Jakobskatedralen

Jerusalems #10

Jakobskatedralen er ein av Jerusalems best bevarte hemmeligheter. Turistgrupper blir svært sjeldan tatt med dit. Likevel er den med på lista over Jerusalems 10 på topp, som nr 10.

Katedralen ligg gøymt bak høge murar inne i det armenske kvarteret og er ikkje opent tilgjengeleg som dei fleste andre kyrkjer i byen. Men armenarane opnar sjølvsagt opp katedralen sin når dei feirar gudsteneste. Eg har fleire gonger deltatt i den korte vesperen som dei har om ettermiddagen på kvardagane.

Jakobskatedralen er hovudkyrkje for det armenske patriarkatet. Kyrkja er frå 1100-talet, men er bygd over eldre kyrkjer som kan førast tilbake til 400-talet. Armenarane knyter staden til to av dei bibelske personane som heiter Jakob; Jesu bror som blei den første biskop i Jerusalem og som i følgje den armenske tradisjonen ligg gravlagt under høgaltaret, og apostelen Jakob, son av Sebedeus, som har eit altar på venstre sida av kyrkjerommet.

Kyrkja er flott og eg vil også seia svært stemningsfull. Det er orientalske teppe på golvet, store mengder oljelampar i taket og fullt av ikonar på veggene. Det er ikkje stolar, men nokre få benkar langs veggene for dei som helst vil sitja. Når gudstenesta begynner, kjem ungdomar i svarte kapper inn. Dette er elevar ved det armenske presteseminaret, dei set seg i to grupper på golvet på kvar siden av altaret og blir etterkvart med som korsongarar i liturgien. Så kjem prestane og munkane, og deretter bølgjer den armenske liturgien fram og tilbake i ei karakteristisk musikalsk form.

Det er fascinerande å oppleva desse gudstenestene. Det kan opplevast underleg, sett med protestantiske auge, at dette er gudstenester utan kyrkjelyd. Det er bare nokre få til stades utanom korgutane, munkane og prestane. Ei rimeleg forklaring eg har høyrt, er at dei ca 1000 armenarane som er igjen i det armenske kvarteret i Jerusalem, helst nyttar ei av dei andre kyrkjene i kvarteret som sin samlingsstad.

Armenarane er eit folk som har ei lang kristen historie. Dei reknar Armenia som den eldste kristne nasjonen i verda, i og med at dei som folk gjekk over til den kristne trua alt i 301. Frå 400-talet har det vore ei armensk befolkning i Jerusalem. Det armenske kvarteret i Gamlebyen er omgjeve av murar ut mot gata, mens armenarane innanfor har sin eigen stille bydel med bustadar, kloster og kyrkjer. Ut mot gata er det ein armensk taverna og nokre få butikkar som sel armenske fliser og annan kunst. Og sist, men ikkje minst, det armenske museet, som dokumenterer den armenske kulturen.

Det at Jakobskatedralen er med på lista over Jerusalems 10 på topp, er nok ei overrasking for mange. Eg syns kyrkja fortener denne posisjonen. Den er vakker og spesiell. Og gudstenestelivet i kyrkja, med den tradisjonelle armenske liturgien, er ei flott oppleving å få med seg.

Kyrkja er open i samband med gudsteneste måndag-fredag kl 07-08 og 15-15.30, laurdag-søndag kl 06-09.30 (informasjon oppdatert i 2008). Ein vender seg til vakta i porten inn til det armenske kvarteret. Katedralen ligg like innanfor.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

5 svar til Jakobskatedralen

  1. […] 10. Jakobskatedralen […]

  2. […] 10. Jakobskatedralen Like this:LikVer den første til å like dette post. […]

  3. […] 10. Jakobskatedralen Lik dette:LikVer den første til å like dette post. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: