Klosteret i Thiva

The Sacred Monastery of the Exaltation of The Holy Cross

klosteret-i-thivaEg har gjennom fleire år hatt kontakt med det gresk-ortodokse klosteret i Thiva i Hellas. Klosteret Opplyftinga av Det Heilage Korset høyrer til i eit fellesskap av kloster som me kan kan kalla ein klosterfamilie. Den norske nonna Syster Thavoria, som er utgangspunkt for kontakten med klosteret, er sentral i dette fellesskapet.

Oppdatering 3. aug. 2015: Syster Thavoria har nå kome tilbake til Norge, og er abbedisse på klosteret i Nordal. Sjå: Fann kloster på finn.no.

Eg møtte Syster Thavoria første gong under ein studietur med Stavanger bispedøme i 1994. Då møtte ho prestegruppa vår og fortalde om livet som nonne i Hellas. Året etter inviterte klosteret hennar ein prest frå bispedømet vårt til ein viktig fest, og eg var heldig og fekk reisa. Eg var då gjest (og dugnadsarbeidar) i klosteret i ei veke. Sidan har eg halde kontakten med litt brevskriving og med besøk med norske grupper. Eg var sist på besøk i Thiva i fjor haust saman med gruppa som reiste i Paulus’ fotspor. Ein av deltakarane på denne turen har oppfordra meg til å skriva litt om kontakten med klosteret. Det gjer eg gjerne!

Klosteret ligg på eit høgdedrag utanfor Thiva, eit par timars køyring nord for Athen. Det er flott utsikt til alle kantar. Nonnene starta med ei lita kyrkje som låg der frå før. Då eg var der i 1995 var det svært enkle forhold, med matlaging på primus og oppvask ute i det fri. Nå har dei gode bygningar og eit flott uteanlegg på klosteret. Desse nonnene har stor sans for estetikk, og legg mykje arbeid i å gjera det fint, både ute og inne. Det er rett og slett vakkert på klosteret!

Dette er ikkje eit lukka fellesskap, slik me gjerne her i Norge tenkjer oss at alle kloster fungerer. Då gruppa vår kom på besøk i haust, tok dei imot oss med ein gjestfridom av dei sjeldne. Me kjende oss inkludert på staden, sjølv om livsforma dei lever i, er ulik det me kjenner frå Norge.

opplyftinga-av-det-heilage-korsetDette ikonet viser Opplyftinga av Det Heilage Korset. Tradisjonen om denne hendinga (les meir) er sentral på klosteret.

Klosteret i Thiva tilhøyrer som nemnt det eg har kalla ein “klosterfamilie”. Med det meiner eg eit fellesskap eller nettverk av kloster med felles leiing og profil. Det dreier seg både om nonnekloster og munkekloster. Det gamle Holy Cross Monastery i Jerusalem høyrer til i det same klosterfellesskapet. Den åndelege leiaren for desse klostera er Fader Dionysios, eller Geronda (“den eldste”) som dei gjerne kallar han. Dette er verkeleg ein leiar med karisma og han betyr utan tvil mykje for nonnene og munkane som er knytt til fellesskapet. Slik eg oppfattar det, er han heilt klart medverkande til at dette er eit veksande klosterfellesskap, i motsetnad til mange andre kloster i aust.

Allereie første gongen eg var der, la eg merke til gjestfridomen deira. Her kom det folk kvar dag, både barn, tenåringar og vaksne, og Syster Thavoria omtalte alltid gjestene som venner av klosteret. Alle kunne vera med på gudstenester og på måltid i klosteret (gjestene hadde nok stort sett med seg større bidrag til kosten enn dei sjølve hadde behov for). I desse dagane før innviingsfesten kom det også mange for å vera med i det praktiske arbeidet.

Eg blei sett til dugnadsarbeid av forskjellig slag for å gjera det nyetablerte klosteret mest mogleg klart til festen. Det gjekk i hagearbeid, steinplukking og reingjering. Men eg fekk også overraskande oppgåver, som å pakka ein veteranbil inn i plast (det var ei vanskeleg oppgåve å gjera åleine, for det blåste friskt) og å vera assistent då den lokale slaktaren kom for å slakta ei av geitene på klosteret! Samtidig hadde eg alle måltida saman med nonnene og eg var med på tidebønene og gudstenestene i kyrkja. Eg fekk også høve til å gjera eit større intervju med Syster Thavoria, noko som førte til ein artikkel i Stavanger Aftenblad seinare på hausten.

Etter nokre dagar med hardt arbeid kom den store festen 14.09 for Opplyftinga av det heilage korset. Denne tradisjonen, som er knytt til keisarinne Helana sitt besøk i Jerualem på 300-talet, er som nemnt svært sentral på klosteret. Festen blir kvart år markert av nonnene og vennene deira. På festen i -95 blei Syster Diodora, ei tysk venninne av Syster Thavoria, innsett som den første abbedissa på klosteret. Dei to hadde konvertert til gresk-ortodoks tru på 1980-talet, då dei var kunststudentar i Berlin.

Markeringa av festen bestod av gudstenester, måltid og sosialt fellesskap. Gudstenestene var lange og innhaldsrike, og sjølvsagt på gresk. Likevel kjeda eg meg ikkje. Det skjedde så mykje, også overraskande ting. Som då biskopen delte ut basilikumskvastar til alle som var til stades, til minne om at det skal ha vakse basilikum der Helena fann Jesu kors. Og som då Fader Dionysios klypte håret til Syster Diodora under gudstenesta, mens kyrkjelyden song Kyrie eleison!

Under måltida i klosteret er det vanleg med høgtlesing. Når det kjem nordmenn på besøk, les Syster Thavoria gjerne på norsk. Då eg var der i haust, las ho frå boka Ord fra Athos av Jean-Yves Leloup, omsett av Kjell Arild Pollestad (1994). Her kjem Fader Dionysios, som tidlegare var prestemunk på Athos, til orde i eit avsnitt “Om munken og klosterlivets mål”. Kanskje seier tankegangen i avsnittet noko om Syster Thavoria sine eigne opplevingar og prioriteringar, ho som forlet familie og venner i Norge for å bli nonne i Hellas:

“Er dere da oppstandne med Kristus, så streb etter de ting som er der oppe, hvor Kristus sitter ved Guds høyre! Stem tanke og sinn etter dem, og ikke etter de jordiske ting. For dere har vært gjennom døden, og deres liv er skjult med Kristus i Gud. Men når Kristus står frem i lyset – han som er vårt liv – da skal også dere stå frem med ham i herligheten.” (Kol 3,1-4).

Paulus beskriver meget godt det paradoksale i det å være kristen. Vi er døde, vi eksisterer ikke lenger for denne verden, vårt gamle menneske er blitt korsfestet, vi har gitt avkall på de mange begjær, på hovmodet og hatet, og litt etter litt blir vi delaktige i den oppstandnes liv. Vi lever sammen med ham, og vender oss til Faderen i den Hellige Ånd. Slik er den kristnes liv og slik er munkens liv.

Munken er en kristen som i størst mulig grad vil virkeliggjøre de krav og det kall som dåpen innebærer.

Thiva er byen som i gresk historie heiter Theben i landskapet Boiotia. Staden er blant anna kjent i samband med Ødipusforteljinga. I kristen samanheng er det av interesse at evangelisten Lukas blir knytt til denne byen. Ein tradisjon seier at Lukas blei gravlagt her og at Lukaskyrkja i sentrum av byen er bygd over evangelisten si grav. Då eg besøkte denne kyrkja i -95, var den dessverre i elendig forfatning. Håper det er gjort noko med den sidan! Tradisjonen som knyter Lukas til Thiva, er omtalt slik i Olaf Moe si bok Legen Lukas. Evangelisten og historikeren, s. 19-20:

Men før vi undersøker hva vi kan slutte av Den nye testamente om Lukas’ liv og virke, må vi føye til at han ifølge en senere tradisjon skal ha vært ugift og ha skrevet sitt evangelium i Akaia og være død i Bøotia (Theben) i en alder av 74 eller 84 år. Etter sagnet skal han ha vært kunstmaler og ha malt et bilde av jomfru Maria som keiserinne Evdoksia ca år 440 sendte til Konstantinopel fra Jerusalem. Tradisjonen vil vite at evangeliet er skrevet i Akaia, og at Lukas er død i Bøotia. Det siste synes å stadfestes ved at hans jordiske levninger i året 356-57 ble brakt fra Theben til Konstaninopel og bisatt i den snart deretter innviede Apostelkirke. (Så Hieronymus i sin fortsettelse av Evsebs krønike).

8 svar til Klosteret i Thiva

  1. Marita seier:

    Hei:)
    jeg lurer på om du vil være så snill og svare på noen spørsmål som jeg har om Nonner,
    det finnes så lite om (norske) nonner på internett, så jeg bare lurer på om jeg kan få e-mailen din, også kan jeg spørre deg spm der!:)
    Tusen takk på forhånd.
    bare svar her, så sjekker jeg snart igjen, hvis ikke du vil svare her, så har jeg skrivd inn emailen min da!:)

  2. Arne seier:

    Hei Marita. Eg veit ikkje veldig mykje om norske nonner, men skal sjølvsagt prøva å hjelpa deg viss du stiller nokre spørsmål. Du finn mailadressa mi viss du går inn på “Om bloggen”.

    Elles har eg nettopp vore i Oslo nokre dagar og budde då på gjestehuset på Katarinahjemmet på Majorstua. Dette er eit katolsk nonnekloster. Du kan lesa om denne staden på nettsida deira: http://katarinahjemmet.katolsk.no/ny/?q=/kloster

  3. […] (I parentes vil eg nemna at det nå faktisk er gresk-ortodokse kristne som ønskjer å starta eit nytt kloster på Selja, – og at dette er nonner frå klosterfellesskapet som eg kjenner frå klosteret i Thiva.) […]

  4. […] særtrekk ved Lukasevangeliet i forhold til dei andre evangelia. Avslutninga av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonen om Lukas si grav i Thiva (Theben) i […]

  5. […] av notatet Klosteret i Thiva fortel om tradisjonen om Lukas si grav i Thiva (Theben) i Hellas. Lik dette:LikVer den første […]

  6. […] Eg har eit forhold til denne festen, fordi eg for mange år sidan fekk delta i feiringa i eit gresk-ortodokst kloster. Les om klosteret og feiringa her: Klosteret i Thiva. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: