Langfredag i Hinna kirke

26/03/2018

Golgata. Jesu kors

Nå i den stille veka har eg lyst til å visa fram Victor Sparre sin store glaskunst i Hinna kirke enda ein gong.

Les om kunsten her: Victor Sparre: Golgata.

Du kan også lesa kunstnaren sin artikkel Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri her: Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke.

Advertisements

Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke

28/10/2017

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 3

Golgata. Jesu kors

Victor Sparre (1919-2008) er kunstnaren bak den store glaskunsten i Hinna kirke. Kunsten var  ferdig til vigslinga av kyrkja 29. oktober 1967. Dette var første gong kyrkjekunst blei støtta av det relativt nye Norsk Kulturråd. Størstedelen av utgiftene på kr 120.000 til kunsten blei likevel gitt frå lokale deltakarar i «kirkeringene», dette var kvinner som var aktive i foreiningar som arbeidde for å bygga kyrkja på Hinna.

Eg har tidlegare skrive om glaskunsten, sjå: Victor Sparre: Golgata. Her er det fleire bilde og lenke til meir informasjon om kunstnaren (som i 1967 framleis heitte Victor Smith, – han skifta familienamn i 1971).

Sparre har ein interessant tekst i årboka Fedrane kyrkje i Rogaland 1968: Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri. Her er det nokre setningar som er vesentlege for forståinga av tankegangen hans, samtidig som dei er til å undra seg over (og ikkje forstå!):

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.

Her er heile artikkelen:

V Sparre 1967, s 59

V Sparre 1967, s 60.jpg

V Sparre 1967, s 61.jpg


Victor Sparre: Golgata

24/03/2016

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.

Golgata. Jesu kors

Hinna kyrkje har ein heil vegg med monumental glaskunst av Victor Sparre (1919-2008). Kunstnaren har utsmykning i 25 kyrkjer. Han var aktiv som kunstnar, debattant og menneskerettsforkjempar.

Victor Sparre ville at glasveggen i Hinna kyrkje skulle vera «ein del av den liturgiske aksjon». Nå er eg ein av prestane som får gjera altarteneste framfor dette sterke påskemotivet. Og eg opplever at kunsten hans gir farge og liv til gudstenesta og kyrkjerommet.

Men det er ein underleg – og samtidig spennande – tanke kunstnaren har: Det me ser som Jesus, er eigentleg eit avtrykk som står igjen etter at Jesus er tatt ned frå korset. Er det mogleg? Kva er det Victor Sparre vil seia oss med eit slikt perspektiv?

Her er kunstnaren si eiga skildring av glaskunsten i årboka Fedrane kyrkje i Rogaland 1968:

Hinna kirke har et lavt kor i hele rommets bredde. Betongglassmaleriet fyller veggen mot øst. I skjæringspunktet mellom ute og inne strekker tre kors på Golgata ut sine armer. Gjennom soningsstedets mørke trenger lyset frem til menigheten. Glassmaleriet er tenkt som en del av den liturgiske aksjon. Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden. Stigen er reist – lendekledet er kastet over korsarmen – på den andre siden spydet og stokken med eddikssvampen. Tiden står stille mellom død og oppstandelse.

Det er et kors hvor han hang som vi bare kjenner fra et utbrudd av spott og fornektelse. Han eksisterer bare som siluett mot lyset – som en negasjon. På det tredje kors henger den angrende. Lyset begynner å trenge igjennom så han får et ansikt.

Golgata. Forbrytaren som spotta

Golgata. Forbrytaren som angra

Dette er bibelteksten om Jesus og dei to forbrytarane på Golgata:

To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus. Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre. (…) Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.» (Luk 23,32-33 og 39-43)

Alfred Hauge skreiv om vigslinga av kyrkja 29. oktober 1967 i den same årboka, Fedrane kyrkje i Rogaland 1968. Her skriv han at glaskunsten er det første kyrkje-kunstverk som fekk stønad av Norsk Kulturfond (som var blitt oppretta i 1965). «Ved dette markeres at man her står overfor et kunstverk av utsøkt kvalitet», kommenterer Hauge.

Victor Sparre heittte i 1967 framleis Victor Smith. Seinare (1971) skifta han namn ved å ta mora sitt slektsnamn Sparre. Les meir om Victor Sparre i Norsk Biografisk Leksikon. Her er eit lite utdrag av leksikonartikkelen:

Som maler høstet Victor Sparre bred, internasjonal anerkjennelse. Som glasskunstner utførte han utsmykningsarbeider som alene ville kvalifisert ham som sentral. Og som uredd menneskerettighetsforkjemper talte han dissidentenes sak med utgangspunkt i en kristen humanisme.


Påskekunst: Golgata

02/04/2015

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.

Golgata. Jesu kors

Hinna kyrkje har ein heil vegg med monumental glaskunst av Victor Sparre (1919-2008). Kunstnaren har utsmykning i 25 kyrkjer. Han var aktiv som kunstnar, debattant og menneskerettsforkjempar. Les meir


%d bloggarar likar dette: