Teateret i Efesos

22/02/2013

Bilde frå bibelske landskap, veke 8/2013.

Dette gamle teateret i Efesos skal ha hatt plass til 25.000 menneske. Det står sentralt i ei dramatisk forteljing i NT, då det nærast blei opprør mot Paulus. Han blei oppfatta som ein trussel mot det berømte Artemistempelet i byen (Apg 19,23 ff). Paulus var i Efesos to gonger på 50-talet, på si 2. og 3. misjonsreise. Uroa og hendingane i teateret skjedde den siste gongen han var der, etter at han hadde budd i byen i over to år.

Bildet blei tatt 15.10.2005 då eg var reiseleiar for ein kyrkjelydstur for Bryne kyrkjelyd til Tyrkia.

Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Sjå også dei tidlegare notata Paulus i Efesos og Gladiatorar i Efesos.


I apostlane sine fotspor rundt Efesos

21/01/2006

I går kveld var eg ute og heldt foredrag over temaet I apostlane sine fotspor rundt Efesos. Eg hadde med ein del bilete frå Efesos og dei andre sendebrevsmenighetane, frå Kolossæ og Hierapolis (alt i dagens Tyrkia) og frå den greske øya Patmos. Bakgrunnen for foredraget var dei to turane som eg hadde i dette området i fjor og som eg har skrive ein del om her på bloggen.

Ein grovdisposisjon for foredraget var:

  • Innleiing om Efesos, ein viktig by i Romarriket, og om dei arkeologiske utgravingane der.
  • Efesos som kristen by: Byen er viktig i NT (Apostelgjerningane og breva) og viktig for den første kristne kyrkja (bl a vertskap for det økumeniske konsilet i 431).
  • Paulus i Efesos: Om Paulus som misjonær, om hans to opphald i byen og om opprøret som førte til at han forlét byen.
  • Ringverknadar av Paulus si verksemd i Tyrannusskulen. Eit eksempel: Epafras frå Kolossæ som reiser heim og planter menighetar i Kolossæ, Hierapolis og Laodikea.
  • Johannes i Efesos. Ulike tradisjonar om kva tid han kom dit. Forfølgjing under keisar Domitian. Forvisning til Patmos.
  • Johannes på Patmos. Johannes får sine openberringar som er grunnlaget for Johannes» Openberring.
  • Ein omtale av nokre av sendebrevsmenighetane: Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.
  • Johannes tilbake til Efesos etter Domitians død. Johannes-tradisjonane i Efesos. Apostelens grav i Johannesbasilikaen.

Foredraget blei halde på ei samling for personalet på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø.


Johannes i Efesos

04/11/2005

6a00d8341cb87053ef00e54f4567b78833-640wiApostelen Johannes var ein viktig leiar for dei kristne i Efesos mot slutten av det første hundreåret. Han kom sannsynlegvis til byen etter katastrofen då Jerusalem blei øydelagt av romarane i år 70 og dei kristne blei spreidde rundt omkring.

Det er vanleg å rekna med at Johannes blei forvist frå Efesos til Patmos ca år 95 under den romerske keisar Domitian, som sette igang store forfylgjingar mot dei kristne. Dette er då bakgrunnen for orda i Johannes Openberring: «Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.» (Op 1,9).

Då keisar Domitian blei drept i 96, kunne Johannes koma tilbake til kyrkjelyden sin i Efesos.

Dei skrifta i NT som er knytt til Johannes, har truleg blitt til i Efesos og på Patmos. Dette gjeld Johannesevangeliet, tre Johannesbrev og Johannes Openberring. Det er mange teoriar om forfattarspørsmålet til desse fem skrifta. Er dei skrivne av same person, og er dette i så fall apostelen Johannes? Eg tenker at dei anten er skrivne av apostelen eller av personar som har blitt prega av forkynninga hans.

Apostelen døydde sannsynlegvis i Efesos omkring år 100. I dag kan me sjå restane etter den store og imponerande kyrkja (Johannesbasilikaen) som blei bygd på 500-talet på staden der tradisjonen seier at Johannes blei gravlagt.

Johannesbasilikaen ligg på høgda Ayasoluk, namnet er ei tyrkisk form av Ayos Theologos (den heilage teologen) som igjen er den ortodokse kyrkja sitt æresnamn på Johannes. Kyrkja blei bygd av keisar Justinian (527-565) då det bysantinske riket var på høgda av si makt, over ei eldre og mindre kyrkje frå 300-talet. Kyrkjeruinen er restaurert i nyare tid og grava er nå markert med ei minneplate sentralt i kyrkja, der hovudaltaret ein gong stod.

Det finst lokale tradisjonar om at Johannes kom til Efesos allereie ca 42. Dette er gjengjeve i enkelte tyrkiske guidebøker som om det var historiske facts. Dersom dette er korrekt, var Johannes der før Paulus første gong dreiv misjon i byen! Korfor er då ikkje Johannes nemnt i Apg 18-20 som er det avsnittet som fortel om Paulus si verksemd i Efesos?

Desse lokale tradisjonane legg også stor vekt på at Jesu mor Maria kom til Efesos saman med Johannes. Dette blir knytt til at Johannes fekk ansvar for henne etter korsfestinga (Joh 19,25-27). Men det er òg sterke tradisjonar knytt til Marias død i Jerusalem. Eg trur den mest sannsynlege teorien er den at Johannes kom til Efesos etter 70, og at Maria døde i Jerusalem før dette.


Paulus i Efesos

03/11/2005
Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Paulus var i Efesos i to periodar på 50-talet. Han var misjonær der, og forkynte trua på Jesus blant folket i byen.

Den siste gongen Paulus forlot byen, var det under dramatiske omstendigheter. Det var nærast opprør i byen fordi Paulus blei oppfatta som ein trussel for det berømte Artemistempelet i byen. Det store teateret som låg midt i Efesos blei sentrum for bråket, eit teater som hadde plass til ca 25.000 menneske (sjå biletet)! Stemninga var så opprørsk at Paulus sine disiplar var redde for han og fekk forhindra at han gjekk inn i folkemassen. Du kan lesa heile historia om dette i ei levande skildring i Apg 19,23 ff.

Då dette skjedde, var det alt etablert ei kristen forsamling i byen. I Apostelgjerningane står det at Paulus, før han reiste frå byen, samla dei kristne og sette mot i dei (Apg 20,1). Det kunne nok trengast etter dei dramatiske hendingane. Seinare vaks kyrkja i Efesos, og byen blei i dei neste generasjonane ein viktig by for den kristne trua.

Men kva veit me om Paulus sitt misjonsarbeid i byen før problema tårna seg opp med uro i teateret?
Paulus kom første gongen til Efesos ca år 52. Han var då ute på ei lengre reise med utgangspunkt i Antiokia. Denne reisen varte i fleire år. Paulus var på veg frå Hellas til Jerusalem då han stoppa ei tid i Efesos. Han kom tilbake eit par år etter, og då blei han verande i 2-3 år i byen. I denne perioden etablerte Paulus seg som misjonær i Efesos, og det vaks fram ein kristen kyrkjelyd i byen.

På denne tida var det mange religionar som var representerte i storbyen Efesos. Blant anna budde det mange jødar der. Trua på Jesus blei ennå ikkje sett på som ein eigen religion, den blei meir sett på som ei av fleire retningar innan jødedomen.

Paulus gjekk alltid først til synagogen når han kom til ein stad der det var jødisk befolkning (og det var det i svært mange byar i Romarriket). Han ville koma i kontakt med folk og presentera budskapet om at Jesus var den Messias som var lova i GT. Saman med jødane trefte han då òg andre menneske som trudde på Israels Gud, eller ”dei gudfryktige heidningar” som dei ofte blir kalla. Dette var heidningar som på ein eller annan måte var knytt til jødane og til synagogen. Nokre av dei var vel det me i dag kunne kalla sympatisørar. Andre var direkte tilhengarar av jødane si gudstru. Desse var ei viktig målgruppe for Paulus sin misjon.

Paulus sitt første besøk i Efesos varte ikkje lenge. Folk i synagogen ville ha han til å stoppa lenger, men han hadde det travelt med å koma vidare. «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil», sa han (Apg 18,21).

I ettertid er det ikkje vanskeleg å sjå at dette var noko Gud ville, for Paulus kom tilbake og Efesos blei eit av dei viktigaste utgangspunkta for Paulus si misjonsverksemd utover på 50-talet.

Neste gong han kom til byen blei han buande i byen i to-tre år i perioden 54-56 (Apg 19). Dei første månadane underviste han med utgangspunkt i synagogen, men som så mange stadar blei det strid omkring han. Nokre ville høyra på budskapet han kom med, mens andre avviste trua på Jesus. Paulus flytta derfor verksemda si over til Tyrannusskulen. Verken synagogen eller denne skulen er lokalisert i dei arkeologiske utgravingane (ennå). Kva slags skule dette var, veit heller ikkje forskarane noko om.

Det blir fortalt at Paulus hadde samtalar i Tyrannusskulen kvar dag i to år. Her utrusta han dei som kom til tru, så dei sjølve kunne vera vitne om Jesus. Me kan gjerne lett tenkja at Lukas overdriver, når han skriver i Apostelgjerningane at resultatet av Paulus si verksemd i Tyrannusskulen var at «alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord». Men ordet Asia betydde på den tida den romerske provinsen der Efesos var hovudstad, ikkje verdsdelen Asia som me tenkjer på. Og me har verkeleg vitnesbyrd i NT om at Paulus si verksemd spreidde seg utover i regionen rundt Efesos. Historia om Epafras er eit eksempel på det. Han blei ein kristen leiar i heimtraktene sine i Lykosdalen, i byane Hierapolis, Laodikea og Kolossæ som ligg snaut 20 mil aust for Efesos (Kol 4,12-13).

I den moderne byen Selcuk, dagens Efesos, er det for øvrig ein evangelisk kyrkjelyd med ein bibelskule som heiter Tyrannusskulen!


%d bloggarar likar dette: