Påskeforteljinga i Jerusalem i dag

08/04/2017

Filmen The Week that changed the World gir ein god gjennomgang av Jesu siste påske i Jerusalem. Samtidig gir den eit inntrykk av dei aktuelle delane av Jerusalem i dag. Foreløpig er første del (ca 15 min) av Wayne Stiles´film lagt ut på nettet. Resten kjem seinare i påsken. Eg vil følgja med, for dette likte eg å sjå!

Her er filmen: The Week that changed the World.

Oppdatering skjærtorsdag: Eg har nå sett dei tre delane av filmen. Han har lagt mykje arbeid i dette prosjektet. Eg syns likevel det er uheldig at den siste delen av filmen går rett over i sal av abonnement på serien Walking the Bible Lands. PS: Denne påsken er det gratis å sjå påskefilmen!

Filmen har også med små drypp med kristen forkynning mellom forteljingane og skildringane av byen. Slik er Wayne Stiles´eigen omtale av dei tre episodane:

In Episode 1, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Palm Sunday, when Jesus entered Jerusalem on the foal of a donkey, to Monday—when Christ cleansed the temple—through Tuesday, when Jesus left the temple for the final time and made an ominous prediction of Israel’s future. Our challenge: How do we live a life of authenticity with God?

In Episode 2, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Wednesday through Friday. In addition to seeing some archaeological finds related to Jesus, we’ll experience the Upper Room, the Garden of Gethsemane, Jesus» arrest, trials, crucifixion, and burial.Our challenge: How do we keep going when we have blown it with God?

In Episode 3, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Saturday, where the disciples thought all was lost, to Easter Sunday where the resurrection changed the world. We even journey back north to Galilee where the resurrected Jesus gave hope to those who need a second chance—including us. Our challenge: How do we start over with God?

(via BiblePlaces Blog)

Advertisements

Mariapilegrim i Jerusalem

08/12/2013

Eg sit på Oljeberget og ser utover Jerusalem. Det er fint å vera her og å oppleva alle dei heilage stadane. Samtidig så urimeleg gale at byen er prega av ufred og rivaliserande grupper og folkeslag. Her på Oljeberget gret Jesus over byen og sa: ”Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred!”

Eg reiser meg og går ned bakkane til Getsemane. Der har eg ei stille stund i hagen med gamle oliventre. Så går eg ned i Marias grav, eit stort krossforma gravkammer opplyst av utallige oljelampar. Her i botnen av Kedrondalen trur dei ortodokse kristne at Maria blei lagt, før ho blei tatt opp til himmelen.

Vidare går eg opp på andre sida av dalen og inn i Gamlebyen. Der følger eg Via Dolorosa, andaktsvegen som fører fram til Gravkyrkja. Eg vil knela på Golgata og ved Jesu grav. Vegen er bygd opp omkring fjorten stasjonar. Plutseleg er det som om eg er der, på Jesu tid. Ved fjerde stasjon møter han mora si. Blikka deira møtest. Ho er full av sorg og gret høgt. Ho greier bare så vidt å bli med i følgjet på veg ut av byen til Golgata.

Nei, nå er eg tilbake i vår tid. Eg er ein moderne pilegrim, slett ikkje ein samtidig av Jesus. Men i tankane var eg visst der ein augeblink…

Dette er den siste av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: NasaretBetlehemKairo, Kana og Jerusalem.


Oversikt over Jesu lidingshistorie

04/04/2012

Nå i den stille veka er det tid for å lesa Jesu lidingshistorie, som er detaljert skildra i Det nye testamentet. Historia kan delast inn på denne måten:

  1. Jesus bed og blir arrestert i Getsemane på Oljeberget
  2. Jesus overfor dei jødiske leiarane
  3. Jesus overfor Pilatus, den romerske guvernøren
  4. Jesus blir korsfesta og døyr på Golgata, og blir gravlagt i nærleiken

Men under kvar av desse fire overskriftene, skjular det seg ei forteljing med mange detaljar. Full oversikt over lidingshistoria kan du få i notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie. Og sjølve teksten, – den finn du altså i NT.


Jesu lidingshistorie

02/04/2010

I dag på langfredag vil eg gjerne minna om at alle dei fire evangelistane skriv grundig og detaljert om Jesu liding og død i Jerusalem. Dei skriv med ulike briller og legg vekta på litt ulike stadar, og nettopp dette er med og gjer NT truverdig og ekstra interessant.

Det tidlegare notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie gir oversikt over dette viktige materialet frå dei fire evangelistane.


14 stasjonar på korsvegen

10/04/2009

Korsvegen er ei vandring eller ein andaktsform med 14 stasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Korsvegen kan vera knytt til 14 bilete med motiv frå lidingshistoria eller den kan vera ei vandring i meir overført tyding ved at ein les og tenkjer og på den måten følgjer Jesus på lidingsvegen.

(Les meir)

Sjå også Wikipedia: Stations of the Cross


Korsvegen

06/04/2007

Korsvegen er ei vandring eller ei andaktsform med 14 stasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Korsvegen kan vera knytt til 14 bilete med motiv frå lidingshistoria eller den kan vera ei vandring i meir overført tyding ved at ein les og tenkjer og på den måten følgjer Jesus på lidingsvegen.

Mest konkret blir korsvegen som andaktsform når me er til stades i Jerusalem, der det skjedde. Her er den andaktsvegen som har danna utgangspunkt for alle korsvegandaktar og biletserier i kristne kyrkjer verda rundt. Kvar fredag ettermiddag går det organisert vandring langs vegen, med andakt på alle dei 14 stasjonane. Langfredag er det sjølvsagt spesielt mange som er med på dette. Men dei fleste som går denne vandringa, gjer det for seg sjølv eller saman med ei gruppe, uavhengig av om det er fredag eller ein annan dag.

Ved mange av stasjonane er det små kapell, ofte godt skjult i den tette bygningsmassen rundt dei tronge gatene. Desse kapella står opne og me kan gå inn og ha ein stille stund før me går vidare.

Sjølv har eg gått langs Via Dolorosa fleire gonger, både åleine og saman med andre. Ein gong har eg, saman med familien min, vore der i påsken (2001). Då deltok me sjølvsagt på korsvandringa langfredag. Men det var rett og slett for mange som deltok til at me kunne halda kontakten med dei som gjekk først og som leia med tekstlesingar og bøner. Det enda med at me frå femte stasjon gav opp og heller gjekk i vårt eige tempo fram til Gravkyrkja. Den gong traff me forresten også nokre me såvidt kjente frå Bryne, og slo følgje med dei.

Tradisjonen med å følgja lidingshistoria langs akkurat denne vegen, går tilbake til fransiskanske munkar som tok imot pilegrimar i det 13. eller 14. hundreåret. Men heilt tilbake til bysantinsk tid (Jerusalems periode som kristen by i tre hundre år i perioden 325-638) var det tradisjon med å gå frå stad til stad til minne om Jesu lidingshistorie. Uansett kva rute ein følgte, var målet Golgata og Jesu grav i Gravkyrkja.

Dette med dei 14 stasjonane er ein tradisjon som har vakse fram gjennom kyrkjehistoria, knytt til Via Dolorosa i Jerusalem:

  1. Jesus blir dømd til døden
  2. Jesus tar korset på skuldrane sine
  3. Jesus fell første gong under korset
  4. Jesus møter mor si
  5. Simon frå Kyrene blir tvunge til å bera Jesu kors
  6. Veronikas svetteduk
  7. Jesus fell andre gong under korset
  8. Jesus taler til dei sørgjande kvinnene
  9. Jesus fell tredje gong under korset
  10. Kleda blir tatt frå Jesus
  11. Jesus blir nagla til korset
  12. Jesus døyr på korset
  13. Jesus blir tatt ned frå korset
  14. Jesus blir lagd i grava

Dei fire siste av desse stasjonane er ved eller i Gravkyrkja.

Eg syns det er fint å bruka tradisjonen med desse stasjonane for å leva meg inn i lidingshistoria, både i ei kyrkje og når eg er i Jerusalem. Når Inger og eg er reiseleiarar og tar andre med til Jerusalem, brukar me eit forkorta opplegg der me går Via Dolorosa og stoppar på nokre av stasjonane.

Eg skriv dette langfredag, og i dag var det flott å sitja i kyrkjebenken og delta på ein korsvegandakt i eigen kyrkjelyd her på Bryne. Me nytta eit opplegg av den svenske biskopen Martin Lønnebo, omsett og tilrettelagt for bruk i norske kyrkjer.


Detaljar i Jesu lidingshistorie

12/04/2006

Raymond E. Brown har sett opp ei detaljert inndeling av Jesu lidingshistorie i boka The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. Inndelinga gir ei god oversikt over dei enkelte delane av lidingshistoria, og kan vera nyttig for andre som ønskjer å setja seg inn i denne viktige delen av Det nye testamentet.

Raymond E. Brown deler lidingshistoria opp i fire akter som igjen blir delt i ulike scener og vidare i små avsnitt. For alle avsnitta blir det vist til dei aktuelle tekstane i dei fire evangelia Matteus, Markus, Lukas og Johannes.

AKT I: JESUS BED OG BLIR ARRESTERT I GETSEMANE PÅ OLJEBERGET OVER KEDRON

Scene 1: Jesus går til staden og bed der. Mark 14,26-42 / Matt 26,30-46 / Luk 22,39-46 / Joh 18,1

Overgangsavsnitt: Jesus går med disiplane til Oljeberget. Mark 14,26-31 / Matt 26,30-35 / Luk 22,39 /Joh 18,1a

Bøna i Getsemane, del 1: Inngang og førebuing. Mark 14,32-34 / Matt 26,36-38 / Luk 22,40 / Joh 18,1b

Bøna i Getsemane, del 2: Jesus bed til Faderen. Mark 14,35-36 / Matt 26,39 / Luk 22,41-42

Bøna i Getsemane, del 3: Den styrkande engelen. Luk 22,43-44

Bøna i Getsemane, del 4: Jesus kjem fyrste gongen tilbake til disiplane sine. Mark 14,37-38 / Matt 26,40-41 / Luk 22,45-46

Bøna i Getsemane, del 5: Jesus kjem andre og tredje gongen tilbake til disiplane sine. Mark 14,39-42 / Matt 26,42-46

Scene 2: Jesus blir arrestert. Mark 14,43-52 / Matt 26,47-56 / Luk 22,47-53 / Joh 18,2-11

Arrestasjonen av Jesus, del 1: Det innleiande møtet. Mark 14,43-46 / Matt 26,47-50 / Luk 22,47-48 / Joh 18,2-8a

Arrestasjonen av Jesus, del 2: Medfølgjande hendingar. Mark 14,47-50 / Matt 26,51-56 / Luk 22,49-53 / Joh 18,8b-11

Arrestasjonen av Jesus, del 3: Ein ung mann flyktar naken bort. Mark 14,51-52

AKT II. JESUS OVERFOR DEI JØDISKE LEIARANE

Scene 1: Rettsleg behandling og utspørjing ved dei jødiske leiarane. Mark 14,53-64 / Matt 26,57-66 / Luk 22,54-55 + 66-71 / Joh 18,12-25

Overgangsavsnitt: Jesus blir ført til dei jødiske leiarane. Utspørjing ved Annas. Mark 14,53-54 / Matt 26,57-58 / Luk 22,54-55 / Joh 18,12-25a

Rådet si behandling, del 1: Leiarane som var samla, vitna og påstanden om at Jesus skulle øydeleggja tempelet. Mark 14,55-59 / Matt 26,59-61 / Luk 22,66

Rådet si behandling, del 2: Spørsmål om Messias, Guds Son. Mark 14,60-61 / Matt 26,62-63 / Luk 22,67-70a

Rådet si behandling, del 3: Jesu svar og utsegn om Menneskesonen. Mark 14,62 / Matt 26,64 / Luk 22,67-70b

Rådet si behandling, del 4: Dei jødiske leiarane sin reaksjon på Jesu svar. Mark 14,63-64 / Matt 26,65-66 / Luk 22,71

Scene 2: Jesus blir spotta og mishandla / Peters fornekting / Judas. Mark 14,65-15,1 / Matt 26,67-27,10 / Luk 22,54b-65 + 23,1 / Joh 18,15-18+22-23+25-28a

Den jødiske mishandling og spott av Jesus. Mark 14,65 / Matt 26,67-68 / Luk 22,63-65 / Joh 18,22-23

Peter sine tre fornektingar av Jesus. Mark 14,66-72 / Matt 26,69-75 / Luk 22,54b-62 / Joh 18,15-18 + 25-27

Avslutning av Rådet si behandling, overføring til Pilatus. Mark 15,1 / Matt 27,1-2 / Luk 23,1 / Joh 18,28a

Judas, overprestane og prisen for det uskuldige blod. Matt 27,3-10

AKT III: JESUS OVERFOR PILATUS, DEN ROMERSKE GUVERNØREN

Mark 15,2-20a / Matt 27,11-31a / Luk 23,2-25 / Joh 18,28b-19,16a

Den romerske rettssaka, del 1: innleiande utspørjing ved Pilatus. Mark 15,2-5 / Matt 27,11-14 / Luk 23,2-5 / Joh 18,28b-38a

Den romerske rettssaka, del 2: Jesus overfor Herodes. Luk 23,6-12

Den romerske rettssaka, del 3: Barabbas. Mark 15,6-11 / Matt 27,15-21 / Luk 23,13-19 / Joh 18,38b-40

Den romerske rettssaka, del 4: Domfelling over Jesus. Mark 15,12-15 / Matt 27,22-26 / Luk 23,20-25 / Joh 19,1 + 4-16a

Den romerske spott og mishandling av Jesus. Mark 15,16-20a / Matt 27,27-31a / Joh 19,2-3

AKT IV: JESUS BLIR KORSFESTA OG DØYR PÅ GOLGATA, OG BLIR GRAVLAGT I NÆRLEIKEN

Scene 1: Jesus blir korsfesta og døyr. Mark 15,20b-41 / Matt 27,31b-56 / Luk 23,26-49 / Joh 19,16b-37

Overgangsavsnitt: Jesus blir ført ut for å bli korsfesta. Mark 15,20b-21 / Matt 27,31b-32 / Luk 23,26-32 / Joh 19,16b-17a

Jesus blir korsfesta, del 1: Situasjonen. Mark 15,22-27 / Matt 27,33-38 / Luk 23,33-34 / Joh 19,17b-24

Jesus blir korsfesta, del 2: Aktivitetar ved korset. Mark 15,29-32 / Matt 27,39-44 / Luk 23,35-43 / Joh 19,25-27

Jesus blir korsfesta, del 3: Dei siste hendingane. Døden. Mark 15,33-37 / Matt 27,45-50 / Luk 23,44-46 / Joh 19,28-30

Jesus blir korsfesta, del 4: Hendingar etter Jesu død. A: Utanforliggjande effektar. Mark 15,38 / Matt 27,51-53 / (Luk 23,45b)

Jesus blir korsfesta, del 4: Hendingar etter Jesu død. B: Reaksjonar hos dei som var tilstades. Mark 15,39-41 / Matt 27,54-56 / Luk 23,47-49 / Joh 19,31-37

Scene 2: Jesus blir gravlagt. Mark 15,42-47 / Matt 27,57-66 / Luk 23,50-56 / Joh 19,38-42

Jesus blir gravlagt, del 1: Josef spør om å få lekamen. Mark 15,42-45 / Matt 27,57-58 / Luk 23,50-52 / Joh 19,38a

Jesus blir gravlagt, del 2: Lekamen blir lagt i grava. Mark 15,46-47 / Matt 27,59-61 / Luk 23,53-56a / Joh 19,38b-42

Jesus blir gravlagt, del 3: Vakt ved grava på sabbaten. Matt 27,62-66 / Luk 23,56b

(Inndelinga er henta frå Brown, Raymond E.: The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. A Commentary on the Passion Narratives in the Four Gospels, 2 Volumes. The Anchor Bible Reference Library, New York etc. 1994. First Paperback Edition 1998)


%d bloggarar likar dette: