien er nå ferdig:


Klagemuren / Vestmuren

23/02/2009

Oppdatering: Sjå også det nyare notatet Vestmuren. Jerusalems 10 på topp #3.

tempelplassen-januar-09I programmet for Israelsturen som Inger og eg skal vera reiseleiarar for i oktober (2009), står det slik om ein av dagane:

Me begynner dagen ved den berømte Klagemuren / Vestmuren, som i dag er den mest heilage staden for jødane i Jerusalem. Plassen framfor Klagemuren fungerer i dag som ein friluftssynagoge, der det alltid er jødar samla i bøn. Her får me også eit inntrykk av tempelplassen og restane av murane rundt tempelet frå Jesu tid. Dersom det er mogleg, tar me også turen opp på tempelplassen.

Biletet, som Inger tok for tre veker sidan, viser det aktuelle området. Klagemuren ligg bak gangbrua som fører opp til tempelplassen. Den blå Klippedomen med gullkuppel er den vakre muslimske heilagdomen (frå rundt år 690) som nå står der tempelet stod på Jesu tid. Biletet viser kor små avstandar det er mellom desse heilagstadane.

Det er ulike måtar å omtala denne muren på. Eg er vant med å bruka Klagemuren, men vekslar nok av og til også med å bruka Vestmuren.

Det hebraiske namnet er HaKotel HaMa’aravi ( הכותל המערבי ) eller bare HaKotel, med trykk på siste staving.

På engelsk brukar ein i Israel The Western Wall. Dette er eit namn som viser til at muren er ein del av dei gamle murane rundt tempelplassen frå kong Herodes si tid. Klagemuren er eit namn som blir brukt av ikkje-jødar. Namnet blei visstnok introdusert av britane i 1917 (The Wailing Wall, som også kunne vore omsett Gråtemuren på norsk).

En utbredt misforståelse – og opprinnelsen til betegnelsen «klagemuren» – er at disse bønnene er sorgfulle påminnelser om tempelets ødeleggelse. I den utstrekning at bønner refererer til dette bestemte stedet, har det sammenheng med et ønske om en messiansk tid der det blir fred og tempelet bygges igjen. (Wikipedia)

Den som kjenner forholda i Gamlebyen i Jerusalem, veit at dette er ein stad med ei heilt spesiell tyding for jødane. Samtidig er det ein svært krevjande stad med tanke på å få til fred mellom religionar og folkegrupper. Wikipedia-sitatet ovanfor viser det til fulle; her blir den messianske tid, som i følgje jødisk tru ennå ikkje har kome, knytt til tanken om å gjenreisa tempelet på tempelplassen.

Eg har høyrt at ein i diplomatiske kretsar vil vera forsiktig med å nytta namnet Vestmuren. Dette fordi det knyter så sterke band til det historiske faktum at jødane sitt tempel i bibelsk tid stod på tempelhøgda (noko som fleire muslimske miljø utruleg nok prøvar å fornekta), men også fordi det implisitt i namnet kan liggja ein tanke om at Israel skal ha heile den vestre muren rundt tempelplassen. Det meste av «vestveggen» går i dag gjennom det muslimske kvarteret i Gamlebyen. Dersom ein skal følgja ein slik tankegang, vil Klagemuren vera eit meir forsiktig uttrykk i den politiske situasjonen.

Dette er, som de forstår, komplisert. Til alt overmål har eg dei siste dagane blitt merksam på at også omtalen av muren som «den mest heilage staden», kan vera kontroversiell. Det viser seg at ein i nokre  jødiske miljø vil seia at det bare er sjølve tempelberget, der tempelet stod, som kan kallast den mest heilage staden i jødedomen. BBC har faktisk nyleg måtta orsaka seg etter ein tilsvarande omtale som den me har stått for i turprogrammet, sjå her.

Sidan eg i dette notatet har nemnt tanken om ei gjenoppbygging av det jødiske tempelet på tempelplassen, vil eg presisera kva eg sjølv står for her. Det finst ultraortodokse jødiske retningar som arbeider for å gjenreisa tempelet. Ein omtalar då dette som «det tredje tempelet». Dessverre er det kristne som støttar denne tanken. Eg meiner det bør vera uaktuelt for kristne å støtta eit slikt prosjekt, både av politiske og teologiske grunnar.

(Notatet er oppdatert 24.02.2009)


%d bloggarar likar dette: