Garborg: Om pengar

Kongen siterte frå Garborgteksten Om pengar i nyttårstalen sin i går kveld (31.12.2009). Her i Time kommune, Arne Garborg sin heimstad, blir sjølvsagt dette lagt merke til og sett pris på.

Dette er dermed eit høve til å henta fram denne teksten, som eg første gong møtte i litteraturhistoria eg hadde på gymnaset. Eg har alltid sidan tenkt at Garborg her fekk fram noko grunnleggjande om at det viktigaste i livet ikkje kan kjøpast for pengar. Er det forresten nokon som veit kva samanheng eller i kva bok Garborg skreiv dette?

Om pengar

Pengar har ikkje nokon verd i seg sjølve. Du kan ikkje ete dei, ikkje drikke dei, ikkje kle deg med dei. Du kunne ha lomma full av pengar, og svelte, tyrste, fryse i hel – om det ikkje var mat og drikke og klede å få.

Pengar er langt ifrå det største gode, ikkje det nest største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar dei vitug.

For pengar kan ein få alt, heiter det. – Nei, ein kan ikkje det.

Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hyggje,
moro, men ikkje glede,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.

Etter å ha sitert delar av dette, konkluderte kongen slik:

– Kanskje har vi vært flinkere til å telle våre penger, enn vi har vært til å telle våre dager. Klarer vi ikke å hanskes bedre med ubalansen i klodens klima, vil vi stå overfor svært alvorlige konsekvenser. (Les meir)

Slik fekk kongen med utgangspunkt i Garborgsitatet sagt noko viktig både om dagsaktuelle utfordringar og om det evige perspektivet på livet. Den som kjenner sin Bibel, høyrer at kongen her har bøna frå Salme 90 i tankane:

Lær oss å telja våre dagar,
så vi kan få visdom i hjarta!

(Sal 90,12)

Oppdatering november 2017:

Dette notatet blei skrive 1. januar 2010 etter at kongen hadde sitert Garborg i nyttårstalen kvelden før. Som ein kan sjå i kommentarfeltet under, gav Per Halse meg raskt god hjelp når det gjeld teksten si historie; dette var skrive som leseboktekst til Andreas Austlid si lesebok (1903). I hyllene mine har eg nå Lars Eskeland si utgåve av leseverket, andre bandet (1928). Eg tar her med bilde av boka og den aktuelle sida.

Austlids lesebok.jpg

Austlids lesebok. Um pengar

Anna Garborg-stoff her på bloggen:

9 tankar på “Garborg: Om pengar”

  1. Orda om pengane er eit godt døme på at det før i tida vart laga kvalitetstekster til nye skulebøker. Stykket du siterer er rett og slett ei leseboktekst, og eg meiner at ho fyrst vart prenta i ei av Andreas Austlid sine bøker i byrjinga av 1900-talet.

  2. Hei Per. Du har rett. Eg har sjølv nyleg funne teksten i opphavleg form og med ei tilvising til Austlids lesebok frå 1903, i eit programark for ein Garborgkveld me hadde her på Jæren ved jubileet i 2001. Men eg var ikkje klar over at Garborg skreiv teksten for denne leseboka. Interessant!

  3. Jeg har kallgrafert diktet og satt det inn i en gedigen gullramme.
    Det kan beskues på Galleri Albin Art, Briskeby

    Ingjerd B Oudenstad

  4. Eg set pris på at klassiske tekstar vert siterte korrekt. Her er det gjort i og med faksimila frå Austlids lesebok. Sitatet i teksten er derimot ikkje ordett. Den grøvste feilen er at linene om kameratar og tenarar er slegne saman til ei.

    Ein ting er å modernisera rettskrivinga, slik som å endra um til om, det lyt ein finna seg i at vert gjort, sjølv om eg aller helst tykkjer at lesaren då burde gjorast merksam på at språket er modernisert. I alle fall moderniserte fleire av dei klassiske forfattarane våre sjølve rettskrivinga i nyutgjevingar av verka sine.

    Noko anna meiner eg det er å endra ordvalet. Slik som å endra den til dei («som brukar deim vitugt»). Sameleis å endra Garborg sin a-infinitiv til e-infinitiv vert litt på kanten, all den tid a-infinitiv framleis er tillate på nynorsk.

    Så får ein heller finna seg i at Garborg til dels ikkje fylgde dei vedtekne prinsippa for nynorsk setningsbygnad, særleg det at han brukte den som subjekt på slutten (heldigvis ikkje retta i teksten). Å underslå dette ville vera historieforfalsking. Akkurat som at Ivar Aasen skreiv «friheit», eit ord som hadde fått fram både raudblyanten og tempramentet hjå ein kvar målmedviten norsklektor.

    No forstår eg likevel at sitatet i teksten er skrive før originalen var for handa, så det kan vel godt vera at det er andre som har «forgripe seg» på Garborg sin tekst her. Så dette får mest vera ei almenn påminning til dei som måtte lesa dette og som frå tid til anna siterer klassiske tekstar.

    1. Takk for denne almenne påminninga. Når det gjeld detaljane du peiker på, har eg ikkje litteraturhistoria som sitatet er henta frå, tilgjengeleg nå. Men eg ser at to linjer er slått saman til éi, og det er vel ein viss sjanse for at det har skjedd då eg skreiv dette inn i bloggen. Dette er retta opp nå, med utgangspunkt i teksten i Austlid si lesebok. Eg har også retta dei til den i setninga du peiker på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.