Filippi – gresk by og romersk koloni

07/11/2017

Forum i Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Eg har nettopp lese artikkelen How “Roman” Was First Century Philippi? på bloggen Reading Acts. Phil Long som skriv bloggen, gir eit nyansert svar på spørsmålet og konkluderer slik:

At the time of Paul’s visit to the city, Philippi was a moderately sized Greek city with a strong Roman influence.

Eg syns det er interessant å arbeida med Paulus sin misjonsverksemd i Filippi, der han grunnla den første kristne forsamlinga i Europa ca år 50 (Apg 16,11 ff), og med brevet til filipparane, skrive nokre få år seinare. Eit av dei første notata her på bloggen (datert januar 2005) handla om inntrykk frå ein tur til Filippi.

Eg fann fram Phil Longs artikkel då eg i dag kikka gjennom Biblical Studies Carnival for October 2017 på bloggen Doug Chaplin. Musings of a Christian humanist.

Bildet over er frå det romerske torget (Forum) der Paulus og Silas blei ført fram for dei romerske domarane (Apg 16,20). Torget er ein stor hellelagt plass på ca 100 x 50 meter. Bak torget ligg dei mektige ruinane etter ei kyrkje frå ca 550 (Basilika B).

Eg tar også med nokre fleire bilde frå Filippi. Det neste bildet viser den steinsette romerske hovudvegen Via Egnatia som går langs torget (til venstre i bildet).

Via Egnatia, ved Forum i Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Så tar eg med eit par bilde frå «Lydias dåpsplass» vest for ruinane etter byen, der Via Egnatia kryssa Gangites-elva. Her kom Paulus til ein bønestad (evt ein synagoge), jfr Apg 16,13 ff. Nå er det laga ein fin dåpsstad med amfi på staden, og det er også eit dåpskapell like ved.

Lydias dåpsplass, Filippi. Foto: Arne Berge 2008.

Lydias dåpskapell, Filippi. Foto: Arne Berge 2008

Sjå óg notatet Paulus som misjonær.

Advertisements

Filippi

23/01/2005

Filippi er i dag ein spanande ruinby. Det er mykje å sjå, og det utgravne området gir eit inntrykk av koss byen såg ut i romersk tid. Byen blei første gong utbygd av kong Filip II av Makedonia, far til Alexander den store.

I år 42 f.Kr. blei Filippi staden der to mektige fraksjonar i maktkampen i Romarriket tørna saman i eit av verdshistorias største slag. I følgje ein romersk historikar var det 100.000 soldatar involvert i slaget! Vinnarane var Antonius og Octavianus, den siste blei seinare kjent som keisar Augustus. Etter dette blei Filippi ein romersk koloniby med stor betydning.

Den første dåp i Europa
Då Paulus kom til Filippi, var han opptatt av å knyta kontakt med menneske som han kunne forkynna for, og som han kunne satsa på i det vidare misjonsarbeidet. I Filippi blei det kvinna Lydia som blei den lokale leiaren, og Paulus starta ei huskyrkje heime hos henne.

Paulus ville alltid først forkynna for jødane når han kom ein ny stad. Men saman med jødane trefte han òg menneske som trudde på Israels Gud, eller ”dei gudfryktige heidningar” som dei ofte blir kalla. Dette var ikkje-jødar som på ein eller annan måte var knytt til jødane og til synagogen. Nokre av dei var vel det me i dag kunne kalla sympatisørar. Andre var direkte tilhengarar av jødane si gudstru. Desse var ei viktig målgruppe for Paulus sin misjon.

I Filippi var det så få jødar at dei ikkje hadde eigen synagoge. Derfor hadde jødane ein bønestad ved ei elv rett utanfor byen. Der trefte Paulus Lydia, ei rik forretningskvinne som var ei av dei som trudde på Israels Gud. Lydia begynte å tru på Jesus, og ho og familien hennar blei døypt der i elva. Dette var den første kristne dåpen i Europa. Seinare inviterte Lydia Paulus til å driva si verksemd i heimen hennar.

Bønestaden med Lydia sin dåpsplass er ein flott plass å koma til i dag. Den greske kyrkja har laga eit fint amfi ved elva, som etter norsk målestokk er omtrent som ein stor bekk. Ute i elva er det laga ein platting med eit altar. Me samla oss på dåpsplassen og las tekstane som handla om denne staden og om Lydias dåp. Ved sidan av elva er det òg bygd ei dåpskyrkje. Det er nok mange grekarar som ønskjer å feira dåp på denne staden, anten inne i kyrkja eller ute i elva. For oss blei det ein fin andaktsstad.

Midt inne i ruinbyen er Forum, det gamle romerske torget, godt bevart. Her blei Paulus og Silas ført fram for byretten då dei blei arrestert på grunn av verksemda si. Dei blei piska og sett i fengsel. Me las resten av forteljinga om Paulus i Filippi her på Forum, under nokre av dei store romerske søylene.

Paulus blei arrestert fordi det var nokon som meinte at han skapte uro i byen med forkynninga si. Det dei ikkje visste då dei piska han og sette han i fengsel, var at Paulus var romersk borgar og hadde krav på eit betre rettsvern og ei anna behandling.Dette kom fram då Paulus seinare skulle reisa vidare, og det blei eit pinleg problem for leiarane i byen.

Paulus blei sett i fengsel. Eg veit ikkje om arkeologane nokon gong kan seia sikkert akkurat kvar dette fengselet låg, men me fekk sjå ei hole som blir rekna for å vera ein del av dette fengselet. I fengselet i Filippi skjedde det eit stort under:

Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane.

Bibelteksten fortel vidare at Paulus og Silas gjennom dette blei frie, og at fangevaktaren og familien hans begynte å tru og blei døypt. Det er elles slik at òg andre historiske kjelder fortel om eit jordskjev i området rundt Filippi ca år 50.

Heile historia om den første dåpen i Europa og om Paulus i Filippi står i Apgj 16,12-40. Paulus fekk eit heilt spesielt forhold til dei kristne i Filippi. Dei støtta han i det vidare misjonsarbeidet i Makedonia og Hellas, og dei blei ein ”mønster-kyrkjelyd” som kunne vera forbilde for andre. Paulus sitt brev til filipparane kan eigentleg kallast eit vennskapsbrev. Høyr kor fint Paulus skriv då han ei tid seinare sit i fengsel i ein annan by og skriv brev til dei kristne i Filippi:

Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. For frå første dagen og til no har de stått saman med meg i arbeidet med evangeliet. Og eg er trygg på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden. Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. (Fil 1,3-8).

Kyrkjeruinar i Filippi
Det er i dag ruinar etter fleire store kyrkjer i Filippi. Dei er frå ca år 300 – 500. Spesielt ein av ruinane har høge murrestar, og gir eit godt inntrykk av kor stor og flott kyrkja har vore. Andre ruinar er meir låge murar som viser omrisset av kyrkjene. Kyrkjeruinane er med og peiker på det som historikarane veit frå andre kjelder: at Filippi var ein viktig by for den kristne kyrkja i denne delen av Europa i dei første kristne hundreåra.

Å reisa til Filippi
Filippi ligg ca 15 km frå hamnebyen Kavalla langt nordaust i Hellas. Den næraste storbyen med internasjonal flyplass er Thessaloniki, ca 3 timars køyring lenger vest. Eg syns det var fantastisk å besøkja Filippi. Det var så mykje å sjå. Bibeltekstane frå Apostelgjerningane og Filipparbrevet blei så levande då me var på staden. Eg reiser gjerne tilbake!


%d bloggarar likar dette: