Jesus på flukt til Egypt

27/12/2013

Notat til søndagens tekst: Matt 2,13-15

Matteusevangeliet fortel at Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt.

Bildet viser ei vanleg koptisk gjengjeving av dette motivet. Josef går, Maria sit med barnet på eit esel, dei går langs Nilen og i bakgrunnen ligg det nokre pyramidar.

For oss kan forteljinga vera ei påminning om at Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krybbe, men også om vondskap og ei dramatisk flukt.

Eg har dei siste åra, etter ein studietur til Kairo i 2008, interessert meg spesielt for den koptiske kyrkja si bruk av denne historia.

Her er bibelteksten:

Då dei (vismennene) var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min. 

Uttrykket Frå Egypt kalla eg son min, som evangelisten Matteus har henta frå profeten Hosea i GT, er naturleg nok eit populært bibelvers blant dei kristne i Egypt. Dei legg stor vekt på at Jesus var i Egypt som barn. Hos Hosea er dette eigentleg ikkje ein profeti, men eit uttrykk for Guds kjærleik til Israelsfolket med tilvising til exodus, Israels utferd frå Egypt: Då Israel var ung, fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min (Hos 11,1). Matteus let orda vera ein profeti som blei oppfylt då Jesus måtte flykta til Egypt.

Samtidig ligg det mange andre interessante bibelske samanhengar i teksten, blant anna tankegangen om Jesus som den nye Moses; Moses måtte som barn reddast frå Farao. Dessutan var Egypt kjent som tilfluktsstad frå mange periodar i Israels historie (f. eks. 1 Kong 11,40; 2 Kong 25,26; Jer 26,21 og 43,1-7).

Teksten seier ikkje noko om kor lenge den heilage familie var i Egypt, heller ikkje noko om kvar i Egypt dei søkte tilflukt. Men her har det vakse fram ein rik tradisjon blant egyptiske kristne. Tradisjonen fortel at dei var i Egypt i tre år og seks månadar, vidare at dei reiste rundt i Nildeltaet og opp til Øvre Egypt. Delar av turen gjekk i båt på Nilen. Det finst mange forteljingar om underfulle ting som skjedde på reisa deira rundt i landet. Desse forteljingane blir knytt til spesielle stadar, som dermed har blitt heilage og utgangspunkt for pilegrimstradisjonar. I notatet Theophilus» Openberring skriv eg om nokre av kjeldene for desse koptiske tradisjonane.

Dei koptiske kristne er den største kristne minoriteten i Midt-Austen. Dei står midt i ei vanskeleg tid og fortener all vår omsorg og forbøn.

Advertisements

Mariapilegrim i Kairo

26/11/2013

Eg har reist med metro’en langt sør i Kairo, og sit nå i kyrkja i Ma’adi ved breidda av Nilen. Kyrkja og klosteret her er vigd til Jomfru Maria. Eit par ungdomar kjem til kyrkja samtidig meg meg. Dei går inn i kyrkjerommet, knelar og ber.

Eg går inn i sidekapellet som er vigd til Maria-tradisjonen. Ein mann gir meg høfleg beskjed om at her må eg ta av skoa. På veggen er det eit stort Maria-ikon og eit kart over ruta den heilage familien følgde då dei var på flukt. Frå Betlehem, gjennom Gaza og Sinai, på kryss og tvers i Nildeltaet og langt sør til Øvre Egypt. ”Dei var i Egypt i tre og eit halvt år”, fortel mannen meg. ”Landet vårt var ein trygg tilfluktsstad for Maria og barnet”, seier han og smilar. Koptarane er stolte av at Jesus var i Egypt som barn.

Tradisjonen fortel at den heilage familien kom hit til Ma’adi og reiste vidare sørover på Nilen med båt. Utanfor kyrkja er det ei overbygd trapp som går ned til elva. Familien skal ha brukt den då dei gjekk om bord. Trappa er framheva og tatt godt vare på. Den er i dag nærast bygd inn i ein eigen bygning.

Eg sit og suger til meg inntrykka og blir opptatt av eit moderne ikon av den heilage familien. Maria sit sidelengs over eselryggen. Ho held barnet med begge hendene sine. Josef går bak eselet og held bagasjen dei har med seg. Det er som om Maria sit og ser på meg …

Så vidt eg forstår er dessverre kyrkja i Ma’adi ei av dei mange kyrkjene som er vandaliserte det siste året (2013) i den urolege situasjonen i Egypt. Teksten er skriven med utgangspunkt i besøk på staden i 2008.

Dette er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.


Pave Shenouda III

19/03/2012

Den koptiske paven Shenouda III døydde laurdag 17. mars. Han hadde då vore ein markant leiar av den koptisk-ortodokse kyrkja sidan 1971.

Eg opplevde den koptiske paven på ei kveldssamling i Markuskatedralen i Kairo på ein studietur i 2008. Det var ei interessant oppleving. Midt i den opphøgde personfokuseringa, la han vekt på å vera nær folket. Kyrkja var fylt av fleire tusen koptarar, og paven svarte på spørsmål frå salen omtrent som ein norsk konfirmantprest. Dei handla om alt frå ekteskapsrådgjeving til spørsmål om bøn og dogmatiske tema.

Pave Shenouda vil bli huska som ein modig kyrkjeleiar. Den koptiske kyrkja har markert seg som ei positiv kraft i samfunnet i hans tid. Så vidt eg forstår, har Shenouda spesielt markert seg gjennom eit sterkt fokus på undervisning av dei kristne i Egypt og gjennom eit sterkt økumenisk engasjement.

I samband med den koptiske julefeiringa i januar i år, refererte eg (her) til pave Shenouda si julehelsing i ei hardt pressa tid: han la hovudvekta på at me skal vera gode mot kvarandre.


Helsing frå pave Shenouda

07/01/2012

Den koptiske kyrkja i Egypt feirer jul i dag, som mange andre ortodokse kristne. Bjørn Olav Hansen har i samband med den koptiske feiringa omsett pave Shenouda III si julehelsing.

Paven i den hardt pressa koptiske kyrkja legg ikkje vekt på den usikre situasjonen koptarane lever under. Han helsar heller med ord om å vera god mot andre!  Les den koptiske paven si helsing her.

(Sjå også Vårt Land sin nettleiarartikkel Gledelig jul! der kommentarane slår fast at koptarane feirer jul i dag 7. januar, jfr også notatet Trettande dag)


Frå Egypt kalla eg son min

28/12/2011

Notat til dagens tekst: Matt 2,13-18

Matteusevangeliet fortel at Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt.

Denne teksten har alltid vore svært viktig for dei koptiske (egyptiske) kristne. Det betyr mykje for deira identitet at Jesus var i Egypt som barn.

Det er ein vanleg tankegang blant kristne i Egypt at landet gjennom Jesu nærvere blei ein del av Det heilage landet.

Uttrykket Frå Egypt kalla eg son min (Matt 2,15), som evangelisten Matteus har henta frå Hos 11, er naturleg nok eit populært bibelvers i Egypt.

Dei koptiske kristne er den største kristne minoriteten i Midt-Austen. Dei står midt i ei vanskeleg tid og fortener all vår omsorg og forbøn.

Les tidlegare notat her på bloggen:


Koptisk frykt etter nyttår

04/01/2011

– og ei oppfordring til forbøn for den koptiske kyrkja

Den kristne minoriteten i Egypt lever i frykt. Terroren nyttårsaftan har gjort situasjonen deira enda verre. Den koptiske kyrkja feirar jul 6. januar, og dei kristne er nå svært usikre på korleis feiringa vil bli.

Biskop Thomas, som eg fleire gonger tidlegare har nemnt her på bloggen (her), meiner at dei kristne er sterke og at dei til tross for den vanskelege situasjonen, vil møta fram på gudstenestene i julehøgtida. Han fortel at kyrkjene er beskytta av politi, men at dei kristne likevel er svært usikre på kva som kan skje.

Vårt Land skriv:

Biskop Thomas i den koptiske kirken i Egypt sier mange koptere frykter nye voldsangrep mot kristne i landet under den ortodokse julefeiringen som starter torsdag 6. januar om kvelden.

– Mange er redde for at noe skal skje. Vi ber om at det ikke skjer noe, sier Thomas til Vårt Land på telefon fra sitt bispedømme i ElQussia i det sørlige Egypt.

Rundt alle kirker, også i hans bispedømme, og ved hans retreat- og konferansested Anafora midt mellom Kairo og Aleksandria, er det politi som beskytter etter terroren i Aleksandria nyttårsdag. 21 mennesker ble drept.

Les meir

Det er sjølvsagt flott at det egyptiske politiet vil beskytta dei kristne i landet mot terror. Dei kristne demonstrantane hevdar på si side at politiet sin innsats skulle vore mykje større i denne situasjonen.

Det er likevel viktig å peika på at dette ikkje er ein situasjon som kan løysast med meir politi. Aftenbladet skreiv om dette på leiarplass i går og avslutta slik:

Problemet kan ikkje løysast med politi og militærmakt, men med ein kraftfull innsats for å løysa problema som gjer kristne og andre til syndebukkar. Og det hastar. (Stavanger Aftenblad, papirutgåva 03.01.2011)

I dag har norske kyrkjeleiarar saman gått ut og oppfordra til forbøn for situasjonen i Egypt:

Etter terroraksjonen ved Al Qiddissin-kirken i Alexandria nyttårsaften, der mer enn 20 kirkegjengere mistet livet og mange flere ble hardt skadd, kjenner vi på forferdelse og vantro over det grusomme som har skjedd. Vi oppfordrer alle menigheter i Norge til å be for våre kristne søsken i Egypt som torsdag 6. januar starter sin julefeiring.

Førstkommende søndag vil vi be for de pårørende og familiene til dem som er rammet av denne tragedien. Be også om beskyttelse og trosfrihet for de kristne i Egypt, og om at ekstremister ikke skal få ødelegge for fredelig sameksistens mellom kristne og muslimer.

Les meir


Ung kristen drept i Kairo

27/11/2010

Dei koptiske kristne er den største kristne minoriteten i Midt-Austen. Dei er tydeleg til stades i det egyptiske samfunnet. Men dei slit dessverre alvorleg med å bli akseptert og godtatt.

Denne veka blei bygginga av ei kyrkje i Giza stoppa av politiet. I uroen som følgte, blei ein kristen 19-åring drept. Eg likar ikkje denne utviklinga!

Les meir her.


%d bloggarar likar dette: