Paulus kjem til Makedonia

IMG_1968

Kavala. Foto: Arne Berge 2019

Apostelen Paulus kom til Makedonia ca år 50. Han kom då med båt frå Troas i Lilleasia, ei sjøreise han brukte to dagar på. Paulus og reisefølget hans gjekk i land i Neapolis, byen som i dag heiter Kavala.

Dette er omtalt slik i Apostelgjerningane (Apg):

Vi la ut frå Troas og segla beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis. (Apg 16,11)

Eg var innom Kavala då eg tidlegare i haust reiste i Paulus´ fotspor. Kavala ligg nordaust i Hellas, i den greske regionen Makedonia.

Paulus reiste frå Troas i Lilleasia til Neapolis i Makedonia og han kom dermed for første gong til det me kallar Europa. Det er slett ikkje sikkert at dette blei opplevd grensesprengande på Paulus si tid. Både Troas og Neapolis låg jo i Romarriket. Samtidig: Apg fortel faktisk at Paulus drog til Makedonia på bakgrunn av ei spesiell openberring, eit syn, som formidla nettopp denne reisa som eit kall:

8 Så drog dei gjennom Mysia og kom ned til Troas.  9 Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!» 10 Då han hadde hatt dette synet, prøvde vi straks å fara til Makedonia, for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der. (Apg 16,8-10)

Var Paulus si forkynning i Makedonia den første forkynninga av det kristne evangeliet «på europeisk jord»? Det veit me ikkje. Men det var i alle høve første gong Paulus sjølv var på det me i dag kallar det europeiske kontinentet. Det er elles ikkje kjent når det for første gang kom kristne til Roma. Paulus skreiv få år seinare (ca år 57) Romarbrevet til ei allereie etablert kristen forsamling som ikkje hadde utgangspunkt i verksemda hans.

Tilbake til synet som blei opplevd som eit kall til å forkynna i Makedonia. Det neste bildet viser eit Paulusmonument utanfor ei kyrkje i sentrum av Kavala. Mosaikken framstillar den sovande Paulus (til venstre), synet av makedonaren (i midten) og Paulus som går i land på eit nytt kontinent (til høgre). Makedonaren er framstilt i romerske klede.

Teksten om då Paulus følgte kallet og reiste til Makedonia, er det første av fleire «vi-avsnitt» i Apostelgjerningane, sjå Apg 16,10 i det siterte avsnittet. Betyr det at Lukas, som truleg skreiv Apg, her skriv om ei reise han sjølv var med på? Er det mogleg å tenka seg at Lukas, som var grekar, har skrive seg sjølv inn i teksten her?

IMG_1971

Paulus-monumentet i Kavala. Foto:Arne Berge 2019

Kavala er ein flott by med ei god hamn. Byen kan blant anna visa fram ein gamal og imponerande akvedukt som går rett gjennom sentrum. Men obs: akvedukten er ikkje frå romersk tid, slik det står i nokre oppslagsverk. Den blei bygd under sultanen Suleiman den store på 1500-talet. Byen er elles mest kjent for sin omfattande tobakk-produksjon og for å vera heimstaden til Mohammed Ali (1769-1849) som grunnla eit dynasti i Egypt på 1800-talet.

IMG_1973

Akvedukten i Kavala. Foto: Arne Berge 2019

Hamna i Kavala. Foto: Arne Berge 2008

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: