Pilegrim i Frankrike, pinsen 2016

Eg har kome heim frå ein ny etappe med pilegrimsvandring i Frankrike saman med Inger. Me har nå gått dei første 580 km av 1500 km på Vegen til Santiago de Compostella, – eller for å seia det på fransk: Le Chemin de Saint Jacques de Compostelle. Dette året gjekk me sju dagsetappar frå Moissac til Aire-sur-l`Adour, tilsaman caLes meir «Pilegrim i Frankrike, pinsen 2016»

Mariapilegrim i Jerusalem

Eg sit på Oljeberget og ser utover Jerusalem. Det er fint å vera her og å oppleva alle dei heilage stadane. Samtidig så urimeleg gale at byen er prega av ufred og rivaliserande grupper og folkeslag. Her på Oljeberget gret Jesus over byen og sa: ”Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kvaLes meir «Mariapilegrim i Jerusalem»

Mariapilegrim i Kairo

Eg har reist med metro’en langt sør i Kairo, og sit nå i kyrkja i Ma’adi ved breidda av Nilen. Kyrkja og klosteret her er vigd til Jomfru Maria. Eit par ungdomar kjem til kyrkja samtidig meg meg. Dei går inn i kyrkjerommet, knelar og ber. Eg går inn i sidekapellet som er vigd tilLes meir «Mariapilegrim i Kairo»

Mariapilegrim i Betlehem

Eg har kome gjennom den israelske muren og er inne på dei palestinske områda. For meg som moderne pilegrim og utlending, er det ikkje noko problem å passera checkpointen. Men for lokalbefolkninga er dette vanskeleg, på mange måtar. Ein taxi tar meg vidare til sentrum i Betlehem. Ein kort tur med mykje tut og køyr.Les meir «Mariapilegrim i Betlehem»

Språk-muséet i Figeac

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 5 Overnattingsstaden var normalt det me først oppsøkte, når me kom til målet for dagsetappane på pilegrimsvandringa. I Figeac var dette annleis. Eg hadde lese om Musée Champollion, og hadde eit sterkt ønske om å få med meg dette før stengetid. Eg fekk meg ein seinLes meir «Språk-muséet i Figeac»

Kristen kultur i vegkanten

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 4 Me passerte utruleg mange kors i vegkanten på pilegrims-vandringa, og me såg på dette som eit konkret og fint uttrykk for gamal kristen kultur. Det var små og store kors, utført i stein, metall eller tre. Me tok gjerne pause når me kom til desseLes meir «Kristen kultur i vegkanten»

Kaffi i bollar

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 3 Frykta for at eg ikkje skulle få nok kaffi til frukost i Frankrike, var ubegrunna. På herberga der me overnatta, blei morgonkaffien servert i bollar! Dei små koppane med espresso kom fram først seinare på dagen. Her et eg frukost i Saugues, ein liten by medLes meir «Kaffi i bollar»

Startpunktet: Le Puy

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 2 Det er tidleg morgon. Klokka er sju og me deltar på pilegrimsmessa i katedralen i Le Puy-en-Velay. 30-40 menneske er samla til gudsteneste med velsigning og utsending, mange av oss har allereie fått på oss turutstyret. Ryggsekken står ferdig pakka i benken ved sidan av meg.Les meir «Startpunktet: Le Puy»

Pilegrim i Frankrike

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 1 Eg har nyleg kome heim frå pilegrimsvandring i Frankrike. Saman med Inger har eg gått dei første 280 km av Chemin de Saint Jacques de Compostelle, frå Le Puy-en-Velay. Me har opplevd mykje og hatt herlege dagar! Bildet er tatt ein av dei siste dagane, nærLes meir «Pilegrim i Frankrike»

Pilegrim i Jorsalaborg II

Kva tankar hadde ein norrøn pilegrim som var på veg mot Jerusalem? Eg skriv nå vidare på serien (sjå del I) om abbed Nikolas Bergssons reise til «Jorsalaborg» på 1150-talet og går inn i abbedens tekst i det han nærmar seg Jerusalem: Så går det oppover til Jorsalaborg, som er den gildaste av alle byar i heile verda.Les meir «Pilegrim i Jorsalaborg II»

Frå Stavanger til Selje

Eg har i kveld kome heim frå ei pilegrimsreise langs kystleia frå Stavanger til Selje. Nokre vil kanskje undra seg over at eg kallar denne turen ei pilegrimsreise, for eg har ikkje gått så mykje. Det har derimot vore ein tur med mykje kollektivtransport (i båt) og kanskje er det rettare å seia at egLes meir «Frå Stavanger til Selje»

Respekt for heilage stadar

Heilage stadar har krav på respekt. Dette er, etter mitt skjøn, heilt grunnleggjande, og faktisk også heilt opplagt. Eg ønskjer at slike stadar skal bli respekterte av alle menneske, uavhengig av religion. Derfor er det også naturleg for meg å respektera andre religionar sine heilage stadar. For meg som er kristen, dreier dette seg førstLes meir «Respekt for heilage stadar»

Pilegrimssøndagen

Det er 4. søndag i påsketida i dag (13.04.2008). Denne søndagen kan godt kallast pilegrimssøndagen, då det er eit sterkt element av det å vera undervegs i fleire av bibeltekstane som er knytt til dagen. Det tradisjonelle kyrkjeårsnamnet på dagen er Jubilate, eit teikn på at påsketida (som me framleis er inne i) er eiLes meir «Pilegrimssøndagen»