Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke

28/10/2017

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 3

Golgata. Jesu kors

Victor Sparre (1919-2008) er kunstnaren bak den store glaskunsten i Hinna kirke. Kunsten var  ferdig til vigslinga av kyrkja 29. oktober 1967. Dette var første gong kyrkjekunst blei støtta av det relativt nye Norsk Kulturråd. Størstedelen av utgiftene på kr 120.000 til kunsten blei likevel gitt frå lokale deltakarar i «kirkeringene», dette var kvinner som var aktive i foreiningar som arbeidde for å bygga kyrkja på Hinna.

Eg har tidlegare skrive om glaskunsten, sjå: Victor Sparre: Golgata. Her er det fleire bilde og lenke til meir informasjon om kunstnaren (som i 1967 framleis heitte Victor Smith, – han skifta familienamn i 1971).

Sparre har ein interessant tekst i årboka Fedrane kyrkje i Rogaland 1968: Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri. Her er det nokre setningar som er vesentlege for forståinga av tankegangen hans, samtidig som dei er til å undra seg over (og ikkje forstå!):

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.

Her er heile artikkelen:

V Sparre 1967, s 59

V Sparre 1967, s 60.jpg

V Sparre 1967, s 61.jpg

Advertisements

Den beste kunsten

17/04/2006

Langfredag har fått den beste kunsten – dette slår Andreas Skartveit fast i ein artikkel i Stavanger Aftenblad onsdag i den stille veka (papirutgåva 12.04.2006).

Eg har brukt dagen i dag, andre påskedag, til å summa meg etter ein fin kyrkjepåske. Det var nødvendig, for det er klart at den stille veka har, for meg som prest, ikkje vore fullt så stille som idealet mitt tilseier! Det betyr blant anna at eg først i dag har funne fram igjen denne avisartikkelen. Eg har nå lyst til å ta med eit utdrag frå den her på bloggen.

Skartveit skriv om koss mykje av den største kunsten i verda er inspirert av dei kristne høgtidene. Og i den samanhengen er det han peikar ut langfredagen som den klare vinnaren blant heilagdagane i påsken.

Han peikar vidare ut sine to favorittar i kunsthistoria: Matteuspasjonen av Bach og skulpturen Pieta av Michelangelo. Eg har i fastetida høyrt mykje på Markuspasjonen med Svein Tindberg som tekstlesar, men fann i dag fram Matteuspasjonen som eg (ennå) ikkje har i hylla mi og som eg derfor «måtte» låna i familieselskapet søndag ettermiddag. Det var flott å høyra det store musikkverket! Skulpturen Pietà har vel dei fleste som har vore i Peterskyrkja eit forhold til. Eg syns i alle høve det er ei sterk oppleving å sjå denne skulpturen.

Men nå vil eg heller gje ordet til ordkunstnaren Andreas Skartveit:

«Vinnaren er langfredag. Langfredag krev ikkje tru, slik påskedagen gjer det. Langfredagen handlar om liding. Golgata har vi alle sett og opplevd, krossen er reist på kvar einaste side i historieboka. Vi ser det kvar dag på Dagsrevyen. Langfredag er kvardag, annleis alle dei andre kristne høgtidsdagane.

Dette såg menneska med ein gong, kunstnarane også. Vi har alle sett krusifiksa, lidinga, men også triumfen, kongen på krossen. Vi har sett det folkelege og enkle, for ikkje å seie det fattigslege, men også det rike og pompøse. Komposisjonane er utan tal, men høgdepunktet i det største mennesket har skapt: Bachs pasjonar. Sviket, døden og nederlaget blir borne fram av den vakraste musikken som er laga. Det er ei fysisk påkjenning å sitje i kyrkjebenken og oppleve Bachs livsskildring, og eg – ein vantru – vil gå langt for å få med ei slik oppleving.

For min eigen del har eg berre plass til eitt kunstverk ved sida av Mattheuspasjonen. Det er Michelangelos Pietà, slik ho står i Peterskyrkja i Roma. Maria sit med den døde sonen sin på fanget. Ho er ung, han har gjort henne yngre enn ho var, ho må ha vore nær femti, og då var kvinner gamle den gongen. Ho er rank, det er ein styrke i kroppen hennar. Andletet fortel kva ho opplever: Botnlaus sorg. Men det er ein uforklarleg triumf over henne der ho sit og har tapt alt. Det er ufatteleg, bokstaveleg tala, ikkje til å fatta.

For meg vart ho, mora med den døde sonen på fanget, hovudpersonen i verdshistoria. Same kvar vi veder oss, til ein krig, til ei naturkatastrofe, til slum og kriminalitet, til narko og til vanleg fattig daglegliv, så finn vi ei mor med ein død son på fanget. Der eg stod og såg på henne, vart ho meir verdshistorie for meg enn eit heilt bibliotek. Eg skal tilbake til henne.»

Dette var bare eit utdrag av den interessante artikkelen. Hadde Aftenbladet lagt den ut på nettavisa, skulle eg sjølvsagt hatt med ein link så du kunne få lesa meir!


%d bloggarar likar dette: