Jubileumshelg på Hinna

Hinna kirke er 50 år søndag 29. oktober 2017

Helga 28.-29. oktober feirar Hinna kirke sitt 50-års jubileum. Dei neste dagane vil eg skriva litt her på bloggen om det lokale kyrkjejubileet.

Kyrkja blei vigsla av biskop Fridtjov Birkeli søndag 29. oktober 1967. Nå i helga blir det jubileumsgudsteneste på sjølve dagen for jubileet. Kvelden før blir det jubileumskonsert med bidrag frå mange songarar og musikarar med tilknyting til Hinna.

Men femtiårsmarkeringa starta allereie for ein månad sidan med bursdagsfeiring med pølsemiddag, is, ballongar og konsert med Tore Thomassen. Då var det mange barn som var med og feira at kyrkja vår er 50 år «omtrent på denne tida».

Les meir om jubileumshelga på www.hinnakirke.no.

Her er helsinga eg skreiv til eit hefte som er delt ut i bydelen i samband med jubileet:

Hinna kirke feirar 50-års jubileum nå i haust. Det er mange menneske som har gått inn og ut av dørene i kyrkja vår desse 50 åra, og mange er takknemlege for det kyrkja har betydd.

«Kven er dette si kyrkje?». Dette spør me konfirmantane om. Det finst kanskje ikkje så mange gale svar på dette, men det finst mange riktige. Det er nemleg vår kyrkje, det er di og mi kyrkje. Og samtidig er kyrkja Guds hus, eit annleis og heilagt hus.

Me er mange som på ein eller annan måte har fått livshistoria vår fletta saman med den lokale kyrkja si historie. Eg veit ikkje talet på kor mange som er døypte her, men det må vera svært mange! Det same kan seiast om konfirmasjonar, vigslar og gravferder. Tenk også på alle dei som har deltatt i barnegospel, ungdomsklubb, tensingkor, bibelgrupper og andre små og store fellesskap. I mi eiga livshistorie er Hinna kirke viktig fordi eg blei konfirmert her i 1971, var aktiv her i «Unge kristne» midt på 70-talet, og blei ordinert til prestetenesta her i 1984. Og frå 2012 har eg altså kome tilbake som sokneprest.

I dag er kyrkjelyden vår prega av mange barnefamiliar på Tirsdagsmiddagen og på Allesammen-søndagane, vidare av ei godt utbygd trusopplæring for barn og unge og ei relativt god deltaking på gudstenestene. Men det er framleis god plass til fleire!

Sjølv om kyrkjelyden er i eit jubileumsår, tenker menighetsrådet framover. Me har dette året blitt med ei eit treårig utviklingsprosjekt, «Menighetsutvikling i folkekirken». Me ønsker å vera eit relevant fellesskap for barn, unge og vaksne på Hinna også i åra som kjem.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: