Bilde av St. Olav i Fødselskyrkja

29/07/2018

Dette eldste kjente bildet av St. Olav er måla på ei av søylene i Fødselskyrkja i Betlehem. Bildet har lenge vore svært utydeleg. Eg var innom Fødselskyrkja tidlegare i sommar, og fekk sjå at bilda på søylene nå er under restaurering i samband med det store prosjektet The Restoration of the Church of Nativity – Bethlehem.

Sjølv har eg bildet frå eit kalenderblad frå 1941, utgitt av Dreyers grafiske anstalt i Stavanger. Her blir bildet tidfesta til 1165-1180. Historikaren Trond Norén Isaksen daterer bildet til rundt 1150-1160 i boka Hellig krig om Norges krone (s. 160). Eg har lånt ut bildet frå kalenderbladet til denne boka.

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

Olav den heilage i Fødselskyrkja, bilde frå Dreyers kalender 1941

 

Advertisements

St Olav i Betlehem

29/07/2015
St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

 

Oppdatering 2019: Eg har skrive nyare notat om bildet. Sjå Bilde av St. Olav i Fødselskyrkja (29.07.2018) og Om Fødselskyrkja i Betlehem (28.12.2018).

I dag på olsok (29.07.2015) har eg funne fram dette bildet av St. Olav frå Fødselskyrkja i Betlehem. Freskoen er frå det 12. hundreåret og er malt på ei av søylene i Fødselskyrkja i Betlehem. Den som har vore i kyrkja og sett søyla, veit at bildet i dag dessverre bare er svakt synleg.

Eg har bildet på eit gamalt kalenderblad frå 1941, utgjeve av Dreyers Grafiske Anstalt i Stavanger.

Bilda under viser 1.) korleis søylene ser ut i dag og 2.) ein plansje over helgenbilda på søylene. Klikk på bilda, så blir dei større.

IMG_2779

IMG_2570


%d bloggarar likar dette: