Klippedomen

Jerusalems 10 på topp #1

Frå tempelplassen, Jerusalem. Foto: Arne Berge 2011

I serien over ti høgdepunkt for den som besøker Jerusalem, har eg nå kome til toppen av lista. Og det er ingen tvil; det er den muslimske Klippedomen, eller Klippemoskéen som den ofte blir kalla, som står øvst på lista.

“10 på topp” – lista har eg funne i eit lite hefte med The Glories of Jerusalem, The Top Ten Sites in the Holy City. Lista er sett opp av bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor.

Utsikta frå Oljeberget er eit klassisk motiv frå Jerusalem. Her står eg på Oljeberget og har byen i bakgrunnen. Tempelplassen med Klippedomen (med gullkuppelen) ligg sentralt i biletet der det er mange trær. Det moderne Vest-Jerusalem ligg i bakgrunnen.

Klippedomen er både vakker og gamal. Bygget stod ferdig i 691, altså mindre enn 100 år etter at islam oppstod som religion på byrjinga av 600-talet. Bygningen er den eldste muslimske heilagdomen i verda. Den ligg sentralt på tempelplassen i Gamlebyen i Jerusalem, på den staden der jødane sitt tempel stod. Oktogonen med kuppel er inspirert av viktige kyrkjebygg frå bysantinsk tid.

Murphy-O’Connor skriv:

The Dome of the Rock is one of the finest monuments of Arab civilization – indeed, of human civilization.

Klippedomen. Foto: Arne Berge 2011

Eg var inne i Klippedomen (og i Al Aqsa, som også ligg på tempel-plassen) i 1996. Etter 2000 har det ikkje vore lov for andre enn muslimar å koma inn i desse heilagdomane. Men det er lov å gå opp på tempelplassen og studera Klippedomen og dei andre bygningane på området på nært hald. Dei som ikkje er muslimar, får koma inn på tempelplassen gjennom Mughrabi-porten via ein provisorisk gangbru som ligg like sør for Vestmuren. Det har vore mykje strid omkring denne gangbrua, seinast nå i forrige månad. Eg skreiv om slik strid allereie hausten 2007 (her).

Sommaren 2011 var eg oppe på tempelplassen eit par gonger i løpet av feriedagane i Jerusalem. Først åleine, – og då blei eg ganske raskt og pågåande fanga opp av ein mann som etter litt “forhandlingar” lova å visa meg rundt. Det viste seg at han var meir opptatt av å fortelja om muslimsk tru enn om dei ulike bygningane. Men eg tok ein del bilete og fekk han til å fortelja om kva eg såg. Sidan var eg ein gong til på området, saman med Inger.

For meir stoff om Klippedomen, anbefaler eg Wikipedia sin artikkel Dome of the Rock.

Oppdatering 11.02.2013:

Det viser seg at reglane for kven som får koma inn i Klippedomen og Al Aqsa, ikkje er absolutte. 15.01.2013 var eg med i ei gruppe som fekk omvising i dei to viktige muslimske bygga. Det var svært interessant!

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

5 svar til Klippedomen

  1. […] også tidlegare notat om staden, for eksempel desse: Klippedomen og […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: