Israels Konge-Sogur

Det Norske Bibelselskap 200 år

Koss kan eg best heidra 200-års jubilanten her på bloggen?

Bibelselskapet har feira jubileet med stor bibelfestival i Oslo denne helga. Eg har ikkje hatt høve til å delta då eg har vore opptatt med eit anna og meir lokalt jubileum. Men Bibelselskapet er viktig for meg. Eg nyt kvar dag av frukta av deira arbeid gjennom lesing i Bibel 2011.

Det eg sjølvsagt først og fremst ønsker å seia, rett nok litt forseinka, er dette: Gratulerer med jubileet! Det Norske Bibelselskap er viktig, det er svært økumenisk, det tar del i internasjonal bibelmisjon og det har gitt oss den etter mitt skjøn beste bibelomsetjinga me pr i dag har her i landet.

Eg vil likevel markera jubileet på ein litt meir nerdete måte enn med bare å seia «gratulerer». Eg hentar derfor fram éi av dei mest spesielle bibelutgåvene eg har i bokhylla mi; Israels Konge-Sogur. Dette er ei gamal utgåve som inneheld Samuelsbøkene og Kongebøkene frå Det gamle testamentet, omsett av professor Alexander Seippel og utgjeven «hjaa Det Norske Bibel-Sellskape» i 1930. Boka har eg kjøpt på Nynorsk Antikvariat.

Israels Konge-Sogur 3_0001

Israels Konge-Sogur 1

 

Seippel var ein tidleg pioner når det gjeld nynorsk bibelspråk. Sylfest Lomheim skriv slik om han i Norsk Biografisk Leksikon:

Kva slags bibelstil skapte Seippel? Det som slår ein lesar, er dei dristige stilspranga – poetisk der grunnteksta var det, kvardagsleg der grunnteksta var det. Og venleiksdyrkande som han var, nytta Seippel til fulle treklangen i midlandsmålet (endevokalar på a, i, u) – “læresveinane”, “Israels-ættine”, “kvinnune”. Som omsetjar var han nådelaust profesjonell. Han omsette ikkje Jesu bøn med “Fader vår”, men “Far vår, i himmelen” (Matt 6,9). Først i revisjonen av Nyetestamentet (2004) ser det ut til at dette kan bli løysinga. Men han gjekk stundom vel langt i å gjera bibeltekstene heimlege, til dømes valde han “ein av sokneformennan” (Matt, 9,18), endå det burde ha stått “ein av synagogeformennene”. I vår tid kan Seippel verka gamalvoren og orddyrkande. Men synsvinkelen lurer oss: Han var radikal og nyskapande – i si tid. Og hans løysingar lever: “Dette er sonen min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i” (Matt 3,17).

(Les meir)

Eg tar med eit sitat frå Israels Konge-Sogur for å visa språket til Seippel. Avsnittet er  henta frå Salomos bøn ved tempelvigsla i 1. Kongebok 9:

Men er det no i røyndi so at Gud bur paa jordi? – Sjaa himmelen og alle himlar i himmelen rømer deg inkje, langt mindre dette huse, som eg hev bygt! Like-vel vil du visst snu deg aat bønine og dei audmjuke ynski mine, Herre min Gud; du vil visst høyre paa det rope og den bøni som tenaren din ber fram for di aasyn i dag, og vaka yver dette huse natt og dag – yver den staden som du sa det um: «Eg vil sjøl bu der» – so du høyrer paa dei bønine som tenaren din ber fram med augo vende mot denne staden. Du vil visst høyre paa dei hjarte-sukkane som din tenar og Israel, folke ditt, sender hit til denne staden; du vil høyre dei paa den staden du bur – i himmelen; du vil høyre og til-gjeva.

Til samanlikning er ordlyden i Bibel 2011 slik:

   27 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! 28 Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet! 29 Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! 30 Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

Dette avsnittet er ikkje veldig krevjande i Seippel si språkdrakt. Det finst andre avsnitt som språkleg sett er mykje meir vanskelege. Mange vil nok i vår tid til og med seia totalt uforståande. Ikkje alt som var «radikalt og nyskapande» i 1930, er gangbart i dag.

Eg tar med eit eksempel. I starten av Salomo si bøn (vers 12-13), står det slik hos Seippel:

Daa kvad Salomo:
Paa himmel-kvelven sette Herren soli bjart,
Sjøl etla han i skodde-myrkre bu –
Bygt hev eg no eit hus til heim for deg,
Ein bu-stad der du gjenom ævun´ une kann.

Bibel 2011 formulerer seg enklare (men her startar teksten med det som er andre linje i Seippel sin tekst):

Då sa Salomo:
Herren har sagt
at han vil bu i ei mørk sky.

Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad,
ein stad der du kan bu i all tid.

Seippel har også med fotnoter med forklaringar, nokre gonger kommenterer han norske ord og uttrykk, andre gonger kommenterer han grunnteksten eller andre vitskaplege spørsmålsstillingar.

Bibel 2011 følgjer her den hebraiske (masoretiske) teksten, mens Seippel følgjer den greske omsetjinga (Septuaginta) som har med ei ekstra linje. Seippel kommenterer tekstvalet sitt i dette siste eksemplet i ein fotnote (som heller ikkje er enkel å forstå i dag):

Paa himmel (-kvelv)en sette Herren soli (bjart), soleis den græske teksti (i v. 53). Heile denne reiti vantar hjaa Massora; men det kann inkje lett tenkjast at Salomo skulde ha kvedi eit uheilt vers.

«Eit uheilt vers»? Visste ikkje Seippel at versinndelinga historisk sett er relativt ung?

Språk og omsetjing er spennande saker! Og Bibelselskapet er og har vore ein profesjonell aktør med brei kulturell og fagleg kompetanse. I 1930 var Seippel ein av dei fremste språkforskarane innan semittiske språk, og han hadde også ry på seg for å vera ein ordkunstnar på norsk. I dag er det vår tids forskarar og litteratar som saman har arbeidd seg fram til teksten i Bibel 2011.

Språkleg sannare

Sylfest Lomheim om juleevangeliet

Den tidlegare direktøren i Språkrådet har vore med som norskkonsulent i arbeidet med Bibel 2011. Aftenbladet har bede han skriva om bibelomsetjinga og han har kvittert med å skrive om kva som skjedde med juleevangeliet (papirutgåva 22.12.2011).

Her er eit lite utdrag:

I 2011 er frelsaren i Davids by «Messias, Herren». I 1978 var han «Kristus, Herren». Byte av ord, men nøyaktig same sak. Kristus er det greske ordet, Messsias er det hebraiske ordet. Begge tyder «den salva». Som alle veit, har evangeliet røtene i den hebraiske kulturen, ikkje i den greske. Juleevangeliet blir språkleg sannare med den endringa.

Lomheim har talt opp 19 små og større endringar i Luk 2,1-21. Dei fleste er små og av grammatikalsk art. Det er fem-seks klare tekstendringar. Dei mest sensasjonelle er at herberget og sauene er ute av teksten, rett og slett fordi dei ikkje finst i grunnteksten.

Mot slutten av artikkelen skriv han:

Gjennomgangen ovanfor er i så måte tydeleg: evangelietekstene har blitt litt annleis. Endringane som er gjorde, er resultat av vurdering av kva som er den mest presise meininga i grunnteksta, og kva som ut frå det er den mest dekkjande løysinga i dagens norsk. Kort sagt; dei endringane som er gjorde, er forankra i eit syn på kva som er profesjonell omsetjing – ut frå all tilgjengeleg kunnskap og innsikt i 2011.

Artikkelen har fått tittelen Bibel som held til 2050. Den som lever, får sjå.

Smaken av Guds ord

Munk i særklasse skriv om bok i særklasse

(…) Lanseringa av ei ny bibelomsetjing bør difor ikkje bli berre ein serie med festtalar, men ein provokasjon. Når alle orda har lagt seg, burde smaken av Guds Ord kjennast att.

Slik avsluttar Arnfinn Haram sitt essay om Bibelen i Bokvennen 4 – 2011 etter å ha skrive om Bibelen som ei sakral, forteljande, symbolistisk og utfordrande bok.

Essayet kan også lesast på Haram sin blogg: Bok i særklasse.

Stikkpengar

Eg skreiv for eit par år sidan om kor vanskeleg det var for Bibelselskapet å finna eit godt nynorsk ord som kunne tilsvara bokmålsordet bestikkelser i arbeidet med Bibel 2011, sjå notatet Muter.

Notatet inneheld også ein lang og interessant kommentar frå bibelomsetjar Anders Aschim.

Nå er den nye Bibelen komen. Bibelselskapet har funne eit brukbart ord (som ikkje var nemnt blant alternativa i 2009): stikkpengar.

Eg er veldig glad for at ein ikkje heldt på ordet muter, slik det var foreslått i prøveteksten frå 2009. Den teksten eg har brukt som eksempel på problematikken, er nå formulert slik:

Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot stikkpengar, for slike gåver gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett. (5 Mos. 16,19)

Morgenbladet om Forkynnaren

Morgenbladet har denne veka ei positiv melding av Bibel 2011 si omsetjing av Forkynnaren i GT:

Poetiske og moderne forkynnelser
Ingen fare for forflatning. I ny språkdrakt er «Forkynneren» mer moderne, mer høytidelig, mer poetisk, kort sagt: bedre enn før.

Les meir

Meldinga er skriven av Jørgen Magnus Sejersted.

Alfabetsalmar i Bibel 2011

I den nye bibelomsetjinga finn me nokre poetiske tekstar der det er markert at teksten eigentleg følgjer det hebraiske alfabetet. Eg syns det er flott at dette nå er gjort synleg i Bibel 2011. På den måten kan alle bibellesarar få eit lite innblikk i éi av formene i hebraisk poesi.

Dette dreier seg om såkalla alfabetsalmar. Dei er bygde opp omkring dei 22 konsonantane i det hebraiske alfabetet. Det betyr at første verslinje (evt første strofe) begynner med Alef, som er den første bokstaven i det hebraiske alfabetet. Neste verslinje begynner med Bet, som er neste bokstav i alfabetet osv.

I Bibel 2011 dette markert med at dei hebraiske bokstavane er tatt med framfor versa i Salme 25, 34, 37, 111, 112, 119, 145 og i Klagesongane 1-4.  Det er ein kort omtale av fenomenet i den forklarande noten til Sal 25,1 og i forklaringane bak i Bibelen under oppslagsordet Poetiske bøker.

Den lange Salme 119 er truleg den mest kunstferdig oppbygde alfabetsalmen. Den inneheld på hebraisk først åtte verslinjer som begynner med Alef, deretter åtte verslinjer som begynner med Bet osv. Slik består salmen av 8 x 22 verslinjer og dette utgjer altså dei 176 versa i salmen.

Teksten i Sal 145,13b, som begynner med den hebraiske bokstaven Nun, er interessant. Dette er eit av dei små tekstavsnitta som er henta frå Dødehavsrullane og som altså er med i Bibelen for første gong nå i Bibel 2011:

HERREN er påliteleg i alt han seier, trufast i alt han gjer.

Her har den tidlegare kjente hebraiske teksten mangla den verslinja som skulle begynna på Nun. Så blei altså den ukjente tekstlinja funnen i Salmerullen frå Qumran.

På tilsvarande vis manglar for eksempel verslinja som skulle begynt med Waw i Salme 34 (mellom vers 6 og 7). Kanskje blir det ein gong funnen ein gamal tekstrull som har med dette bibelverset også?

Det kan også nemnast at det finst fleire enn dei sju nemnte salmane som er skrivne som alfabetsalmar utan at det er markert i den norske Bibelen. Dette gjeld f eks Sal 9-10. Eg reknar med at markeringa her er utelaten fordi den poetiske forma ikkje ser ut til å vera fullstendig bevart i den hebraiske grunnteksten.

Alfabetsalmen som poetisk form er ikkje ukjent for den som har studert teologi og som har arbeidd med den hebraiske grunnteksten. Forma er tydeleg markert i hebraiske tekstutgåver, f eks i Biblia Hebraica Stuttgartensia som eg har nytta når eg har skrive dette.  For meg blei likevel møtet med dei hebraiske bokstavane i min nye norske Bibel utgangspunkt for ein interessant repetisjon omkring denne hebraiske poesien.

(Oppdatert 25.11.2011)

Om å æra Gud på nynorsk

Notat til dagens tekst: Joh 15,1-8

Første del av vers 8 blir ulikt omsett på nynorsk og bokmål i Bibel 2011:

Nynorsk: For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.

Bokmål: For ved dette blir min Far æret, at dere bærer mye frukt og blir mine disipler.

Det ville vore fullt mogleg å skriva «For ved dette blir Far min æra …» på nynorsk. Eg meiner faktisk dette er eit uttrykk som ville fungera like godt på nynorsk som på bokmål. Likevel har altså Bibelselskapet valt ei langt tyngre formulering ved å nytta ordet herlegdomsglans.

Det er omsetjinga av det greske ordet ἐδοξάσθη det dreier seg om. Det kan hende den nynorske omsetjinga får fram meir av innhaldet i dette ordet. Det er likevel vanskeleg å forstå logikken i at dei to norske målformene skal ha så ulik valør i den same Bibelutgåva.

Er det nokon som kan hjelpa meg til å forstå Bibelselskapet sin tankegang?